229. Tyrlingen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 414 ---

Namnet vert i 1492 skrive Tyrlingher. Det vert no sagt Tỳrlìnjén2; han búr í, è ór Tỳrlìnjè, ska í Trlìnjén. Namnet kjem vel av tyrflingr m. ei avleiding av torf n. (grastorv) og truleg same ord som nynorsk tørling m. (= tørla, Sunnmøre) um smågras-rot i åkrar som vert upprivi med pløgjingi. Same namnet finn ein og i eit partsnamn under Hornve som er nemnt i Bjørgynjar Kalfskinn (umkring 1360), skrive «i Tyrflingahusum».

Tyrlingen er utskilt 1860 frå Voss Prestegard. Fyrr var eigedomen sett burt til leiglendingar, husmenn eller til paktarar og er ofte skriven for Tyrlingteigen. Garden med fødnad og avling i 1865 og fyrr er ført saman med Prestegarden. Ved uppteljingi 1918 var der 10,5 mål åker, 10 mål kunsteng og 5 mål natureng. Fødnaden var 1 hest, 6 storfe og 11 småfe. Der budde 10 menneske i 1865 og 9 i 1920.

Mester Christian Pederson, prost ved Apostelkyrkja i Bergen, bytte 1492 11 mmb. i Tyrlingen på Voss som kyrkja åtte uti 12 mmb. i Vinjo i Vangens sokn, som Vangens prestebol åtte (DN V nr. 955). Det er sagt i brevet at Tyrlingen låg i Gullfjordingen. Det gjeld difor «Tyrflinga hus» på Hornve. (Eg var ikkje merksam på dette då eg skreiv um Hornve).

Brynjulv Jernes vart i 1704 stemnd av Torgrim Bjarneson, som meinte seg å ha betre rett til å bygsla Tyrlingen enn Brynjulv. Torgrim vart forlikt med presten. På tinget 1709 er upp-

--- side 415 ---

lyst at Tyrlingteigen tidlegare var rudd og lagd i skatt, men var so øyde i mange år og teke til febeite. Husi var og burte. Sidan budde der ein Nils som hadde dotteri Åsa. Ho gifte seg 1726 m. Anders Knutson Øvre Grovu. Olav Nilsson døydde 1760, 76 år gl. Erling Rognaldson, g. m. Marta Jonsdr. døydde 1769 og hadde tri born: Lars, Knut og Jørgen. Ho Marta hadde fyrr vore g. m. Jon og hadde med han dotteri Marta, g. m. korporal Olav Olavson Brekku. Erling døydde 1780, 85 år gl.


Tyrlingen
Bilete 51. Tyrlingen. Fot. P. Braaten 1937.

Godvin Åmundson var som ekm. g. 1762 m. enkja Marta Oddsdr. Nedre Rasdal. Med fyrste kona har han havt sønene Åmund, g. 1763 m. Marta Nilsdr. Jernes, og Jørgen, g. 1762 m. Marta Olavsdr. Kaldestad., Dei fekk same år dotteri Brita. Åmund og Marta fekk borni Brita f. 1764 og Nils f. 1765. Anders Ivarson var husmann, g. 1. m. Ingebjørg Larsdr., 2. 1794 m. enkja Kari Nilsdr. Geitle f. 1751. Anders døydde 1802, 66 år gl. og hadde tri born med Ingebjørg og eit med Kari: Gjertrud, g. 1790 m. Knut Sjurson Glymme, Kari f. 1772, g. 1801 m. Nils Andersson Himle, Anna f. 1778 og Ingebjørg f. 1795.

Knut og Gjertrud var husmannsfolk etter foreldri hennar. Knut var liten av vokster, men ein kvikk kar og var best kjend

--- side 416 ---

under namnet Pùtten. Han kjøpte krøter, slakta og selde kjøt på Vangen. Der hadde han ei sval på nordaustre hyrna av tufti til Vossavangens Hotell. Gjertrud døydde 1813, 75 år gl. og Knut vart attgift 1814 m. Ingebjørg Eiriksdr. Mølsterteigen. Han fekk fem born med Gjertrud og eitt med Ingebjørg: Ingebjørg f. 1790, g. 1830 m. Torbjørn Gudleikson Tvilde, Sjur f. 1794, g. 1829 m. Brita Nilsdr. Bokkatun, husmann i Tymbraodlæ på eigedomen åt Bokkatun, Anna f. 1800, g. 1823 m. Nils Jonson Skylje, Ragnhild f. 1805, Gudve f. 1808, g. 1828 m. Torbjørn Hermundson Bulko og Gjertrud f. 1816, g. 1854 m. Isak Johannesson Skorve. Ho Ingebjørg hadde fyrr ho gifte seg med Knut, dotteri Marta Larsdr. Istad f. 1810. Ingebjørg døydde 1834, 50 år gl., og Knut gifte seg tridje gong 1835 m. Eli Arnbjørnsdr. Haugo og døydde 1854, 88 år gl. Eli døydde 1852, 75 år gl.

Baste Helgeson Hjørnevik var paktar. Han var f. 1765, g. m. Guri Eilivsdr. Skår, Granvin, enkja etter Snare Espeland. Baste bleiv i Vangsvatnet 1820, og Guri døydde 1825, 74 år gl. Med Snare hadde ho dotteri Sisselja som 1822 gifte seg med ekm. Halldor Knutson Tvilde. Dei pakta då Tyrlingen og fekk to born: Guri f. 1822, g. 1854 m. Hermann Torbjørnson Mala (Nordland), og Magli f. 1825, g. 1855 m. David Knutson Rjodo f. 1825, husmann i Sekkjen på Tverberg. Halldor prosederte med presten um paktavgifti. Lars Bårdson En var paktar etter Halldor og fekk 1855 feste på plasset Snytto på Tyrlingen. Lars var f. 1816, g. 1844 m. Kristi Larsdr. Bergslien, og fekk borni Olav, Kristense, Brita, Lars, Olina, Knut og Anna f. 1847-1864. Lars reiste med huslyden sin til Amerika. Bjarne Sjurson Rjodo, g. m. Anna Torsteinsdr. var so paktarfolk og fekk dotteri Gudve f. 1860. Dei kom seinare til Rene.

Olav Sjurson kjøpte 1863 Tyrlingen for 675 spd. 93 skill. Han var f. 1830, g. 1863 m. Marta Klasdr. Jernes og fekk borni Sjur f. 1863 og Marta f. 1866. Sjur var underoffiser og gifte seg med Gunnbjørg Lorentsdr. Olav selde garden 1890 til Ivar Ivarson Øvstedal for 5700 kronor og kjøpte ei stove på Lundhaugen, Rogne, der han sidan budde og dreiv med køyring. Ivar hadde då butt som husmann i Lydvateigen. Han let garden 1895 til Olav son sin. Han dreiv mykje med handel og selde garden att 1912 til Olav Bårdson Lunde for 6500 kronor. Han budde då på Dagestad, er f. 1859 og g. m. Anna Knutsdr.

--- side 417 ---

Dagestad f. 1870. Han er snikkar og bygningsmann. Sonen Brynjulv f. 1897 fekk 1922 garden for 5000 kronor og gifte seg med Jenny Seim frå Alversund.

Støl.

Stølen åt Tyrlingen er på Fitja-Torvedalen i Eksingadalen.

Offentlege forretningar.

Åstadsak 1835, 1837 og 1840. Dom 1839 og 1840.

Bumerke.

Anders Ivarson 1776 t. 9 nr. 22, litt brigda 1785.