65. Staup.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 392 ---

Namnet vert i 1300-talet (i Bjørgynjar Kalfskinn) skrive «i Staufi» (truleg misskrift for Staupi). Det vert no sagt Staup; han búr pao, è tao Staup, ska tì Staups, sms. Staupsbèrjé. Namnet kjem av ordet eit staup (fall, bratt bakke) som enno er brukt i bygdi: «d'è gott staup (fall) i kvèdnaslòkjè». Staupe er dessutan namn på nokre bakkar på Helleve.

Staup er i 1661 ført upp som øydegard med 18 mark i skyld og ein brukar. I 1723 er det likeins. Då er sagt at Staup var ein teig under austre tunet på Løno. Brukarane der hadde rudt han upp og åtte han. På Staup var humlagard, ei flaumkvern, brennefang og litt fureskog til husvøling. Garden var lettvinn og hadde medels god jord. Skyldi var den same i 1838 og då umskrivi til 1 dalar 4 ort 23 skill. Då er tilført at der var vedaskog, noko fureskog til eige bruk og vassfall. Samanlikningstalet var 300.

I matrikkelen 1865 er ført upp 9½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 7 mål god, 26 mål medels natureng og 12 mål skrapebø. Der var medels vårhamn, men ring sumarhamn. Skog til husbruk. Timber kunde seljast for 2 spd. um året. Garden var tungvinn og var dyrka som vanleg. I 1918 var der 7,5 mål open åker, 9 mål kunsteng og 4 mål natureng.

--- side 393 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Staup.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 7 9 4 ½
1865 1 9 23 24
1918 1 5 19

Bruk 1. Staup. Inntil bruk 2 vart skilt frå i 1882 har Staup vore einbølt gard.

Ervingane etter Svein på Kvitheim betalte til kyrkja ½ mmb. i Staup for 2 kyrlag, er det fortalt i Bjørgynjar Kalfskinn. Staup ser ein elles ikkje nemnt fyrr i 1645. Då budde Halldor Torgundson der med Barbrå, kona si, og ei dotter. I 1661 er Staup ført upp med 1 spann i skyld, som Eirik åtte og brukte både i 1657 og 1661. Garden er ikkje nemnd i manntalet 1664. Knut heitte eigaren i 1691 og brukaren Eiliv.

Olav Larsson kjøpte garden i 1694 og brukte han sjølv. Han var fødd 1667, g. 1. med Brita Arvesdr., 2. 1736 med Reiend Oddsdr. og døydde 1739. I 1724 er umtala at han samla inn pengar i sin krins til Lars Skutle og Kjel Berge som skulde reisa til Kjøbenhavn for å tala med kongen um ei sak for vossane. Han hadde med båe konone seks born: Knut En, Knut d. y., Anna, g. 1737 med Gulbrand Mølsterteig, Rannveig, g. 1734 med Gitle Knutson Repål, Magnhild f. 1713, g. 1739 med Nils Bergeson Gjerdåk, Brita f. 1738. Ho Reiend gifte seg att i 1739 med Erling Ingebriktson En.

Knut Olavson d. y. f. 1699, g. m. Gjertrud Styrkårsdr. fekk garden i 1740, og døydde 1752. Sju born: Eirik f. 1731, Olav f. 1740, g. 1761 med Borghild Mattisdr. Lekve, Styrkår f. 1746, Brita f. 1735, g. 1761 med Eirik Jonson Jorddalen, Magli f. 1742, g. 1782 med ekm. Sjur Olavson Løno, Anna f. 1744 g. 1784 med Olav Nilsson Ullestadteigen, Rannveig f. 1749, g. 1773 med Anders Larsson Glymme.

Eirik Knutson f. 1731, g. 1755 med Gjertrud Olavsdr. Uppheim og døydde 1778. Han fekk farsgarden i 1758. Dei hadde sju born: Knut f. 1757, Olav d. e. f. 1762, Lars f. 1766, Gudleik f. 1770, Olav d. y. f. 1773, død 1814 (han var skulemeister), Anders f. 1777, Kari f. 1760, g. 1795 med Per Larsson Ulven, husmann på Staup.

--- side 394 ---

Knut Eirikson f. 1757, var g. 1787 med Gudve Monsdr. Ettesvoll og døydde 1838. Han fekk garden i 1787. Tri born: Gjertrud f. 1788, g. 1811 med Ivar Person Skjerpe, Eirik f. 1792, Mons f. 1794, g. 1826 med Gunnvor Knutsdr. Løno. Eirik Knutson f. 1792, g. 1811 med Brita Persdr. Skjerpe fekk garden i 1810, og døydde 1880. Åtte born: Gudve f. 1812, g. 1835 med Olav Bårdson En, Knut f. 1814, død 1836 ugift, Per f. 1817, Barbrå f. 1819, Anders f. 1822, Arnfinn f. 1824, Marta f. 1826, Ingebjørg f. 1831, g. 1855 med Bjarne Sylfestson Tvinno.

Anders Eirikson f. 1822 fekk garden i 1855 for 175 spd., men let han til Arnfinn bror sin i 1865 for 450 spd. og døydde ugift 1891. Arnfinn Eirikson var g. 1870 med Guri Åmundsdr. Gjøastein og døydde 1897. Anders og Arnfinn var snikkarar og sers flinke smedar. Mest arbeidde dei dørlås, kistelås og klædekister. Av ein gudbrandsdøl kalla Maskin-Hans lærde dei å gjera treskjemaskinor for vasskraft og vasshjul og arbeidde fleire slike. Dei var og burte hjå andre på arbeid med kistor og ymist anna og fekk då 40 øre dagen og kosten. Anders dreiv mykje med låsarbeid. Alt deira arbeid var sers fint og pålitande gjort. Arnfinn og Guri sine born var: Eirik f. 1872, Åmund f. 1874, Olav f. 1882 og Per f. 1885. Eirik fekk garden i 1898 for 2400 kronor. Han makebytte med Åmund bror sin uti bruk 3. Anders Vikingson Grindaland kjøpte bruket i 1933 for 8500 kronor.

Garden var fyrr mtrnr. 65, lnr. 138 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 2 dalar 2 ort. Ny skyld mark 2,40 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Staup. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 1 i 1882 og ervefest til Aslak Torbjørnson Gjerdskvål. Han var fødd 1838, g. 1876 med Synneva Håkonsdr. Ukvitno og døydde 1892. Synneva vart gift 2. 1894 med Sivert Nilsson Liadal. Aslak var flink smed, arbeidde sers gode ljå, sigdar, sokser og skruestedar. Sivert selde eigedomen med sagbruket på Lønahaugen i 1897 til Nils N. Øye for 1300 kronor. Nils er f. 1869, g. m. Ingebjørg Jakobsdr. og har i lang tid drive med hellearbeid.

Bruk 3. Ytre Staup. Skyld mark 1,05. Utskilt frå bruk 1 i 1898 og selt av Eirik til broren Åmund Arnfinnson for 1000 kronor. Han bytte med Eirik uti bruk 1. Eirik er død, og broren Per har no dette bruket.

--- side 395 ---

Husmenn.

Bård Torgeirson og kona hans, Ingebjørg Monsdr., var husmannsfolk i 1720-åri og hadde dotteri Anna f. 1730. Per Larsson Ulven f. 1760 var som fyrr nemnt g. 1795 med Kari Eiriksdr. Staup. Han var flink til å laga beslag og lås åt klædekistor. Deira dotter Brita f. 1795, vart gift 1822 med Knut Mikkjelson Skjeldal. Jon Person Skjerpe f. 1796, g. 1835 med Gunnvor Styrksdr. Tøn f. 1801, hadde fyrst plass på Skjerpe, men var i 1840-åri på plasset Myrane på Staup. Jon døydde der 1859 og Gunnvor 1858. To born: Barbrå f. 1835 og Per f. 1844. Per vart buande i Ulvik, var skreddar, treskjerar og god felespelar, og arbeidde felor.

Ymse.

Merkeskilsforretning var halde på Staup i 1842. Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Vårstølen er i marki ovanfor garden. Sumarsstølen er Breiming, som ligg høgre uppe under Horgjæ. Staup hadde ei kvern i 1777. Eirik Knutson og Sylfest Brynjulvson Fletre fekk kongeløyve i 1771 til å byggja sag på Staup for å skjera sagtimber som på lovleg måte kom or skogane i grannelaget. Sylfest kjøpte i 1779 halvparten av jordstykket Breimen ved elvi der sagi stod. På tinget 1790 har Sylfest meldt at han i 1789 hadde skore 648 bord 5-6 alner lange og frå ½ til 1 tumme tjukke. Dei som hadde sag då, var plikta til å gjeva upp på tinget kvart år kor mykje dei hadde skore. Sonen Nils har so fått jordstykket i 1792 og selt det og Staupssagi til Styrk Mikkjelson Bø. Han selde att 1797 til Lars Knutson og Brynjulv Halldorson Løno.

Bumerke teikna på Staup.

Olav 1714 tavle 4 nr. 26. I 1715-1738 brukte han merket t. 4 nr. 27, men noko brigda i 1716. Knut Olavson 1745 t. 4 nr. 28, men har 1758 teikna eit anna merke. Eirik 1771 t. 4 nr. 29, men onnorleis i 1771 og 1774.