156. Tverberg.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 470 ---

Namnet vert i 1611 skrive Tuerberg. Det vert no sagt Tvørrbèrge eller Tvèrrbèrg2; han bur pao è tao Tvørrbèrg, ska tì Tvørrbèrs. Namnet kjem av eit berg der, som ligg tvert fyre.

Landkommisjonen har skrive um Tverberg at skyldi var 2 pund med ein brukar og at der var brennefang. I matrikkelen 1723 er skyldi 2 pund 3 mark og der var ein brukar. Garden hadde litt skog til brensel og til husvøling. Garden var tungbrukt og og hadde skarp jord. Det var same skyldi til 1838, då ho vart umskrivi til 5 dalar 5 skill. Samanlikningstalet var 760. Der var vassfall og turvande fureskog og brennefang.

Matrikkelen 1865 melder at der var 15½ mål åker, 9 mål eng, 15 mål god, 6 mål medels natureng og 24 mål skrapebø. Garden hadde skog til husbruk og medels hamnegang for bruk 1, men hamnegang berre til halve fødnaden på bruk 2. I 1918 var der 12,8 mål åker, 24 mål kunsteng og 17 mål natureng.

Det budde 16 menneske på Tverberg 1801, og 10 i 1920. Uppgåve vantar for 1865.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tverberg.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 14 11
1723 1 10 6 6
1865 2 19 32
1918 2 10 21

Fru Gyrvhild Fadersdotter skøytte 1582 til kongen 4 skill. i avgift. Jens Kristofferson gav 2 dalar i fyrste bygsel for ein øydeplass Thuerberrigh, som han hadde uppdaga til å bu på er det skrive i Skattemanntalet 1597. Guttorm Grovu gav same året 4 rd. i fyrste bygsel for ½ laup. Mons var øydegardsmann eller husmann 1611 og Hans i 1614. Laurits vart utskriven til Svinesund 1614 med øks og sverd.

I 1619 er betalt tridje års bygsel ½ dalar til kongen for ½ laup. Namnet på leiglendingen står ikkje, men det var truleg Mons. Han var leiglending 1621 på ½ laup, åtte då og 1629

--- side 471 ---

1 spann i Bø og 9 mark i Tvilde, men vart 1629 fri for leiglendingsskatt av di han var so arm. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 3 mark smør og 1 kalvskinn. Stiftet åtte ½ laup i Tverberg. 1 spann odelsgods vart 1626 pålagt ½ dalar 6 skill. i ryttarskatt. Mons og Olav var leiglendingar 1636, Mons 1641 og Erling Monsson 1645. Erling var ugift. Der budde då husfolki Per Knutson, g. m. Ågota, og enkja Brita med dotteri Kari.

H. Sehested fekk kongeskøyte 1648 på 1 kalvskinn i garden og 1649 på leidangen 6 mark smør og 1 kalvskinn. Sehested åtte 1650 2 pund 1 kalvskinn i Tverberg som han hadde fått red makebyte med kongen. På det var det 6 mrk. smør, 1 kalvskinn i leidangen, ½ ort 16 skill. i skatt, 16 skill. i fornødspengar, 16 skill. i arbeidspengar og 211/3 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata dette jordgodset att 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. Erling og Rikol var leiglendingar 1657 står det i Skattemanntalet. I ei sak på Selheim 1724 er upplyst at Lars Torgeirson var leiglending på Tverberg 1652-1659. Erling Magneson møtte 1656 i ei sak som er umtala på Skulestad.

Lars Larsson var brukar 1661 og 1664. Klas Miltzow er 1670 eigar og Olav Andersson var leiglending 1691. Torgeir Klyve var eigar og brukar 1695. Sjur Nilsson var leiglending 1701, var g. m. Brita Ivarsdr. som døydde 1702 og hadde sonen Sjur f. 1694. Nettomidelen ved skifte etter Brita var 117 rd. Ved registreringi var kyrne verdsette 3 rd. og sauene 2 mark 8 skill. Sjur Nilsson budde sju år på Tverberg og vart sidan leiglending på Grjotland.

Henrik Miltzow åtte garden, 2 pund 3 mark, i 1714 og Olav Torsteinson var leiglending då og 1722. Han kjøpte 1723 garden av Miltzow og har 1724 fått skøyte frå løytnant Jens Nordahl. Olav (soneson til Olav Andersson) var g. m. Guri Arvesdr. som døydde 1763, 83 år gl. og Olav døydde 1749, 87 år gl. Dei fekk borni: Synneva, g. 1735 m. Olav Erlingson Grovu, Bryttva f. 1711, g. 1736 m. ekm. Knut Bjørgo på Kinne, Gjertrud f. 1713, g. 1735 m. Gudleik Olavson Nedre Graudo, Torstein f. 1716, Brynjulv f. 1718, g. 1744 m. Sigrid Larsdr. Tundal, Ivar f. 1721, trulova 1755 m. Brita Andersdr. Ygre, men han døydde fyrr dei vart gifte.

Torstein Olavson f. 1716, g. 1745 m. enkja Torbjørg Ivarsdr.

--- side 472 ---

Bjørku, fekk 1743 skøyte frå far sin på Tverberg. Han kongeskøyte 1760 på løysningsretten til Tverberg som han hadde kjøpt på auksjon for 52 rd. På tinget 1740 er meldt at Olav dreiv med handel og skulde skatta for dette etter «forordningen». Torbjørg hadde fyrr vore g. m. Lars Jonson Vestrheim, Ulvik, som budde på Bjørku. Ho døydde 1750, Torstein 1764, og hadde sonen Lars f. 1746. Nils Jonson Nesheim, Granvin, kjøpte 1761 12¾ mark av Torstein Olavson og fekk medan han budde der borni Orlog f. 1760, Jon f. 1763 og Pål f. 1767. Nils bytte 1766 med Anders Larsson uti Vålo, som selde att til Lars Torsteinson.

Lars Torsteinson f. 1746 gifte seg 1766 etter kongelegt løyve med syskinbarnet sitt Gjertrud Olavsdr. Grovu og fekk 1765 og 1769 skøyte på Tverberg. Lars døydde 1798 og Gjertrud gifte seg att 1801 m. ekm. Per Oddson Skår. Ved skifte etter Lars åtte buet 1 pund 1½ mark som vart taksta 450 rd. og bruttomidelen var 670 rd. Per døydde 1809, 75 år gl. og hadde med fyrste kona si to døtter: Rannveig, g. m. Brynjulv Larsson Skår, Granvin, Ragnhild, g. m. Hans Olavson Skår, Granvin.

Gjertrud hadde fire born m. Lars: Torstein, Olav f. 1778, Synneva f. 1769, g. 1795 m. Samson Torbjørnson Skutle, Torbjørg f. 1775, g. 1821 m. Anders Oddson på Håtveit. Olav fekk 1805 skøyte på 1 pund 1½ mark og døydde 1815 ugift. Ved skifte etter han var jordgodset verdset 1200 riksbankdalar. Bruttomidelen var 8439 riksbankdalar. Ho Gjertrud, mor hans hadde i kår 9 såld korn, 1 aske rug, 2 kyrafoster, 6 smalafoster og fritt hus og tilsyn.

Torstein Larsson f. 1771, g. 1795 m. Marta Brynjulvsdr. fekk 1795 skøyte frå far sin på garden. Torstein døydde same dag som faren i 1798, og ho Marta gifte seg att 1800 m. Snare Larsson Seim, Granvin. Snare fekk 1800 skøyte på garden. Marta døydde 1823, 47 år gl. Ved skifte etter henne åtte buet 1113/2O mark i Graudo verdsett 200 spd. Snare gifte seg uppatt 1824 m. Anna Andersdr. Flatlandsmoen. Torstein var ukonfirmert 1789 då han med Marta Nilsdr. Vivås fekk sonen Nils, som gifte seg 1817 m. Anna Mikkjelsdr. Skjerve. Med Marta hadde Torstein tri born: Lars f. 1795, Torstein f. 1799, g. 1820 m. Ingebjørg Nilsdr. Tverberg, Ingebjørg f. 1797, død 1820 ugift. Torstein vart dømd 1822 til 3 års arbeid på Bergenhus festning for di han hadde stole 4 vadmålsvevar på stampa på

--- side 473 ---

Grovu. Med Snare hadde Marta borni: Ingjerd f. 1801, Brynjulv f. 1807, Lars f. 1813 og Sigrid f. 1816.

Lars Torsteinson f. 1795 fekk skøyte på garden frå stykfaren 1812 og 1823 og ved skifte etter mori. Lars bytte 1832 med Samson Person uti Mæringi, der det er fortalt vidare um Lars. Samson var g. 1801 m. Gjertrud Olavsdr. Ygre. Han hadde bytt seg frå Ygre til Bø, derfrå til Mæringi og no til Tverberg. Han døydde som kårmann på Tverberg 1854, 83 år gl. Samson skifte Tverberg i to bruk, bruk 1 og 2. Ti born: Ingjerd f. 1801,


Tverberg
Bilete 60. Tverberg. Fot. P. Braaten 1936.

g. 1829 m. husmann Mikkjel Andersson Ygre, f. ikring 1795, Guri f. 1803, g. 1833 m. Anders Nilsson på Tundal, Anna f. 1805, g. 1823 m. Anders Jonson på Kvitno, Gunnvor f. 1809, død ugift 1842, Olav f. 1812, g. 1835 m. Ragnhild Magnesdr. Setre, Per f. 1817, g. 1835 m. Brita Magnesdr. Setre, Synneva f. 1819, Brita f. 1822, død ugift 1842, Gjertrud f. 1825, g. 1851 m. Johannes Larsson Øvsthus, Sigrid f. 1830, død 1831.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tverberg. Per Samsonson f. 1817 fekk 1836 skøyte frå far sin på dette bruket. Han gifte seg 1835 m. Brita Magnesdr.

--- side 474 ---

Setre og fekk på Tverberg sonen Samson f. 1836. Per bytte 1838 m. Svein Steffason uti bruket hans på Skjerve og Svein fekk same år skøyte frå Anders Knutson Himle på noko i bruk 1. Svein var f. 1801, g. 1841 m. Kari Knutsdr. Lid f. 1812 og døydde 1856. Kari døydde 1889. Ved skifte etter han var bruket taksta 400 spd. og bruttomidelen var 551 spd. Svein hadde drive noko med sylvsmedarbeid. Svein og Kari fekk borni: Brita f. 1841, g. 1875 m. Jon Larsson Graudo, 2. m. Steffa Fagnastølen og døydde 1928, Steffa f. 1843, Synneva f. 1844, Knut f. 1846, g. 1877 m. jordagjenta Marta Steffadr. Kyte.

Steffa Sveinson f. 1843, g. 1876 m. Bryttva Olavsdr. Ronve f. 1854, fekk 1862 bruk 1 ved skifte etter faren for 400 spd. Dei båe er døde og hadde borni: Svein, Hallvard, Kari f. 1882, g. 1904 m. Knut Torgisson Voll, Anders, Anna, Brita, Knut og tvillingane Olav og Steffa, fødde 1877-1896. Svein, Hallvard, Anna og Steffa reiste til Amerika. Svein f. 1877 er misjonsprest på Madagaskar for eit amerikansk misjonslag. Steffa var med i verdskrigen. Anders f. 1884 gifte seg 1923 m. Ingjerd Ivarsdr. Selheim og fekk 1926 skøyte på bruk 1 for 2000 kronor.

Bruk 2. Grotveit. Det er støl som 1867 var skilt frå bruk 1 med skyld 27 øre og selt til Lars Larsson Graudo. Han selde att til Steffa i 1874. Lars Nilsson Bjørku kjøpte stølen 1902 for 1300 kronor. Sonen Nils fekk skøyte på han 1923 saman med bruk 3 Bjørku.

Bruk 1 og 2 var fyrr mtrnr. 157, lnr. 303 med gamal skyld 1 pund 1½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 1 dalar 4 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,43 på bruk 1 og 27 øre på bruk 2.

Bruk 3. Tverberg. Olav Samsonson fekk skøyte 1835 frå far sin på dette bruket. Olav var f. 1812, g. 1835 m. Ragnhild Magnesdr. Setre og fekk på Tverberg borni Samson f. 1836, g. 1. 1867 m. Gjertrud Andersdr. Kvitno, 2. 1892 m. Elen Brynjulvsdr. frå Øksnes, husm. på Bjørku, Ivar f. 1838, Per f. 1841, Anders f. 1843, Lars f. 1850. Olav selde garden 1847 til Per Person Veiso som var g. m. Elisabet Nilsdr. og fekk på Tverberg borni: Nils f. 1847 og Ragnhild f. 1850. Per selde 1857 til Knut Olavson Tverberg som selde att 1869 til Svein Knutson Ukvitno for 650 spd.

Olav Olavson Tverberg kjøpte 1880 bruk 3 for 3000 kronor og selde att 1884 til Nils Klasson Selheim for 3500 kronor. Eirik Nilsson Hefte kjøpte bruket 1898 for 3940 kronor og

--- side 475 ---

selde att 1912 til Anders Steffason Tverberg på bruk 1 for 3500 kronor.

Mtrnr. 157, lnr. 304 b vart utskilt frå bruk 3 i 1816. Jon Nilsson Tverberg kjøpte eigedomen på auksjon, gifte seg 1821 m. Brita Nilsdr. Midberde og døydde 1837, 46 år gl. Jon selde eigedomen 1828 til Jon Arneson Skiple for 400 spd., som bytte 1831 m. Knut Olavson uti Kolvu. Knut selde att 1869 til Svein Knutson og eigedomen vart 1870 førd saman med bruk 3.

Bruk 4. Grotveit. Denne parten av stølen er skilt ut frå bruk 3 i 1841 og skøytt til Lars Johannesson Graudo. Knut Arnfinnson Rykke kjøpte stølen 1841. Ved skifte etter han 1864 fekk Knut Andersson Rykke stølen, men selde han 1872 til Knut Andersson Graudo.

Bruk 3 og 4 var fyrr mtrnr. 157, lnr. 304 med gamal skyld 1 pund 1½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 14 skill., revidert 1 dalar 4 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,35 på bruk 3 og 34 øre på bruk 4.

Husmenn.

Sjur Halldorson, g. m. Brita Olavsdr. fekk dotteri Kari i 1790. Ivar Brekke i Granvin, fødd på Bø, vitna 1724 at han hadde vore husmann på Tverberg for 32 år sidan. Hermann Ogmundson, g. m. Anna Sveinsdr. fekk sonen Lars i 1714. Halldor Sjurson f. 1788, g. 1823 m. Synneva Johannesdr. Øvre Graudo fekk 1822 sonen Sjur. Åmund Olavson, g. m. Gjertrud Larsdr. hadde dotteri Brita f. 1726. Lars Larsson Tverberg eller Almenningen, g. m. Margreta Jonsdr. fekk i 1830 dotteri Kristi. Anders Knutson Himle, g. m. Kirsti Styrksdr. Jernes, åtte ei tid ein part av bruk 1, som han selde 1838, umtala ovanfor. Anders var sidan husmann på plasset Sekkjen til han døydde 1849, 72 år gl. Han var smed og hadde borni: gardmann Knut Nedre Graudo, gardmann Olav på bruk 1 Ygre, snikkar Styrk Ringheim og kann henda fleire. Knut Nilsson, g. m. Anna Olavsdr. fekk 1854 sonen Lars. Johannes Larsson, g. m. Gjertrud Samsonsdr. fekk 1857 sonen Samson. David Knutson Bjørku f. 1825 g. m. Magli Halldorsdr. budde på plasset Sekkjen nedanfor gardshusi og døydde 1921. Dei fekk døtterne Bryttva f. 1855 og Sisselja f. 1859. Ovanfor gardshusi var plasset Mikkjelstræe, der Mikkjel budde ei kort tid.

Støl.

Det var ¼ mil til stølen er det sagt i 1723. Stølen til Tverberg heiter Grotveit og er ein halv times veg i aust for garden.

--- side 476 ---

Kvern.

Kvern var der 1723, 1776 og 1791. Dei to bruki har havt kvar si kvern, men den eine er heilt burte no. Den andre står ovanfor husi og har vore i bruk til nyleg. Anders sette upp sirkelsag ikring 1920. Ei snøskride tok henne 1927 og Anders måtte atter byggja sirkelsag. Han har eige elektrisitetsverk på 3 kilowatt, bygt 1931, der han får kraft til ljos, koking, noko uppverming og til elektrisk motor.

Offentlege forretningar.

Rettssak 1722 med Selheim, umtala på Selheim. Grenseforretning 1758 mot Gjerdåk, Bokkatun og fleire. Utskifting 1813 og 1829. Semje 1843 um gjerde og 1848 um stølsbeite. Utskifting 1910.

Ymse.

I desember 1926 brann stova åt Anders og største parten av innbuet. - Nils Sveinson, tilhuse på Fjose, f. 1640 vitna i ei sak på Selheim 1724 m. a. at for 62 år sidan budde Lars Liberg på Tverberg og var den fyrste som rudde upp på Tverberg. Dette stemmer ikkje med det som ovanfor er fortalt etter skattemanntali, at Lars var fyrste rudningsmannen, men truleg har han rudt noko og butt der.

Bumerke.

Olav 1736 tavle 2 nr. 91. Torstein 1756 t. 6 nr. 104. Sjur 1771 t. 7 nr. 1.