219. Tesdal.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 357 ---

Namnet vert i 1620 skrive Tiszdall, i 1630 Teszdall. Det vert no sagt Tèssdal'n2; han búr i, è ór Tèssdalè, ska út i Tèssdal'n, sms. Tèssdalsmódn. Namnet er samansett med dal, og fyrelekken er den same som i namnet på elvi der: Tèssjóló. (Til test f. vidjeband, Hallingdal, eller eit gamalt ord þers = turr?) Gardsnamnet Tesdal finst og i Etne.


Tesdal
Bilete 42. Tesdal. Fot. P. Braaten 1937.

Tesdal hadde 1661 2 pund i skyld, ein brukar, og der var ved til husbruk. I 1723 var det og ein brukar, litt vedaskog og skyldi var 1 laup. Vidare er sagt at det var ein ring fjellgard, kald, årvand og tungbrukt. Skyldi er 1838 umskrivi til 4 dalar 2 ort 1 skill. Der var godt vassfall, vedaskog og neverskog. Samanlikningstalet var 680. Matrikkelen 1865 melder at der var 202/5 mål åker, 162/6 mål dyrka eng, 9 mål god, 46 mål medels natureng og 60 mål skrapebø. Ikkje noko høvde til dyrking. Der var vedaskog, namn til timber og medels hamnegang. Garden var medels lettbrukt, dyrka betre enn vanleg og var ikkje frostnæm. I 1918 var der 16,9 mål åker, 12,5 mål kunsteng og 13,5 mål natureng.

Der budde 15 menneske i 1801, 14 i 1865 og 16 i 1920.

--- side 358 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Tesdal.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   11   16          
1723 1   10   9   9      
1865 2   20   34   50   56  
1918 5   13   157          

Mikkjel Lauritsson var leiglending i 1597 då han for 1 pund 6 mark av stiftsgodset på Tesdal betalte 4 dalar i fyrste bygsel. I 1611 var Alf leiglending. Knut var då husmann eller øydegardsmann, Anders i 1614 og Steffa 1621. Anders åtte 1621 1 spann i Vetla Rokne. Leidangsboki 1624 syner at leidangen var 8 merker smør. Steffa var 1624 og 1629 leiglending på 2 pund stiftsgods og Jens 1635. Styrk Aslakson, g. m. Guri er ofte nemnd som leiglending 1636-1664. Dei hadde sonen Mikkjel f. 1642. Huskona Kari budde der 1645.

I 1649 kjøpte H. Sehested leidangen 8 merker smør av kongen og fekk 1650 kongeskøyte på 2 pund ved makabyte. På det var det 8 merker smør i leidang, ½ dalar 16 skill. i skatt, 16 skill. i fornødspengar, 16 skill. i arbeidspengar og 212/3 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata dette jordgodset att 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

Tesdal er ført upp i Skattemanntalet 1657, men ikkje i 1652, 1655 og 1659. I matrikkelen 1661 er Tesdal skrive som Finnegods. Der var vedaskog, er det sagt. Klas Miltzow åtte 2 pund i 1680 og 1691, Øystein Endreson åtte 1 pund i 1691 og Lars Miltzow 2 pund i 1695. Endre, far hans Øystein, var gift to gonger og hadde to born med fyrste kona og to eller tri med den andre: Øystein, Mikkjel f. 1635, g. m. enkja Torbjørg Knutsdr. og budde på Skjeldal, Olav Flatekvål som hadde sonen Jørgen Bø, Tjukkeb., Eli, g. 1. m. Knut, 2. m. Nils Himle. Endre hadde truleg og ein son Torstein.

Øystein var 1661 og 1664 brukar på Himle og 1691 og 1695 leiglending på Tesdal. Han var g. m. Inga Hallesdr. (Hallvardsdr. ?). Båe døydde fyre 1725 og hadde seks born: Endre, Gudve, g. m. Bjarne Andersson Dagestad f. 1659, Marta, i Enkjeheimen på Vangen, Brita f. 1662 g. m. Bjarne Monsson Bokkatun, Ragna f. 1666, g. 1. m. Eirik Oddson Stora Saude

--- side 359 ---

f. 1669, 2. m. Hermann Hermannson Rjodo, Anna, g. 1. m. Sjur Asserson Stora Saude f. 1666, 2. m. Per Oddson Skjelde, 3. m. Oddmund Skjelde.

Endre Øysteinson var g. 1. m. Rannveig Knutsdr., 2. m. Anna Olavsdr. og 3. 1725 m. Kari Styrksdr. Fære. Endre er skriven som odelsbonde i folketeljingi 1701 og åtte 2 pund. Han døydde 1736, 63½ år gl. og hadde fem born med Rannveig, fire med Anna og tri med Kari: Knut f. 1697 (som 1714 fekk sonen Brynjulv), Eirik f. 1699, g. m. Anna Trondsdr. Gjelland og budde på Græe, tvillingane Ingjerd og Barbrå f. 1702, døde fyre 1736. Øystein f. 1705, død fyre 1736, Rannveig f. 1708, g. m. Johannes Naveson Ronge, Nils f. 1710, sinnssjuk, Inga f. 1713, g. 1737 m. Torgeir Olavson Vetla Rokne, Mikkjel f. 1716, g. 1742 m. Marta Andersdr. Rong, budde under Arhelleren, Olav f. 1727, Anna f. 1729, g. 1748 m. Anders Larsson Haug og Synneva f. 1732, g. 1758 m. Torgis Sverkveson Litlere. På skifte etter Anna i 1724 vart dei 2 pund verdsette 24 rd. og på skifte 1736 etter Eirik 36 rd. Enkja fekk då 1 pund som vart bruk 1 og sonen Eirik 1 pund som vart bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tesdal. Ho Kari, enkja etter Endre, vart attgift 1737 m. Eiliv Olavson Vele som døydde 1739, 31 år gl. utan etterkomarar. Olav Endreson f. 1727, g. 1753 m. Brita Larsdr. Haug kjøpte 1750 1 pund av mor si. Olav døydde 1792, Brita 1814, 87 år gl. og hadde tri born: Endre f. 1755, Eirik f. 1758, g. m. Rannveig Johannesdr. Rue og Kari f. 1764, g. 1798 m. Velom Eirikson Berge. På skifte etter Olav vart garden (1 pund) taksta 200 rd.

Endre gifte seg 1781 m. Sigtru Oddsdr. Gjelle og fekk 1792 og 1798 skøyte på bruk 1. Han er i kyrkjeboki skriven for skulehaldar i 1781. Dei budde på Rue frå 1782 til 1792. Endre døydde 1813, Sigtru 1839, 88 år gl. og hadde fem born: Olav f. 1781, Brita f. 1783, død 1858, Bryttva f. 1786, g. 1809 m. Nils Sjurson Tesdal, umtala på Helland, Odd f. 1788, sjå bruk 2, og Knut f. 1792, død ugift 1846. Knut tok eksamen ved underoffiserskulen i Bergen og fekk medalje med denne innskrifta: TILKJENDT CORPORAL K. E. TESDAHL FOR KUNSKABS FLID. Medalja skal fylgja garden og skal vera der no og på bruk 2. Han var flink underoffiser, skreiv sers fint,

--- side 360 ---

skreiv stundom i retten åt sorenskrivaren og skreiv ofte dokument åt folk. God massingsmed og signetstikkar var han og. Alt hans arbeid var so tågjort.

Olav Endreson gifte seg 1807 m. Ingebjørg Nilsdr. Rokne og fekk same år farsgarden. Ho døydde 1850, 75 år gl., han 1867 og hadde fire born: Sigtru f. 1808, g. 1830 m. Mikkjel Knutson Tillung, Endre f. 1810, g. 1837 m. Rannveig Nilsdr. Kvitno, Synneva f. 1813, g. 1840 m. Odd Nilsson Kvitno, Ingebjørg f. 1816, g. 1847 m. Lars Bergeson Tillung. Endre fekk garden i 1831, men let han 1844 til Mikkjel Tillung, verbror sin, for 450 spd. og reiste til Amerika. Mikkjel døydde 1858, 542/3 år gl. og hadde borni Kari f. 1832, g. 1849 m. Lars Andersson Rue og Olav f. 1842, død 1862 ugift. Lars hadde gard på Rue.

Odd Bjarneson Herre kjøpte garden i 1887 for 3200 kronor. Han var f. 1846, g. m. Sigtru Larsdr. Tesdal, dotter til nemnde Lars A. Rue. Odd døydde 1891 og Sigtru 1930. Dei hadde borni Ragnhild f. 1874 og Kari f. 1877, g. 1894 m. Lars Sjurson Sonve. Ho Sigtru selde 1892 garden til Tomas Hansson Myrland for 5950 kronor. Han var f. 1855, g. m. Kari Kolbeinsdr. Skutle og døydde 1936. Tomas var styrar nokre år på Voss Forbruksforening fyrr han kjøpte garden. Deira son Hans f. 1885 fekk 1935 auksjonsskøyte på garden for 11550 kronor. Han er g. m. Katrina Magnusdr. Myklatun f. 1902. Garden er i 1935 skøytt på sonen Olav for 11550 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 221, lnr. 433 med gamal skyld ¼ laup urevidert 2 dalar 1 ort 7 skill., revidert 2 dalar 2 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,69.

Bruk 2. Tesdal. Eirik Endreson fekk som fyrr umtala bruk 2 i 1736. Han kjøpte 1759 saman med andre løysningsretten til 2 pund, som G. Marselis hadde ått og selde 1761 bruket til versonen Klas Sveinson Fenno. Eirik budde på Græe. Klas var f. 1734, g. 1761 m. Jorunn Eiriksdr. Græe f. 1731. Dei fekk tri born: Svein f. 1762, Anna f. 1763, død ugift 1847 og Eirik f. 1768, g. 1795 m. Åsa Andersdr. Himle som budde på Nedre Himle. Jorunn døydde 1806 og Klas 1816, 83 år gl. Svein gifte seg 1793 m. Gudve Larsdr. Rong, enkja etter Knut Sjurson, og fekk 1804 skøyte frå far sin på garden. Svein og Gudve fekk dotteri Jorunn f. 1795 som gifte seg m. Odd Endreson Tesdal f. 1788. Svein og Gudve døydde 1826.

Odd Endreson fekk 1822 skøyte frå verfaren på garden. Odd var med i krigen mot Sverike. Han fekk ni born med Jo-

--- side 361 ---

runn: Gudve f. 1818, g. 1845 m. Gitle Johannesson Hornve, husmann på Rokne, Sigtru f. 1820, g. 1853 m. Lars Ivarson Saude, Borstr. (Amerika), Svein f. 1821, Brita f. 1824, g. 1847 m. Karle Larsson Bulko, Endre f. 1826, Anna f. 1828, død ugift 1923 i Enkjeheimen, Marta f. 1830, g. 1863 m. ekm. Anders Styrkson Vele, Klas f. 1832, g. 1856 m. Sisselja Vikingsdr. Vele, Torbjørg f. 1835, g. 1859 m. Eirik Trondson Norekvål. Odd døydde 1855 og Jorunn 1888.

Svein Oddson vart g. 1848 m. Brita Knutsdr. Rokne og fekk garden i 1850 for 200 spd., men let han til Endre, bror sin, og reiste 1857 til Amerika. Endre gifte seg 1857 m. Guri Steffadr. Rokne f. 1833 og fekk fire born: Anna f. 1857, Odd f. 1860, g. m. Ingebjørg Ivarsdr. Tillung, Jorunn f. 1862, g. 1885 m. Anders Torkjelson Rue og Steffa f. 1870 (Amerika). Endre døydde 1909 og Guri 1921. Odd fekk 1892 farsgarden for 2000 kronor. Sonen Johan f. 1906, fekk skøyte på garden i 1937.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 221, lnr. 434 med gamal skyld ½ laup, urevidert 2 dalar 1 ort 7 skill. revidert 2 dalar 2 ort 14 skill. Ny skyld mark 3,67.

Bruk 3. Tesdalsli. Utskilt frå bruk 1 i 1935 med skyld 2 øre og selt for 20 år til Cato Pedersen i Bergen.

Husmenn.

Øystein Endreson var 1701 husmann etter at han hadde slutta med garden. Mikkjel Knutson Tillung, g. 1830 m. Sigtru Olavsdr. Tesdal, umtala ovanfor, feste 1831 plasset Fleskhaugen og budde der til dei kjøpte bruk 1. Plasset ligg ved merket mot Rjodo. Odd Herre og Sigtru budde der nokre år til husi deira brann. Sidan har det ikkje vorte bygt att.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det sagt i 1723. Tesdal har ser vårstøl. Sumarstølen kallar dei Tesdalsstødl'n, og han ligg uppmed Tesjolo.

Kvern.

Der var ei kvern i 1661 og 1723. I 1776 og seinare har det vore to i Tesjolo. Den eine er burtteki for ei tid sidan.

Offentlege forretningar.

Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Utskifting 1865. Semje 1847 um gjerde millom Tesdalsstølen og Bott'n.

Bumerke.

Endre 1715, 1718 tavle 8 nr. 90. Klas 1769 t. 8 nr. 91, 1770 t. 2 nr. 59. I 1770-1783 er merket mykje brigda på to måtar. Olav 1778 t. 8 nr. 92.

--- side 362 ---

Ymse.

Bui på bruk 1 er bygt av flatt timber og loftet av rundtimber. På gangjarnet på loftsdøri er innhogge 1786. På hestestallsveggen utvendes står årstalet 1687. Selet på stølen er bygt av stort bjørketimber med stavleie av fure. Det har årstalet 1726 i ramen og 1777 over døri.

Ovanfor gardshusi upp imot ein plass kalla Øyjoræ er fleire gravhaugar. To av haugane ligg attmed einannan, og det har vore grave noko i toppen av dei. I den eine ser ein i store gravkistor laga av steinhellor. Ein gamal mann på Vele som ei tid budde på Tesdal, har fortalt at ein mann på Tesdal tok til å grava i ein av haugane. So fekk han bod um at ei av kyrene hans var gått til. Han tok det som varsel og heldt upp med gravingi. Elles veit ikkje gamle folk på garden um at det har vore grave i haugane. På Øyjoræ er gamle reinor og andre merke etter at der har butt folk ei tid.

I 1819 var det lauseld på Tesdal. Det er fortalt at medan dei arbeidde med å sløkkja, lovde dei to gardmennene at dei vilde gjeva kvar si kyr til Hospitalet i Bergen, dersom dei fekk sløkt elden, so han ikkje greip meir um seg. Eit eldhus og truleg eit stovehus gjekk med.