165. Tveiti.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 534 ---

Namnet er 1695 skrive Tuedt, i 1723 Tvejdten. Det vert no sagt Tveitè1; han búr pao, è tao Tveit'né, ska pao Tveitè. Det er same ord som gn, þveit f. slåtte, rudning o. m.

Landkommisjonen har ført Tveiti upp med ½ laup i skyld og med ein brukar. Det var likeins 1723. Garden var tungbrukt, låg høgt tilfjells og hadde lite vedaskog. Det var usikkert med kornavlingi; kornet fraus ofte. Skyldi vart sett upp til 2 pund som 1838 vart umskrive til 4 dalar 13 skill. Der var då brensel til eige bruk og vassfall. Samanlikningstalet var 620.

Matrikkelen 1865 har ført upp 14¾ mål åker, 20 mål god, 34 mål medels natureng og 52 mål skrapebø. 6 mål var skikka til dyrking. Vårhamni var god, sumarhamni medels, og der var skog til husbruk. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I kalde sumrar mognast ikkje kornet og det fraus sume tider. I 1918 var der 8,2 mål åker, 10 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Det budde 9 menneske på Tveiti i 1801, 11 i 1865 og 11 i 1920.

--- side 535 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Tveiti.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 6 6
1723 2 11 12 5 ¼
1865 2 16 30 33 ½
1918 4 12 28 21

Leidangsboki 1624 melder at Tveiti var øydejord og at leidangen var 3 mark smør og 1 kalvskinn. Henrik Rasmusson, g. m. Herborg var leiglending 1645 og hadde sonen Per. Gudleik Gjerdåk åtte ½ laup 1652, 1655 og 1659. Henrik var leiglending då og 1661. Skyldi er 1661 førd upp med ½ laup som bønder åtte. Johannes Jonson og Lars Åmundson var leiglendingar 1664. Halle Gjerdåk åtte Tveiti 1680 og Halle Tillung 1695. Bård var då leiglending.

Kåre Rasmusson f. 1673 var leiglending 1701 og hadde sonen Arne f. 1700. Arnbjørn Græe stemnde i 1706 Kåre for di han hadde teke på Arnbjørn andre joledagen. Futen F. Broderson stemnde Kåre til same ting for di han andre dag jol hadde slått bror sin, Olav Fenno, med ein ljosestake i huset åt far deira på Nesthus. Kåre sa i retten at dei laug alle saman både vitni og lagretta. Han vart dømd til bot 3 lodd sylv for di han hadde slått bror sin og 3 lodd sylv for brot på helgafreden.

Kåre hadde til same ting stemnt futen Broderson og påstod at futen hadde selt ein jordpart som Kåre hadde på Fenno. Denne saki vart avvist på grunn av formfeil med stemningi. I 1713 var Kåre stemnd av di han hadde tappa ned øl for gastgjevaren Weinwich. Kåre var oftare for retten på grunn av misgjerder.

Knut Olavson var eigar og brukar 1714. Han var g. m. Kari Sylfestdr. og døydde 1721. Ho gifte seg att 1724 m. Styrk Johannesson Opeland. Knut og Kari hadde to born: Odd f. 1705 og Brita g. fyre 1721 m. Olav Brynjulvson Grovu. Han bygsla 1721 1 pund av verfaren. Odd Knutson f. 1705, g. m. Gunnvor Eiriksdr. kjøpte 1726 8 mark av Olav, verbror sin, for 8 rd. og 1734 18 mark av Styrk, stykfar sin. Odd og Gunnvor døydde 1779, og båe vart gravlagde tridje sundag etter trieining, han 73 og ho 78 år gamle. Ved skifte 1779 var deira jordgods

--- side 536 ---

taksta 240 rd. Bruttomidelen var 366 rd. Sju born: Knut f. 1727, Marta f. 1730, død 1789, Olav Tungeteigen f. 1734, g. 1756 m. Kristi Nilsdr. Istad, Synneva f. 1736, død 1777, Lars Auro f. 1739, g. 1761 m. Torbjørg Olavsdr. Skutle, Magli, Kari f. 1742, g. 1770 m. Ivar Gudleikson Midberde, skriven for Næsås i 1789.

Knut Oddson f. 1727, g. 1757 m. Kirsti Nilsdr. Istad fekk skøyte 1757 frå far sin på 18 mark. Knut døydde 1778 og Kirsti gifte seg att 1781 m. Trond Ivarson Flatlandsmoen. Ved skifte etter Knut åtte dei 18 mark som var taksta 150 rd. Brutto-


Tveiti
Bilete 69. Tveiti. Fot. P. Braaten 1936,

midelen var 390 rd. Knut og Kirsti hadde sju born: Odd f. 1759, død 1780 ugift, Magli f. 1760, g. 1799 m. ekm. Nils Andersson Vetla Rokne, Anna f. 1763, g. 1808 m. Gudleik Ivarson Rjodo, Kari f. 1767, g. 1816 m. ekm. Sjur Oddson Tveiti, Nils f. 1769, Sjur f. 1773, g. 1812 m. enkja Rannveig Larsdr. Skutle, Lars f. 1777, g. 1800 m. enkja Marta Mikkjelsdr. Mala. Trond åtte 12 mark i Tveiti og døydde 1798, 41 år gl. og hadde med Kirsti dotteri Kristi f. 1783. Kirsti døydde 1826, 92 år gl.

Nils Knutson f. 1769 fekk i 1780 skøyte på 1 pund 44/11 mark. Ho Kirsti, mor hans Nils, åtte 197/11 mark som ho hadde fått ved skifte etter Knut, mannen sin. Det var då to eigarar og

--- side 537 ---

brukarar på Tveiti. Nils var g. m. Guri Monsdr. og fekk på Tveiti to born: Knut f. 1796 og Lars f. 1797. Nils bytte 1804 med Sjur Oddson uti eit bruk på Gjerde. Sjur var frå Skulestad, g. 1801 m. Brita Eiriksdr. Gjerde. Ho døydde 1815, 33½ år gl., og Sjur gifte seg andre gongen 1816 m. Kari Knutsdr. Tveiti, nemnd ovanfor. Ved skifte etter Brita var jordgodset 1 pund 44/11 mark verdsett 2000 rd. og bruttomidelen var 355 spd. Sjur døydde 1858, 88 år gl. Han og Brita hadde fem born: Eirik f. 1804, Brita f. 1806, død 1839, Kari f. 1809, g. 1829 m. Lars Larsson Fenno, Marta f. 1813, g. m. Lars Herbrandson Takla f. 1807.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tveiti. Lars Herbrandson fekk 1836 skøyte frå verfaren på garden. Lars døydde 1886, ho Marta 1885, og hadde sonen Sjur f. 1834. I 1842 vart fråskilt bruk 2. Lars bytte 1844 bruk 1 med Arnfinn Josefson uti garden hans på Grovu. Nils Torsteinson Herre og Åmund Erlingson Himle kjøpte same år Tveiti for 1130 spd. og selde att 1846 til Heine Larsson Sæbø, Eidfjord for 600 spd. Mons Nilsson Uppheim kjøpte i 1851 garden for 551 spd., og bytte 1869 m. Lars Herbrandson eller sonen Sjur Larsson, nemnd ovanfor, uti eit bruk på Fenno.

Sjur Larsson f. 1834 gifte seg 1860 m. Kirsti Andersdr. Øvre Fenno f. 1839. Han døydde 1910, og ho 1930. Dei hadde borni: Tvillingane Marta og Guro f. 1861, Brita f. 1864, g. 1890 m. Olav Hermundson Dale som bur på Ygre, Maria f. 1867, g. 1895 m. Jakob Johannesson Haugen (Eksingedalen), bur på Møn, Kari f. 1872, Olina f. 1874, død 1931, Margreta f. 1877, g. 1913 m. Ivar Olavson på Øvre Fenno. Marta vart g. 1881 m. skulelærar Torbjørn Mikkjelson Haugen frå Eksingedalen og Guro m. Torgeir Hermundson Dale, som bur i Alta, Finnmark. Torbjørn Haugen f. 1848, fekk skøyte 1891 frå verfaren for 3600 kronor. Torbjørn døydde 1912 og sonen Sjur fekk 1919 garden for 11900 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 166, lnr. 318 med gamal skyld 2 pund. Etter at bruk 2 var skilt frå var den ureviderte skyldi 3 dalar 4 ort 10 skill. og den reviderte 3 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,55.

Bruk 2. Stølen Krakaliæ. Utskilt frå bruk 1 1842 og selt til Ivar Johannesson Lydvo. Deira son Lars fekk stølen saman

--- side 538 ---

med farsgarden på Lydvo 1869. Han skøytte eigedomane 1916 til Per, son sin.

Bruk 2 er i panteregisteret ført upp som mtrnr. 166, lnr. 318 b med urevidert skyld 1 ort 3 skill., revidert 1 ort 7 skill. og ny skyld 38 øre.

Bruk 3. Vetla Tveiti. Skilt ut frå bruk 1 i 1887 og skøytt 1886 til Torbjørn Haugen saman med bruk 1. Han selde bruk 3 1892 til Torgeir Hermundson Dale for 600 kronor. Han let det 1929 til sonen Sjur for 900 kronor. Han er snikkar. Skyldi er 31 øre.

Bruk 4. Nyelidi. Skilt frå bruk 1 i 1920 og selt til Olav O. Stolen for 1200 kronor, som let det att 1927 til sonen Olav saman med bruk 2, Brurestolen. Skyldi er 13 øre.

Husmenn.

Mons Erlingson, g. m. Sigvor Larsdr. fekk sonen Trond f. 1712. Ivar Gudleikson fekk 1771 dotteri Dønåt. Olav Ivarson, g. m. Marta Larsdr. fekk sonen Ivar f. 1839. Johannes Nilsson Øvre Fenno, g. 1831 m. Brita Knutsdr. Haugen fekk plasset Vetla Tveiti i 1843. Fyrr var dei husmannsfolk på Fenno, der dei fekk borni: Nils f. 1831, g. 1862 m. Gudve Olavsdr. Fenno, Ivar f. 1835, Jorunn f. 1837, g. 1862 m. Henrik Bårdson Håtveit, husm. på Opeland, Knut f. 1843, g. 1866 m. Brita Magnesdr. Istad. Dei feste plasset Vetla Tveiti 1865 og budde der til 1873, då dei flytte til Fennateigen. Lars Eilivson Mala, g. 1869 m. Sigrid Persdr. Skutle fekk plasset 1875 og var der til 1887, då det vart skilt ut som bruk 3 og Lars f lytte til Hedlebrekkó på Fenno.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden står det i matrikkelen 1723. Stølen til Tveiti heiter Krakaliæ.

Kvern.

Kvern er ikkje nemnd 1723, men 1776 og 1791 var der ei flaumkvern, og der er kvern no og. Attmed kvernhuset var stampe frå ikring 1810 til 1840. Hjå Ryssgilselvæ var det uppgangssag frå 1840-åri til ikring 1880. I 1927 bygde Sjur Haugen og Sjur Dale ei sirkelsag attmed kvernhuset.

Ymse.

Ei tid etter påske 1804 var det lauseld på Tveiti. På tinget er upplyst at ein stovebygning, eit eldhus, to bualoft og ein kyraflor hadde brunne. Ho Kristi åtte halvparten i stovebygningen og eldhuset, det eine bualoftet og halvparten i kyrafloren. Resten av det som brann åtte sonen Nils.

Bumerke.

Knut 1714 tavle 2 nr. 51. Odd 1736 t. 7 nr. 17. Odd 1762 teikna eit anna merke. Knut 1777 teikna to K-ar med ryggen mot einannan.