138. Sygnaberde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 372 ---

Namnet er i 1695 skrive Søgneberg. Det vert no sagt Sỳgnabèrè. Fyrelekken sygna må vera av ordet ein sygn (sogning), og truleg har sogningar butt der då den gamle Berdesgarden var skift. Sjå elles under Heimberde, nr. 136.

Skyldi er 1661 førd upp med 3 spann og der var ein brukar. Matrikkelen 1723 har same skyldi og melder at garden var tungbrukt, hadde vedaskog og litt fureskog til husvøling, men det var misleg med kornavlingi. Husmannsplass var der ikkje. Skyldi var ubrigda til 1838 då ho vart umskrivi til 3 dalar 4 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 580. Der var turvande vedaskog, fureskog og vassfall.

Matrikkelen 1865 har ført upp 11 mål åker, 10½ mål god, 17 mål medels natureng og 45 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Garden hadde skog til husbruk, var sers tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 9 mål åker, 5 mål kunsteng og 20 mål natureng.

Folketalet var 7 i 1801, 11 i 1865 og 12 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Sygnaberde.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 6 13
1723 1 8 9 4 ½
1865 1 12 22 26 21
1918 1 6 17

Sygnaberde har til 1874 vore einbølt gard.

Henrik Kvåle og Gudleik Gjerstad åtte 1621 16 mark i Sygnaberde og Eirik Norheim 8 mark. Olav Monsson var leiglending 1659 og 1664 og fekk 1659 avkorting i skatten av di

--- side 373 ---

han var so fatig. Munkelivgodset åtte 1661 1 spann og Vangens prestebol ½ laup. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 spann Munkelivgods og selde same året til Klas Miltzow. Han åtte det og i 1691 med Knut Finne var eigar 1695. Vangens prestebol åtte framleies ½ laup. Viking var leiglending 1691 og Torgis 1695.

Folketeljingi 1701 har Toris Olavson f. 1655 som leiglending. Han var g. m. Soffi Hallvorsdr., døydde 1712 og let etter seg borni: Hallvard f. 1692, Olav f. 1695 og Ragnhild f. 1701. Soffi gifte seg att 1713 m. Olav Olavson og han bygsla same året 3 spann av soknepresten og kjøpte 1724 18 mark av Henrik Miltzow. Olav fekk 1768 ny festesetel hjå soknepresten på ½ laup og overbygsli til 18 mark. Olav døydde 1787 og hadde fire born etter seg: Anders, Askjel, g. 1751 m. Guro Knutsdr. Reime, Olav g. 1756 m. Margreta Eilivsdr. Skiple, og Torgis f. 1736 som 1788 er skriven for Fretheim.

Anders Olavson gifte seg 1748 m. Kari Knutsdr. Reime og fekk 1760 skøyte frå far sin på 18 mark. Ho døydde 1789, 63 år gl. og Anders døydde 1803, 79½ år gl. og dei hadde tri born etter seg: Knut, Olav f. 1763 og Brita, som 1783 vart g. m. Jon Endreson Heimberde. Knut gifte seg 1780 m. Gunnhild Bjarnesdr. Lid. Dei budde på Lid til 1749, då dei flytte til Sygnaberde. Knut fekk då skøyte frå foreldri sine, Anders Knutson og Kari Knutsdr., på 151/10 mark. Gunnhild døydde 1830, 76 år gl. og Knut 1837, 87 år gl. I skifte 1835 etter Gunnhild er ført upp borni: Knut f. 1780, Synneva f. 1783, g. 1812 m. Torgis Askjelson Reime, Kari f. 1788, Anders f. 1789, Bjarne f. 1792, g. 1828 m. Eli Hansdr. Røyrlidi, Olav f. 1795.

Anders Knutson f. 1789, gift fyrst 1814 m. Ragnhild Arnfinnsdr. Rykke og andre gongen 1821 m. Kari Arnfinnsdr. Skutle, bygsla av soknepresten 9 mark i 1814 og 1 pund 3 mark i 1824. Ragnhild døydde 1819, 31 år gl., Anders 1848, 59 år gl. og Kari 1878, 86 år gl. Born m. Ragnhild: Gunnhild f. 1816, g. 1836 m. Eiliv Larsson Kolvu., Knut f. 1817, g. 1850 m. Gjertrud Persdr. Bø og vart gardmann. Born m. Kari: Arnfinn f. 1821, Anders f. 1823, g. 1844 m. Sigtru Jonsdr. Reime, Ragnhild f. 1825, g. 1844 m. jordagut Knut Sjurson Flatlandsmoen, Knut d. y. f. 1835, g. 1864 m. Ingebjørg Persdr. Bø, sjå bruk 1 Bø i Tjukkeb.

--- side 374 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Sygnaberde. Arnfinn Andersson f. 1821 vart gift 1846 m. Anna Sjursdr. Flatlandsmoen. Dei som sidan 1760-åri har butt på Sygnaberde, har bygsla prestebolet sin eigedom ½ laup og overbygsli til 18 mark. Arnfinn fekk kongeskøyte 1874 på 2 pund 6 mark for 1000 spd. og jordavgift som er innløyst med 136 spd. Arnfinn dreiv mykje med krøter- og hestahandel. Sju born: Kari f. 1847, g. 1872 m. Trond Brynjulvson Reime, Anders f. 1848, Anna f. 1849, g. 1895 m. Odd Brynjulvson Norheim, Sjur f. 1852, g. 1881 m. Synneva Aslesdr.


Sygnaberde
Bilete 47. Sygnaberde. Fot. P. Braaten 1936.

Brekku, Olav f. 1855, Knut f. 1857, Anders f. 1860. Anders d. e. f. 1848 gifte seg 1873 m. Gunnhild Jonsdr. Lid og fekk skøyte frå far sin 1874 på halve garden for 574 spd. og det vart bruk 2.

Arnfinn selde bruk 1 1889 til Eirik Erlingson Bø for 1500 kr. Han budde fyrr på Bø, Tjukkeb. bruk 5, der han er umtala. Olina, dotter hans, fekk i 1897 skøyte på garden for 1600 kronor. Ho er f. 1870 og g. 1900 m. Jon Ivarson Sygnaberde.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 139, lnr. 277 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 6 skill., revidert 3 dalar 1 skill. Ny skyld fyrr bruk 2 vart skilt frå mark 4,38.

--- side 375 ---

Bruk 2. Sygnaberde. Som ovanfor meldt fekk Anders Arnfinnson dette bruket 1874. Dotteri Anna f. 1875, vart g. 1900 m. Hans Åmundson f. 1874 og dei fekk garden i 1900 for 1800 kronor.

Bruk 2 har fått mtrnr. 139, lnr. 277 b og skyld mark 2,20.

Bruk 3. Oshaugen. Skyld 1 øre. Utskilt 1935 frå bruk 2 og selt til Knut Almenningen.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden står det i matrikkelen 1723. No stølar Sygnaberde på Nyestødl’n som ligg i fjellet ovanfor Sygnaberde.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723 som har vore der både 1776, 1791 og er der framleies. Stampe og timbersag har der vore so lenge folk kann minnast. Det er no sirkelsag. Jon Ivarson Sygnaberde selde 1918 halvparten i henne til Georg Schram i Bergen for 3000 kronor.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1796. Godviljug utskifting 1835. Jarnbanetakst 1900.

Bumerke.

Olav 1730, 1732 tavle 6 nr. 56. I 1732-1767 er bumerket brigda på fire måtar. Anders f. 1762 t. 6 nr. 57.