72. Tvinno.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 419 ---

Namnet vert i 1563 skrive Tuinnen. Det vert no sagt Tvìnnó2; han búr pao, è tao Tvìnn'né, ska pao Tvìnnó (og tì Tvinna?), sms. Tvìnné-tuft'na. Namnet er Upphavleg namn på elvi der som renn i to far eller tvinnar seg, og må vera avleidt av gn. tvinnr a. tvikløyvd. Namnet Tvìnnó vert då bundi form eintal av gn. Tvinna.

Tvinno var i 1661 på 2 pund, skriven for øydegard, og hadde ein brukar; der var timber og brennefang til husbruk og der var ei skvettmylne. I 1723 var det likeins med skyldi og skogen, men det var då to brukarar og ei flaumkvern. Garden var årvand og tungvinn. Skyldi var i 1777 4 pund, umskrivi i 1838 til 5 dalar 4 ort 20 skill. Fure- og vedaskog var det då både til eige bruk og til sal, og godt vassfall. Samanlikningstalet var 900.

Matrikkelen 1865 fører upp 19 mål åker, 37 mål god, 20 mål medels natureng og 26 mål skrapebø. Vårhamni var medels og sumarhamni god, men ho var høgt til fjells og kunde ikkje brukast i kalde sumrar. Skog til husbruk, og kvar av dei to bruki kunde årleg selja timber og bjørkeved for 10 spd. Garden var tungvinn og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 18 mål åker, 28,5 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Folketalet på Tvinno var i 1801 18, i 1865 20 og i 1920 33.

Fødnad og avling (i tunnor) på Tvinno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 11 18
1723 1 20 24 12
1865 2 20 48 48 56
1918 2 16 36

--- side 420 ---

Diplom frå 1563 (DN. IX. nr. 788) fortel at Laurits Eilivson på Hefte åtte 4 mmb. i Tvinno. Det ser ut til at han og har ervt etter syskini åt farfaren 3 mmb. i Tvinno. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 4 askar korn i landskyld av eigedomen sin i Tvinno. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Tvinno var 6 mark smør. Brukarane på Tvinno var Oluf i 1591, ei enkje i 1611, Øyel i 1621, Olav som brukte 3 spann i 1635, Steffa i 1640 og Åmund Gudmundson i 1645. Åmund var g. m. Andrj. Laurits Sekse stemnde Per Hovland


Bilete 46. Tvinno. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 46. Tvinno. Fot. P. Braaten 1935.

og tri til i Hardanger for m. a. ein part i Tvinno, som dei uretteleg hadde teke frå han. Skyldi er ført upp med 2 pund i 1652. Derav åtte Vangskyrkja 1 pund 6 mark og Åmund 18 mark. Det er likeins 1655, 1659 og 1661. Vangskyrkja fekk likeins som fyrr 4 askar korn i landskyld av eigedomen sin i Tvinno. I 1664 står som brukar Åmund Torleivson med sonen Torleiv f. 1644. Godvin var brukar i 1672, Torleiv og Jørgen i 1691, men berre Torleiv i 1695. Han åtte då 18 mark i garden, og Vangskyrkja som fyrr 1 pund 6 mark. Kongen selde i 1723 Vangskyrkja saman med dette jordgodset hennar. Steffa L. Tvinno har i åri 1696-1699 fått 4 slettdalar i løn for året for føring av posten.

--- side 421 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Tvinno. Torleiv Åmundson var leiglending i 1701. Han var g. m. Anna Andersdr., død som enkje 1712. Ho åtte då 9 mark i Tvinno. 4 born: Anders f. 1671, død 1722, Olav f. 1673, Sverkve og Åmund. Olav Torleivson var g. m. Kari Knutsdr. og var brukar etter far sin. Olav døydde 1725 og Kari 1745. Dei åtte jordgods i Tvinno og Nesheim og hadde tri born: Torleiv f. 1712, g. 1738 med enkja Magli Gjerme, Anna f. 1716, g. 1739 med Per Ingebriktson Grindaland, Ragnhild f. 1716. Ho Kari vart gift 2. 1725 med Eirik Olavson Myrland f. 1699 og hadde med han sonen Olav f. 1726. Eirik bygsla 1 pund i 1725 og døydde 1738. Per Ingebriktson fekk so bygsli etter Eirik.

Torgeir Torgeirson kjøpte i 1761 av fyrr nemnde Torleiv Olavson, som då budde på Gjerme, og systri Ragnhild deira 9 mark i Tvinno, som dei hadde ervt, og bygsla kyrkja sin part i bruket. Torgeir var fødd 1733, g. 1758 med Sigvor Knutsdr. Leiddal og døydde 1802. Dei hadde fem born: Brita f. 1758, død 1780, Styrk f. 1761, g. 1795 med Synneva Steffadr. Grevle, som vart g. 2. 1832 med Olav Johannesson Ringheim, Marta f. 1764, g. 1791 med Olav Larsson Evanger, Nils f. 1767, Olav f. 1773, g. 1815 med Magli Olavsdr. Grjotland. Han Torgeir skøytte sine 9 mark i garden til Styrk, son sin, i 1794. Styrk bygsla kyrkja sin part i bruk 1. Han døydde 1826, og hadde fire born: Torgeir f. 1801, g. 1826 med Marta Torsteinsdr. Leiddal, Brita f. 1797, g. 1830 med Torkjel Torbjørnson Lund, Vossastr., Sigrid f. 1810, g. 1832 med Arnfinn Styrkson Leiddal, Amerika, Sigvor f. 1813, g. 1. med Torstein Arnfinnson Ringheim, 2. 1862 med Torgeir Steffason Grevle på Ringheim.

Torgeir Styrkson bygsla i 1831 bruk 1 og budde der til han reiste til Amerika. Lars Davidson Hustveit kjøpte garden i 1877 av Fleischers ervingar for 8000 kronor. Han var fødd 1830, g. 1862 med Eli Jørgensdr. Leiddal og døydde 1879. Ho vart g. 2. m. Knut Halldorson Tvinno. Sjå på bruk 2. Lars var underoffiser, medlem av heradsstyret og formannskapet, ettersynsmann i Voss Sparebank og valmann. Lars og Eli hadde seks born: Anna, David, Ivar, Sjur, Lars, Olav. David har handelsforretning på Vangen og Lars er gardmann på Afdal. Dei andre er i Amerika. Ved skifte etter Lars i 1883 fekk ho

--- side 422 ---

Eli garden for 6600 kronor. Son hennar, Jørgen Knutson, fekk garden i 1916 for 3200 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 72, lnr. 147 med gamal skyld 2 pund (landskyld 1 pund), urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 3,59 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 2. Tvinno. Jørgen Godvinson var brukar 1701, g. m. Brita Olavsdr. og døydde 1745. Dei åtte 9 mark i bruk 2 og bygsla 1721 1 pund som Vangskyrkja åtte. Fire born: Godvin f. 1693, g. 1713 med Rannveig Endresdr. Nesheim og budde 1722 på Himle, Hollgeir f. 1695, g. 1722 med enkja Anna Velomsdr. Grjotland, Ingebjørg g. 1717 med ekm. Odd Jakobson Kvitno, Olav f. 1697, g. 1. 1724 med Brita Sjursdr. Grjotland, 2. 1742 med Marta Håkonsdr. Kvitno, 3. 1767 med Ragnhild Sverkvesdr. Fletre. Olav døydde 1767. Han fekk i 1740 skøyte frå far sin på 9 mark og var leiglending på kyrkja sin part. Ved skifte etter Brita i 1742 åtte dei òg 3 mark i Grjotland. Olav hadde sju born med Brita: Sjur f. 1724, g. 1762 med Brita Botolvsdr. Flatekvål, Åmund f. 1729, Jørgen f. 1740, Brita d. e. f. 1731, Ingebjørg f. 1733, Brita d. y. f. 1736, g. 1761 med Olav Olavson En, Rannveig f. 1738, g. m. Johannes Larsson Lydvo.

Åmund Olavson f. 1729, g. 1764 med Gjertrud Nilsdr. Jernes, har i 1768 fått skøyte på 9 mark og bygsla kyrkja sin part. Han døydde 1809 og ho 1820. Dei hadde tri born: Gjertrud f. 1767, g. 1794 med ekm. Ivar Jonson Norheim, Olav f. 1773, Godvin f. 1781, g. 1819 med Brita Olavsdr. Gjøastein. Åmund selde i 1794 sine 9 mark til versonen Ivar, som bygsla kyrkjegodset. Han døydde 1826 og hadde med Gjertrud tri born: Ingebjørg f. 1795, Marta f. 1798, g. 1841 med ekm. Olav Person Skutle, Gjertrud g. 1821 med Sylfest Brynjulvson Hefte. Han bygsla i 1820 og fekk skøyte i 1827 på 9 mark. Deira born var: Bjarne f. 1820 g. 1855 med Ingebjørg Eiriksdr. Staup, Brita f. 1828, g. 1859 med Olav Godvinson Rødne, Anna f. 1833, g. 1855 med Nils Knutson Afdal, Lars f. 1840 g. 1868 med Ingebjørg Oddsdr. Løno. Sylfest døydde 1844 og ho Ingebjørg 1857. Sonen Bjarne hadde so garden og hadde to born: Lars f. 1855 og Eirik f. 1856.

David Person Hefte kjøpte bruket i 1865 av Fleischers ervingar. Han var f. 1804, g. 1834 med Marta Brynjulvsdr. Skjerveggen og døydde 1887. Han var skulelærar ei tid i Bor-

--- side 423 ---

strondi og hadde døtterne Anna og Gjertrud. Anna var fødd 1835, g. 1868 med Knut Halldorson Leiddal f. 1843. Han var g. 2. 1883 med enkja Eli Jørgensdr. Leiddal. Knut hadde med Anna fire born (a-d) og med Eli tri born (e-g): a. David f. 1870, b. Ragnhild f. 1869, c. Marta f. 1872, d. Maria f. 1878, e. Rannveig, gift 1903 med skomakar Olav Brynjulvson Mestad, f. Jørgen f. 1884, g. 1909 med Dortea Herlaugsdr., g. Lars f. 1886 som er skodespelar i Det norske Teater. Ved skifte etter David Person i 1888 vart garden lagd til dottersonen David Knutson for 3200 kronor. Han let garden i 1909 for same pris til systerdotter si, Anna Knutsdr. f. 1896, g. 1918 med snikkar Johannes Olavson Dukstad.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 72, lnr. 148 med skyld likeins som bruk 1 med den skilnad, at den nye skyldi er mark 3,91 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 3. Tvinne Hotell. Skyld 42 øre. Skilt frå bruk 1 i 1891 og selt til David Larsson Hustveit, som bygde hotell der. Han selde 1897 til Ludvig Peterson, som hadde det til 1901, då fru Carolina Walter kjøpte det. Hotellbygningen vart selt ikr. 1914 og flytt til Mjølfjell.

Bruk 4. Telland. Skyld 38 øre. Skilt frå bruk 3 i 1914 og selt til Jon E. Jonson. Voss herad kjøpte det i 1919 og det er i 1920 ført saman med bruk 5. Heradet har bygt skulehus og bustadhus åt læraren. Etter at bruket sin part i Åsbrekkefossen er trekt frå og bruk 5 lagt til, er skyldi no 70 øre.

Bruk 5. Telland. Skyld 33 øre. Skilt frå bruk 2 i 1916. Eigar: Jon Jonson. Voss herad kjøpte eigedomen i 1919. Bruket er no ført saman med bruk 4.

Bruk 6. Åsbrekkefossen. Skyld 19 øre. Skilt ut frå Tvinno, Gjøastein og Leiddal i 1917 og selt til Voss herad.

Bruk 7. Fredheim. Skilt frå bruk 1 i 1917 med skyld 20 øre og selt til Johan Olavson Djønno, som selde 1931 til Reinert Rasmusson. Han selde att same året til Lars S. Herheim.

Husmenn.

Åmund Hansson g. m. Rangue var husmann i 1645. Godvin er skriven som husmann i 1733, då sonen Mikkjel var fødd. Sjur Olavson f. 1723, g. m. Brita Botolvsdr., døydde som husmann i 1768. Dotteri Brita var fødd 1762. Knut Torleivson, g. m. Kristi Styrksdr., hadde plass på Telland og fekk der sonen

--- side 424 ---

Torleiv i 1831. Seinare reiste dei til Nordland. Anders Person Kvårmo, g. m. Gurina Monsdr. var nokre år husmann på Aosborna (Mjølstølsteigen) frå 1888, men kjøpte sidan gard på Gjøastein. Ingebjørg Reime budde sidan på Aosborna. Torbjørn Jørgenson Leiddal f. 1850, g. m. Marta Larsdr. Saude, kom til Tvinno som husmann då han i 1878 selde garden sin på Gjøastein. Han er snikkar og driv mykje med kjerrearbeid. Olav Mestad hadde frå 1904 nokre år plasset Nygjerdslo, no bruk 7, men kjøpte so gard på Berge. Anders Vinjo fekk plass på Gommormyræ i 1906.

Stølar.

Tvinno hadde støl i merket mot Lemme, er det skrive i 1723. På Tvinno er fortalt at det skulde vera i midten av 16de hundradtalet at selet deira på Brilset vart brent, soleis som det er fortalt um på Høyland. Tvinnane hadde ei tid støl på Tvinnatuft'na og seinare hjå Piksvotnæ.

Kvern.

På Tvinno var ei flaumkvern i 1723 og to i 1776. Den eine er rivi for ei tid sidan, men ei er enno i bruk. Uppgangssag var sett upp i Tvinnaelvi ikr. 1860. Ho vart umbygd til sirkelsag i 1904.

Ymse.

Skysskifte har det vore i lang tid på Tvinno både for posten og for reisande. Styrk Torgeirson, umtala ovanfor, hadde bevilling dagsett Kjøbenhavn 1795 til gastgjevargard på «skydsskafferstedet» Tvinno, men sa upp gastgjevarløyve i 1803, sidan det ikkje vilde svara seg. Fleire av Tvinnamennene er skrivne for «postbønder». Ofte var det dessutan to «postkarle» som køyrde posten. Frå 1860-år til ikr. 1900 var det fast skysstasjon på Tvinno.

På Tvinno bruk 2 er gamal rotstove og eldhus med gang og kleve millom dei. I stova er halvlem. Ved tri av veggene i eldhuset er moldbenker, og det er åre midt på golvet. Tidlegare var det kjellar under eldhuset. Ein dropestein (ljorehelle) låg fyrr under ljoren, men er no i stovemuren. I eldhuset er ein stor svingarm av tre til å hengja kjelar eller store grytor i.

Offentlege forretningar.

I 1749 hadde Tvinno sak med Høyland, Bergo og Afdal um Tvinnatuftæ. So var det sak mot Høyland i 1759 og mot Afdal i 1766. Forretning vedkomande vegen og elvi var halden 1777, og utskifting 1921-23.

Bumerke på Tvinno.

Jørgen 1721 tavle 4 nr. 46. Olav 1732 t. 4 nr. 47. Brigda på 2 måtar 1749 og 1758. Per 1749 t. 4 nr. 48. Torgeir 1761-1782 t. 2 nr. 51.