89. Tvilde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 45 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Tuildi. Det vert no sagt Tvìldè2; han búr pao, è tao Tvìldè, ska tì Tvìldés, sms. Tvìldés-kleivè. Namnet må vera ei avleiding av ordet tvì - (to), der er to elvar som møtest.

Landkommisjonen skriv i 1661 at Tvilde var halv gard med 3 laup 2 pund 20 mark i skyld og hadde ein brukar. Der var brennefang og ring humlagard. Skyldi var 4 laup i 1723. Garden var då årvand og tungvinn, hadde ein liten humlagard og knapt um brensel. I 1838 var det same skyldi, som då vart umskrivi til 11 dalar 2 ort, turvande brensel, fureskog til sal og humlagard. Samanlikningstalet var 1720.

Matrikkelen 1865 syner at der var 33½ mål åker, 4½ mål dyrka eng, 33½ mål god, 47 mål medels natureng og 80 mål skrapebø. Hamnegangen var medels, men sumarhamni langt burte. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 20 spd.

--- side 46 ---

um året og bruk 2 for 22 spd. Garden var medels lettbrukt, leid sume tider av turk og var dyrka som vanleg. I 1918 var der 14,5 mål open åker, 23 mål kunsteng og 15 mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tvilde.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   13   15          
1723 2   26   30   32      
1865 3 ½ 25   66   83   72  
1918 2   14   37          

Jon Botolvson, leigeprest på Voss, og fire mann vitnar i 1324 (DN. I. nr. 178) at Torgeir på Tvilde og Sigrid, kona hans, vedgjekk at dei hadde fått full betaling for 5 mmb. jord i Tvilde, 3 mmb. i Brekku, 3 mmb. i Mula og 4 mmb. i (Knia-) tveit med 60 kyrlag, selt til Odd Oddson. I brev frå 1332 (DN II. nr. 195) gjev Griotgard, prest i Haus, Bjørn Steinarson fullmakt til å krevja noko jord i Tvilde av ervingane etter Håvard på Hefte. To menn kunngjer i brev 1340 (DN. V. nr. 144) at brørne Eindrid Stub og Svein Bergulvson avstod 3 spann i Kvåle, Gullfj. til hovudprest på Voss, Eindride, for utlegg til Besse på Tvilde. Besse Toreson har vitna i 1340 um stølen Kvitingen. I vegabotbrev 1343 (DN. VI. VI nr. 167) er umtala at bøndene i Vinjar åtting skal halda «Bodubru» frå Tvildeslandet til midtdjupet og vegen i Tvildeskleivæ. Brev frå 1342 (DN. I. 281) melder og um vøling av Båbrui både på Rognesida og Tvildesida. I Bjørgynjar Kalfskinn er ført upp 7 (skal vel vera mmb.) i Tvilde som Olafs-kyrkja i Bjørgvin åtte og 1 mmb. i Mula som Vangskyrkja åtte.

Sone Eirikson, sokneprest på Voss og seks lagrettemenn kunngjer 1449 på Tvilde (i brev DN. IV. nr. 906) at Gjertrud Jakobsdr. (Rømer), umtala på Finne, selde til Garde Olafson 2½ mmb. i Tvilde (ein stad står 3 mmb.). Peter Håvardson, son hennar Gjertrud, vilde ikkje stadfesta dette salet, er det vitna av to lagrettemenn i brev 1461 (DN. IV. nr. 950). Garde betalte då noko tillegg i kjøpesummen. I brev skrive på Tvilde 1493 kunngjer fire lagrettemenn at Vilhjalm Olafson selde til Laurits Torsteinson 4 mmb. i Tvilde og fekk betaling for det.

--- side 47 ---

Seks lagrettemenn vitnar i brev 1543 (DN. VI. nr. 723) at for 31 år sidan kjøpte Lars Torsteinson av Vilhelm Erlingson, Even Erlingson og deira «svoger» Bård 4 mmb. i Tvilde for 12 kyrlag og likeins 4 mmb. i Mule. Laffritz på Tvilde betalte i 1521 17 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Alffwer var tenestedreng og betalte 1 mark i skatt.

Mikkjel Tvilde er førd upp mange gonger i tidi 1563-1614 som brukar på Tvilde. 1563 betalte han 1 dalar i skatt og 18 skill. i landskyld og brukte 1567 og 1591 1 spann i Tvilde som


Tvilde
Bilete 7. Tvilde. Fot. P. Braaten 1936.

stiftet åtte. I 1597 betalte han tridje års bygsel for 1 spann som stiftet og kruna åtte, med 5 skill. I 1603 åtte han 4 laup jordgods. I 1611 og 1614 åtte han 10 laup jordgods, truleg i ymse gardar og var framleies leiglending på 1 spann. Mikkjel er nemnd som lensmann på Voss i fleire brev som han har vore med å utferda i tidi 1585-1590. Eit av dei melder at Mikkjel i 1585 saman med fem lagrettemenn kunngjer um skifte av noko jordgods, og millom det er 3 spann i Tvilde som far hans Eirik Andersson har ått. Mikkjel har i 1590 saman med seks lagrettemenn teke tingsvitne trieinings-sundag på kyrkjebakken på

--- side 48 ---

Vangen etter gudstenesta um noko jordgods. Mikkjel må vera fødd ikkje seinare enn 1540, var g. m. Marta og er død ikring 1614-1617. Ei dotter Hallbjørg er kjend, men det var visst fleire born.

Jordboki 1585-1616 fortel at Vangens prestebol fekk 4 askar korn og 2 pund smør i årleg landskyld og Skulemeistaren (rektoren) i Bergen 2 pund smør av eigedomane sine på Tvilde. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Apostelgodset var 1 pund 6 mark smør og 1 bukkskinn med Viking som leiglending. Der var god jord er det sagt. Mulen som då låg øyde, var Apostelgods med 1 kalvskinn i leidang. Stiftet åtte 1 spann i Tvilde 1627. Ryttarskatt vart då lagt på odelsgodset 1¾ laup 1 pund med 4 dalar ½ ort.

Hallbjørg Mikkjelsdr. var gift truleg 1621 med Viking Brynjulvson. Han døydde fyre 1661 og er nemnd mange gonger som brukar på Tvilde i tidi 1621 til 1659. I 1621 var han leiglending på 1 spann som stiftet åtte og var eigar av 2 laup. I 1635 åtte han 4 laup, truleg i fleire gardar. 1652 og 1659 var han eigar av 1½ laup i Tvilde. I Gjerde åtte Viking 5 spann i 1655 og 1659. Han hadde ein. bror, Brynjulv Lid, eller seinare Dale, og visst fleire syskin. Viking er nemnd som lensmann 1636. Lagrettemann har han vore fleire gonger 1648-1656. Born: Steffa, Mikkjel, brukar på Lirhus, og truleg fleire.

Forutan Viking var det og ein leiglending Olav i 1652 og 1655. I 1621 åtte Eirik Gjerme 2 pund i Tvilde og Mons Tverberg ½ spann. Mikkjel, g. m. Sigvor og enkja Anna var husfolk i 1645. Eigarane på Tvilde var i 1652: Vangens prestebol 2 pund 12 mark, rektoratet i Bergen 2 pund, kongen 18 mark, Folkvard Broderson 2 pund 2 mark og Viking Tvilde 1½ laup. Ialt 3 laup 2 pund 20 mark.

I 1661 åtte Prestebolet 2 pund, rektoratet 1 pund, kongen 18 mark, Munkeliv 1 laup 14 mark og ervingane etter Viking 1½ laup. Folkvard Broderson har 1649 ved makebyte med kongen late noko i Tvilde til han. Viking var brukar på det. Kongen skøytte 1662 til Hermann Garmann ½ laup 4 mark Munkeliv klostergods og 1665 1 spann til Peter Reedtzs. Steffa Vikingson var 1661 brukar på Munkelivgodset i Tvilde. Torgeir Tvilde var ein av dei to fyrste underoffiserane på Voss som er umtala i militære arkiv. Saman med fleire vart han «avtakket»

--- side 49 ---

frå militærtenesta i 1660, men er førd upp att 1662 som gefreidar og har soleis avansert galne vegen.

Steffa Vikingson, g. m. Anna Olavsdr. døydde ikr. 1692 Ho Anna var f. 1641 og døydde 1726. I 1657 fekk Steffa 1½ laup og 1691 22 mark i Tvilde. Han åtte ogso 17 mark i Gjerdåk i 1676. Steffa var ofte lagrettemann. Som brukar på Tvilde er Steffa førd upp 1661 og 1691, men i 1695 og 1701 er det ho Anna. Ved skifte etter henne 1726 åtte buet 1 laup 22 mark i Tvilde taksta 94 rd., 1 laup i Midt Skutle, 26½ mark i Rekve og 3 laup 2 pund i Midt Ringheim. Nettomidelen var 427 rd. 3 mark. Born: Viking f. 1665, Hallbjørg f. 1660, g. 1. m. Knut, 2. m. Styrk Gudleikson på Seim, Viki, Kristi f. 1666, g. 1. m. Lars Knutson Ringheim, 2. m. Steffa Mikkjelson Ringheim, 3. 1718 m. Arne Rasmusson, Brita f. 1674, g. m. Viking Larsson Gjerdåk, seinare Ygre. I 1695 var eigarane av Tvilde: Bergens skule 2 pund, Vangens prestebol 2½ pund, fatighuset på Voss 3 pund og Anna Olavsdr. 1½ laup.

Viking Steffason f. 1665, var g. 1. 1690 m. enkja Sisselja Torbjørnsdr., 2. 1716 m. Brita Oddsdr. Sonve. Ho Sisselja var gift fyrst med Sjur Torgeirson Møn, og fekk då dotteri Sigvor som vart g. m. Nils Larsson Spildo av Losnaætti (sjå Kindem, Losnaætti nr. 452). Ved skifte etter Sisselja i 1716 åtte dei 5 spann i Bjørku, 2 laup i Midt Skutle, 26½ mark i Rekve og ½ laup i Tvilde. Nettomidelen var 378 rd. 8 skill. Viking var lensmann frå 1706 til 1740. I 1716, 1720 og 1735 har han kvart år fått utbetalt på tinget 4 rd. i løn. I 1735 fekk han dessutan godtgjort munderingspengar og soldatutreidingspengar for lensmannsgarden Tvilde 4 rd. På den store ljosekruna i kyrkja står namnet hans i 1733 saman med fleire andre. Skifte er halde etter Viking i 1757. To born med Sisselja: Sjur f. 1692, gardmann på Vike, og Steffa f. 1696, gardmann på Ronve. Med Brita hadde Viking fire born: Olav f. 1717, gardmann på Gjerdåk, Nils f. 1719, Sisselja f. 1724, g. 1745 m. ekm. Tormod Sjurson på Gjelle, Anna f. 1727, g. til Helleve med Henrik Ivarson.

I 1714 var det desse eigarar av Tvilde: Vangens prestebol 2 pund 12 mark, rektoratet i Bergen 2 pund, Enkjehuset i Bergen 2 pund 2 mark og Viking Tvilde 1 laup 2 pund 10 mark. Johannes Kolbeinson bygsla i 1733 2 pund 18 mark av sokneprest Harboe og var brukar nokre år. I 1735 åtte Vangens

--- side 50 ---

prestebol, Enkjehuset i Bergen og Rektoratet det same som i 1714.

Nils Vikingson Tvilde f. 1719, umtala ovanfor, vart 1751 gift med Anna Åmundsdr. Bjørku og var leiglending på Tvilde i 1770-åri. Tradisjonen fortel at Nils vart uppsagd på Tvilde og vart husvill. Han sette då «alt sitt goa» under ei gran på Gjerdåkshaugen, reiste til kongen og klaga si naud. Kongen lovde at Nils skulde få bygsla den garden som fyrst vart bygsleledig. Likte Nils seg ikkje der, skulde han få den garden som deretter vart ledig. Mala vart fyrst ledig og Nils tok han, men likte seg ikkje der og då heile garden Kvåle i Rd. vart ledig, fekk Nils bygsla den. Pantebøkene syner at i 1779 har presten E. A. Meldal bygsla til Nils garden Mala og ½ laup i Kvåle Rd. Framhald på Kvåle.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tvilde. To laup på Tvilde vart i medhald lov 1821 um benifisert gods teke til enkjesæte åt enkjor etter sokneprestar på Voss. Enkja kunde bruka garden sjølv eller setja han burt til andre. Av dei 2 laup åtte Vangens prestebol 2½ pund, rektoratet i Bergen 2 pund og Bergens fatighus 1½ pund. I ei uppgåve frå fyrst i 1800-talet er sagt at dei fødde 1 hest, 15 kyr, 28 smalar og avla 23 tunnor blandkorn, 5 askar rug og 16 tunnor potetor. Prost Munster har i 1843 skrive at garden vart styrd med paktar, som skulde svara til prestenkja årleg 10 tunnor blandkorn og føda 4 mjølkekyr, 4 sauer og 4 lamb. Prestenkja skulde svara all utreidsle og halda bygningane ved lag. Ved lovi av 1845 vart vedteke at presteenkje-gardane skulde seljast, og pengane for dei skipast til eit pensjonsfond for presteenkjor.

Fanejunkar Olav Litsheim kjøpte bruket i 1852 for 1705 spd. Han skulde dessutan betala landskyld til Bergens fattighus og leding 93 skill. Olav Litsheim var fødd 1819, g. 1849 m. Marta Larsdr. Liland og døydde 1889. Han var mange år ordførar, var veginspektør, overformyndar, forlikskommissær, kasserar i Voss Sparebank, vaktmeister ved fengslet, og varamann til stortinget. Ni born: Oleana f. 1849, g. m. Tormod Knutson på Vinsand, Synneva f. 1850, g. til Hornve med Jon Jonson, Brita f. 1852, g. m. Knut Tvilde på bruk 2, Marta, d. e. f. 1853, g. m. Halle A. Røte, huseigar på Lekve, Olav

--- side 51 ---

f. 1854, Anna f. 1856, g. m. Ivar H. Himle, handelsmann på Vangen, Lars f. 1860, umtala nedanfor, Marta d. y. g. m. Anders Steffason Væte, huseigar på Rogne, Johannes f. ikring 1863 (Amerika).

Olav O. Litsheim f. 1854, g. 1877 m. Brita Hermundsdr. Himle fekk garden i 1880 for 9200 kronor, og døydde 1910. Han var agronom frå Stend, var med i skulestyret, heradsstyret, heradskasserar og formann på Voss for Rikstrygdeverket. Deira son Hermund fekk garden i 1920 for 13 200 kronor. Han er f. 1885 og g. m. Kari Ivarsdr. Selheim.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 89, lnr. 179 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 2 ort 20 skill., revidert 4 dalar 3 ort 7 skill. Ny skyld mark 6,79, som vart sett ned til mark 6,08 etter at bruk 6 var skilt frå.

Bruk 2. Tvilde. Torbjørn Sjurson Vike f. 1714, g. 1742 m. enkja Anna Knutsdr. Eide, budde fyrst på Eide, men flytte til Tvilde då han i 1761 fekk skøyte på 1 laup 1 pund 134/5 mark i Tvilde, og døydde der 1785. Torbjørn var son åt Sjur Vikingson Vike og soneson åt lensmann Viking Tvilde. Ved skifte etter Torbjørn åtte buet umframt jordgodset i Tvilde ½ laup i Vestrheim og 31½ mark i Eide. Fire born: Sigvor f. 1744, gift til Olde med Per Torgeirson, Knut f. 1747, Sjur, død ugift 1805, Nils f. 1756, gardmann på Hegle.

Knut Torbjørnson f. 1747, g. m. Brita Knutsdr. Øvre Rykke, døydde ikr. 1809. Han fekk 1771 og 1784 skøyte på garden frå faren og syskini. Seks born: Knut f. 1773, Torbjørn f. 1777, død 1815 i Bergen, Sjur f. 1780, døydde på Austlandet som soldat ikring 1810, Knut d. y. f. 1782, Anna f. 1775, g. m. ekm. Ivar Oddson på Tøn, Torbjørg f. 1785, g. m. ekm. Brynjulv Eirikson Rjodo. Knut Knutson f. 1773, g. m. Ingjerd Persdr. Olde, døydde 1820. Ho gifte seg andre gongen 1824 med Andert Knutson Bryn, som døydde 1867, 73 år gl. Knut fekk skøyse frå far sin på halve garden og i 1810 på den andre halve frå Torbjørn, bror sin. Ved skifte 1822 etter Knut var jordgodset taksta 700 spd. og bruttomidelen var 1164 spd. Anders var fødd i Sveo på Bryn, vart fanejunkar og hadde ymse tillitsyrke. Det var ikkje born etter han. Knut og Ingjerd hadde seks born: Brita f. 1805, Knut f. 1809, Sigvor f. 1809, gift til Flatekvål med ekm. Herlaug Olavson, Anna f. 1811, g. m. Arnfinn Jonson på Rogne, Ingjerd f. 1816, g. m. Knut Erlingson Rykke, gardmann på Nedre Fenno, Torbjørg f. 1820, død ugift 1840.

--- side 52 ---

Knut Knutson f. 1809, g. m. enkja Marta Larsdr. Dukstad fekk halve garden ved skifte etter far sin. Knut døydde 1879 utan etterkomarar. Systri Brita f. 1805, vart g. m. Knut Torbjørnson Rogne, f. 1816. I 1838 kjøpte dei bruk 2 Øvre Tøn. Ho Brita fekk so garden på Tvilde hjå mor si og Knut, bror sin for 1300 spd. Fem born: Ivar f. 1838 (farmar i Amerika), Torbjørn f. 1839 (Amerika), Anna f. 1843, g. m. Anders Brynjulvson Midtberde, gardmann på Øvre Tøn, Knut f. 1845, Ingjerd f. 1848 (Amerika).

Knut Knutson f. 1845, g. m. Brita Olavsdr. Tvilde, fekk garden. Han døydde 1880 og ho Brita gifte seg att 1890 med Halle Knutson Rogne, som døydde 1908. Born med Knut: Brita, Marta, Anna, Knut, Marta. Born med Halle: Margreta, Olav, Johannes. Knut Knutson fekk garden i 1890 for 4800 kr. Han var f. 1878 og g. 1900 m. Sisselja Ivarsdr. Rivenes f. 1880. Dei reiste til Amerika og selde garden i 1905 til syster hans Knut, Brita f. 1872 for 13 000 kronor. Ho hadde garden til 1929 og selde då til halvbroren Johannes Halleson for 19 000 kr. Han er f. 1893.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 89, lnr. 180 med gamal skyld 2 laup urevidert 5 dalar 4 ort 4 skill., revidert 5 dalar 3 ort 8 skill. Ny skyld mark 8,26, sett ned til mark 7,89 då bruk 4 vart skilt frå.

Bruk 3. Skyld 60 øre. Oreigna frå bruk 1 i 1899 til jarnbanen.

Bruk 4. Skyld 26 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 2.

Bruk 5. Tvildesstraumen. Skyld 16 øre. Skilt frå bruk 1 og 2 og selt 1908 til Vossavangens Elektrisitetsverk som skøytte det til Bygningskommunen i 1919.

Bruk 6. Dalshaug. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 1 i 1929 og ervefest til Nils Olavson Tvilde som har bygt og bur der. Han er fødd 1892 og er bygningssnikkar.

Lars Olavson Tvilde var f. 1860, g. 1. 1880 m. Ingjerd Hermundsdr. Himle, 2. 1894 m. Guro Knutsdr. Dolve og døydde 1919. Han var snikkar og bygningsmann og har bygt bustadhus og uthus til dei ved tunet åt bruk 1. Enkja har det no og har husmannsfeste på noko av Jakobshagen på Gjerdåk.

Tvildesmoen eksisplass vart leigd 1882 av bruk 1 og 2 på Tvilde til bruk for Hardanger bataljon. Etterkvart har det

--- side 53 ---

vorte rudt og bygt hus. No er der 3 befalsbarakkor, 12 soldatbarakkor, 1 messebygning, 3 kjøken, 1 badehus, 2 ammunisjonsmagasin, 2 verkstadbygningar, 1 hovudmagasin, 1 matbu, 3 stallar, 1 smidje og ymse andre mindre hus og skur. Soldatheim er der og, som Noregs Kristelege Ungdomsforbund eig. Til uppsynsmannen er der bustad- og uthusbygning. Sidan 1930 har Bergartilleribataljon nr. 2 havt sine øvingar på Tvildesmoen og likeins 4. Sanitetskompani og 4. Intendanturkompani, men dei skal ikkje vera der lenger.


Frå leiren på Tvildesmoen
Bilete 8. Frå leiren på Tvildesmoen. Fot. P. Braaten 1936.

Husmenn på Tvilde.

Lars Nilsson, g. m. Tora Jonsdr., som døydde 1740, var husmannsfolk på Tvildesbødn. Barnlause. Ein annan husmann der var Mattis, som hadde tri born: Anna, f. 1735, Kolbein f. 1737, Borghild f. 1738 og kann henda fleire. I Vassliæ budde på Tvilde sin eigedom Knut Torgeirson, g. m. Sigvor Andersdr., som døydde i 1782 utan born. Kann henda Knut var son åt den Torgeir som er umtala ovanfor. Knut Gudleikson, g. m. Ragnhild Knutsdr. var husmannsfolk i 1830, då dei fekk

--- sie 54 ---

sonen Gudleik. I vest for austre enden av jarnbanetunnelen har vore plasset Tarrane. Dette namnet skal skriva seg frå at ein Tarre har butt der.

Stølane.

Stølen var 2 mil frå garden, er det sagt i 1723. Mennene på Bryn og Ronve stemnde i 1679 Steffa Tvilde, Olav og Arnfinn (Arne?) Bø, Tjukkeb. fordi dei utbeitte stølen og let andre beita der. Dei to mennene på Bø møtte og meinte seg rettkomne til å bruka stølen likeins som deira formenn hadde gjort. Sjur Bryn la fram pergamentbrev skrive av Gjert Miltzow (i 1656?) som synte at stølen tilkom mennene på Bryn, Tvilde og Ronve. Dette var nok stølen Fyrjo, der Tvilde framleies har sumarsstøl. Bruk 1 kjøpte støl på Veskre av Jerald i 1852. No er denne stølsretten seld att til bruk 15 Bryn.

Kvern og lauseld.

Tvilde har havt kvern ved løkjen under Rykke, men ho har ikkje vore brukt i seinare tid. Som umtala på Rogne har Prestegarden havt kvern på Tvildeslandet i gamal tid. Det har altso vore i Strandaelvæ. - Natti til jolafta 1866 var det lauseld på Tvilde. Alle husi gjekk med so nær som på bruk 2, der to uthus stod att. Mykje av innbuet fekk dei berga.

Offentlege forretningar.

Forretning vedkomande prestenkjegarden var halde 1772, markegangsforretning 1797, åstadsak 1798, synsforretning 1801, takst 1821, semje i 1846 um beiting på stølen Fyrjo, semje 1869 millom båe bruki um byte av nokre hus, kontrakt i 1882 um leige av eksisplass, mutingsbrev i 1883 til Chr. Michelsen, jarnbanetakst 1899, oreigning til jarnbanen i 1900, forretning i 1909 um merke og gjerde og overrettsdom 1911 um eksisplassen.

Ymse.

I eit overhendigt torever på Voss i 1873 slo lynet ned fleire stader, soleis og på Tvilde der det spikte ein hesjestaur. Det er fortalt at timberet til ei gamal stove på Tvilde skal vera kome or Stuasetmarkjæ. Timberet vart køyrt til Tvilde ved dugnekøyring. Dei kokte då på Tvilde ein stor kjel full med mat og køyrde til møtes med dugnekøyrarane som dei trefte på Monsisen og heldt middag der.

På Vossatinget 1771 er upplyst at Kristen Halldorson frå Sogn, som gjekk og bad seg, var funnen drepen ved elvi der blyverket hadde vore. Blygruva var tett med og full av vatn, heiter det. Blygruva er umtala nokre andre gonger og i tingboki frå 1700-talet. Tradisjonen fortel at blyet åt kyrkjetaket skulde

--- side 55 ---

vera funne ovanfor Båbruæ. Denne blygruva må visst vera den gamle sylvgruva ved Raundalselvi på Tvilde sin eigedom, for ein veit ikkje um noko gruve andre stader ikring Båbruæ. I 1860-åri var to engelskmenn her, fekk reinska upp gruva og tømt henne. Det synte seg då at ho går rett ned ikring 8 meter, svingar so og går på skrå i sørvestleg retning burt under elvi til umlag midt under henne. Det var då funne ei trebytte med årstal frå 1760-åri, som tyder på at gruva har vore i arbeid då. Dersom blyet til kyrkjetaket er kome derifrå, må der og ha vore arbeidt lenge fyre 1700-talet.

Gamle folk på Tvilde har fortalt at dei har høyrt av tidlegare buarar på Tvilde, at Ringheimshagane i gamal tid var Tvilde sin eigedom. Det skulde vera to syster, ei på Ringheim og ei på Tvilde, som bytte soleis at Ringheim fekk Ringheimshagane av Tvilde og Tvilde fekk Hjedlaberje ovanfor Tròdo av Ringheim. Der er det fljott um våren og Tvilde vilde ha det til hestehage. Tvildane kom ikkje til å gjera noko vidare bruk av Hjedlaberje og det har soleis falle attende til Ringheim. -

Ein gong skal det ha gått skride ned Muldalen, som høyrer til Gjerdåk. Då skrida kom ned mot husi på Tvilde, kløyvde ho seg i to og gjekk vidare på båe sidor åt huset. Dei vart seinare flytte.

Segn.

Då kong Sverre og mennene hans kom frå Raundalen, åt dei middag på Tvilde tett ovanfor gamle tunet og drog so vidare. Ein av hirdmennene døydde her og vart gravlagd på Tvildesmoen. På gravhaugen vart reist ein steinkross, som vart burte då dei militære rudde skogen der i 1880-åri. - Fyrr skogen vart rudd på Tvildesmoen, gjekk det ord um at der heldt seg eit stort dyr, Råkodlo, dei kalla. Mange var redde for å gå i myrker um Tvildesmoen då og mange forteljingar er det um folk som har vorte ute for udyret.

Bumerke teikna på Tvilde.

Lensmann Viking 1709-1740 tavle 4 nr. 100. Den nedste slyngen på bumerket har han teikna noko ymest. I 1742 sette han merket på hovudet. Nils Vikingson 1757 t. 4 nr. 103, 1760-1776 t. 3 nr. 39. Olav 1761 t. 4 nr. 101. Torbjørn 1762 t. 1 nr. 4. Knut 1783, 1785 t. 4 nr. 102. I seglet åt lensmann Viking Steffason 1709 er bumerket brigda litt nedst og over det står V S S. I seglet hans 1775 står bumerket og over det bokstavane N V S.