116. Tundal.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 248 ---

Namnet vert i Bjørgynjar Kalfskinn (umkr. 1360) skrive Tunddaler. Det vert no sagt Túndal2; han búr pao, è tao Túndal, ska tì Túndals. Namnet er truleg samansett av eit tún og dal, i gamalnorsk Túndalr.

Bruk 1. Tundal er einbølt gard. Fyrst i 1910 og 1911 er eit par mindre partar skilde frå garden.

Landkommisjonen i 1661 segjer at skyldi er 1 laup 6 mark og at der var ein brukar. Der var vedaskog og humlagard. I matrikkelen 1723 står skyldi på heile garden førd upp med 1 laup 45 mark, men etter uppgåvone over dei einskilde eigarane vert det 1 laup 6 mark. Turvande vedaskog og humlagard var der då og, men ikkje korn eller fiske. Garden var noko misleg og tungvinn. Brennefang, ein liten humlagard og noko skog var der i 1838, er det sagt i matrikkelen. Samanlikningstalet var 400 og skyldi vart då umskrivi frå 1 laup 6 mark til 2 dalar 3 ort 6 skill. Som nemnt i innleidingi til band 2, var Tundal teken til normalgard for Voss tinglag ved matrikkelen i 1819. Humlagarden har havt steingard på tri sidor og noko av muren står att enno.

Matrikkelen 1865 syner at der var 12 mål åker, 1½ mål dyrka eng, 15½ mål god, 33 mål medels natureng og 58 mål skrapebø.

--- side 249 ---

Vårhamni var god, men sumarhamni ring, skog til husbruk. Timber og ved kunde seljast for 4½ spd. årleg. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 er gjeve upp 13,7 mål open åker, og 17 mål natureng.

Det budde 7 menneske på Tundal i 1801, 4 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tundal.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 9
1723 1 10 12 8
1865 1 10 25 28 24
1918 3 8 17

Olavskyrkja i Bergen åtte 5 mamatabol i Tundal fortel Bjørgynjar Kalfskinn. Rekneskap og jordbok for 1585 syner at skulemeisteren i Bergen fekk 1 geitskinn, 1 bukkskinn og 1 laup smør, og Vangskyrkja 1 aske korn og 6 merker smør i årleg landskyld av eigedomane sine på Tundal. Fyrste brukaren på Tundal me veit namn på er Jøstenn, son budde der 1611 og betalte ½ dalar i skatt 1614. Då er han utskriven, med øks og sverd til Svinesund. Lasse var brukar i 1621 og Anders Olde åtte då 12 mark i Tundal. Lasse er nemnd fleire gonger som brukar til 1645, då han er skriven for Lasse Endreson og at han var gift med Asgjerd. Etter leidangsboki 1624 var leidangen 9 mark smør, 1 sauskinn og 1 kalvskinn. Viking var leiglending.

Rektoratet i Bergen åtte 3 spann i 1652 og 1659, «Rongue» Olde 12 mark og Vangskyrkja 12 mark i Tundal. Rektoratet hadde bygsleretten til alt. Lars var leiglending. Det var likeins og i 1661, berre med den skilnad at 12 mark då er ført upp som bondegods i staden for Rongue Olde. Etter kyrkjerekneskapen 1654 fekk Vangskyrkja 1 aske korn og 7 merker smør for dei 12 mark som ho åtte i Tundal. Lars var framleies brukar i 1664. Som eigarar er i 1691 og 1695 ført upp lektoratet i Bergen med 3 spann og Vangskyrkja 12 mark. Nils Knutson var leiglending 1671-1695 og sidan var det Sjur, g. m. Brita Olavsdr. f. 1642, som var uppali på Tundal. Hollgeir var og leiglending i 1691. Nils var husmann på Istad i 1722.

--- side 250 ---

Torfinn Henrikson f. 1627 var leiglending i 1701. Han vitna 1707 i ei sak på Ronve, og upplyste då m. a. at han hadde butt i 21 år på Hildestveiti. Torfinn var gift med Gunnhild Bårdsdr. og døydde 1715. Ho levde etter han og var barnlaus. Rektoratet åtte i 1714 framleies 3 spann, Vangskyrkja 12 mark og Vangens Fatighus 12 mark. Lars Knutson f. 1691 var leiglending i 1715 og døydde 1736. Han var g. m. Brita Mattisdr. som døydde 1773, 96 år gl. Dei hadde tri born: Sigrid f. 1715, Kolbein f. 1719 g. 1744 m. enkja Synneva Olavsdr. Lirhus, Knut f. 1721.

Ho Brita gjorde semje i 1743 med Brynjulv Olavson Tundal,


Tundal
Bilete 28. Tundal. Fot. P. Braaten 1936.

som skulde verta verson hennar, at ho skulde segja upp bygsli so han skulde få koma i staden. Brynjulv gifte seg året etter med Sigrid, dotter åt Brita. Dei var då leiglendingar. Han døydde 1755, 37½ år gl. og hadde desse fem borni: Synneva f. 1744, Torbjørg f. 1747, Olav f. 1750, Lars f. 1752 og Brynjulv f. 1755. Synneva gifte seg 1773 til Gjerdåk med ekm. Anders Brynjulvson. Torbjørg vart gift 1776 m. ekm. Arne Torsteinson Gilbakken.

Sigrid Larsdr. gifte seg andre gongen i 1756 med Olav Åmundson Øvre Vinjo f. 1718. Dei bygsla so garden. Ho døydde 1776 og han gifte seg att 1777 med Sigvor Andersdr. Nedre Lid.

--- side 251 ---

Ho døydde 1788, 47 år gl. og han 1789. Ho Sigrid hadde ikkje born med Olav, men han hadde med Sigvor dotteri Sigrid f. 1780. Olav var leiglending etter Brynjulv. Brynjulv Knutson Gjelle bygsla garden i 1788.

Sigrid Olavsdr. vart gift 1796 med Nils Person Nedre Ygre og dei vart so leiglendingar. Ho døydde 1806 og Nils 1817, 57 år gl. Det var fire born etter dei: Olav f. 1798, Sigvor f. 1800, Anders f. 1801 og Marta f. 1803. Ved skifte etter Nils var buet på 153 spd. Olav bygsla Tundal i 1819, men let bygsli til Anders, bror sin, i 1828 og døydde ugift i 1832 som sinnssjuk. Anders gifte seg 1833 m. Guri Samsonsdr. Tverberg og hadde fått kongeskøyte på garden i 1832 for 525 spd. I 1835 bytte Anders med Olav Brynjulvson uti bruk 2 Hildestveiti. Tundal var då taksta 600 spd.

Olav Brynjulvson f. 1794 var frå Ronve og gift 1. 1827 med Brita Larsdr. Fenno, 2. 1830 med Ingebjørg Olavsdr. Saude, Borstr. f. 1805. Olav døydde 1864 og Ingebjørg 1884. Det var tri born etter Olav og Ingebjørg: Brita f. 1831, Ingebjørg f. 1833 og Olav f. 1842. Brita vart gift til Nedre Kyte med Anders Torsteinson og Ingebjørg til Nedre Graudo med Nils Heineson. Olav gifte seg 1867 med Anna Nilsdr. Bjørku f. 1848, og fekk skøyte frå far sin på garden i 1863 for 500 spd. Olav døydde 1928. Tri born: Guri f. 1868, g. m. Lars Helgeson Sevalstad, Ingebjørg f. 1871, g. m. Nikolai Herstad, sjå bruk 3, og Brita f. 1876, g. m. Olav Kvammen. Dei bur no på bruk 1 og Olav driv elles mykje med målararbeid.

Tundal var fyrr mtrnr. 117, lnr. 236 med gamal skyld 1 laup 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67.

Bruk 2. Skilt ut frå bruk 1 i 1910 med skyld 55 øre etter oreigning av jarnbanen.

Bruk 3. Bjørkelund. Utskilt frå bruk 1 i 1911. Skyld 80 øre. Skøytt til Nikolai Herstad som har bygt der og har dyrka mykje på eigedomen.

Husmenn.

I 1723 var der ikkje nokon husmann fortel matrikkelen. Rektoratet i Bergen har 1797 gjeve husmannsfeste til Anders Olavson på plasset Kronæ for årleg avgift 4 mark til leiglendingen. Anders var som ekm. g. 1789 m. enkja Anna Brynjulvsdr. Kinne og døydde 1800. Anna døydde 1817, 78 år gl utan born. Torbjørn Ivarson f. 1770, g. 1819 m. enkja Brita

--- side 252 ---

Brynjulvsdr. Tunndal var husmannsfolk. Han døydde 1830 og ho 1843, 82 år gl. utan born. Det var to gamle gjentor som sist budde i Kronæ, og dei døydde ikring 1850. Plasset var i sørvestre hyrna på eigedomen og hustuftene syner enno.

Støl.

Støl var det ikkje til garden i 1723. I ei rettssak 1724 millom Selheim og Tverberg er vitna at Tundal hadde støla på Selheimsstølen Gretto i 19 år, men for skuld hevdsretten laut dei då vera derifrå ei tid. Som umtala på Osgjerd selde i 1768 Eirik Osgjerd stølen Myseliæ til rektoratet i Bergen som då åtte Tundal, og stølen har sidan fylgt med garden. Myseliæ ligg millom Mæringi og Justdalen.

Kvern.

Kvern hadde ikkje Tundal i 1723, men i 1776 og 1791 var der ei som har vore i bruk til i 1880-åri. Kvernhuset har stade i Hòrjolo på Bjørkeeigedom. Det er fortalt at kverneknarren skulde vera leid med kverni. Sume tider plukka han skjekene or kvernekallen, og andre tider tok han or pluggen so stemmeluka datt ned i sloket so kverni stogga når dei mol um kveldane. Reint gale skulde det vera når dei mol jolemalt.

Offentlege forretningar.

Tundal hadde sak mot Mæringi i 1782 um beiting, neverflekkjing og meir. Tingsvitne vart uppteke og dom sagd. Takstforretning var halde 1811. Saman med nokre andre gardar hadde Tundal sak i 1830 mot «Den lærde skole» i Bergen og dom fall 1831. Semje um gjerde mot Bø vart gjord i 1851.

Ymse.

På vestre luten av eigedomen har det nok og butt folk på ein stad dei kalla Fløto. Åresteinane ligg der enno. - I Hovden står ei stor fure som dei kalla skogmoræ. Nils Bjørku mælte henne i 1923 til å vera 2,65 meter umkring, 1½ meter uppå leggen. Ho har krusketopp. - Eldhuset som dei no brukar, er av rundtimber, har årstalet 1767 og har fyrr vore stove. Ho hadde ljore, og det var fyrst ikring 1840 at det vart sett inn eit lite firkanta vindauga med glas. På Tundal meiner dei at bui skal vera eldre. Buadøri har mange tjørekrossar.

Segn.

Olav Tundal fødd 1842, har fortalt at i hans barndom sette dei kvart jolafta ein tjørekross på buadøri til verje mot jolareidi. Eit år vart dei so seine med bryggjingi at dei fekk ikkje skaka upp fyrr store jolafta. Husbonden gjekk då i loftet etter to kjengjor til å ha øl i. Då han ikkje kom att, og dei gjekk skulde sjå etter han, stod han bunden attmed ein stor alm. For å få han laus, laut dei bera gløder tri gonger rundt tunet og leggja to skjeringar i kross. So tok husbonden til å råda med seg

--- side 253 ---

att. Ein gong dei bryggja til sumars og vørtret tok til å renna, kom dei etter at det var trollskap i brygget. Men dei redda folk og fe med å grava brygget ned i ei djup hole i åkeren.

Bumerke.

Lars Tundal 1724, 1735 på tavle 5 nr. 102. Olav Tundal 1761 tavla 5 nr. 103. Han har fleire gonger i 1767-1770 teikna O på ein T. Olav Åmundson har 1778 brukt merket t. 1 nr. 45.