161 Stuarjo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 514 ---

Namnet vert i 1330 skrive Stufariodhe. Det vert no sagt Stúarjó2; han búr pao, è tao, ska tì Stúarjó. Namnet er samansett av stuv m. (trestomn, stubbe) og rjod ru (glenne, rudning i skog), gn. Stúfarjóðr.

Stuarjo er einbølt gard. Skyldi var ½ laup i 1661. Der var ein brukar og turvande brennefang. I 1723 var det likeins med tillegg at der var litt skog til husvøling og ein humlagard. Garden var tungbrukt. Skyldi vart umskrivi 1838 til 1 dalar 4 ort 23 skill. og samanlikningstalet var 300. Fure- og vedaskog til eige bruk.

Matrikkelen 1865 har ført upp 8½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 9 mål god, 6 mål medels natureng og 9 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Der var ring hamnegang, skog til husbruk og timber kunde seljast for 2 spd. årleg. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 2,7 mål åker, 4 mål kunsteng og 1 mål natureng.

I 1801 budde der 6 menneske, 4 i 1865 og 9 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Stuarjo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 9 1
1723 9 6 4 ½
1865 1 7 15 20 ½ 15
1918 2 19

--- side 515 ---

Tri menn kunngjer i brev 1330 at Ogmund Torkjelson hadde gjeve 4 mmb. i Stuarjo til Mikaelskloster i Bergen saman med anna jordgods og skulde til vederlag få kår hjå klostret. Munkeliv kloster åtte 1427 4 mmb., 1463 1 spann og 1480-90 4 mmb. på Stuarjo.

Hans var øydegardsmann eller husmann 1611 og 1614 og vart utkommandert til Svinesund med byrse og sverd. Svein var på Stuarjo 1621 og 1629 og var då fri for skatt på grunn av armod. Leidangen var etter leidangsboki 1624 9 mark smør og eit kalvskinn. Sjur Rasmusson, g. m. Brita var leiglending 1645.


Stuarjo
Bilete 65. Stuarjo. Fot. P. Braaten 1936.

Munkeliv åtte ½ laup 1646, 1655 og 1661. Sjur var leiglending 1652, Nils 1655, 1657, Sjur 1659, Lars Åmundson 1661 og Henrik Rasmusson 1664.

Hermann Garmann fekk kongeskøyte 1662 på ½ laup Munkelivgods på Stuarjo. Klas Miltzow var eigar av 1 pund i 1676. I 1691 åtte Hans Axelson ½ laup og 1695 18 mark. Torfinn var leiglending båe åri. I 1691 var det 3 mark i odelsskatt og 12 skill. i ryttarskatt. Olav Larsson f. 1641 var leiglending 1701 og 1715.

Morten Coch selde 1707 1 pund til Olav Torbjørnson Bokkatun. Seinare same året har Olav Larsson kjøpt heile Stuarjo.

--- side 516 ---

Han var som ekm. g. m. Magli og døydde 1721. Magli døydde 1736, 90½ år gl. Olav hadde borni: Nils, Kari, g. 1711 m. ekm. Knut Ivarson Norheim, David, g. 1718 m. Gudve Tormodsdr. Dale. David døydde utan born 1721 og vart jordfest same dag som faren. Ho Gudve gifte seg att 1722 m. Sverkve Torbjørnson Møn. Han kjøpte same år Stuarjo. Sverkve døydde 1735, 46 år gl. utan born. Dei åtte 1 pund i Stuarjo som vart taksta 36 rd. Ervingane etter Sverkve var brørne hans, Jon Midt-Mjelde og Per. Dei fekk jordgodset 1 pund. Gudve har so gift seg tridje gong m. David Johannesson og døydde 1743, 65½ år gl.

David fekk skøyte 1736 frå Jon Midt Mjelde og 1744 skøyte frå ervingane ved skifte etter kona si og gifte seg same året m. Ingebjørg Kristensdr. Brattåker. Dei fekk borni: Johannes f. 1745, Kristens f. 1748, Ivar f. 1754 og Olav f. 1756. David skøytte garden 1757 til Sjur Steffason og kona hans Brita Larsdr. Johannes Davidson Underdal i Sogn lyste 1763 at han som odelsmann vilde løysa Stuarjo, men var då i pengemangel. Sjur selde Stuarjo att same året til Johannes Hollgeirson og kona hans Dønåt Gitlesdr., som 1764 fekk dotteri Kari. Johannes var son til Hollgeir Monsson, husmann på Brurestolen.

Torgeir Davidson Klyve kjøpte 1777 Stuarjo for 450 rd. Han var f. ikring 1722, g. 1757 m. Marta Andersdr. Vinjo, som døydde 1785, 47½ år gl. Torgeir hadde fyrr butt på Røyrlidi og deretter på Nedre Vinjo. Han døydde på Klyve 1794. Tri born: David, Anders f. ikring 1774 og Rannveig f. ikring 1763. David var f. ikring 1757, g. 1782 m. Brita Knutsdr. Takla og fekk skøyte 1777 frå far sin på Stuarjo for 450 rd. Dei fekk på Stuarjo borni Guri f. 1782 og Kari f. 1784.

Ivar Nilsson Jørdre kjøpte garden 1783 for 480 rd. Han var f. 1760, g. 1786 m. enkja etter Olav K. Bokkatun, Brita Nilsdr. Møn f. 1758, død 1834. Ivar var større av vekst enn andre og døydde 1848, 80 år gl. Ivar og Brita fekk borni: Nils f. 1804, bleiv 1832 i Granvinsvatnet, Anna f. 1791, død ugift 1810, Guro f, 1794 død ugift, Ingebjørg f. 1797, g. 1823 m. Lars Torkjelson Uthus f. 1794, Brita f. 1800, g. 1. 1821 m. Mikkjel Steffason Skjerve, 2. m. Torstein Person Såkvitno på Kinne.

Lars Uthus og Ingebjørg fekk 1827 skøyte frå far hennar på Stuarjo. Lars var frå Ål i Hallingdal av Villandsætti, dreiv

--- side 517 ---

mykje med handel av krøter og ymse slag varor. Han selde Stuarjo att 1838 til Ivar Olavson Seim for 800 spd. Lars kjøpte gard att i Mjeldalen og hadde sidan gard på Skiple, Dymbe og Selje og leigde av fru Schlanbusch brennevinsretten på Vangen nokre år og dreiv brennevinshandel.

Då Ingebjørg døydde, gifte Lars seg att m. Torbjørg Klasdr. Jernes. Han hadde med Ingebjørg fem born og med Torbjørg fire: Ragnhild f. 1823 som var dauv og dumb og døydde ugift 1904, Ivar, g. m. Sofie Bergh som budde på Oppetveit i Arna, Anna f. 1829, g. 1854 m. fabrikkeigar Peter Jebsen, Brita f. 1832, død ugift 1896, huseigar på bruk 2 Lekve, Guro f. 1835, Ingebjørg, Guro, Anna og Klas.

Ivar Olavson f. 1803 var g. m. Brita Nilsdr. Spildo f. 1805 og fekk 1843 sonen Olav. Ivar døydde 1883 og Brita 1891. Olav gifte seg 1875 m. Gjertrud Olavsdr. Auro f. 1840. Han fekk skøyte 1874 frå far sin på garden for 300 spd. Olav dreiv som snikkar og bygningsmann ved sida av gardsarbeidet. Han døydde 1883 og Gjertrud 1929. Deira son Ivar f. 1880 gifte seg 1901 m. Kari Knutsdr. Uppheim, Vestb., f. 1882. Han fekk garden 1901 for 2000 kronor og selde att 1903 til A. K. Møn og Sjur Veiso for 5500 kronor og reiste til Amerika. Sjur selde sin part til A. K. Møn. Per Foss frå Vik i Sogn har no garden. Per er f. 1900 og g. m. Margreta Andersdr. Møn f. 1903.

Stuarjo var fyrr mtrnr. 162, lnr. 312 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 4 ort 23 skill., revidert 2 dalar 2 skill. Ny skyld mark 2,94.

Bruk 2. Vetla Stuarjo. Utskilt frå bruk 1 i 1900 med 12 øre i skyld og selt til Lars Halldorson Veiso for 380 kronor. Han har bygt og bur der, og driv mykje med hellearbeid. Han er g. m. Ingebjørg Olavsdr.

Bruk 3. Vetla Stuarjo. Skilt ut frå bruk 1 i 1924 med 2 øre i skyld. Lars H. Veiso er eigar. Sjå bruk 7 og 13 på Opeland.

Husmenn.

Sjur heitte fyrste husmannen som me veit um som budde der i 1650-åri. Mons Brynjulvson f. 1641 var husmann 1701 og hadde styksonen Endre Knutson f. 1675. Lars Andersson, g. m. Marta Mikkjelsdr. fekk 1788 dotteri Gjertrud.

Støl.

I 1723 er skrive at det var ¼ mil til støls. Stølen ligg på Stuarjoknausane ved sida av Opelandsstølen, men er for lang tid sidan nedlagd. No stølar dei på Potten.

--- side 518 ---

Frå ikring 1900 var det drive nokre hellebenker, men det har vore mindre med drifti i seinare tid.

Segn.

Som på Bokkatun umtala segjest det at Stuarjo skal ha vore vårstøl åt Bokkatun. Tymbraodlen som ligg nedanfor Stuarjo, høyrer til Bokkatun og er umtala der.