Telefonstellet på Voss.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 103 ---

Voss Telefonkompani, skipa i 1890, var eit privat lutlag, som ingeniør Hopstock i Bergen gjorde upptaket til og han var den drivande kraft for arbeidet. Lutmidelen var 10 000 kronor, skift på luter à 250 kronor. Sume hadde og halve eller kvart

--- side 104 ---

luter. Kompaniet vart registrert i april 1891. I styret var Halvor Gjestland, B. J. Johannessen og Samuel Solemslie. Hopstock bygde straks telefonlina Voss-Gudvangen og deretter telefonlina frå Vik i Sogn til Vinjo i Vossastrand, der ho vart knytt saman med den fyrre lina. Seinare vart bygt telefonlina Voss-Norheimsund. Telefonstasjonen på Vangen var fyrst i eit lite rom på jarnbanestasjonen, men frå ikring 1891 til 1898 i Gjert Jægers hus, tuft 53. Frøknene Matilda Hille og Cecilia Fleischer var dei fyrste telefonistinnone. Seinare var det frk. Rannveig Hille, som vart gift med telegrafstyrar Johan Kjennerud, og frk. Dagny Hille. Utanfor Vangen var det stasjon på Tvinno, og på Vossastrand på Vinjo, Uppheim, Stalheim og Myrkve, og dessutan på Gudvangen. Over halvparten av lutmidelen var teikna i Bergen og resten i bygdene der telefonlinone gjekk, serleg av hotelleigarane. Lina Voss-Gudvangen lønte seg godt, men ikkje dei andre.

I 1898 overtok Rikstelegrafen linone åt Voss Telefonkompani og hadde kontor saman med Rikstelegrafen i eigedomen på tuft 16-25 på Vangen. Rikstelegrafen bygde i 1900 den fyrste telefonlina millom Voss og Eide og gjorde same året ferdig den fyrste telefonlina millom Voss og Vik i Sogn som Hopstock hadde bygt. Til Voss har vore bygt eller lagt upp 2 telefonlinor i 1899, 3 i 1900, 1 i 1902, 5 i 1907-1913, 4 i 1915, 8 i 1916-1921, 3 i 1922, og 3 i 1927-30. Hertil kjem 2 telegraflinor som vert nytta til telefonlinor og den private lina Voss-Gudvangen som telefonstellet har overteke. Tilsamen går det til Voss 31 duble telefonlinor. 12 av dei er for trafikken til og frå Voss. Dei andre er gjenomgangslinor, som ikkje vert nytta for trafikken til og frå Voss. I 1899 gjekk ut 7340 telefonsamtalar og kom inn 5866. I året 1930-31 gjekk ut 21 879, derav til utlandet 8, og kom inn 29 557 telefonsamtalar. Dessutan var det 63 822 gjenomgangs-samtalar og 29 231 bodsendingar og tilsegjingar.

I samhøve hermed kann det vera høveleg å minna um at i gamle dagar hadde dei ogso sin måte å telegrafera på. Kong Håkon den Gode gav pålegg um å byggja vetar eller vardar på fjelli som låg soleis til, at ein kunde sjå frå det eine til det andre langs heile landet, når det vart kveikt på veten. Der var vakthus for vakti. Veten var kløyvd langved som var sett på ende som ei avskori kjegle. Det var kveikt på dei, når

--- side 105 ---

fiendar nærma seg landet. Soga segjer at på denne måten tok det 7 dagar å få ufredsbodet frå den eine landsenden til den andre.

På Voss er Trens-veten og Horndals-veten dei mest kjende vetane. På Lønehorgi skal det og ha vore vete. Gamle folk hugsar um restar av vakthus der. I 1808 var det siste gong at påbod vart utferda um å setja vetane i stand. På Vestlandet vart i 1814 teke til med optisk telegraf dei kallar, men dei kom nok i bruk berre ved sume byar, soleis t. d. ved Bergen.

Til bodsending umkring i bygdene har frå eldgamal tid vore brukt bodstikke for offentlege meldingar. Bodstikka var av noko ymist skap etter innhald av meldingi. Til kyrkjelege meldingar t. d. hadde bodstikka skap som ein kross. Kvar buande mann plikta å bringa bodstikka til grannen etter viss rute og visse reglar. Dei som ikkje gjorde si plikt i so måte vart mulkta. Folk som no hugsar at bodstikka var i bruk, har fortalt at det var ein rund svarva treholk umlag 27 cm. lang, 5 cm. tjukk, og med botn i eine enden. Inne i holken var ein rund tein med handtak i eine enden og jarnpik. Eine kanten av papiret med meldingi var fest i ei sprekke i teinen. Papiret var so vava kring han og stukke inn i holken. Var ikkje folk heime når dei kom med bodstikka, vart ho støyrd med piken i veggen over døri. Den som fyrst kom heim, plikta straks å bringa henne vidare. Meldingar um tingi, um andre møte og offentlege meldingar elles kom med bodstikka. Bodstikka var og brukt til private meldingar, som det hasta med. På Voss har ho soleis vore i bruk når det var kome fersk brisling eller sild til Eide i Granvin.