177. Skutle.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 61 ---

Namnet vert i 1300-talet (Bjørgynjar Kalfskinn) skrive i Skutlinni. Det vert no sagt (øvre, nèra) Skùtlè2, han bur pao, e tao Skùtlè, ska tì Skutlés, sms. Skutlésaos'n. Namnet er truleg samansett av vin (beite) med fyrelekken skutel m., og dette ordet finn ein att i åkernamnet Skùtlaokùren paa Nedre Skutle, ein åker som ligg på ein langstrakt jordrygg eller haug som endar ned mot ei liti elv i nokre kvasse framstigande steinar, og som kann ha heitt Skùtelen (jfr. fjellnamnet Skutul i Ullensvang).

Landkommisjonen har 1661 ført upp Skutle med tri tun, kvart med 2 laup i skyld og ein brukar. Alle bruki hadde timber- og vedaskog. Skyldi var likeins 1723. På andre tunet var då to brukarar og ein på kvart av dei andre. Garden var tungbrukt og ofte var det misleg med avlingi. Vedaskog til eige bruk og noko skog til husvøling. Skyldi var 1777 og 1838 6 laup 30 mark og vart 1838 umskrive til 22 dalar 1 ort 4 skill. Samanlikningstalet var for Øvre Skutle 1080, for Midt Skutle 1060 og for Nedre Skutle 1120. På alle var turvande fure- og vedaskog. Øvre og Nedre Skutle hadde vassfall.

Matrikkelen 1865 melder at der var 69 mål åker, 8 mål dyrka eng, 109 mål god, 130 mål medels natureng og 109 mål skrapebø. På Øvre Skutle var 6 mål skikka til uppdyrking, på Midt Skutle 8 mål og på Nedre Skutle 8 mål. På Øvre Skutle var hamnegangen medels. Elles var Vårhamni medels, men sumarhamni ring. Alle hadde skog til husbruk. Timber og ved kunde dei selja på Øvre Skutle bruk 1, 2, 3 for 1 spd. kvar, på Midt Skutle bruk 1 for 3½ spd., bruk 2 og 4 for 1 spd. kvar, bruk 5 timber for ½ spd. og på Nedre Skutle bruk 1, 2 for 4½ spd. kvar, alt årleg. På Øvre Skutle var gardane medels lettbrukte, bruk 1 på Midt Skutle sers lettbrukt, og dei andre på Midt Skutle var lettbrukte. I kalde sumrar vart kornet ikkje moge på Øvre og Midt Skutle. Gardane var dyrka som vanleg og bruk 2 Nedre Skutle betre enn vanleg. I 1918 var der 65 mål åker, 95 mål kunsteng og 75 mål natureng.

Der budde 47 menneske i 1801, 76 i 1865 og 56 i 1920.

--- side 62 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Skutle.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   47   35          
1723 6   60   66   60      
1865 10   61   146   174   172  
1918 12   47   114          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 12½ laup i Skutle. Laffritz og Torkjel budde der 1521. Laffritz betalte 5 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, og Torkjel betalte 5 skill. i skatt. I 1563 er ført upp fire brukarar: Torstein, Magnus, Mons og Eirik. Eirik brukte 1 laup og var g. m. Gunnhild. Dei døydde 1715 utan born. Torstein og Magnus er skrivne som brukarar 1591. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk årleg 4 såld korn og 1 laup smør som landskyld av eigedomen sin på Skutle.

Arve, Sjur og Olav var leiglendingar i 1603, den siste på Nedre Skutle. Dei var leiglendingar ogso 1611 og dessutan Torstein, Magne og Knut. Olav åtte 1 pund, Sjur 5 spann, Arve 1 laup og brorborni hans 1 laup. Arve var g. m. Sigvor. Dei selde 1620 12 mark smør på Børve, Ullensvang, som var deira odelsgods, til Håvard Larsson Folkedal, Granvin. I 1614 var Olav, Arve og Sjur leiglendingar. Olav åtte då 1 laup, Sjur 1 laup og Arve 1 laup 2½ pund. Arve, Olav og Styrk var leiglendingar i 1621. Sjur åtte 1 laup, Sigrid Lunde 42 mark i Skutle, enkja på Osgjerd ½ laup, vermor hans Knut Ronve 1 pund, båe i Øvre Skutle. Styrk Rokne 2 laup på Rokne og Skutle, Olav ½ laup på Hjørnevik og 7 mark på Store Rokne.

Leidangsboki for 1624 har ført upp leidang for tri eigedomar soleis: a. 20 merker smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn på Øvre Skutle med Halldor som leiglending, b. 1 spann smør og 1 bukkskinn der Styrk var leiglending og c. 12 merker smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn på Nedre Skutle der Olav var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på dette odelsgodset: a. på 1 laup 16 mark skatt 2½ dalar 1 ort, b. likeins og c. på 3½ pund skatt 2½ dalar ½ ort. Arnved var brukar på det fyrste, Styrk Skutle og Sjur Vike på det andre, og Olav på den tridje eigedomen.

--- side 63 ---

Vanleg skatt, pendingskatt og odelsskatt betalte Olav i i 1629 for 1 laup 12 mark, Styrk og Sjur for tilsaman 1 laup 16 mark og Arve for 1 laup 16 mark. Halldor, Olav og Styrk var leiglendingar i 1635 og kvar betalte garnisonsskatt for 2 laup med 1 ort 8 skill. Dei budde der og i 1636. Gjertrud laut då bøta 8 rd. for di ho som gift hadde fått barn med tenestedrengen. Styrk åtte 1 laup 32 mark i 1642 og Halldor 1 laup 16 mark. Styrk var lagrettemann i 1656 og 1657. I 1645 var der tri leiglendingar: Halldor Arveson, g. m. Botelle, Styrk Arnfinnson, g. m. Marta og Brynjulv Arveson, g. m. Brita, som hadde dotteri Sigrid. Anna var tenestgjenta hjå Halldor. Han var lagrettemann 1650, 1654 og 1657 og var 1664 vitne i saki um stølen Krossaset.

Folkvard Broderson let 1649 ved makabyte noko jordgods på Skutle til kongen. Styrk brukte noko og Anders Tunholder noko. Etter kyrkjerekneskapane 1654 og 1659 åtte Vangskyrkja 2 laup og fekk i landskyld 4 såld korn og 1 laup smør. Frå 1652 er Skutle førd upp med tri tun, øvre, andre og tridje tun. Andre tun er ofte skrive for Midt Skutle og tridje tun for Nedre Skutle. Kvart tun vert no teke for seg i den orden som dei står i panteregistret.

177. Nedre Skutle.

Tridje tunet er 1652 og 1655 ført upp med 1½ laup i skyld og 1659 og 1661 med 2 laup. Vangskyrkja åtte heile tunet. Brynjulv Arveson var brukar. Tunet er 1664 skrive for Nedre Skutle. Brynjulv og Torstein Brynjulvson var leiglendingar. I 1676 og 1680 er tunet ført upp under Apostelgodset. Vangskyrkja var framleies eigar 1691 og 1695, og Brynjulv brukar. Han var som ekm. g. m. Brita Knutsdr. og døydde 1695. Med fyrste kona hadde han tri born: Olav og døtterne Botild og Ragnhild. Brynjulv og Brita fekk sju born: Synneva f. 1679, Sjur f. 1680, Lars f. 1683, Atle f. 1684, Knut f. 1687, Anders f. 1689 og Brita f. 1693. I bladet Bergens Adressekontors efterretninger 1769 er lyst at på «øltapperstedet Skitnehollen», Svanøy i Sunnfjord, var død Lars Brynjulvson Skutle fødd på Voss. Han hadde vore bryggjar i Bergen.

--- side 64 ---

Sjur Sjurson f. 1665 var leiglending 1701 og fekk 1709 skøyte på eigedomen frå Kristen og Per Lemvik i Sogn. Sjur og Eirik var brukarar. Sjur hadde borni: Olav, Sigrid, g. 1723 m. Nils Andersson Eimstad, Brita, g. 1723 m. ekm. Ivar Johannesson Bjørku, Guro, g. 1715 m. Sjur Eirikson Rogne. Olav var brukar 1715 og 1723. Han gifte seg 1721 m. Dønåt Brynjulvsdr. Øvre Skutle. Vangskyrkja var 1714 framleies eigar av Nedre Skutle (2 laup). Knut Brynjulvson bygsla det 1727. Han var f. 1687 og g. 1715 m. Anna Jonsdr. Kinne. Dei fekk sonen Eirik i 1715, Brynjulv f. 1733 og hadde truleg fleire.

Erling Hendrikson bygsla 1738 2 laup av v. d. Lippe. Erling var f. 1665, g. 1. m. enkja Ingebjørg (dotter til Nils Person Vetla Rokne), 2. 1717 m. Kari Davidsdr. Øvre Graudo og døydde 1744, 76½ år gl. Erling budde på Øvsthus, Rep., fyrr han kom til Skutle. Han hadde i båe ekteskap tilsaman ti born: Olav på Kvåle, Rd., Brynjulv Gjerdåk f. 1702, bestefar til Eidsvolls-mannen Brynjulv Gjerdåk, Per på Rjodo, g. 1744 m. Dortea Andersdr. Rokne, Knut, g. 1. 1750 m. enkja Ingebjørg Hefte, 2. 1768 m. Marta Torbjørnsdr. Rogne, Gjertrud f. 1706, g. m. Brynjulv Lemme, Ingebjørg f. 1724, død utan etterkomarar 1815, Henrik f. 1729, g. 1758 m. Synneva Mikkjelsdr. Tveiti, Guri f. 1731, g. 1771 m. Erling Knutson Berge, Sigvor f. 1734, g. 1758 m. Anders Knutson Dukstad, Sjur f. 1736, død ugift 1763. Henrik kjøpte 1759 av kancelliråd Nils Alstrup 5 spann på Nedre Graudo, der han er umtala. Ho Kari, mor deira, sa upp bygsli 1758 for at sonen Knut, og versonen Anders Knutson kunde få bygsla i staden.

Anders Knutson var leiglending frå 1758 til han døydde 1779, 53 år gl. og hadde åtte born: Anna f. 1759, g. 1812 m. Lars Ivarson Fenno, Arnfinn f. 1760, g. 1788 m. Sisselja Knutsdr. Grovu, sjå bruk 4 på Midt Skutle, Erling f. 1761, død ugift 1790, Brita f. 1765, g. 1797 m. ekm. Mikkjel Steffason Skjerve, Ingebjørg f. 1768, g. 1796 m. Anders Jonson Øvre Klyve, Knut f. 1771, Marta f. 1772, g. 1816 m. ekm. Knut Larsson Tungeteigen, Olav f. 1778, død ugift 1796. Ho Sigvor, enkja etter Anders, vart uppattgift 1783 m. Anders Person Grovu. Framhald bruk 2 Nedre Skutle. Knut Erlingson var leiglending frå 1758 til han døydde ugift 1791. Per Olavson var deretter leiglending. Sjå vidare bruk 1.

--- side 65 ---

Dei enskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Skutle. Vangskyrkja var eigar. Per Olavson f. på Hylle 1738 gifte seg med Magli Styrksdr. og døydde 1816. Magli døydde 1837, 88 år gl. Per budde på Hylle til i kring 1780 og var 1790 vitne i ei sak på Bokkatun. Dei hadde fem born: Guri f. 1780, g. m. Ivar Person Fenno, Brita f. 1781, g. m. Henrik Person Løn, Sigrid f. 1782, g. 1809 m. Olav Person Graudo, Skutle, Synneva f. 1786, Olav f. 1789, g. 1. 1823 m.


Nedre Skutle
Bilete 11. Nedre Skutle. Fot. P. Braaten 1937.

Marta Gusskalksdr. Ringheim, 2. 1841 m. Marta Ivarsdr. Tvinno. Olav bygsla 1824 garden og døydde 1852. Marta Ivarsdr. døydde 1860, 61 år gl. utan born. Med fyrste kona hadde Olav seks born: Magli f. 1824, g. 1860 m. Halldor Jonson Bø, Dyrv., Per f. 1825, g. 1849 m. Anna Andersdr. Kvitno, Gusskalk f. 1828, Mattis f. 1831, Rannveig f. 1835, Olav f. 1838. Marta Gusskalksdr. hadde og ein son Nils Brynjulvson f. 1822.

Olav Larsson Grovu fekk 1864 kongeskøyte på garden for 1400 spd. Olav var f. i Vikør 1830, g. 1. m. Elsebø Arnesdr., 2. 1868 m. Kari Hermundsdr. Skutle f. 1843. Olav hadde med Elsebø borni Marta f. 1852 og Lars f. 1854 og med Kari sonen Hermund f. 1874. Ved skifte etter Elsebø var jordgodset

--- side 66 ---

taksta 1240 spd. og bruttomidelen var 1567 spd. Olav selde garden 1870 til Kolbein Kolbeinson Grovu for 1500 spd. Han var fødd på Dale 1824, g. 1846 m. Kirsti Olavsdr. Fenno f. 1820, og døydde 1904. Kirsti døydde 1909. Dei hadde borni: Eli f. 1846, død ugift 1907, Anna f. 1851, g. 1874 m. Anders Nilsson Græe, Ingebjørg f. 1854, g. 1875 m. ekm. Hermund Hermundson Skutle, Kolbein f. 1856, Kari f. 1859, g. 1885 m. Tomas Hansson Myrland, Tesdal, Maria f. 1862, g. 1887 m. Nils Gitleson Fenno. Kolbein gifte seg 1883 m. Gjertrud Larsdr. Hylle og fekk 1887 skøyte på garden for 2800 kronor. Kolbein døydde 1904, og sonen Lars f. 1885 fekk 1921 skøyte frå mor si på garden for 3600 kronor. Han vart gift 1921 m. Ingebjørg Sveinsdr. Grovu f. 1887.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 184, lnr. 354 med gamal skyld 1 laup 4 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 14 skill., revidert 3 dalar 2 ort 3 skill. Ny skyld mark 4,99.

Bruk 2. Nedre Skutle. Vangskyrkja åtte garden. Anders Person var som ovanfor umtala leiglending frå 1783. Sigvor kona hans døydde 1816 utan born med Anders. Lars Larsson bygsla bruket 1815. Han var g. m. Maria Jensdr. Lampe, som døydde 1861, 86 år gl. Lars døydde truleg 1841 og var presten sin medhjelpar til 1829. Knut Torgeirson Kvåle d. y. bygsla garden i 1837. Han var f. 1800, g. 1836 m. Elsa Johansdr. Vinjo, Vossastr. f. 1813. Ho var av Blombergætti. Knut var med og skipa Voss Sparebank og var fleire år med i direksjonen. Elsa døydde 1861 og Knut 1864. Dei hadde sju born: Guri f. 1837, g. 1866 m. Knut Knutson Helland, Johan Sechmann f. 1839, Torgeir f. 1842, g. m. Eli Massdr. Eide, hadde huseigedom på Eide, Granvin, Lars f. 1843, g. m. Margreta Larsdr. Apaltun (Amerika), Sisselja Susanna f. 1846, død ugift 1927, Maria f. 1849, g. 1869 m. Per Sjurson Vike, Bjarne f. 1851, død ugift 1886.

Johan gifte seg 1865 m. Brita Larsdr. Brurestolen f. 1839 og fekk 1865 kongeskøyte på bruk 2 for 1300 spd. Han var agronom frå Stend, lang tid med i heradsstyret, likningsvesenet, fatigstyret, sparebankens forstanderskap og hadde fleire andre tillitsyrke. Han var mykje med på utskiftingar, skyn og skylddelingar. Han døydde 1908 og hadde tri born: Maria f. 1866, g. m. Nils Larsson Uppheim, Knut f. 1875 og Lars f. 1879, g. m. Synneva Brynjulvsdr. Rongen. Lars var 12 år i jarnvare-

--- side 67 ---

forretning og er sidan 1909 kasserar i Voss Sparebank. Har vore med i heradsstyret og har fleire tillitsyrke. Knut gifte seg med Eli Torgeirsdr. Vivås, fekk 1922 skøyte på farsgarden for 3415 kronor og er død. Han var formann i fatigstyret og medlem av heradsstyret.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 184, lnr. 355 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Solbakken. Utskilt frå bruk 2 i 1908 med skyld 6 øre og selt til Lars J. Skutle.

178. Midt Skutle.

Andre tunet hadde 1652, 1655 og 1661 2 laup i skyld. Derav åtte kongen 2 pund 18 mark og Styrk 1 laup 6 mark. Han brukte alt. Nils Magneson og Knut Andersson var leiglendingar 1664. Garden er 1676 og 1680 førd upp under Apostelgodset. Klas Miltzow åtte 1691 1 laup 6 mark, lagmann Coch 3 spann og Vangskyrkja 21 mark. Sjur og Anders var leiglendingar 1691 og 1695, Knut Olavson og Brynjulv Larsson i 1701. Knut fekk 1713 ny festesetel hjå Viking Tvilde, som 1704 hadde kjøpt 2 laup. Knut hadde i 1701 sønene Olav f. 1695, g. 1728 m. Gudve Nilsdr. Fletre og Gitle f. 1698, g. 1724 m. Anna Larsdr. Vinjo. Han bygsla 1721 1 laup av Sjur Vike som var eigar etter faren lensmann Viking Tvilde. Gitle døydde 1736 og hadde borni: Knut f. 1725, g. 1754 m. Ragna Larsdr. Gjerme, Lars f. 1726, Brita f. 1729, Kristi f. 1732, Olav f. 1735, g. 1760 m. Brita Steffadr. Gjerdåk. Ho Anna gifte seg att 1738 m. David Sjurson Midt Skutle.

David makabytte 1734 med Viking Knutson so han fekk 1 spann på Skutle og David 1 spann på Øvre Graudo. David selde 1742 1 laup på Midt Skutle til Olav Gudleikson. David døydde på Skutle 1756, 56½ år gl. Anna levde etter han. Dei hadde dotteri Anna som 1764 vart g. m. Torbjørn Samsonson Auro. Olav var g. m. Andri Torgeirsdr. som døydde 1750, 47 år gl. og Olav døydde 1771, 74½ år gl. Dei hadde fire born: Arngunna f. 1729, g. 1754 m. underkonstabel Tormod Larsson Dale, Torbjørg f. 1734, g. 1761 m. Lars Oddson Tveiti, Sigrid f. 1738, g. 1762 m. Jon Brynjulvson Grovu og Dordei f. 1742. Ved skifte etter Andri åtte dei 1 laup på Skutle, taksta 100 rd. og 21/10 mark på Lae. Olav let eigedomen 1761 til versonen

--- side 68 ---

Lars Oddson. Han og Sigrid fekk på Skutle borni Anders f. 1762 og Gunnvor f. 1764. Lars selde 1765 eigedomen til Torbjørn Samsonson Auro. Ei religiøs vise på 100 vers, vanleg kalla Skutlesviso, er prenta i Kjøbenhavn 1771 med forfattarmerket L O S S. Visa var mykje sunge, og sume nolevande gamle folk hugsar nokre vers.

Torbjørn S. Auro f. 1733 var g. m. Anna Davidsdr. Skutle og er då skriven for tambur. Han døydde 1776, og dei hadde seks born: Samson f. 1764, David f. 1766, Josef f. 1769, død ugift 1790, Gjertrud f. 1771, Brita f. 1773 og Marta f. 1776, død ugift 1793. Ved skifte etter Torbjørn er jordgodset 1 laup verdsett 300 rd. Ho Anna gifte seg att 1782 med Gudleik Gudleikson Midberde og døydde 1787, 45½ år gl. Gudleik kjøpte ½ laup i 1782, gifte seg att 1788 m. Brita Erlingsdr. Væte og fekk med henne borni Erling f. 1789 og Anna f. 1790. Samson Torbjørnson fekk ved skifte etter far sin ½ laup som han selde 1788 til Arnfinn Andersson Skutle. Framhald bruk 4 Midt Skutle. Samson kjøpte 1791 ½ laup og 1799 av Lars Jonson Bjørku 1 pund 3 mark. Sjå vidare bruk 2.

Brynjulv Larsson, nemnd ovanfor, var f. 1657, g. som ekm. 1720 m. Hallbjørg Larsdr. Midt Ringheim. Dei fekk fire born: Lars, Guro f. 1721, Anna f. 1727 og Olav f. 1732. Med fyrste kona hadde Brynjulv sonen Anders f. 1691, som gifte seg 1714 m. Anna Eiriksdr. Rjodo og dessutan ein stykson Jørgen Andersson f. 1689. Brynjulv er 1701 skriven som leiglending og var det til han døydde 1735, 78 år gl. Hallbjørg vart attgift 1737 m. Trond Mattisson og døydde 1773, 85 år gl.

Trond bygsla 1736 1 laup av lensmann Viking Tvilde og kjøpte det 1757. I 1771 selde Trond 3½ spann til Olav Sjurson og kjøpte 1773 4½ mark. Trond var gift andre gongen 1773 m. Gjøa Hollgeirsdr. Opeland. Han fekk ikkje born med Hallbjørg, men fekk med Gjøa på Skutle dotteri Anna f. 1775. Ved skifte etter Hallbjørg åtte dei 9 mark, verdsett 45 rd. Trond selde 1779 sine 9 mark til Erling Olavson Skutle. Han budde 1777 på Grovu og bytte då med Olav Sjurson uti 2 pund 15 mark på Skutle. Som umtala på Grovu var Erling g. m. Soffi Arnvedsdr. Skjerve. Dei hadde sju born: Arnved f. 1772, g. 1811 m. Ågot Knutsdr. Bryn, Synneva f. 1774, Olav f. 1777, Ingebjørg f. 1779, Lars f. 1782, Ivar f. 1785, g. 1812 m. Marta Sjursdr. Vinjo, Torstein f. 1789. Erling døydde 1794, 51½ år

--- side 69 ---

gl. og Soffi 1819, 77 år gl. Lars var med i krigen mot Sverike 1807-1814, derav 2 år som fange på ein festning i Sverike. Då hadde han det svært vondt. Um hausten var dei 30 fangar saman, men berre 15 var i live um våren. Ein gong han var på vaktteneste skaut dei tri svenskar som kom imot dei. Lars døydde i kring 1860, då han var på legd i Tjukkebygdi. Ved skifte etter Erling var jordgodset taksta 500 rd. Bruttomidelen var 586 rd. Framhald bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Midt Skutle. Arnved Knutson Rokne kjøpte 1799 dette bruket på auksjon som var halden etter uppmoding av enkja Soffi Arnvedsdr. Arnved var f. 1771 og gift 1808 m. Bryttva Knutsdr. Vivås f. 1791. Arnved var namngjeten felespelar og skulde kunna ein løyndarkunst med felespelet. Brorsonen Isak Rokne har truleg lært mykje slåttar hjå Arnved. Arnved døydde 1855 og Bryttva 1864. Dei hadde åtte born: Torbjørg f. 1809, g. 1831 m. skulelærar Herlaug Torgeirson Mølster som budde på Vivås, Gjertrud f. 1813, g. 1836 m. Mons Larsson Auro, Arnfinn f. 1816, Soffi f. 1820, g. m. Velom Brynjulvson Eide, budde på Dolve, Gudve f. 1822, g. 1854 m. Knut Jakobson Grovu, budde i Steinbruhaugen, Bryttva f. 1826 (Amerika), Knut f. 1828, g. m. enkja Brita Kolbeinsdr. Kvitno, Bord. og budde på Kvitno, Ingebjørg f. 1831, død ugift.

Arnfinn Arnvedson f. 1816, var g. 1848 m. enkja Gjertrud Olavsdr. Skutle. Han fekk 1833 skøyte frå far sin på garden, men selde att 1836 til verbroren, Mons Auro, for 790 spd. Arnfinn døydde 1855 barnlaus. Gjertrud hadde fyrr vore gift med David Vikingson som budde på bruk 2 Øvre Skutle. Ho gifte seg tridje gong 1861 m. Nils Torbjørnson Rene. Ho var fødd på Kinne og døydde 1900. Mons Auro reiste til Amerika og selde 1837 halve garden til Hermund Hermundson Bulko for 500 spd. og 1839 den andre halve til Knut Oddson Bryn for 400 spd. Knut var g. m. Ingjerd Steffadr. og døydde 1847, 56 år gl. Seks born: Odd (Amerika), Steffa f. 1829, Brita, Abelu, Gjertrud og Marta. Ho Brita fekk gardparten og gifte seg 1849 m. Nils Johannesson Istad, som selde eigedomen til Hermund for 450 spd. Hermund åtte då heile bruk 1.

Hermund var f. 1804, g. 1837 m. Synneva Olavsdr. Fenno og døydde 1886. Synneva døydde 1878, 65 år gl. Dei hadde åtte

--- side 70 ---

born: Anna f. 1837, g. 1861 m. Lars Jonson Dale, Vetla Skiple, Barbrå f. 1840, g. 1881 m. ekm. Arne Sjurson Rene f. 1837, Kari f. 1843, g. m. ekm. Olav Larsson Nedre Skutle (Amerika), Hermund f. 1848, Olav f. 1852 (Amerika), Brita f. 1854, g. 1878 m. Ivar Knutson Vetla Rokne, Per f. 1857 (Amerika) og Eli f. 1860, g. 1883 m. Olav Ivarson Skaftedal. Hermund var g. 1. 1874 m. Gudve Eiriksdr. Fære, 2. 1875 m. Ingebjørg Kolbeinsdr. Skutle. Hermund fekk 1877 garden for 3200 kronor, let han 1904 til sonen Kolbein for 4000 kronor og døydde 1919. Mikkjel Sjurson Hjølmo frå Eidfjord kjøpte 1907 garden på auksjon for 4000 kronor. Han er f. 1867, har vore ei tid i Amerika og er mykje interessert for oldsaker.

Bruk 1 var fyrr mtrnr, 183, lnr. 351 med gamal skyld 1 laup 4½ mark, urevidert 3 dalar 2 ort 22 skill., revidert 3 dalar 1 ort 7 skill. Ny skyld mark 4,75, eller mark 2,23 etter at bruk 10 er skilt frå.

Bruk 2. Midt Skutle. Samson Torbjørnson kjøpte som ovanfor umtala bruk 2 i 1791 og 1799. Samson var f. 1764, g. 1. 1795 m. Synneva Larsdr. Tverberg, 2. 1809 m. Ragna Gudleiksdr. Veka f. 1787. Samson fekk med Synneva sonen Torbjørn f. 1796, og med Ragna fem born: Torbjørn f. 1810, Anna f. 1811, Gudleik f. 1813, Josef f. 1816 og Ragna f. 1818, g. 1842 m. Gudleik Ivarson Vike. Samson døydde 1848 og Ragna 1818. Torbjørn vart g. 1835 m. Anna Erlingsdr. Skutle og fekk 1834 skøyte frå far sin på bruk 2 for 200 spd. Dei fekk på Skutle borni: Samson f. 1837, Per f. 1839 og Sjur f. 1842.

Olav Larsson Skutle kjøpte 1844 bruk 2 av Torbjørn. Olav var g. m. Ingeleiv Ivarsdr. Olav bytte 1850 med Anders Larsson uti Øvre Auro der Olav er umtala. Anders var g. 1845 m. Ragnhild Styrksdr. Rokne. Han bytte 1862 m. Per Person Takla uti garden Indre Takla. Per selde att 1863 til Gusskalk Larsson Veka. Han var f. 1830 og g. 1858 m. Kari Herbrandsdr. Takla. Gusskalk selde att 1870 til Hans Jakobson Skutle for 500 spd. og kjøpte bruk 3 Brekku i Rd. Bruk 2 vart 1870 ført saman med bruk 4 og 5.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 183, lnr. 352 med gamal skyld 1 pund 14¼ mark, urevidert 1 dalar 2 ort 21 skill., revidert 1 dalar 1 ort 2 skill. Ny skyld mark 1,77.

Bruk 3. Midt Skutle. Utskilt frå bruk 2 i 1868 med skyld 17 øre og selt til Olav Olavson Tverberg. Han selde att 1876

--- side 71 ---

til Bjarne Knutson Skutle og kjøpte 1884 Indre Takla. Bjarne selde 1877 til Anders Olavson Grovu. Han var f. 1848, g. 1877 m. Sigrid Sjursdr. Rene. I 1898 kjøpte han av Hermund Skutle eit stykke som vart bruk 6 og ligg saman med bruk 3. Anders døydde 1928. Sonen Olav f. 1881 gifte seg 1905 m. Guro Knutsdr. Dagestad og fekk 1911 skøyte på båe eigedomane. Bruk 3 var fyrr husmannsplass kalla Utløbødn (Utlebødn) av di der var so mange utlødor.

Bruk 4. Midt Skutle. Arnfinn Andersson Nedre Skutle kjøpte som fyrr fortalt dette bruket i 1788. Arnfinn var f. 1760, g. 1788 m. Sisselja Knutsdr. Grovu og hadde borni: Anders f. 1789, Kari f. 1792, g. 1821 m. ekm. Anders Knutson Sygnaberde, Katla f. 1794, Knut f. 1796, Katla d. y. f. 1798, g. 1824 m. Lars Larsson Himle, Sigvor f. 1800, g. 1827 m. Olav Larsson Øvre Lid, Anna f. 1802. Arnfinn og Sisselja døydde 1850. Anders vart g. 1827 m. Anna Larsdr. Herre f. 1791 og fekk 1823 skøyte frå far sin på garden. Anders døydde 1859, Anna 1855 og hadde dotteri Sisselja f. 1828.

Ho Sisselja gifte seg 1852 m. Hans Jakobson Seiland, Granvin f. 1820. Dei fekk skøyte 1852 frå far hennar på bruk 4 for 100 spd., kjøpte 1855 bruk 5 for 300 spd. og 1870 bruk 2 for 500 spd. Alle tri bruki vart førde saman. Hans var framifrå god til å spela hardingfele, kunde ei mengd slåttar og spelte i over 300 brudlaup. Mange andre spelemenn fekk læra slåttar av Hans. Det er fortalt at han ein gong i Bergen var hjå Ole Bull, og dei spelte då båe. Hans paste seg for å drikka, og var i alle måtar ein ordensmann. Både Hans og Sisselja dreiv med skreddararbeid når dei fekk tid til det. Dei hadde sju born: Ingebjørg f. 1853, Jakob f. 1855, Anna f. 1856, g. m. Johannes Nilsson Nesheim, Granvin, Gurina f. 1859, g. 1877 m. Nils Olavson Skutle, Åsa f. 1860, død ugift 1885, Torbjørg f. 1862, g. 1901 m. Mikkjel Styrkson Solstad, Istad, Anders f. 1869 (Amerika). Jakob gifte seg 1897 m. Anna Johannesdr. Brekke, Granvin, f. 1875, og fekk 1889 farsgarden for 2000 kronor. Deira son Olav har fått skøyte på garden for 8000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 183, lnr. 353 med gamal skyld 1 pund 14½ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 15 skill., revidert 1 dalar 1 ort 16 skill. Ny skyld mark 1,94 som vart mark 4,83 etter at bruk 2 og 5 var ført saman med bruk 4.

--- side 72 ---

Bruk 5. Det er i panteregistret skrive for Øvre Skutle, men har fått gards- og bruksnummer for Nedre Skutle. Som ovanfor umtala vart Bård Larsson eigar i 1789 av dette bruket. Han var g. 1784 m. Rannveig Larsdr. Takla og døydde 1809, 47 år gl. Dei hadde fire born: Lars d. e. f. 1795, Lars d. y. f. 1798, g. 1828 m. Gudve Gudleiksdr. Vetla Saude, Ingebjørg f. 1802, g. m. Sjur Nesbøen, Granvin, Anna f. 1805, g. 1833 m. Samson Gitleson Fenno. Ved skifte etter Bård var jordgodset verdsett 600 rd. og bruttomidelen var 809 rd. Rannveig vart uppattgift 1812 m. Sjur Knutson Tveiti og døydde 1825, 62 år gl. Sjur døydde 1843, 70 år gl., utan etterkomarar.

Lars Bårdson d. e. gifte seg 1826 m. Synneva Olavsdr. Nesbøen, Granvin, og fekk 1815 skøyte på garden. Dei fekk borni: Bård, Olav, Rannveig, Lars, Eli, Johannes, fødde 1827- 1843. Alle borni reiste til Amerika. Far deira døydde 1847 og Kjel Knutson Bø, Rd. kjøpte garden. Han var f. 1811, g. 1. 1845 m. Kari Tormodsdr. Ringheim, 2. 1886 m. Elen Brynjulvsdr. Haug i Øksnes f. 1863, og døydde 1890 på Indre Takla. Kjel selde 1858 noko av garden til Endre Endreson Skutle for 300 spd., og det vart då utskilt som mtrnr. 182, lnr. 349 a 2 Øvre Skutle. Resten av bruket selde Kjel same året til Hans Jakobson Skutle for 300 spd. Han fekk bruket ført saman med bruk 4 Midt Skutle.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 182, lnr. 349 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 4 ort 12 skill., revidert 3 ort 20 skill. Ny skyld mark 1,12.

Bruk 6. Skutle. Utskilt frå bruk 1 i 1898 med skyld 45 øre og selt til Anders Olavson Skutle for 1200 kronor. Sjå bruk 3.

Bruk 7. Stuaset. Skilt ut frå bruk 1 i 1900 med skyld 30 øre og selt til Lars O. Kindem, som selde att 1904 til arkitekt Schak Bull, skipsmeklar Johan Martens og disponent G. Kuhnle. Kuhnle let 1912 parten sin til medeigarane.

Bruk 8. Nitunsflåten. Skilt ut 1908 frå bruk 1 med skyld mark 1,30 og selt til Knut J. Skutle.

Bruk 9. Harkahagen. Utskilt 1908 frå bruk 1. Skyld 10 øre. Skøytt til Anders Oddson Auro, som 1933 har skøytt det til Odd son sin.

Bruk 10. Hjølmoteigen. Utskilt 1931 frå bruk 1. Skyld 37 øre. Selt til Voss herad.

--- side 73 ---

179. Øvre Skutle.

Skyldi på øvre tun er førd upp med 2 laup 1652, 1655 og 1661. Derav åtte i 1652 og 1659 Halldor 2 pund, kongen 1 pund og Lars Olavson ½ laup. Halldor var leiglending 1652 til 1664, Lars Olavson var brukar 1652 til 1664 og lenger på eige odelsgods ½ laup. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 1 laup 18 mark, men det står ikkje kva tun det var i. I 1676 og 1680 er øvre tun ført upp under Apostelgodset. Lagmann Coch var 1691 eigar av ½ laup og Klas Miltzow 1 laup. I 1695 åtte Henrik Miltzow 1 laup, Hans Nilsson 1 pund og Knut Olavson 2 pund. Han var f. 1647 og er skriven som brukar av heile tunet 1691, 1695 og 1701, og døydde 1704. Knut var g. 1. m. Gjertrud Torgeirsdr., 2. m. Margreta Vikingsdr. Han var bror åt Jakob Høyland og Tormod Ivarson Helland. Margreta var stykdotter hans Lars Ygre. Knut åtte ved skiftet etter Gjertrud 3 spann på Olde og var 1695 lagrettemann. Han hadde med Gjertrud dotteri Eli f. 1695, g. 1719 m. ekm. Jørgen Bjarneson Lirhus, og med Margreta borni: Viking f. 1699, g. 1730 m. Guri Sjursdr. Øvre Graudo, Magne f. 1701 og Gjertrud f. 1704.

Brynjulv var leiglending i 1715. Henrik Miltzow åtte 1714 1 laup, Bøye Rafnsdorff 1 pund og Lars Skutle 2 pund. Soldat Lars Eirikson Fenno bygsla 2 laup i 1720 av Henrik Miltzow. Lars vart same år g. m. enkja Kari Persdr. Øvre Skutle og døydde 1739, 50½ år gl. barnlaus. Dei åtte då 1 laup etter skøyte 1726, verdsett 36 rd. Bruttomidelen var 268 rd. Ho Kari gifte seg att 1741 m. Gusskalk Olavson Uppheim.

Lars Olavson Øvre Skutle skulde vera ein kloking. Jordgodseigarane Jens Nordahl og Henrik Miltzow hadde ei tid kravt større avgift av Lars Skutle og andre leiglendingar enn dei trudde at dei plikta. Rettsprotokollane melder um at Lars saman med Anders Vetla Rokne og ein del andre leiglendingar la upp sak mot Nordahl og Miltzow. Lagstingsdom fall 1728 som gjekk jordeigarane imot. Dei påanka saki, men forlikte seg 1729 med saksøkjarane soleis at dei skulde få betalt attende dobbelt av det som dei hadde betalt for mykje, og jordgodseigarane skulde dessutan betala Lars Skutle 147 rd. i sakskostnader.

Det er fortalt at Lars Skutle for saki si skuld reiste til kongen i Kjøbenhavn, og at det vart samla inn pengar til turvande utlogor for han. Det kom inn meir enn Lars trong, og det vart

--- side 74 ---

vedteke å kjøpa ljoskruna som er i skipet i Vossakyrkja for pengane som var att. På kruna er namn på m. a. 14 vossingar og millom dei Lars Eirikson Skutle med årstalet 1733. Av rettsprotokollane ser ein at dei som samla inn pengar til reisi vart stemnde for retten, men eg har ikkje set noko um utfallet.

Knut Steffason kjøpte 1740 av Kari Persdr. og fleire 1 laup og i 1760 1 laup på auksjon av fru Ingjerd Alstrup. I 1747 har han vore saman med prestane og femtan bønder og gjort framlegg til ordning av skulestellet på Voss. Knut var som ekm. g. m. Mari Nilsdr. og døydde 1771, 62 år gl. Dei hadde fem born: Knut f. 1734, Marta f. 1740, g. 1776 m. David Larsson Midt Ringheim, Steffa f. 1743, Synneva f. 1745, g. 1784 m. Torgeir Torsteinson Øvre Lid, Nils f. 1748, død ugift 1778. Ved skifte etter Knut var garden (2 laup) verdsett 700 rd., og bruttomidelen var 1329 rd. Knut Steffason hadde med fyrste kona si døtterne Eli, g. 1752 m. ekm. Ivar Torbjørnson Kinne og Brita, g. 1758 m. Lars Nilsson Øvre Himle.

Knut Knutson f. 1734 var g. 1776 m. Rannveig Tomasdr. Grønlidi som døydde 1801, 72 år gl., og han døydde 1804 barnlaus. Knut fekk 1772 skøyte på 1 laup. Sjå vidare bruk 2. Ho Kari, mor hans, hadde den andre laupen til 1776 då sonen Steffa Knutson fekk han. Bård Larsson Himle har ved makabyte 1783 fått 1 laup og selde ½ laup i 1786 til Per Arveson. Bård kjøpte 1793 ½ laup av Brynjulv Jonson som han hadde fått ved makabyte i 1789. Framhald gnr. 178 bruk 5 Øvre Skutle, som Bård sin eigedom er førd upp med i panteregistret.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Skutle. Utskilt 1848 frå gnr. 178 bruk 5. Olav Larsson fekk bruket ved skifte etter far sin i 1847. Olav selde att 1849 til Arnfinn Andersson Ringheim for 630 spd. Han var f. 1820, g. 1844 m. Anna Hallesdr. Ringheim og fekk på Skutle borni Lars f. 1853 og Kari f. 1855. Arnfinn selde garden 1857 til Olav Nilsson Vambheim, Ulvik, for 400 spd. Sonen Nils f. i Ulvik 1845 fekk 1913 skøyte på garden; han gifte seg 1887 m. Gurina Hansdr. Skutle f. 1859. Nils døydde 1912. Dei hadde borni: Arngunna f. 1888, Olav f. 1889, død 1919, Sisselja f. 1891, Hans f. 1892, Nils f. 1894, Anders f. 1896, Marta f. 1898 og Anna f. 1900. Sisselja vart g. 1918 m. Helge Larsson Vete, sersjant og agronom. Hans er gift og er i handels-

--- side 75 ---

forretning i Bergen. Nils gifte seg 1920 m. Ingebjørg Larsdr. Seim og er lærar i Vangens folkeskule, formann i skulestyret og i Voss Skogselskap. Anders vart gift 1920 m. Anna Karlson f. 1898 og er kasserar i Vossavangens Bygningskommune. Anna er g. m. Rasmus Hundseid i Stavanger. Arngunna gifte seg 1921 m. Johannes Johannesson Brekke, Granvin, f. 1886. Dei har fått farsgarden hennar.


Øvre Skutle
Bilete 12. Øvre Skutle. Fot. P. Braaten 1937.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 182, lnr. 349b med gamal skyld 1 pund 15 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 23 skill., revidert 1 dalar 2 ort 15 skill. Ny skyld mark 2,22 eller mark 3,34 etter at mtrnr. 182, lnr. 349 a2 er ført saman med bruk 1.

Mtrnr. 182, lnr. 349 a 2. Øvre Skutle. Utskilt 1858 frå lnr. 349, gnr. 178 bruk 5. Som ovanfor umtala kjøpte Endre i 1858 denne eigedomen og selde att same år til Per Person Tverberg. Han bytte 1861 med Gusskalk Larsson Veka uti Indre Takla, men dei bytte um att 1863. Gusskalk er umtala på bruk 2 Midt Skutle og under husmenn på Øvre Klyve. Per selde same år til Nils Person for 125 spd. Olav Nilsson kjøpte 1869 eigedomen for 300 spd. og førde han saman med bruk 1 Øvre Skutle.

--- side 76 ---

Mtrnr. 182, lnr. 349 a 2 hadde urevidert skyld 4 ort 11 skill. revidert 3 ort 20 skill. Ny skyld mark 1,12.

Bruk 2. Øvre Skutle. Knut Knutson kjøpte 1772, som ovanfor umtala, dette bruket og selde att 1798 til systersonen Nils Ivarson Kinne. Han gifte seg same år m. Eli Andersdr. Skutle og døydde 1823, 62 år gl. Eli døydde 1851, 90 år gl. Dei hadde etter seg borni: Rannveig f. 1799, død ugift 1871, Eli f. 1801, g. 1825 m. Knut Andersson Fenno og Ivar f. 1802. Jordgodset var ved skifte etter Nils taksta 440 spd. og skogen 95 spd. Bruttomidelen var 838 spd.

Ivar Nilsson vart g. 1824 m. Sigrid Andersdr. Fenno og fekk garden ved skifte 1824 etter faren og skøyte 1825 frå mori, og hadde fire born: Anders f. 1830 (Amerika), Eli f. 1837, g. 1859 m. Ivar Sjurson Fenno, Nils f. 1840, Knut f. 1843 (Amerika). Ivar selde 1842 halve garden til David Vikingson Fenno og den andre halve, bruk 3, i 1837 til Lars Oleivson Ukvitno for 354 spd. Ivar døydde 1849 som husmann på Skutle. Sigrid var f. på Lid 1801 og døydde 1889. David var g. 1839 m. Gjertrud Olavsdr. Kinne og fekk borni: Gunnvor f. 1839, g. 1863 m. Svein Olavson Jerald, Ragnhild f. 1841, Viking f. 1845 og Olav f. 1846. David døydde 1847, 50 år gl. og Gjertrud vart attgift 1848 m. Arnfinn Andersson på bruk 1 Midt Skutle. Han døydde 1855, og Gjertrud gifte seg tridje gong 1861 m. Nils Torbjørnson Rene og døydde 1900.

Viking Davidson fekk garden ved skifte 1847 etter faren, men då Viking døydde 1859, fekk mori garden for 370 spd. Ho og Nils hadde garden til 1880 då dei selde til Olav Ivarson Skaftedal for 2340 kronor. Han var f. 1859, g. m. Eli Hermundsdr. Skutle f. 1860 og dei fekk på Skutle borni: Barbrå f. 1883 og Synneva f. 1886. Olav selde garden 1887 til Anders Knutson Haugo for 2200 kronor. Anders var f. 1850 og g. 1886 m. Brita Larsdr. Spildo f. 1859. Han døydde 1925 og Brita selde garden 1930 til Nils Olavson Himle for 11 100 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 182, lnr. 350 a med gamal skyld 1 pund 15 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 23 skill., revidert 1 dalar 2 ort 15 skill. Ny skyld mark 2,22.

Bruk 3. Øvre Skutle. Lars Oleivson Ukvitno kjøpte som ovanfor umtala bruk 3 i 1837 og selde att 1839 til Olav Larsson Såkvitno for 450 spd. umtala på bruk 2 Midt Skutle. Han bytte 1850 med Anders Larsson Auro uti Øvre Auro. Han selde att

--- side 77 ---

1865 til enkja Sigvor Gusskalksdotter Berge for 250 spd. Anders budde seinare på Indre Takla og sidan på Rjodo. Sigvor hadde vore g. m. Olav Torbjørnson, som døydde 1864, 40 år gl. Dei fekk borni: Torbjørn f. 1854, Gusskalk f. 1856, Gjertrud f. 1858 og Marta f. 1860. Sigvor vart attgift 1866 m. Lars Olavson Ringheim og hadde med han sonen Olav f. 1867. Lars selde garden att 1870 til Per Arneson Folkedal. Han var f. 1820 og døydde 1893. Sonen Arne fekk garden 1879 for 1200 kronor. Han var f. 1849, g. 1875 m. Anna Gitlesdr. Opeland og døydde 1924. Deira dotter Anna f. 1880, gifte seg 1911 m. Johannes Eirikson En f. 1878. Dei fekk farsgarden hennar for 3000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 182, lnr. 350 b med skyld som bruk 2.

Bruk 4. Sagteigen. Skilt ut frå bruk 2 i 1904 med skyld 1 øre og selt med vassrett på auksjon til Johan K. Skutle for 50 kronor. Sonen Lars fekk skøyte på eigedomen i 1930 saman med bruk 3 Nedre Skutle.

Bruk 5. Vikaborg. Utskilt frå bruk 2 i 1930 med skyld 2 øre. Lars A. Skutle er eigar etter skøyte 1930 frå Brita A. Skutle.

Husmenn på Skutle.

Arnbjørn Sjurson f. 1656 med sonen Per f. 1693 hadde 1701 plass på Nedre Skutle. Anders Hallvardson, g. m. Brita Øyulsvdr. budde der då dei 1726 fekk sonen Lars. Åmund Johannesson, g. m. Ågot Olavsdr. var plassfolk på Øvre Skutle 1728 då dei fekk dotteri Guro. Lars Ivarson hadde borni Ingebjørg, Ivar, Anders og Anna f. 1738-1756. Bjarne Ivarson hadde dotteri Anna f. 1746. Tormod Larsson hadde sønene Lars f. 1754 og Gudleik f. 1757. Hermund Bulko og kona fekk 1830 husmannsfeste frå Fleischer på plass på Nedre Skutle. Torbjørn Hermundson, g. m. Gudve Knutsdr. hadde plasset Rynningane på Nedre Skutle. Han hadde fyrr plass på Mala, der han er umtala. Olav Person hadde plass frå 1836 til 1850. Svein Ivarson g. m. Bryttva Larsdr. fekk 1852 husmannsfeste på Gruden? i Stuasethorjæ. Dei hadde borni Ivar, Lars og Nils f. 1851-1856.

Brynjulv Knutson døydde 1853, 57 år gl. Olav Olavson f. 1831, g. m. Guro Torgeirsdr., fekk 1865 feste på plasset Utløbødn. Dei kjøpte seinare garden Indre Takla. Ei laustaus Jo-Marta Auro budde der sidan. På Øvre Skutle har vore

--- side 78 ---

husmannsplassi Leite, Rùena og Kattorsliæ. Ein som budde i Kattorsliæ og sat trongt i det, skar og barde korn fyre olsok og var difor kalla Olsokgaukjen. Han skulde svara noko arbeid til kvar gardmann på Øvre Skutle, men det var vanskeleg for han å gjera dei til lags, då alle vilde ha han når det var godver. Plasset vart nedlagt i kring 1860. Siste husmannen var Olav.

Stølen.

I matrikkelen 1723 er sagt at Nedre og Midt Skutle hadde 1 mil til stølen og Øvre Skutle 5/4 mil. Bruk 1 Nedre Skutle har stølen Hòlo, og bruk 2 og 3 Øvre Skutle har stølen Vikabòro ved Grønlivatnet, men dei er ikkje i bruk no. Husmannen på bruk 1 Øvre Skutle støla i Skaondalshorjæ der han hadde krøteri under ein stor heller. Dei andre bruki på Skutle har støl på Stuaset ved Grønlidvatnet.

Kvern og sag.

Berre Nedre Skutle hadde ei kvern i 1723; men 1776 og 1791 hadde alle tri tuni kvar si kvern. På tinget 1822 er tilført at Nils Ivarson Øvre Skutle hadde bygt ny sag og at det årleg kunde skjerast 3 tylvter timber på henne. I skifte etter Nils 1824 er sagi verdsett 65 spd. Sonen Ivar hadde kvern på Mjølstølen og sag i Korane, men flytte henne til Sagateigen. Herlaug Torgeirson Vivås fekk ervefeste 1839 på sagi, og ho er førd upp i skifte 1861 etter han. Nedanfor stølen Skrehovden i elvi Otlo har stade ei sag til i 1870-åri, og der vart skore trefang til byggjing av husi på Øvre Skutle etter branden. Lenger nede i same elvi stod ei sag til 1890-åri som Nils Torbjørnson åtte. I elvi nedanfor Skutlestjødnane var ei sag ovanfor Sandvåena. Lenger nede stod Mjølstølssagi til 1860-åri. Per som døydde 1893 bygde seg kvern i groi som kjem or tjødnane i Skutlesaos'n. Kverni stod pålag 20 år. I Sandvåena har stade fleire kvernar. Berre ei har vore i bruk i seinare tid. Ei sirkelsag er 1920 sett upp på Stuaset.

Offentlege forretningar.

Sak 1728 millom eigar og leiglending. Sak mot Seiland i 1782. Sak vedkomande Øvre og Midt Skutle 1767. Åverkssak 1771. Forretning 1778 um merki millom dei tri tuni. Semje 1784 um merket mot Seiland. Odelstakst 1792 på Øvre Skutle og 1796 på Midt Skutle. Takst 1825. Åverksak 1831 um Stuaset og likeins mot Bulko. Semje 1832 um merki på Stuaset. Rettssemje 1832 millom Skutle, Takla og Olav Nilsson Bulko. Godviljug utskifting 1842. Utskifting 1845 på Stuaset. Semje 1851 um merkesgjerde. Utskifting (semje) 1865. Utskifting 1894 og 1905. Semje 1903 um slåtta Horgahagen. Skilsdom 1915 um merkeslina i utmarki.

Bumerke.

Brynjulv 1711 tavle 7 nr. 45. Brynjulv Øvre Skutle 1714, 1718 t. 7 nr. 46. Brynjulv Midt Skutle t. 7 nr. 47.

--- side 79 ---

Lars Øvre Skutle fleire gonger 1724-1737 t. 7 nr. 48. Gitle Midt Skutle 1725 t. 7. m. 49. Per 1782 t. 7. nr. 50. Det er noko brigda av Per Olavson i 1783. Han teikna t. 4 nr. 51 utan tverrstrik nede i 1788. Olav Nedre Skutle 1726 t. 7 nr. 51. Knut 1737 t. 7 nr. 52. Knut Nedre Skutle 1773, 1776 t. 3 nr. 35. Knut Knutson Øvre Skutle 1780, 1783 to K'ar med ryggen mot einannan. Olav 1751 t. 1 nr. 45. Trond 1752 t. 7 nr. 53, brigda på to måtar 1754, 1759. Torbjørn 1773 t. 7 nr. 54. Anders Knutson 1779 t. 7 nr. 55.

Ymse.

Heile Øvre Skutle brann i 1820-åri. Det var ein sundag då alle folki var på Bulko i olsokleik og berre ei gamal kone var heime. Ikkje noko vart berga.

Steinhaugen er i kring 100 meter ovanfor stova på bruk 1. På toppen av han er restar av mur til eit lite hus. Lenger nede på haugen er funne mykje slagg etter myrmalmbrenning. På Skutle skal for det meste vera myrjord i botnen. I jordi er funne tri molar av ei steingryte, eit par syljor og 20 rundslipte steinar av steinslag som ikkje er på Skutle, og fleire andre ting.

I skogteigen åt bruk 1 Midt Skutle er Jernhedlerane. Det er ein høg fjellvegg som har mykje rustflekker. Ikkje langt derfrå er Gullgruo i skogteigen til bruk 1 Nedre Skutle. Der er mykje dvergsmestein (kvarts). I 1868 har det vore skjerpa og det er frå tid til onnor arbeidt og mint noko. Prøve skal ha vore sendt til Kongsberg. Dei fann gull i prøven, men so lite at det kunde ikkje verta lønsam drift.