Takla.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 100 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Tackle. Det vert no sagt Takla2; han búr pao, è tao, ska tì Takla, sms. Takladòkkjè. Tydingi av namnet er uviss, fyrelekken er kann henda tak (gn. þak), her bruka um tak-never, og etterlekken f. (myrvatn).

På Takla var tri brukarar i 1521: Donnolf, Sjur på Lid eller Takla og «sedquinne» Barbara. Donnolf betalte 3 mark i skatt og 3 mark i breffbrot. Sjur betalte 11 lodd sylv i skatt og breffbrot og Barbara betalte 12 skill. i skatt. I brev frå 1563 (DN IX nr. 788) er umtala at Laurits Eilivson Hefte åtte 2 mmb. i Indre Takla. Knut og Tomas var då leiglendingar.

--- side 101 ---

Alf var leiglending 1591 og 1611 og Oluff er førd upp fleire gonger 1591-1614. Han åtte 1621 3 spann på Takla, 1 spann på Syndve og 1629 1 laup på Takla. Ingebrikt «Undertakla» var husmann eller øydegardmann 1611 og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Jakob var husmann eller øydegardmann i 1614 og Mikkjel 1621.

Mons Rekve åtte 1621 9 mark i Indre Takla, Halldor Endeve 9 mark i Takla og Nils Hæve 2 laup på Hæve, Takla og Vetla Rokne. Leidangsboki 1624 melder at på Takla (truleg Ytre Takla) var leidang 16 merker smør og 1 bukkskinn der Tormod var leiglending og på Indre Takla 9 merker smør og 1 geitskinn der Arne var leiglending. I 1627 vart lagt ryttarskatt på ½ laup odelsgods med 1 dalar ½ ort og 2 dalar 1 ort på 1 laup odelsgods. Det fyrste var truleg på Ytre Takla og det siste på Indre Takla der Oluff var brukar. Tormod er ofte skriven som leiglending 1621-1645, brukte 1635 ½ laup og 1629 1 laup 1 pund 9 mark saman med verfaren. Tormod åtte 1642 1 laup 9 mark. I 1645 står at Tormod Asbjørnson og Sigrid, kona hans, hadde dotteri Synneva. Oddmund var leiglending på 1½ laup i 1635 og Anders Andersson, g. m. Gjertrud i 1645. Frå 1652 er Indre og Ytre Takla førde upp kvar for seg i manntali.

185. Indre Takla.

Bruk 1. Indre Takla var einbølt gard til 1893. Skyldi er 1661 førd upp med 1½ laup. Der var brennefang og ein brukar. Skyldi var likeins 1723. Då var der humlagard og turvande vedaskog. Garden var tungbrukt og årvand med umsyn til kornavl. I 1838 vart skyldi umskrivi til 4 dalar 13 skill. Der var fure- og vedaskog til eige bruk og vassfall. Samanlikningstalet var 620.

Matrikkelen 1865 melder at der var 13 mål åker, 3½ mål dyrka eng, 15¾ mål god, 39 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. 2 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var ring, skog til eige bruk og timber kunde dei selja for 2 spd. um året. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 26 mål åker, 66 mål kunsteng og 31 mål natureng.

Folketalet på heile Takla var 11 i 1801, 33 i 1865 og 34 i 1920.

--- side 102 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Indre Takla.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   7   7          
1723 1   14   9   14      
1865 1   11   26   31   21  
1918 4   14   35          

Ivar er 1652-1659 skriven fleire gonger som eigar av 3 spann 4 mark og Sylfest av 2 pund 14 mark. Eirik var leigl. 1652, 1655 og 1659 og Lars Ivarson 1657, 1661 og 1664. Eirik var leiglending på Opeland 1661 og 1664, men kom atter til Takla. Då han ikkje betalte landskyldi der for 1668, vart eigaren Klas Miltzow samd med Eirik um at han skulde flytta til Bø og der få leiga 1 laup. Lars er skriven 1676 og 1680 som eigar av 1 pund, og 1691 står at Lars Ygre åtte 1 pund på Indre Takla. Lars og Ivar brukte kvar 3 spann i 1691. Lars brukte heile garden 1695 og var eigar av 1 laup 12 mark, Torbjørn Auro åtte resten 1 pund.

Ivar Larsson er 1701 skriven som odelsbonde og brukte heile garden. Han kjøpte 1711 2 pund 18 mark av Knut Olavson Skutle. I 1714 åtte Nils Vinjo 21 mark, Torgeir Skjelde 21 mark og Ivar resten av garden. I 1723 hadde Torgeir selt parten sin til Ivar. Ivar var g. m. Brita Oddsdr. som døydde 1734, 63 år gl. Ivar døydde 1744, 84 år gl. Sju born: Lars f. 1695, Eirik f. 1697, g. 1. 1725 m. Ragnhild Olavsdr. Uppheim, 2. 1737 m. Sigrid Olavsdr. Håtveiti og døydde på Takla 1756, Synneva f. 1700, g. 1726 m. Åmund Johannesson Opeland, Odd g. 1734 m. Anna Arnesdr. Rene, Marta f. 1712, Johannes f. 1715 og Ingebjørg f. 1716.

Lars Ivarson var g. 1. m. Brita Andersdr. som døydde 1733, 37½ år gl., 2. 1734 m. Gjertrud Olavsdr. Uppheim. Lars bygsla 1735 27 mark av Nils Vinjo og kjøpte då 2 pund 18 mark av syskini sine og 1739 21 mark. Lars døydde 1747, 55 år gl. og Gjertrud gifte seg att 1747 m. Sjur Styrkson Rjodo. Ved skifte etter Lars åtte buet heile garden, 1½ laup, som vart taksta 108 rd. Bruttomidelen var 233 rd. Lars og Brita hadde sønene Knut og Anders f. 1732. Knut vart g. 1. 1747 etter kongelegt

--- side 103 ---

løyve med syskinbarnet sitt Brita Gudleiksdr. Takla og 2. 1750 m. Guri Sjursdr. Ronve. Knut fekk 1747 skøyte på garden. Med Brita hadde han eitt barn og fire med Guri: Brita f. 1748, død 1779, Brita f. 1751, g. 1872 m. David Torgeirson Stuarjo, Lars f. 1758, Sjur f. 1764 og Jon f. 1767. Knut døydde 1799, 78 år gl. og Guri 1779, 52 år gl. Ved skifte etter henne var garden verdsett 400 rd. Bruttomidelen var 601 rd.


Indre Takla
Bilete 17. Indre Takla. (Bil. av Ytre Takla i bd. 3, s. 10.) Fot. P. Braaten 1937.

Lars gifte seg 1781 m. Kari Larsdr. Øvre Himle og fekk på Takla borni Knut f. 1781, Guri f. 1782 og Brita f. 1783. Lars fekk 1783 skøyte på garden, men selde att året etter til Pål Ivarson Nesheim. Han bytte 1784 med Lars Person Istad uti hans part i Trå, Granvin. Lars bytte so 1787 med Mikkjel Larsson uti ein part på Holven, Granvin. Mikkjel var g. m. Brita Larsdr. og døydde 1823, 73 år gl. Brita døydde 1827, 60 år gl. og hadde to søner, Lars og Ivar. Ivar døydde 1853 som kårmann på Indre Takla utan etterkomarar. Lars var med i krigen mot Sverike. Han gifte seg 1817 m. Mari Larsdr. Istad og fekk 1807 og 1823 skøyte på garden, kvar gong halvparten. Dei fekk fire born: Brita f. 1818 (Amerika), Mikkjel f. 1819, Lars f. 1823, g. 1847 m. Anna Knutsdr. Rokne (Amerika)

--- side 104 ---

og Mons f. 1826. Lars Mikkjelson fraus ihel ute på marki 1827, 42 år gl. På skifte etter han var garden verdsett 500 spd. og skogen 40 spd. Bruttomidelen var 769 spd. Mari gifte seg att 1828 m. Ivar Larsson Øvre Lid, som styrde garden til Mikkjel tok imot han.

Mikkjel Larsson vart g. 1843 m. Synneva Andersdr. Opeland og fekk skøyte på halve garden ved skifte etter faren og 1846 på den andre halve frå mori og stykfaren. Dei fekk på Takla borni: Lars, Ingebjørg, Anders, Maria og Anna f. 1844-1856. Mikkjel selde garden 1857 til Kjel Knutson Bø, Rd. og reiste med huslyden sin til Amerika. Kjel var f. 1810, g. 1. 1845 m. Kari Tormodsdr. Ringheim, 2. 1886 m. Elen Brynjulvsdr. Haug. Kjel hadde butt på bruk 5 Øvre Skutle då han kom til Takla. Med Elen fekk Kjel sonen Knut f. 1886. Kjel selde garden 1857 til Gusskalk Larsson Veka for 600 spd. og døydde 1890. Elen vart attgift 1892 m. ekm. Samson Olavson, husmann på Bjørku.

Gusskalk Veka er umtala på Øvre Klyve, der han var husmann då han døydde. Gusskalk bytte 1861 m. Per Person uti hans bruk på Skutle, som selde att 1862 til Anders Larsson Auro. Han selde att 1868 til Ingebrikt Ingebriktson Lærdalsøyri for 800 spd. og flytte til Rjodo. Ingebrikt selde 1871 til Anders Larsson Mosafinn for 800 spd. Anders hadde då vore husmann på Lekve, var f. 1829, g. 1860 m. Gunnvor Larsdr. Norekvål og fekk fleire born som er flytte frå Voss.

Olav Olavson Tverberg kjøpte 1884 garden for 5000 kronor. Han var f. 1832, g. m. Guri Toresdr. Hauso, Ullensvang, f. 1824. Dei hadde butt på plasset Utløbødn på Skutle då dei kom til Takla. Både Olav og Guri døydde 1910, og hadde borni: Olav f. 1856 i Kinsarvik, g. 1877 m. Elsebø Larsdr. Ullestad f. 1855, død 1922, Brita f. 1859, Josef f. 1862 og Lars f. 1866. Josef reiste til Amerika og har gjeve eit legat til Voss Barneheim. Olav d. e. hadde garden til 1910 då deira soneson Lars fekk han for 2900 kronor. Han er f. 1884, g. 1908 m. Synneva Larsdr. Klyve, Granvin. Lars Knutson Bokkatun kjøpte 1917 garden for 8500 kronor. Han er f. 1887 og g. 1913 m. Eli Olavsdr., syster til Lars.

Indre Takla var fyrr mtrnr. 176, lnr. 342 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 13 skill., revidert 3 dalar 5 skill. Ny skyld mark 4,43 eller mark 4,12 etter at bruk 5 er skilt frå.

--- side 105 ---

Bruk 2. Takla. Utskilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 2 øre og selt til konsul J. Rieber, Bergen. Ved skifte etter han fekk ervingane Effie Rieber og Joane Munter Rieber eigedomen som ligg på stølen.

Bruk 3. Nybø. Skilt frå bruk 1 i 1894 med skyld 27 øre. Olav Josefson Bø fekk 1896 skøyte på det og bytte 1899 med Brynjulv Vivås uti hans bruk på Fenno. Kristoffer Olavson Agledal kjøpte 1925 bruket. Han er g. m. Ingjerd Sveinsdr. Helland. Deira dotter Johanna f. 1898 har fått eigedomen.

Bruk 4. Fjellhaug. Utskilt 1927 frå bruk 1. Skyld 1 øre. Selt til Nils N. Skutle, Anders Skutle, Sisselja Vele og Anna Hundseid.

Bruk 5. Vangarnes. Skilt 1927 frå bruk 1. Skyld 1 øre. Selt til Leif Tvilde, Ivar O. Ullestad og Ingvald Gjersvik.

Bruk 6. Dokki Utskilt 1936 frå bruk 1 med skyld 6 øre og skøytt til Hermann Merkesdal.

186. Ytre Takla.

Bruk 1. Garden var einbølt til 1893. I 1661 var skyldi 1½ laup og der budde ein leiglending. Um garden er elles berre meldt at der var vedaskog. Skyldi var den same i 1723 og elles var då alt likeins som på Indre Takla. I 1838 er skyldi umskrivi til 5 dalar 13 skill. Fure- og vedaskog var der til eige bruk og vassfall. Samanlikningstalet var 770.

I matrikkelen 1865 er ført upp 19½ mål åker, 5½ mål dyrka eng, 17 mål god, 43 mål medels natureng og 54½ mål skrapebø. 6 mål var skikka for dyrking. Der var ring hamnegang, skog til husbruk og timber kunde seljast for 3 spd. um året. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 22,8 mål åker, 68 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ytre Takla.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   11   9          
1723 1   14   18   14      
1865 1   14   31   43 ½ 30  
1918 4   17   25          

--- side 106 ---

F. Broderson var eigar av Ytre Takla 1652, 1655, og Munkeliv 1659 og 1661. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på garden. Klas Miltzow var eigar 1676 og 1680. Anders var leiglending 1652, 1655, Eirik Tormodson 1657, 1661, og Lars Ivarson 1664, 1676 og 1695. Kaptein Stoud åtte garden 1695 og Lars var leiglending. I 1701 er Odd Larsson skriven som leiglending og fekk 1711 nytt festebrev frå madam Miltzow. Odd var g. m. Rannveig Larsdr., døydde 1711 og hadde seks born: Marta f. 1690, g. 1725 m. Jon Guttormson Horvei, Lars f. 1692, Eli f. 1796, g. 1720 m. Knut Jakobson Berge, Atle f. 1701, Ingebjørg f. 1706 og Mons f. 1710. Kristense Miltzow var 1714 eigar av garden og 1723 var det hennar mann kaptein Jens Nordahl. Lars vart g. 1721 m. Ingjerd Vikingsdr. Væte og var leiglending etter Odd.

Gudleik Andersson Nedre Graudo bygsla 1738 Ytre Takla av kaptein Nordahl. Gudleik var f. 1657 og g. 1723 m. Rannveig Larsdr. Bjørku f. 1703. Gudleik døydde 1748 og Rannveig vart same år attgift med Herbrand Larsson Vålo eller Kolvu. Gudleik og Rannveig fekk seks born: Brita d. e. g» 1747 etter kongelegt løyve med syskinbarnet sitt, Knut Larsson Indre Takla, Gjertrud f. 1727, g. 1754 til Lindberg m. Johannes Herbrandson, Eli f. 1733, g. 1760 m. Jon Sverkveson Rene, Anna f. 1735, g. 1759 m. Lars Andersson Takla, Kari f. 1739, g. 1765 m. Eirik Knutson Lirhus, Brita d. y. f. 1744, g. 1772 m. Olav Knutson Kinne.

Herbrand Larsson bygsla garden 1748 og kjøpte han 1754 av Peter Tønder Nordahl. Herbrand budde på Helland då han gifte seg og selde 1750 2 pund 15 mark på Helland til Torstein Eirikson Fære. Då Herbrand ikkje hadde von um å få born, selde han 1657 2 pund 6 mark til brorsonen Lars Andersson Dukstad, og ved testamente 1766 sette han Lars til erving etter seg. I 1773 let Herbrand som gåve 2 pund 6 mark til Lars som då vart eigar av heile Ytre Takla. Herbrand døydde 1775, 60 år gl. og Rannveig 1778.

Lars Andersson f. 1739 var g. 1. 1759 m. Anna Gudleiksdr. Takla, 2. 1770 etter kongelegt løyve på grunn av skyldskap, med Ingjerd Knutsdr. Kinne. Lars var son åt Anders Larsson Kolvu, g. m. Arnbjørg Kjelsdr. Skiple som var av Villandætti i Hallingdal. Dei kjøpte gard på Dukstad. Lars var i 1770-åri uppsynsmann for Raundalens Almenning, dreiv mykje med

--- side 107 ---

hestahandel og døydde ved ei ulukke i Bergen 1782. Ingjerd døydde 1779, 37 år gl. På skiftet etter Lars var garden verdsett 500 rd. Det var fleire møte i skifteretten for å ordna med greitlingane etter handelsafferene åt Lars. Bruttomidelen var 732 rd.

Lars fekk fem born m. Anna og fire med Ingjerd: Arnbjørg f. 1759, g. 1788 m. eidsvollsmannen Brynjulv Andersson Gjerdåk, Kjel f. 1761, Rannveig f. 1763, g. 1. 1784 m. Bård Larsson Øvre Skutle, 2. 1812 m. Sjur Knutson Tveiti, Gudleik f. 1766, g. 1795 med jordagjenta Kristi Mikkjelsdr. Vetla Saude, Anders f. 1768, g. 1790 m. Karen Maria Vang, husmann på Stranden, Ulvik, Knut f. 1772, g. 1800 m. jordagjenta Guri Klasdr. Grimastad, Herbrand f. 1774, g. m. Brita Nilsdr. Rykke, husmann i Taklahaugen, Anna f. 1777, g. 1801 m. ekm. Lars Monsson på Auro, Bryttva f. 1779, g. 1800 m. Viking Olavson på Gjerdåk.

Kjel Larsson gifte seg 1789 m. Brita Olavsdr. Evanger f. 1770 og fekk 1784 skøyte på Ytre Takla for 500 rd. Han skulde dessutan svara 5 rd. årleg til uppfostring av dei fire yngste syskini sine til dei var 14 år. Kjel var uvanleg sterkbygd og kraftig og var «kjempo pao Voss» i sine beste dagar. Han dreiv mykje med hestahandel helst på Vestlandet og brende brennevin. Kjel døydde 1814, Brita 1837; dei hadde åtte born: Lars f. 1788. Ingebjørg f. 1791, g. 1822 m. Olav Steffason Skjerve, Anna f. 1794, g. m. Johannes Nilsson Istad (Amerika), Olav f. 1796, g. m. Maria, frå Austlandet, var tambur og reiste til Nordland, Herbrand f. 1801, husmann i Taklahaga, Anders f. 1803, bleiv 1838 under timberfløyting ved Brynabykse i Vossaelvæ, Knut f. 1807, g. m. Kari Eggjareid (Amerika), Ingjerd f. 1810, g. 1832 m. Per Olavson Skutle, husmann på Mala, reiste seinare til Nordland.

Lars Kjelson f. 1788, gifte seg 1817 m, Sigvor Larsdr. Bjørku og fekk 1811 skøyte på farsgarden. Lars var presten sin medhjelpar. Lars døydde 1844 og Sigvor 1862, 68 år gl. og fekk fire born: Brita f. 1819, g. 1843 m. Lars Jonson Øvre Lid (Amerika), Kjel f. 1822, Lars f. 1827, død ugift 1916, Ingebjørg f. 1831, g. 1854 m. lærar og kyrkjesongar Olav Larsson Kindem, gardmann på Bryn. Ved skifte etter Lars Kjelson var bruttomidelen 963 spd. Etter at det var fråtrekt 466 spd. for gjeld og skiftekostnader, 343 spd. som heimagjerd til borni og ymist

--- side 108 ---

Takla.

anna, vart det att 109 spd. til å skifta. Enkja fekk halvparten. Den andre halvparten vart skift soleis at sønene fekk dobbelt so mykje som døtterne.

Kjel Larsson f. 1822 gifte seg 1846 m. Anna Nilsdr. Haugo f. 1824. Kjel fekk farsgarden 1845 for 650 spd. Han bygde nye hus på garden og dyrka mykje og var millom dei fyrste på Voss som la att gamal åker og rudde upp ny. Kjel dreiv ei tid noko med kram-, heste- og feitevarehandel, og hadde seinare i 12 år krambud på Takla. I 1866 skjerpa han ein stad kalla Gullgruo på Nedre Skutle, men det vart ikkje noko drift. Kjel døydde 1913, Anna 1919, og dei hadde åtte born: Arngunna f. 1847, g. 1869 m. lærar Odd Grønlien, gardmann på Haugo, Sigvor f. 1849, g. 1873 m. Knut Oddson Mosafinn, Synneva f. 1853, g. 1882 m. Nils Knutson Gjelland, Brita f. 1855, g. 1877 m. Gusskalk Mikkjelson Ronve, Ingebjørg f. 1858, g. 1884 m. Halle Knutson Mosafinn, Anna f. 1863, g. 1895 m. fanejunker Håvard N. Berge, Samnanger, gardmann på Ronve, Marta f. 1865, g. 1894 m. Per Erlingson Rykke, Lars f. 1868, g. 1895 m. Elisabet Gusskalksdr. Lydvo f. 1874. Han døydde 1935. Lars har vore ein av bygdi sine fremste jordbrukarar, har rudt og dyrka mest 70 mål og fekk 1926 sylvmedalje med diplom frå Hordaland Landbruksselskap. Lars var med i styret for Voss Sokneselskap, formann i styret for Kvitlens Handelslag og var med på takstar, utskiftingar og skyn. Fire born: Anna, Kristian, Gusskalk og Katrina.

Ytre Takla var fyrr mtrnr. 175, lnr. 341 med gamal skyld 1½ urevidert 5 dalar 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 6,32.

Bruk 2. Takla. Utskilt frå bruk 1 i 1893. Skyld 2 øre. Ervefest til konsul J. Rieber, Bergen. På skiftet etter han fekk ervingane Effie Rieber og Joane Munter eigedomen. Fru Effie Rieber Mach og fru Madeleine Rieber Salvesen fekk 1927 skøyte på eigedomen som ligg på stølen.

Bruk 3. Mønshaug. Skilt ut frå bruk 1 i 1897. Skyld 2 øre. Anders K. Møn fekk skøyte på det. Han bygde forretnings- og bustadhus og dreiv nokre år handelsforretning, og let eigedomen og forretningen til systermannen Ludvik Ramsdal. Han er f. 1868 og g. 1897 m. Kristi Knutsdr. Møn f. 1866. Ramsdal har Mønshaug postopneri og Mønshaug rikstelefonstasjon. Mønshaug jarnbanestasjon ved Hardangerbanen ligg ved bruk 3.

--- side 109 ---

Bruk 4. Taklahaugen. Utskilt frå bruk 1 i 1910. Skyld 2 øre. Ervefest til Kvitlens Handelslag, som har bygt og driv handelsforretning. Mønshaug Samyrkelag overtok eigedomen i 1937 for kr. 13 500.

Bruk 5. Taklahaugen. Skilt ut frå bruk 1 i 1920 med skyld 26 øre og skøytt til Gusskalk Larsson Takla. Han skøytte det 1935 til mor si, Elisabet Takla.

Bruk 6. Bruflat. Utskilt 1926-27 frå bruk 5 med skyld 1 øre og ervefest til Nils A. Møn.

Husmenn på Takla.

Sjur Olavson Brunsborg var husmann 1701 på Indre Takla. Då han ein kveld kom heim att frå arbeid, hadde Lars, son åt gardeigaren, rive ned «hans lille hytte». Dagfinn Tomasson, g. m. Arngjerd Åmundsdr., var husmann i Odden under Takla og fekk borni Magli f. 1726 og Jørgen f. 1728. Der budde og Lars Tormodson, g. m. Johanna Hallvorsdr. med dotteri Brita f. 1737 og Øyulv med dotteri Marta f. 1737. Jørgen Kolbeinson Dale f. 1715, g. m. Sisselja Torgeirsdr. budde i Takladokkjæ 1781, då ho døydde 81 år gl. Sonen Kolbein, g. m. Ingebjørg Gudleiksdr. Fagnastølen flytte til Osterøya. Deira son Kolbein var far til Trond, gardmann i Grønlidi. Godvin Eirikson, g. m. Anna Nilsdr. fekk 1786 dotteri Gudve.

David Torgeirson, g. m. Brita Knutsdr., umtala ovanfor, budde i Takladokkjæ då dei fekk borni Sjur f. 1790 og Marta f. 1794. Anders har og butt i Takladokkjæ og hadde borni Brita og Lars. Han var f. 1811, g. 1839 m. Anna Brynjulvsdr. Fletre, hadde nokre år plass i Takladokkjæ, seinare på Helgaset og budde til slutt i Lekvebakkane. Anna var god til å doktera og er best kjend under namnet Helgaseto. Herbrand Larsson f. 1774, g. m. Brita Nilsdr. Rykke, var husmann i Taklahaugen (Herbrandshaugen) og fekk sonen Nils f. 1816 som 1837 vart g. m. Brita Sjursdr. Fenno. Herbrand døydde 1839 og Brita 1857, 76 år gl. Husmannskona Elisabet Askjelsdr. døydde 1844, 72 år gl. Lars Andersson, g. 1841 m. Anna Brynjulvsdr. Fletre fekk borni Anna f. 1842 og Elisabet f. 1845. Lars Nilsson, g. m. Sigrid Pålsdr. fekk borni Johannes f. 1850 og Kristian f. 1854. Lars døydde 1860, 50 år gl. Hans Olavson Vindal fekk 1855 husmannsfeste på Indre Takla.

--- side 110 ---

I 1865 var det fire husmannsplassar, to i Takladokkjæ, eit i Taklahaga og eit i Steinbruhaugen. Svein Knutson Gjerdåk f. 1812, g. 1852 m. Rannveig Knutsdr. Bokkatun budde i Takladokkjæ og døydde 1877. Deira son Knut hadde mykje kjennskap til ættene der umkring. Torgils Knutson f. 1793, g. m. Sigvor Persdr. f. 1804, hadde det andre plasset i Takladokkjæ og døydde 1860. Dei hadde borni: Orlog f. 1835, g. 1858 m. Jakob Jakobson Grovu, husmann på Istad, Sigvor f. 1837, g. 1862 m. gardmann Lars Sjurson Istad, Per f. 1842, Brita f. 1846 og truleg fleire.

Herbrand Kjelson fekk 1833 feste på plass i Taklahaga på Ytre Takla. Han var f. 1801, g. 1. 1828 m. Inga Larsdr. Bryn, 2. 1867 m. enkja Jorunn Sjursdr. Finne. Herbrand døydde 1885 og fekk med Inga borni: Brita f. 1829, g. 1851 m. Gitle Nilsson Fenno, husmann på Helgaset, Kjel f. 1832 (Amerika), Kari f. 1835, g. 1858 m. Gusskalk Larsson Veka, umtala på Øvre Klyve, Lars f. 1838 (Amerika) og Anders f. 1841. Han og serleg Lars var uvanleg kraftige. Lars tok ein gong 3 tunnor rug på tog på ryggen og bar dei eit stykke. Arnfinn Steffason Græe feste 1879 plasset etter Herbrand. Arnfinn bygde seinare hus på Vangen på bruk 205 av Lekve og flytte dertil.

Knut Jakobson Grovu fekk 1867 husmannsfeste hjå Ytre Takla på Herbrandshaugen (ogso kalla Taklahaugen og seinare Steinbruhaugen). Knut var f. 1833, g. 1. 1854 m. Gudve Arnvedsdr. Skutle, 2. 1865 m. Sigvor Olavsdr. Grovu, 3. 1887 m. Rannveig Grovensæter og 4. m. Anna Kristina frå Steinstø, Kvam. Knut reiste mykje med kramhandel og hadde ei tid krambud i Steinbruhaugen. Han døydde 1917 og hadde med dei tri fyrste konone borni: Knut, Sigrid, Olav, Kristina, Anders, Gudve, Lars, Kristian og Karl f. 1857-1894. Knut er f. 1857 og er umtala på bruk 4 Møn, Kristina f. 1868 er umtala på bruk 59 av Voss Prestegard.

Åmund Larsson Mosafinn f. 1836, g. 1869 m. Marta Knutsdr. Jernes hadde plass i Takladokkjæ og fekk borni: Lars, Knut, Ingjerd, Ingebjørg, Kari og Olina f. 1870-1890. Lars fekk gard på Bulko. Knut har skofabrikk i Oslo. Åmund hadde fyrr sonen Olav Dagestad f. 1860, som vert umtala på Eimstad. Guri Leiro Bjørku bygde seg stove i Steinbruhaugen. Olav Belgum kjøpte henne og selde att til Styrk Rokne. Nils Lillegraven kjøpte deretter stova.

--- side 111 ---

Støl.

Matrikkelen 1723 melder at Indre Takla hadde 1½ mil og Ytre Takla ½ mil til stølen. Eine talet må vera gale. I 1760 var gjort semje millom gardane Takla og Skutle på eine sida og Lars Olavson Eide, Kongstun, på den andre um stølane Stuaset og Moldbakken. Takla har no og støl på Stuaset ved Grønlidvatnet.

Kvern.

Kvern hadde Indre og Ytre Takla i hop i 1723 og kvar si i 1776 og 1791. Som umtala på Møn har Anders Møn kjøpt kverni med vassrett som Takla åtte.

Offentlege forretningar.

Gullaug Larsson Bjørku stemnde 1702 Odd og Ivar Takla for di dei hadde leigt ut av hans hamnerett. Utfallet har eg ikkje sett noko um. Jon Vestrheim stemnde 1713 Odd og Ivar Takla for di dei hadde hogge i Bjørkemodn. Jon Vestrheim og Nils Spildo har 1721 som eigarar av Bjørku stemnt Lars Takla og påstod at han hadde hogge i skogen deira. Lars svara at det var hogge etter tilvising av eigaren Kristense Miltzow. Ved åstaddom 1722 vart skogteigen tilkjend Bjørku. Lars Øvre Skutle stemnde 1730 Taklamennene for skoghogster, neverflekkjing i stølsmarki og for di dei reiste for tidleg til støls. Domen gjekk ut på at dei Takla skulde ikkje reisa til støls fyrr dei andre og heller ikkje sitja der lenger enn dei andre. Overrettssak 1831 vedkomande Stuaset. Utskifting 1845 på Stuaset. Semje 1854 um gjerde, Semje 1859 um gjerde og grindar. Kontrakt 1903 um slåtten i Horgehagen. Utskifting 1908 av utmarki. Semje 1911 um merket millom Indre og Ytre Takla. Kontrakt 1924 um telegrafline.

Bumerke.

Lars 1715 tavle 2 nr. 13. Lars Ytre Takla fleire gonger 1722-1733 t. 2 nr. 3. Lars Indre Takla 1727 t. 7 nr. 67, litt brigda 1731. Gudleik 1744 t. 7 nr. 68. Herbrand 1752 t. 7 nr. 69. Han brukte bokstavane H L samandregne i 1765 og 1771. Knut 1757 t. 7 nr. 70, og brukte tri andre merke 1757- 1775. Lars Ytre Takla 1771 t. 7 nr. 71, litt brigda 1774. Lars Andersson brukte eit anna merke 1779, 1780 og 1781.

Ymse.

Det er fortalt at Takla for lang tid sidan bytte til seg ein skogteig i Bjørkemodn mot ein teig i Taklamarki. Lars Kjelson f. 1868 har kjøpt attende den teigen som var burtbytt. - På Indre Takla må i 1779 ha vore smitsam sjukdom med di der i påskehelgi døydde seks menneske.