227. Tungeteigen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 407 ---

Gamle skriftformer finst ikkje. Namnet vert sagt Tùngé- el. Tùngùteijén2; han búr í, è ór Tùngéteijè, ska í Tùngéteijén. Namnet er samansett av tunge f. (landtunge) og teig m.

Tungeteigen har alltid vore einbølt gard sidan han vart utskilt ved skylddeiling i 1776 frå Lekve med skyld 9 mark. Skyldi vart 1838 umskrivi til 4 ort. Då er sagt at der var turvande vedaskog og samanlikningstalet var 120. I matrikkelen 1865 er ført upp 5 mål åker, 1 mål dyrka eng, 5 mål god, 20 mål medels natureng og 30 mål skrapebø. 1 mål høvde til dyrking. Der var ring vårhamn og ikkje sumarhamn. Skog til husbruk.

--- side 408 ---

Garden var tungbrukt og var dyrka som vanleg. I 1918 var der 2,7 mål åker, 4 mål kunsteng og 7 mål natureng.

Der budde 4 menneske i 1801, 7 i 1865 og 7 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tungeteigen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1865   ½ 4   11   13 ½ 13  
1918         8          

Ved skylddelingi 1776 er sagt at Tungeteigen var rydningsplass. Fyrr hadde der butt husmenn. Den fyrste me har funne namn på, er Helge i 1711-1718. Deretter var det Anders Sjurson, g. m. Åsa Jonsdr., som båe døydde barnlause i 1757. Han var då 70 år gl. Ho var av Gjelleætt. Gullbrand har butt der 1773. Sidan var det Lars Jensson, Han var g. 1. m. enkja Mari Olavsdr., 2. 1776 m. Herborg Vikingsdr. Øvre Rykke. Mari hadde fyrr vore gift to gonger, fyrst med Sjur og deretter med Ivar. Med Sjur hadde ho sønene Per og Knut og med Ivar sonen Sjur f. 1755. Mari døydde 1776, 68 år gl.

Anders Larsson Glymme fekk 1776 skøyte hjå krigsråd Herman Reinholdt Fleischer på Tungeteigen. Anders var g. 1773 m. Rannveig Knutsdr. Staup, og fekk døtterne Gjertrud f. 1779 og Ingebjørg f. 1781. Anders bytte 1782 m. Nils Botolvson uti Taulen. Han selde 6 mark i 1783 til Magne Oddson Ringheim, som same år gifte seg m. Gjertrud Sjursdr. Hegle. Anders Nilsson kjøpte 1785 desse 6 mark og i 1787 3 mark av Nils Botolvson. Anders var g. m. Brita Larsdr. og fekk 1794 sonen Nils. Olav Oddson kjøpte 1788 garden og selde att 1798 til Knut Larsson Tøn og døydde 1799, 66 år gl. Olav var g. 1756 m. Kristi Nilsdr. Istad, var ei tid på Tveiti og er skriven for Istad i 1779. Knut var g. 1. m. enkja Sigtrud Olavsdr. Lemme, 2. 1816 m. Marta Andersdr. Skutle. Marta døydde 1820, 49 år gl. og Knut 1840, 70 år gl. Deira son Knut f. 1798 fekk 1832 skøyte på garden for 100 spd. Han gifte seg 1831 m. Gjertrud Larsdr. Kvitno, og fekk 1833 sonen Olav.

Olav Torgeirson Gjelle kjøpte 1840 garden for 400 spd. Han var g. m. Rannveig Olavsdr. og døydde 1851. Dei hadde

--- side 409 ---

borni Anna f. 1837, Torgeir f. 1844 og Brita f. 1848. Torgeir fekk garden på skifte etter faren. Mikkjel Knutson Glymme kjøpte 1860 garden på auksjon for 300 spd. Han selde att 1874 til Nils Nilsson Jerald for 600 spd. og vart seinare buande på Eimstad. Nils selde i 1879 til Lars Bjarneson Herre for 2940 kronor og fekk sidan bruk 4 på Jerald. Lars fekk gard på Rokne og selde 1884 Tungeteigen til Anders Monsson Saude for 2800 kronor. Han selde same år til Viking Bårdson Selje, for 2500 kronor, som atter selde 1885 til Nils Helgeson Øvstedal for 2700 kronor.


Tungeteigen
Bilete 49. Tungeteigen. Fot. P. Braaten. 1937.

Nils var f. 1840, g. 1878 m. Kristi Larsdr. Davidhaugen og fekk tri born: Lars Bolstad f. 1880 som har trygdeforretning i Bergen, Martina f. 1884, g. m. ekm. lokomotivførar Olav Andersson Søilen frå Fana, sjå bruk 17 av Rogne, og Anders som er byseljar i Bergen. Søilen fekk 1917 skøyte på garden for 3000 kronor og selde 1918 til politimeister Jensen for 9000 kronor. Lars Ivarson Himle kjøpte 1921 garden for 11000 kronor. Han er f. 1858, g. 1881 m. Synneva Nilsdr. Gjelland. Lars har vore ein uvanleg dugande og uthaldande arbeidskar. Var i sine beste år vidgjeten slåttekar. Ikring 25 år har han vore på banearbeid og har no pensjon av jarnbanestellet.

--- side 410 ---

Tungeteigen var fyrr mtrnr. 229, lnr. 452 med gamal skyld 9 mark, urevidert 4 ort, revidert 4 ort. Ny skyld mark 1,17.

Støl.

Tungeteigen hadde som umtala på bruk 2 Gjelle støl på Rapjane frå 1873-1884.

Bumerke.

Helge 1711 tavle 9 nr. 16, brigda på to måtar 1714 og 1717. Gudbrand 1773 t. 9 nr. 17. Nils Botolvson 1783 t. 9 nr. 18.