225. Tveito.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 393 ---

Namnet vert i 1563 skrive Thuethuen. Det vert no sagt Tveitó2; han búr pao, è tao Tveitó, ska tì Tveita, sms. Tveita-gróè. Namnet kjem av ordet tveit, gn. þveit f. (slåtte, rudning), i fleirtal þveitar, dativ þveitum.

Tveito har vore einbølt gard til 1915. I 1661 var der ein brukar, 1 laup i skyld og turvande brennefang. Det var likeins i 1723 med tillegg at der då var humlagard. Skyldi var 1777 1 laup 9 mark som 1838 er umskrivi til 4 dalar 2 ort 13 skill. Der var vassfall, neverskog og brensel til husbruk. Samanlikningstalet var 680. I matrikkelen 1865 er ført upp 17 mål åker. 1¼ mål dyrka eng, 14 mål god, 63 mål medels natureng og 20 mål skrapebø. Ikkje noko høvde til dyrking. Ring hamnegang og skog til husbruk. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 18,5 mål åker, 19,5 mål kunsteng og 6 mål natureng.

Der budde 10 menneske i 1801, 11 i 1865 og 21 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tveito.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10   12          
1723 1   9   12   7 ½    
1865 1   16   32   42 ½ 26  
1918 2   6   15          

--- side 394 ---

Bruk 1. Tveito. Olav heitte mannen på Tveito i 1518. Han betalte då 1 mark til kongsgarden i Bergen som rest på drotningsskatten. Oluf var leiglending i 1563, Mons 1567 på 1 spann stiftsgods og Asbjørn 1597. Han betalte då tridje års bygsel for 1 spann med 61/3 skill. Jon var leiglending 1611 på 1 spann. Rognald var husmann eller øydegardsmann 1611, 1614, 1621 og leiglending på 1 spann 1629 og 1636. Han vart utskriven 1614 til Svinesund med byrse og sverd. I leidangsboki over Apostelgodset er leidangen for 1624 førd upp med 9 merker smør og 1 geitskinn. Stiftet fekk 1627 1 spann smør i landskyld. Per er fleire gonger skriven som leiglending 1635-1645. Han er siste året skriven Per Sverkveson, g. m. Åsa, og hadde dotteri Sigrid.

Skyldi var 1652-1661 1 laup. Derav åtte Laurits Torsnes ½ laup, Apostelgodset 1 spann og stiftet 1 spann. Åsa var leiglending 1652, Ivar 1655 og Knut Larsson 1657-1696. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 1 spann. Tveito er ført upp som Apostelgods i 1676 med 1 laup 9 mark i skyld. Lagmann Coch åtte 1691 ½ laup og Knut ½ laup 9 mark. Hans Akselson var 1695 komen som eigar i staden for Coch.

Knut Larsson var som fyrr nemnt brukar frå 1657-1696. Han var gift to gonger, fyrste gong med Gjertrud Torgeirsdr. Helland. I 1677 kjøpte han 1 laup, men han har altso selt noko att fyre 1691. Knut døydde 1696 og hadde fire born: David f. 1667, g. m. Rannveig Steffadr., Asgjerd, g. m. Halldor Tormodson Glymme, Gjertrud f. 1684 og Lars f. 1682, g. 1713 m. Brita Sjursdr. Vele. Han åtte 1714 ½ laup, som han har selt fyre 1723 til Rognald Arnbjørnson. Rannveig døydde 1704 og David var død fyrr og hadde ikkje born. På skifte etter henne vart trekt frå til presten for likpreik «efter forening» 2 rd., for likferdi 2 rd. 1 mark 8 skill., for stempla papir og til skrivaren 4 rd. og til lensmannen 2 mark 8 skill. Deretter vart det 105½ rd. til å skifta millom ervingane.

I folketeljingi 1701 er David Knutson skriven som odelsbonde og Halldor Tormodson som leiglending. Han kjøpte 1708 ½ laup på Tveito av Odd Saude. Borni hans Halldor fekk 1704 på skifte etter David 6 mark på Olde. Ho Asgjerd døydde 1696 og Halldor levde etter henne. Dei hadde to born Anna f. 1689 og Knut f. 1696. Anna vart g. 1720 m. Rognald Arnbjørnson Græe, Haugo f. 1699. Halldor let ½ laup til Lars Vele

--- side 395 ---

som i 1719 selde det til Rognald og hans festarmøy Anna for 96 rd. Rognald fekk 1734 gard på Indre Haugo hjå far sin og flytte dertil. Rognald selde 1747 Tveito, 1 laup, til Olav Larsson Vele.

Olav gifte seg 1773 m. Brita Nilsdr. Jerald og fekk borni Lars f. 1774 og Brita f. 1779, g. 1808 m. Olav Knutson Rene. Lars vart g. 1779 m. Anna Arnbjørnsdr. Haugo og fekk 1796 og 1799 skøyte på garden. Olav døydde 1797, 77 år gl. og Brita


Tveito
Bilete 47. Tveito. Fot. P. Braaten 1937.

1806, 67 år gl. På skifte etter Olav var halve garden taksta 180 rd. og bruttomidelen var 543 rd. Lars og Anna fekk fire born: Anna f. 1801, g. 1827 m. Nils Knutson Himle, Olav f. 1804, Brita f. 1807, g. 1829 m. Steffa Arnfinnson Rokne og Marta f. 1810, g. 1840 m. Ivar Johannesson Helland. Lars døydde 1859 og Anna 1861, 87 år gl.

Olav Larsson gifte seg 1837 m. Anna Elivsdr. Jernes og fekk 1842 skøyte på garden. Dei fekk borni Anna f. 1841, g. 1866 m. Nils Torgeirson Jernes, Lars f. 1845, død 1863 og Olav f. 1849. Olav fekk farsgarden 1879 for 2400 kronor og gifte seg m. Gjertrud Hallvorsdr. Solberg, f. 1864 i Strandebarm. Dei fekk sonen Olav f. 1898. Gjertrud døydde 1899 og

--- side 396 ---

Olav 1922. Johannes Århus kjøpte 1899 garden for 3900 kronor og let han 1910 til Ivar, son sin, for 5800 kronor. Han fekk utskilt halvparten av garden som bruk 2 og selde 1916 bruk 1 til Olav Jonson Åse for 7500 kronor. Han selde att 1918 til Endre Andersson Rue for 8400 kronor. Han er f. 1891, g. 1918 m. Marta Persdr. Røte. Lars Larsson Himle kjøpte garden i 1930 for 13000 kronor. Han er f. 1894, son til Lars Ivarson Himle, Tungeteigen og g. 1922 m. Helena Knutsdr. Leiddal.

Tveito var fyrr mtrnr. 227, lnr. 449 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 4 dalar 2 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,13, alt fyrr bruk 2 var skilt frå.

Bruk 2. Tveito. Utskilt 1915 frå bruk 1 med skyld mark 3,06. Ivar Johannesson bygde der. Han er f. 1884, g. 1912 m. Marta Vikingsdr. Helland. I 1918 selde han til Arne Person Fremmersvik for 4500 kronor. Han hadde fyrr drive med hellearbeid.

Husmenn.

Torstein Sveinson f. 1756, g. m. Rannveig Larsdr., f. 1746 var husmann i 1801. Viking Torgeirson, g. m. Gunnvor Davidsdr., døydde 1825, 57 år gl. Gunnvor døydde 1826, 58 år gl. Dei hadde tri born: Sigrid f. 1798, David f. 1801 og Torgeir f. 1805. David Larsson f. 1824 på Nyre, g. 1851 m. Brita Larsdr. Tren, hadde plasset Vetlatveitæ og fekk borni: Anna f. 1851, g. 1874 m. Torstein Larsson Jerald, Lars f. 1855, Nils f. 1857, død 1880, Ragnhild f. 1864 og Lars f. 1870. Han fekk 1899 husmannsfeste, men er flytt til Raustad. David døydde 1894 og Brita 1917. Lars Johannesson Århus fekk plasset Smidjehaugen. Han var f. 1879, g. m. Brita Torsteinsdr. Gjelland f. 1875 og døydde 1918.

Støl.

Støl var der ikkje 1723 er det sagt i matrikkelen. Tveito har no støl i Øvre Almenningen. Det er fortalt at dei i eldre tid hadde støl i Tveitaliæ, kalla Tveitastødl'n.

Kvern.

Ei flaumkvern er umtala 1723, 1776 og 1791. Folk hugsar at kverni stod i Tveitagroæ.

Offentlege forretningar.

Semje 1816 med Tillung um merke.

Bumerke.

Halldor 1713 tavle 9 nr. 8. Rognald fleire gonger 1727-1734 t. 9 nr. 9. Styrk 1732 t. 2 nr. 92. Olav 1887 t. 9 nr. 10.