222. Tillung.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 376 ---

Namnet vert i 1611 skrive Tenlang, i 1723 Tilnung. Det vert no sagt Tìllùng2; han búr pao, è tao Tìllùng, ska tì Tìllùngs, sms. Tìllùngsbòtn. Namnet kjem truleg av eit ord tvinnlungr m. med tyding «tvilling» (no på Voss tvilning), som Upphavleg må ha vore brukt um dei to elvane Tìllùngskvítané som renn i hop der.

Tillung hadde 1661 2 laup i skyld, ein brukar og turvande vedaskog. Det var likeins 1723 med tillegg at der då var humlagard. Garden var årvand og tungbrukt. Skyldi er 1838 umskrivi til 6 dalar 3 ort 4 skill. Der var vassfall, vedaskog og neverskog. Samanlikningstalet var 1000. I matrikkelen 1865 er ført upp 23 mål åker, 3 mål dyrka eng, 26 mål god, 44 medels natureng og 80 mål skrapebø. 4 mål var skikka til dyrking. Medels hamnegang, vedaskog og noko timber. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 24,9 mål åker, 38 mål kunsteng og 11 mål natureng.

Folketalet var 10 i 1801, 14 i 1865 og 19 i 1920.

--- side 377 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Tillung.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   14   18          
1723 2   16   18   16 ½    
1865 2   24   54   70   42  
1918 6   18   35          

Tillung
Bilete 44. Tillung. Fot. P. Braaten 1937.

Helge var lauskar på Tillung i 1563 og betalte ½ dalar i skatt. Knut var 1591 leiglending. I jordboki 1585-1616 er fortalt at Vangens prestebol fekk 1 spann korn i landskyld. Gamle Knut og unge Knut var leiglendingar i 1603. I 1611 var det Knut og Jakob. Leidangen er i 1624 ført upp med 1 spann smør og 2 geitskinn. Jakob vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Han er oftare skriven som leiglending 1614-1655. I 1645 er han skriven for Jakob Verallson, var g. m. Marta og hadde sonen Magne og tenestgjenta Åsa. Han åtte ½ laup i 1642. Ivar Gjerdåk og Anna åtte 1621 1½ laup på Tillung og Odd Rue 2 laup på Helland og Tillung. Giske-

--- side 378 ---

godset åtte 1647 ½ laup. F. Broderson har 1649 late noko til kongen ved makabyte.

H. Sehested fekk 1648 kongeskøyte på ½ laup av Giskegodset, men laut lata det att 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis. Eigarane i 1652 var Jakob ½ laup, Ivar Rue ½ laup, F. Brodersen 1 pund og prestebolet 1 spann. Det var likeins 1659 so nær som at Munkeliv då var eigar av 1 pund i staden for Broderson. Magne Jakobson var leiglending 1652-1664 og lenger. I 1661 åtte Munkeliv 1 pund og prestebolet 12 mark. Resten var bondegods. H. Garmann fekk 1662 skøyte frå kongen på 1 pund av Munkelivgodset og selde det same år til Klas Miltzow. Han åtte ½ laup i 1680 og 1691. Dei andre eigarane i 1691 var Vangens prestebol 9 mark, brukaren Halle 2 pund 15 mark og brukaren Magnus ½ laup. Halle hadde 1695 heile garden og åtte 1 laup 15 mark i han. Prestebolet åtte 9 mark og Synneva Rue 1 pund.

Halle Gudleikson er skriven som odelsbonde i folketeljingi 1701. Han var f. 1642, g. m. Gjertrud Magnusdr. og døydde 1721. Dei hadde tri born: Eli, g. m. Kåre Tillung, Gudleik f. 1684 og Magne f. 1691 som døydde fyre 1721. Kåre var 1730 på Kleivdal i Nordhordland og selde då 21 mark på Tillung til Lars Gudleikson. Gudleik var g. m. Brita Larsdr. Indre Ringheim f. 1685. Ho vart g. andre gongen m. Knut Gudleikson Ure. Gudleik fekk 1704 skøyte på 3½ spann, fekk sonen Lars f. 1707 og døydde fyre 1715. Knut og Brita fekk tri born: Gudleik, Kristi f. 1718 og Ragnhild f. 1722.

På skifte etter Halle vart jordgodset på Tillung taksta 90 rd. og hans eigedom på Tveiti 24 rd. Bruttomidelen var 251 rd. Lars Gudleikson gifte seg 1725 m. Sigvor Gudleiksdr. Uppheim, Vestb., og fekk fire born: Gjertrud f. 1731, g. 1777 m. Eirik Hansson Rjodo, Brita f. 1734, g. 1757 m. Jon Helgeson Olde, Gudleik f. 1738, sjå bruk 2, og Sigrid f. 1743, g. 1779 m. Olav Sjurson Rong. Ved skifte etter Sigvor 1745 åtte dei 1 laup 2 pund 15 mark på Tillung verdsett 90 rd. og 12 mark på Afdal verdsett 14 rd. Lars hadde kjøpt desse 12 mark i 1740 av Gudleik Knutson og kjøpte 1759 løysningsretten til ½ laup på Tillung for 12 rd. som Gabriel Marselis hadde ått.

Lars gifte seg att 1745 med Maria Sveinsdr. Rong og døydde 1792. Dei fekk fem born: Eirik f. 1749, Sigvor f. 1753, død ugift 1799, Gjertrud f. 1756, g. m. Jon Samsonson Rjodo,

--- side 379 ---

skriven for Afdal i 1799, Guri f. 1758, som bleiv i elvi 1793 og Halle f. 1769, skriven for Afdal i 1793. Ved skifte etter Lars åtte dei 2 pund 19½ mark taksta 230 rd. Bruttomidelen var 527 rd. Eirik Larsson kjøpte 1793 av biskop Irgens 2 pund 1237/120 mark og vart eigar av bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tillung. Eirik Larsson hadde vore brukar på Indre Afdal då han kom til Tillung. Han var f. 1749, g. 1785 m. Guri Larsdr. Tillung og fekk dotteri Rannveig f. 1788. Guri døydde 1816, 66 år gl. og Eirik 1820. Rannveig vart g. 1814 m. Ivar Bjarneson Rue. Dei fekk 1806 og 1809 skøyte frå far hennar på bruk 1. Seks born: Mari f. 1815, død ugift 1888, Guri f. 1817, g. 1848 m. Nils Rognaldson Finnesteigen, budde på Fjellby, Vossastr., Ragnhild f. 1819, g. 1861 m. Viking Bårdson Selje, umtala på Rue, Eirik f. 1824, Ingebjørg f. 1826, død ugift 1851 og Brita f. 1834, g. 1875 m. Kolbein Kjelson Selje. Rannveig døydde 1840 og Ivar 1857, 74 år gl.

Ivar vart utkommandert 1811 til krigen mot Sverike. Ivar har fortalt at då han jolafta sat og las i bibelen, høyrde han trommeslag og gjekk ut, men høyrde ikkje noko meir. Han tok det som varsel um at han laut ut i krigen, og um våren vart det so. Han var trulova, og då han hadde vore ute tri år, fekk han heimlov for å gifta seg, og laut so atter ut i krigen. Ein gong Ivar vart etter dei andre i sin avdeling, og fleire svenskar kom etter han, gøymde han seg ei stund i ein stor rugåker og fekk koma seg til avdelingen sin. Ein gong Ivar og nokre kameratar var ettersette av svenskane og fekk koma seg under ein heller, høyrde han kor kulone sjuga ikring seg.

Eirik Ivarson fekk 1857 garden for 600 spd., og der budde han til 1881 då han døydde ugift. Ervingane skøytte garden til systerson hans Eirik, Rognald Nilsson Fjellby, for 4500 kronor. Han var f. 1855 og g. m. Anna Nilsdr. Hommedal. Rognald var nokre år med i heradsstyret. Han døydde 1929 og Anna 1931. Dotteri Guri f. 1879 gifte seg 1910 m. snikkar Lars Ivarson Helland og deira son Nils fekk 1931 garden for 3000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 224, lnr. 442 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67 eller mark 3,12 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Indre Tillung. Utskilt frå bruk 1 med skyld mark

--- side 380 ---

1,55. Kolbein Kjelson Selje kjøpte det av ervingane etter Eirik Ivarson. Kolbein var som fyrr umtala g. 1875 m. Brita Ivarsdr. Tillung. Han selde 1902 til Herborg Knutsdr. Dolve og kjøpte Haugamoen Trevarefabrikk (bruk 29 av Indre Haugo) og bruk 37 av Rogne. Herborg er f. 1860 på Rokne og g. m. Arnfinn Velomson Dolve. Dei selde 1908 bruk 2 til Lars Person Eltrevåg og kjøpte bruk 75 i Lekvemoen. Jon Jensson Hønsi kjøpte 1912 bruk 2 for 6000 kronor. Han er g. m. Turid Fosse. Båe er frå Vik i Sogn.

Bruk 3. Tillung. Gudleik Larsson f. 1738, nemnd ovanfor, kjøpte 1773 og 1781 2 pund 19½ mark. Han var g. 1781 m. Marta Nilsdr. Uppheim, Kv., og fekk dotteri Magli f. 1782. Gudleik døydde 1783 og Marta gifte seg att 1784 m. Olav Jonson Kyte eller Kolvu. Ved skifte etter Gudleik vart jordgodset taksta 300 rd. Bruttomidelen var 480 rd. Magli vart g. 1802 m. Ivar Person Medås, som same år fekk skøyte på farsgarden heimar. Dei fekk tri søner: Lars f. 1802, Gusskalk f. 1803 og Per f. 1807. Lars og Per reiste til Hardanger. Magli døydde 1809 og på skifte etter henne var deira 1 laup verdsett 600 rd. Ivar vart attgift 1814 m. Torilda Larsdr., enkja etter Knut Halldorson Glymme, og flytte til Medås, Granvin.

Gudleik Ivarson fekk garden i 1824 og gifte seg 1826 m. Torilda Larsdr. Litlere f. 1800. Dei fekk åtte born: Magli f. 1826, g. 1852 m. Aslak Johannesson Himle, Kristi f. 1828, død 1878 ugift, umtala på Rjodo, Ingebjørg f. 1830, død 1890 ugift, Marta f. 1833, g. 1854 m. Nils Oddson Sonve, Ivar f. 1835, Anna f. 1838, g. 1863 m. Olav Styrkson Rokne, Marta d. y. f. 1842, g. 1866 m. Johannes Person Olde og Ragnhild f. 1846, g. 1872 m. Johannes Knutson Rokne. Torilda døydde 1881 og Gudleik 1884. Han planta mange aplar der som humlagarden hadde vore, og var den fyrste på Bordalen som planta frukttre, er det fortalt. Nokre tre står enno.

Ivar fekk garden i 1864 for 270 spd. og gifte seg s. å. m. Sigvor Persdr. Olde f. 1838. Dei fekk seks born: Kristi f. 1865, g. m. Odd Klasson Vele, Ingebjørg f. 1867, g. m. Odd Tesdal, Marta f. 1869, g. m. Torbjørn Brynjulvson Kyte, Håtveiti, Gudleik f. 1872, g. m. Brita Klasdr. Vele, Lars f. 1876, g. m. Margreta Klasdr. Vele, sjå Indre Haugo bruk 34, og Anna f. 1880. Gudleik fekk 1881 garden for 1200 kronor, men let han att 1886 til faren for 2000 kronor og bur no på bruk 7 på Bryn.

--- side 381 ---

Steffa Larsson Rokne kjøpte garden i 1892 for 8000 kronor. Han var f. 1860 og g. 1887 m. Gudve Endresdr. Jerald. Han selde garden att 1894 til Lars Henrikson Myrkve for 6000 kronor. Lars var g. m. Mari Nilsdr. Helge Andersson Steine kjøpte garden 1902 for 5500 kronor og let han 1926 til Olav, son sin, for 4100 kronor. Han er g. m. Brita K. Velesliæ.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 224, lnr. 443 med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill. revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67.

Husmenn.

Nils Hermundson f. 1675 var husmann i 1701. Anders Mikkjelson, g. m. Anna fekk 1720 sonen Nils. Berge Mikkjelson, g.m. Anna Larsdr. fekk sønene Lars f. 1829 og Nils f. 1833. Lars gifte seg 1847 m. Ingebjørg Olavsdr. Tesdal. Både Berge, Lars og Nils reiste til Amerika. Kirsti Larsdr. døydde 1878, 65 år gl. og er umtala på Rjodo. På bruk 3 har vore eit plass kalla Jenngruo. Ingebjørg Gudleiksdr. var den siste som budde der. Ho var som fyrr nemnt f. 1830 og døydde ugift 1890.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det sagt i 1723. Stølen heiter Kviting og ligg under Sandfjellet. Han har truleg fått namnet sitt frå elvi Kvitæ, som vel har namnet av at ho renn i småfossar og er so kvit.

Kvern.

Ei kvern er umtala både 1661, 1723, 1776 og 1791. Folk minnest um tri kvernar, men berre ei står att no i Kvitæ. Gudleik Ivarson hadde stampa i Kvitæ og stampa og mol til andre og. Der var sag og ei tid.

Offentlege forretningar.

Åstadsak 1817 mot Dymbe. Utskifting 1818 med Dymbe. Semje 1882 um grensa.

Bumerke.

Halle 1715 tavle 8 nr. 103, mykje brigda på to måtar 1716 og 1720. Lars Gudleikson 1734 t. 8 nr. 104, brigda på to måtar 1745, 1753. Lars 1770 t. 4 nr. 1. Olav 1785 t. 2 nr. 91.

Ymse.

I Tillungshagane ut mot Rjodo er vister etter store åkrar og tufter etter bustadhus. Truleg har Tillungstunet vore der fyrr i tidi. Ved plasset Jenngruo skal ha vore brent jarn i eldre tid. Gravhaugen heiter ein haug, der det truleg er grav frå gamal tid.

Segn.

Torald Tillung var son åt Gygri i Graosio og hadde to syster Kola Gjelle og Hallbjørg Græe. Torald vart narra av ei frå Rong. Difor kasta han ein stor stein frå stølen sin (Kviting) etter henne då ho som brur fór køyrande heimover Bor-

--- side 382 ---

dalen. Steinen datt ned attmed vegen um lag ved Himleskrossen. Sume fortel det soleis at det var dotter hans Torald som var trulova og vart narra av ein på Rong.