55. Tròdo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 329 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Trodum (i 1343: i Troda hagha). Det vert no sagt Tròó2, han búr pao, è tao Tròó, ska tì Tròa, sms. Tròa-hajén. Namnet kjem av ordet ei trod, gn. trọð f. (fl. traðir, gen. traða, dat. trọðum) og tyder ein stad der kyrne står. Etter segni var garden fyrr trod til Gjerde.

Tròdo er ein einbølt gard og er i 1661 førd upp som halv gard med skyld 2 laup og med to brukarar. Landkommisjonen skriv at det var ringt med brennefang. Skyldi er den same i 1723, men berre ein brukar. Det er då sagt at jordi var turr, skinnæm og mager. Der var turvande vedaskog og ein liten humlagard. Det er same skyldi i 1777 og 1838 og då ei kvern. Samanlikningstalet i 1830 var 790. Skyldi er i 1838 umskrivi til 5 dalar 1 ort 5 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 161/3 mål åker, 6½ mål dyrka eng, 25 mål god, 46 mål medels natureng og 24 mål skrapebø. Vårhamni var ring. Sumarhamni god, men langt burte. Det var berre halvparten av det som trongst til brennefang og ikkje timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 7 mål open åker, 10 mål kunsteng og 12 mål natureng.

På Tròdo budde det 11 menneske i 1801, 12 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tròdo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 4   17   20          
1723 2   14   12   18      
1865 1 ½ 14   28   41   24  
1918 1   10   22          

Vegabotbrevet frå 1343 (DN. VI. nr. 167) umtalar at Borstrendingane skulde byggja heile Åsbrekkebrui og halda ved lag grusvegen i «Troda hagha» (Tròdahagen) og alt anna vegarbeid der imillom. Det er fyrste gong ein ser Tròdo nemnt. I Bjørgynjar Kalfskinn er skrive, at Vangens prestebol åtte 2½ laup i Tròdo. I 1402 er skrive eit brev på Tròdo, men det vedkjem ikkje elles garden (DN. V. nr. 417).

--- side 330 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tròdo. Dette er hovudbruket. Sjur budde der 1521 og betalte 1 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Torgils heitte brukaren i 1563 og Gullbrand i 1567. Han brukte 2½ laup som stiftet åtte. Han hadde berre 1½ laup i 1591.

Oluf var bygselmann i 1597 på 2 laup som stiftet og kruna åtte og betalte då tridje års bygsel med 2½ mark 2 skill. Oluf er sidan nemnd mange gonger til 1636. Då er Hauff førd upp som leiglending på 2 laup, som verfar hans hadde overlate.


Bilete 37. Tròdo. Fot. Ludv. Bru 1920.
Bilete 37. Tròdo. Fot. Ludv. Bru 1920.

Hauff må difor ha vore gift med dotter åt Oluf. Hauff var òg brukar i 1640. I 1611 åtte Oluf Tròdo ½ laup i Tròdo saman med Per Skulestad og i 1614 saman med Laurits Ringheim.

Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Tròdo var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Det er tilført at jordi var tolleg god til avling. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 16 mark odelsgods med ½ dalar i skatt. Stiftet åtte då 2 laup i Tròdo. I koppskattemanntalet 1645 er ført upp Nils Gudleikson, g. m. Mari, og ei huskone Hellie. Nils var stemnd i 1659 fordi han hadde gjort for langt brudlaup. Halldor Tròdo åtte ½ laup i garden i 1642. Landkommisjonen førde 1661 Tròdo upp med

--- side 331 ---

2 laup, som høyrde til Finnegodset, og to brukarar: Mons Arveson og Ivar Torkjelson. Det er likeins og i 1664. Ivar vitna 1669 i skogsaki mot Klas Miltzow, at Ivar hadde hogt 15 tylvter sagtimber i Raundalens Ålmenning. Klas Miltzow åtte heile garden i 1680 og 1½ laup av han 1691. Henrik Miltzow var eigar av Tròdo i 1695, og Ivar Torkjelson var brukar. Han var g. m. Brita Nilsdr. og døydde 1699. Dei hadde berre sonen Steffa.

Folketeljingi 1701 har som leiglending ført upp Steffa Ivarson, 36 år, og sonen Ivar, 1 år. H. Miltzow var framleies eigar av garden i 1714. Steffa og ei enkje var leiglendingar 1715. Han brukte heile garden 1723. I 1724 var han saman med fleire andre stemnd for at han hadde vore med og samla inn pengar til Kjøbenhavnsreisi åt Lars Skutle og Kjel Berge. Steffa var g. m. Rannveig Oddsdr., som døydde 1736. Steffa døydde 1762, 100 år og 4 månader gl. Fire born: Ivar gift 1736 m. «Athle» Monsdr. Hendrikstveit, Nils, Anna gift 1728 m. Torleiv Åmundson Gjøastein, Gjertrud f. 1715.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen til Apostelgodset i Tròdo 1 spann smør og 1 bukkskinn. I 1650 åtte Sehested 2 laup Finnegods i Tròdo, som han hadde fått ved makebyte med kongen. Det var på det 1 spann smør og 1 bukkskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata det att i 1651 til kongen. Han selde i 1657 2 laup til Gabriel Marselis. Etter skattemanntalet 1657 var det 2 laup Finnegods på Tròdo. Lars og Olav var leiglendingar.

Nils Steffason, f. 1704 g. 1730 m. Marta Olavsdr. Dolve, døydde 1781. Han bygsla av Henrik Miltzow 1 laup i 1732. I 1759 kjøpte han av kongen løysningsretten til 1 laup og sonen Olav 1 laup for tilsaman 100 rd. Nils og Olav fekk skøyte i 1764 frå sorenskrivar Fleischer på tilsaman 2 laup. Nils var mykje brukt som bygdeprokurator både på Voss og i Granvin i åri 1755-1776. Han skreiv dokument og ymist anna åt folk. Ein gong han var på Eide i Granvin, lokka «Pykane» han inn på eit loft og prylte han upp. Det var vel fordi han som prokurator hadde kryssa deira interessor. Gastgjevaren på Eide heitte då Pyk. Nils var 1756 stemnd for rest på landskyld i 10 år som leiglending på Ullestad, og dei vilde ha han frådømd

--- side 332 ---

bygsli på garden. Ved skifte etter Nils var bruttomidelen 326 riksdalar.

Nils og Marta hadde borni: Olav, Odd f. 1746, Brita f. 1731 Ingebjørg, Guri f. 1738, Barbrå f. 1742 og Åsa f. 1748. Odd gifte seg i 1780 til Vetle Ringheim. Ingebjørg var gift 1754 m. Jon Davidson Mølster eller Gjerstad, skriven for Sædevik, Ytre Sogn i 1786. Guri gifte seg 1767 m. Olav Kristofferson Rekve. Barbrå var gift 1773 m. Åmund Torgeirson Øvre Lid skriven for Lae i 1781.

Olav Nilsson g. 1756 m. Marta Åmundsdr. Ringheim, fekk som ovanfor nemnt skøyte i 1764 på 1 laup. I 1781 skøytte broren Odd 1 laup til Olav. Han åtte dessutan part i Raundalens Ålmenning. Han makebytte i 1783 med Knut Sjurson og Brynjulv Åmundson Øvre Graudo, som då fekk Tròdo med part i Raundalens Ålmenning. Dei hadde so Tròdo saman til 1804, då Knut let sin part til Brynjulv. Han bytte i 1804 med Anders Eirikson Osgjerd, som gav 1000 riksdalar i byte, er det fortalt. Han var f. 1751, gift 1781 m. Brita Andersdr. Løno. Ho var fyrst g. 1769 m. Torbjørn Knutson på Løno. Brita døydde 1831 og Anders 1832, båe 80 år gl.

Anders flytte med seg frå Osgjerd til Tròdo bu og bualoft. På vindauga i bui er denne innskrifti på to rutor: «Welagte Erich Iversen Oskier 1751. Welagte Qvinde Ranvei Andersdotter Oskier 1751.» Det har òg vore fortalt at Brynjulv flytte med seg bualoftet og hestestall, som var bygt ihop. Over loftsdøri på Tròdo er innskore noko som truleg skal tyda 1626. Anders og Brita hadde fem born: Torbjørn f. 1789, Anna f. 1784, Brita f. 1786, Rannveig f. 1792 og Kristi f. 1795. Anna gifte seg 1817 m. Nils N. Røyrlidi, gardmann på Gilbakken, Vossastr. Brita vart gift 1824 til Kvarakvål m. ekm. Ivar Monsson. Rannveig vart gift 1813 m. Nils Knutson Finne, gardmann på Lirhus. Ho Kristi gifte seg til Ringheim med Halle Olavson.

Torbjørn Andersson gifte seg 1820 med Gunnvor Andersdr. Gjerde. Han fekk skøyte i 1814 på garden for 400 riksbankdalar og ho fekk i 1804 og 1819 farsgarden sin på Gjerde. Torbjørn døydde 1846 og Gunnvor 1890. Nettomidelen ved skiftet var 923 spd. Åtte born: Anders f. 1832, Torstein f. 1835, Brita f. 1821, Anna d. e. f. 1823, Brita d. y. f. 1827, Kristi f. 1828, Rannveig f. 1830, Anna d. y. f. 1837. Anders, g. m. Brita

--- side 333 ---

Knutsdr. Afdal, fekk bruk 5 på Gjerde. Brita d. e. gifte seg til Ringheim m. Olav Halleson. Brita d. y. var g. 1850 m. Lars Ivarson Indre Ringheim. Kristi var g. m. Gusskalk Ivarson Ringheim, husmann på Tròdo. Rannveig gifte seg med Nils Knutson Ro frå Teigdalen, husmann på Ringheim. Anna d. y. var g. m. gardmann Olav Andersson Nedre Ringheim.

Torstein Torbjørnson g. 1864 m. Margreta Larsdr. Grevle, døydde 1928. Han fekk garden ved skifte etter far sin i 1854 for 626 spd. Born: Brita f. 1874 og Lars f. 1876. Lars gifte seg 1. 1898 m. Marta Torkjellsdr. Rue, 2. 1928 m. Oleanna Olavsdr. Fenno og døydde 1930. Han hadde fått garden 1926 for 8000 kronor. Lars sin son Torbjørn f. 1898 fekk garden (bruk 1) i 1928 for 10 000 kronor.

Tròdo var fyrr mtrnr. 55, lnr. 119 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 1 ort 5 skill., revidert 4 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,40 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Indrebø. Skyld 60 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1928 og selt til Anders Larsson Tròdo f. 1904, som har bygt der.

Husmenn.

Arne Arneson var husmann på Tròdo i 1701 og var då 26 år gl. Gusskalk Ivarson Ringheim, f. 1823, nemnd ovanfor, g. 1854 m. Kristi Torbjørnsdr. Tròdo, var husmannsfolk på plasset Hagen. Han var skomakar, dreiv mykje med sela-arbeid og fekk premie for det på utstelling. Deira son Torbjørn f. 1867, kjøpte bruk 7, Øvrebø, på Skulestad. Jørgen Gitleson Rokne f. 1854, g. 1. m. Brita Olavsdr. Hauge, 2. 1893 m. Ingeleiv M. Erdal, har plass på Dynjarhaugen. Både Haugen og Dynjarhaugen høyrer no til bruk 2.

Støl.

Tròdo hadde ikkje støl i 1723. Sumarsstølen er Tròda-Torvedalen, som har vore i bruk til ikring 1920. No brukar dei Tròstølen, som fyrr var brukt til vårstøl.

Kvern.

Kvern var det ikkje på Tròdo i 1661 eller 1723, men i 1776 og 1791 var det ei. Tròdo hadde fyrr kvern i Gjerdskvålsgrovi fortel nolevande folk, men ho er burte for lenge sidan.

Offentlege forretningar.

Sak i 1698 millom Ringheim, Gjerde og Tròdo um fjellstølen Føyningen. Kommisjonsforlik 1836 um gjerde og beiting. Godviljug utskifting 1842. Utskifting 1895. Feste til Voss Skilag på tuft til skihytta på Tròstølen.

--- side 334 ---

Bumerke teikna av bunadsmenn på Tròdo.

Steffa 1724 tavle 3 nr. 84. Eit anna merke i 1737. Nils 1743, 1751, 1752 t. 3 nr. 85. Nils Steffason 1752-1780 mange gonger t. 3 nr. 85. Merket er snutt upp ned i 1773 og noko brigda i 1766. Olav 1757 t. 3 nr. 86. Brynjulv 1784 t. 3 nr. 87. Knut 1785 t. 3 nr. 88.