Tøn.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 121 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Tæn. Det vert no sagt Tøn; han búr pao, è tao Tøn, ska tì Tøns, sms. Tøna-bødn. Namnet er samandrege av ei (flå, hylle i fjellside) og vin (beite), Tóvin vart so alt i gamalnorsk til Tæn.

Tri menn vitnar ikring 1303 at Sira Peter på Vangen hadde selt garden Tøn til Einar Pinung for dei pengane som var nedlagde til han av Odd på Rogne og Hollrod på Ringheim (sjå DN. I. nr. 100). Ein Odd Kægdu gjorde krav på 4 mmb. i Tøn og det vart då noko ugreide um dette. Tøn er ogso nemnd i brev skrive i Bergen 1303 (DN. I. nr. 97). Thora Tøn i 1339 (DN. II. 231, skrive på Hylle) vitna at ho var tilstades på Øvre Graudo ved skifte etter Orm Kavle. I vegabotbrev frå 1343 (DN. VI. nr. 167) er umtala at vegen gjekk um Auregòto ovanfor Tøn.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at 1 laup i Tøn var kyrkjegods. Arne på Tøn betalte i 1521 5 mark 4 skill. i skatt, 8 lodd sylv og breffbrot, og Torstein likeins ½ lodd sylv 1 mark (i pengar) i skatt og 2 lodd sylv 6 mark (i pengar) i breffbrot. Brynjulv, Knut og Pål var brukarar i 1563 og Oluf 1567. Tingsvitne var uppteke 1590 um nokre teigar på Lemme. Då er umtala at Brynjulv på Tøn brukte ein teig som presten åtte. Arne Tøn har og vitna då. Greb betalte tridje års bygsel i 1597 for 1½ laup som stiftet og kruna åtte, med ½ dalar. Vangskyrkja fekk etter rekneskapen 1585-1616 1½ aske korn og 12 merker smør i landskyld av eigedomen sin på Tøn.

Endre var leiglending i 1603, Kolbein, Alver og ei enkje i 1611. Ho brukte 1½ laup og Kolbein åtte då 1 laup odelsgods. I 1614 og 1621 var Kolbein og Alver leiglendingar. Alver betalte tridje års bygsel i 1614 og 1620 for 1½ laup som stiftet åtte. Kolbein åtte i 1621 12 mark i Rue, 12 mark i Bø og 12 mark i Mo'o. Knut Tøn var 1629 eigar av 60 mark odelsgods. I 1635 var Alver og Kolbein brukarar. Kolbein var då so fatig at han slap betala Pendingsskatten. Det var tri brukarar i 1645: Alver Askjelson, g. m. Dønåt med to døtter; Laurits Nilsson, g.m. Sigrid; Olav Halldorson, g.m. Gjøe.

Leidangsboki 1624 syner at Apostelgodset hadde to eigedomar med leidang ½ pund smør, 1 geitskinn og 1 sauskinn

--- side 122 ---

på den eine og 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn på den andre. Denne eigedomen var toleg god står det. For ei øydejord var det 4 skill. i leidang. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset: a. ½ laup, skatt 1 dalar ½ ort, b. ½ laup 1 pund, skatt 1½ dalar 1½ ort. Kolbein og Knut var brukarar.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 12 mark smør og 1 geitskinn av Apostelgodset. Sehesteed ått 1650 1½ laup som han hadde fått ved makebyte med kongen.


Tøn
Bilete 18. Tøn. Fot. P. Braaten 1936.

På det kvilte utlogor 12 merker smør, 1 geitskinn i leidang, 1½ dalar i skatt, 1½ ort i fornødspengar, 1½ ort i arbeidspengar og ½ dalar i avgift til jordeigaren. Hannibal laut lata jordgodset att 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 over Finnegodset er ført upp 1½ laup 1 spann i Tøn og som leiglending Oliver og Mikkjel. Kyrkjereknskapen 1654 melder at Vangskyrkja fekk 1½ aske korn i landskyld av 1 spann i Tøn.

Frå 1652 er det i manntali skilt millom Nedre Tøn og Øvre Tøn.

--- side 123 ---

100. Nedre Tøn.

Nedre Tøn var i 1661 førd upp som halv gard med skyld 1 laup 2 pund 6 mark og ein brukar. Der var vedaskog og ein humlagard. I 1723 var det likeins. Garden hadde medels god jord, er det sagt då, og var sers lettvinn. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 3 dalar 3 ort 6 skill. Der var humlagard og umlag det som trongst til eige bruk av fure- og vedaskog. Samanlikningstalet var 550.

Matrikkelen 1865 syner at der var 11 mål åker, 2¾ mål dyrka eng, 16 mål god, 17½ mål medels natureng og 11 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk. Garden var lettvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var der 15,4 mål open åker, 26 mål kunsteng og 3 mål natureng.

På Nedre og Øvre Tøn budde 30 menneske i 1801, 29 i 1865 og 25 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Tøn.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 10 10
1723 1 13 12 14
1865 1 11 28 23
1918 3 8 21

Nedre Tøn er einbølt gard, bruk 1. I 1661 åtte Vangskyrkja 18 mark og Finnegodset 1½ laup. Mikkjel Sjurson var brukar då, i 1669 og visst lenger. Han vitna 1669 i den store skogsaki at han hadde hogge 7½ tylvt sagtimber i Raundalens Almenning. Jakob vitna i 1670 at han òg hadde hogge timber der. Klas Miltzow kjøpte Finnegodset sin part i Tøn i 1676. Enkja hans, Ingjerd, åtte det i 1695. Laurits var brukar 1691 og 1695. Knut Raustad var i 1714 eigar av Ingjerd Miltzow sin part. Vangskyrkja åtte framleies sine 18 mark.

Sjur Arnfinnson f. 1653, var leiglending i 1701, då han hadde sonen Arnfinn f. 1693. Sjur fekk ny bygslesetel i 1720 hjå Knut Raustad på 7 spann. Sjur Olavson har so bygsla det i 1727. Han var f. 1681, g. 1730 m. Guro Hermundsdr. Gjerme

--- side 124 ---

og var då korporal. Ho var syster hans Isak, som kom til Grimastad. Sjur og Guro døydde båe 1749 og har havt borni Knut, Lars f. 1738 og visst fleire. Torbjørn Sjurson Eide eller Tvilde kjøpte i 1752 36 mark i Tøn av ervingane etter Sjur og Guro, og har seinare kjøpt meir, so han åtte 1½ laup i Nedre Tøn i 1759. Same året kjøpte han løysningsretten til det for 85 rd. Torbjørn selde att 1759 til Knut Sjurson Nedre Tøn garden med løysningsretten. Knut gifte seg 1750 m. Gudve Sjursdr. Tøn og fekk desse borni medan dei budde der: Brita f. 1753, Borghild f. 1756, Sjur f. 1759, Guro f. 1762 og Lars f. 1764. Knut bytte i 1764 med Halldor Rognaldson uti Rude. Han var f. på Haugo 1735, gifte seg 1764 m. Margreta Larsdr. Glymme. Sjå meir um dei på Glymme. I 1776 bytte Halldor med Lars Knutson uti 1 laup 27 mark i Gjøastein.

Lars var frå Ringheim, f. 1731, g. 1761 m. Marta Aslaksdr. Gjøastein og døydde på Tøn 1799. Åtte born. Kristi f. 1763, g. 1791 m. gardmann Viking Knutson Øvre Graudo, Sigvor f. 1765, g. 1803 m. Lars Sveinson på Brattåker, Styrk f. 1767, Knut f. 1770, g. 1797 m. enkja Sigtru Olavsdr. på Lemme og budde der, Aslak f. 1773, død ugift 1799, Mikkjel f. 1775, Gjertrud f. 1777, g. 1798 m. Lars Jonson, gardmann på Alland, Steffa f. 1783. Styrk Larsson f. 1767 gifte seg 1798 m. Barbrå Hallesdr. Ringheim og døydde 1821. Ho gifte seg att 1829 m. ekm. Lars Olavson Kvåle. Styrk fekk garden hjå far sin i 1798 og hadde åtte born: Marta f. 1799, g. 1821 m. Anders Sjurson Tverberg, husmann på Tøn, Gunnvor f. 1801, g. 1835 m. Jon Person Skjerpe, husmann på Skjerpe, seinare på Staup, Lars f. 1804, Kristi f. 1808, g. 1835 m. Anders Person Fagnastølen, husmann på Kvåle, Tjukkeb., Ingjerd f. 1811, Anders f. 1814, g. 1847 m. Gjertrud Olavsdr. Graudo, Halle f. 1817, død ugift ikring 1837, Knut f. 1820 g. 1841 m. Marta Monsdr. Teigen, husmann på Tøn.

Lars Styrkson f. 1804, var g. 1. 1826 m. Ingebjørg Styrksdr. Midtun, 2. 1860 m. Eli Andersdr. Helleve og døydde 1900. Han fekk halve garden ved skifte 1822 etter far sin og den andre halve ved skøyte frå stykmori i 1826. To born: Styrk f. 1833,

g. 1853 m. Synneva Torsteinsdr. Davidhaugen og fekk bruk 1 på Midtun hjå Nils, morbror hennar, Nils f. 1835, g. 1854 m. Torbjørg Magnesdr. Vinjo. Han fekk farsgarden Tøn i 1857, selde han att 1866 til Odd Styrkson Fjose og reiste til Amerika.

--- side 125 ---

Odd var f. 1837, g. 1862 m. Gjertrud Eiriksdr. Lemme og døydde 1922. Deira son Eirik fekk garden i 1910 for 2000 kronor. Han er f. 1879 og g. m. Guro Knutsdr. Graudo.

Nedre Tøn var fyrr mtrnr. 100, lnr. 200 med gamal skyld 1 laup 2 pund mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark. 4,96.

101. Øvre Tøn.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Øvre Tøn som heil gard på 4 laup med tri brukarar. Der var brennefang og nokre små humlagardar. Same skyldi er det i 1723, men då er der herre to brukarar, turvande ved, humlagard og to flaumkvernar. Garden var sers lettvinn og årviss for kornavling. Skyldi var i 1777 3½ laup, som i 1838 vart umskrivi til 7 dalar 1 ort 12 skill. Turvande veda- og fureskog var der og likeins humlagard. Samanlikningstalet var 1100.

Matrikkelen 1865 syner at der var 22 mål åker, 5½ mål dyrka eng, 32 mål god, 35 mål medels natureng og 22 mål skrapebø. Vårhamni var ring men sumarhamni medels. Timber til husbruk. Bruk 2 kunde selja timber for 8 spd. årleg. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 26,5 mål open åker, 46 mål kunsteng og 2 mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Tøn.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 20 32
1723 2 27 24 28
1865 2 22 56 56 46
1918 3 13 13

Øvre Tøn var på 4 laup. Derav åtte rektoratet i Bergen 2½ laup og Apostelkyrkja 1½ laup i 1652 og 1659. I 1661 åtte dei 2 laup kvar. Leiglendingar var i 1652 Arve og Per, i 1657 Halldor, Olav og Velom, i 1659 Nils og Halldor, i 1661 Olav, Velom og Åmund, og i 1664 Knut Eirikson, Olav Antonson og Velom Knutson. Per vart dømd i 1655 til å betala 4 rd. i bot for di han hadde gjeve ein mann eit «flade-handslag». Laugmann

--- side 126 ---

Coch var i 1691 eigar av 1½ laup. Hans Akselson åtte det i 1695 og stiftamtsskrivar Seelhuusen i 1714. Rektoratet åtte då 2½ laup. Leiglendingar var Rasmus og Ivar i 1691. I folketeljingi 1701 er skrive to leiglendingar: Ivar Arnfinnson og Mons Hallsteinson.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Tøn. Ivar var g. m. Gjøa Arvesdr. og døydde 1706. Dei hadde seks born: Per f. 1683, Odd f. 1687, g. m. Ingebjørg Eiriksdr., Gjertrud f. 1693, g. 1723 m. Olav Sjurson Fenno, Arve f. 1696, g. 1736 m. Brita Åmundsdr. Fenno, Ragnhild f. 1698, g. 1730 m. Gudleik Knutson Norheim, Bjarne f. 1706. Odd Ivarson har i 1709 bygsla 2 laup og fått ny bygslesetel i 1721. Han kjøpte i 1726 1½ laup i Tøn for 55 rd. av frua åt stiftamtsskrivar Svanhielm. Odd var ute i krigen. Då han var død, gifte enkja hans, Ingebjørg Eiriksdr. seg andre venda 1731 m. Sone Nilsson Himle, som same året bygsla 2 laup av rektoratet. I 1733 kjøpte Sone 1½ laup i Øvre Tøn av Torbjørn Nedkvitno og Eirik Nesheim, som hadde fått det utlagt for deira fordring i buet etter Odd Ivarson. Sone døydde 1747. Ho Ingebjørg hadde med Odd tri born og visst fleire: Gjertrud g. 1732 m. Kolbein Knutson Norheim, Ivar f. 1721, Eirik f. 1727, g. 1757 m. Arngunna Vikingsdr. Helland. Med Sone hadde ho ein son: Nils f. 1732.

Ivar Oddson f. 1721, gifte seg 1752 m. Marta Torbjørnsdr. Løno og fekk skøyte i 1749 på 1½ laup i Tøn frå Torbjørn Johannesson Kolskår. Ivar døydde 1804. Åtte born: Odd, f. 1753, Ingebjørg d. e. f. 1754, Ingebjørg d. y. f. 1756, g. 1791 m. ekm. Ivar Trondson Grønlidi, Marta d. e. f. 1760, Gjertrud f. 1762, g. 1. 1782 m. Olav Sjurson Repål, 2. 1786 m. Bård Oddson Opeland, Synneva f. 1765, Torbjørn f. 1767, g. 1819 m. enkja Brita Brynjulvsdr. Tundal, Marta d. y. f. 1770. Ivar Trondson og Ingebjørg fekk skøyte i 1791 på 1½ laup og bygsla ½ laup som var benifisert. Ivar døydde 1834, 83 år gl. Fem born: Gunnbjørg f. 1792, Ivar f. 1794, Trond f. 1795, g. 1826 m. Arngunna Eiriksdr. på Norekvål og fekk gard der, Kari, g. 1819 m. Nils Olavson Vinjo, Marta f. 1797, g. 1827 m. Botolv Larsson Lemme, som i 1835 budde på Afdal.

Ivar Ivarson f. 1794, g. 1830 m. Brita Åmundsdr. Fjose fekk 54 mark i Tøn ved skifte 1831 etter mori og 54 mark ved

--- side 127 ---

skøyte frå faren i 1835, tilsaman 1½ laup. Det som var benifisert fekk han kongeskøyte på 1832 for 450 spd. og jordavgift som er løyst. Ho Brita døydde 1831 og Ivar i 1837. Dei fekk sonen Ivar i 1830. Eiliv Torkjelson Holven, Granvin, kjøpte garden i 1850 for 700 spd. Han var f. 1804, g. m. Anna Larsdr. og døydde 1885. Seks born: Torkjel f. 1853, Begga f. 1855, Nils f. 1859, Anna Elina f. 1862, Ivar f. 1865, Marta f. 1868. Torkjel gifte seg 1879 m. Brita Olavsdr. Helleve og fekk garden i 1885 for 2800 kronor. Dei skøytte garden til sonen Eiliv i 1921 for 5000 kronor. Eiliv er f. 1891, g. 1919 m. Ingjerd Nilsdr. Hylle.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 101, lnr. 201 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 3 ort 7 skill. Ny skyld mark 5,33.

Bruk 2. Øvre Tøn. Mons Hallsteinson f. 1667, var leiglending i 1701 og har fått ny festesetel i 1721 frå Eirik Mønnichen på 2 laup. Mons var g. m. Gunnvor Rasmusdr., som døydde 1736 og Mons døydde 1742. Fem born: Rasmus, Olav g. 1744 m. enkja Borghild Oddsdr. Veka, Hallstein, g. 1737 m. Sigvor Mikkjelsdr. Midt Ringheim, Anna f. 1695, Sigrid f. 1715. Ho Anna var g. 1731 m. ekm. Gudleik Knutson Norheim, som i 1730 var g. m. Ragnhild Ivarsdr. Tøn. Gudleik døydde 1739, 43 år gl. og Anna gifte seg att 1740 m. Håvard Person Haugo. Ho Anna døydde 1772 og Håvard gifte seg same året att m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Øvre Lemme. Håvard døydde 1774, 61½ år gl. og Ingebjørg gifte seg andre gongen 1775 m. Ivar Oddson Nedre Klyve. Alle dei var leiglendingar på garden.

Gudleik og Anna hadde tri born: Synneva f. 1733, g. 1770 m. Olav Torsteinson Hildestveiti, Knut f. 1737 og Brita f. 1737, g. 1772 m. Ivar Brynjulvson Lemme. Håvard og Ingebjørg fekk dotteri Anna i 1773, som vart gift 1794 m. Lars Styrkson Lemme. Ingebjørg og Ivar fekk sonen Nils, som gifte seg 1808 m. Brita Hermundsdr. Helleve og var gastgjevar på Evanger. Ingebjørg Brynjulvsdr. døydde 1822, 81 år gl. og Ivar Oddson gifte seg andre venda 1823 m. Anna Knutsdr. Tvilde, men fekk ikkje born med henne. Han døydde 1832.

Ho Anna fekk kongeskøyte på bruk 2 i 1838 for 600 spd. og jordavgift 3 tunnor 4 skjeppor 22/3 fjerdingkar bygg, men let same året garden til Knut Torbjørnson Rogne, som i 1837 var g. m. Anna si brordotter Brita Knutsdr. Tvilde. Dei er umtala på Tvilde bruk 2. Deira dotter Anna f. 1845 gifte seg

--- side 128 ---

1869 m. Anders Brynjulvson Midtberde og fekk garden i 1870 for 600 spd. Han var f. 1844, døydde 1901 og dreiv mange år med hestahandel. To born: Anna f. 1871, g. m. Anders Torbjørnson, gardmann på Melve, Knut f. 1870, g. m. Guro Olavsdr. Himle. Knut har fått farsgarden.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 101, lnr. 202 med skyld som bruk 1.

Husmenn på Nedre og Øvre Tøn.

I 1701 var det to husmenn: Torgeir Bjarneson, 37 år gl. med sonen Nils, 2 år og H. Nilsson, 48 år gl. som hadde sonen Nils, 17 år. Odd Tormodson, g. m. Helga Henriksdr. døydde som husmann 1789 utan born. Knut Brynjulvson, g. m. Ingebjørg Torgeirsdr., fekk sonen Brynjulv i 1792. I 1801 var det to husmenn: a. på Nedre Tøn Knut Andersson, 54 år og kona Marta Kristiansdr., 39 år, med fire born: Ågota, Anders, Anna og Lars, 15-2 år, b. på Øvre Tøn ekm. Eirik Halldorson, 73 år, med dotteri Gjertrud, 44 år, som hadde plass på Verjù. Anders Sjurson, som døydde 1853, var g. m. Marta Styrksdr., hadde desse borni: Barbrå f. 1823, Brita f. 1829, Marta f. 1832, Steinvor f. 1835. Knut Styrkson, g. m. Marta Monsdr. hadde plasset Krikkane og fekk borni: Barbrå f. 1841 og Mons f. 1843. Johannes Larsson f. 1815, budde fyrst på plasset Orretræe på Øvsthus i Reppen, og fekk so plasset Tønademmo. Han var g. m. Gjertrud Samsonsdr. og døydde 1860. Dei hadde borni: Samson f. 1857 g. 1895 m. Anna Olavsdr. Bokkatun, Ivar f. 1859, Anna f. 1863, Per f. 1867, g. 1885 m. Kari Jonsdr. Høyland. Etter Johannes og Gjertrud har det ikkje butt nokon på plasset Tønademmo. Lars Styrkson, g. m. Bli Andersdr. fekk dotteri Ingebjørg i 1864. På Verjùtræe har vore husmannsplass og dei gamle husi stod der i 1860-åri. Han som budde der sist, gjorde av med seg, og folk har set spøkri der sidan, er det fortalt. I utslåtta Jedlane skal ha vore husmann i 1800-talet. På plasset Krikjen skal Halldor Sjurson Tverberg ha butt ei tid. Halldor var hornblåsar og var med i krigen mot Sverike. Han fortalde at um sumrane åt dei seg ofte mette i rugåkrane. Ei jol var han innhyst hjå ein huslyd som ikkje hadde annan mat enn potetor.

Støl.

Stølen var det 1½ mil til, er det sagt i 1723. I 1777 har futen fredlyst stølsmarki på Remblo etter uppmoding av Tønamennene. Dei bruker framleies denne stølen sin.

--- side 129 ---

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723 på Nedre Tøn, men på Øvre Tøn var det to. I 1776 og 1791 var det ei på Nedre Tøn og to på Øvre Tøn. Alle tri bruki har havt kvar si kvern ved Tønagroæ til nyleg. Kverni åt Nedre Tøn står endå. Knut Andersson på bruk 2 Øvre Tøn har hjå Tønagroæ bygt sirkelsag, som er i bruk.

Offentlege forretningar.

Takst var halde 1821. Utskifting 1869. Semje um beiting i Vinja-åsen 1877. På Øvre Tøn var i 1918 skilsdom um grensa millom båe bruki.

Ymse.

Lauseld var det på Øvre Tøn i 1875. Stova på bruk 1 og stove, eldhus og bualoft på bruk 2 gjekk med.

Bumerke teikna på Tøn.

Mons 1716 tavle 5 nr. 39. Det er snutt um i 1720 og sett på hovudet fire gonger 1723-1732. Sjur 1726 t. 5 nr. 40. Korporal Sjur har teikna anna merke 1729, 1731 og 1736. Sone 1736, 1740 t. 5 nr. 41. Ivar teikna dette merket med trikant på toppen i staden for tverrstreket. Håvard 1748-1761 t. 5 nr. 42 og med noko brigde 1764, 1765 og 1769. Knut 1758 t. 5 nr. 43. Ivar Oddson 1775 t. 5 nr. 44. Han teikna 1782 I A T.

Segn.

Stue Tøn var runakadl på Tøn og var øyeleg stor og sterk. Ein dag han var i utslåtta og slo, sette han seg under ein hammar til å kvila. Då Stue reis upp att, tok kroken i brokaselen (bukseselen) hans burt i ein stor stein som hekk utover berg-hammaren. Steinen ramla nedover og tok med seg ei mengd stein, som øydelagde slåttemarki. Slåtta har sidan vore kalla Brokaslåtto.