81. Ukvitno (i Reppen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 467 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Vppkuipij, i Vppkuifitt, i Kuipinni, i 1490 Kwipner. Det vert no sagt Úkvitnó2; han búr pao, è tao Úkvìtnó, ska tì Úkvìtna eller Úkvìss, sms. Úkvìss-haujén. Namnet er samansett av upp og eit ukjent ord kvipn(?). Til skilnad frå gardnr. 249 vert denne garden kalla Úkvitno i Reppè.

Ukvitno var i 1661 førd upp som øydegard med 1 laup 18 mark i skyld og to brukarar. Der var ring sperreskog, vedaskog og ei bekkekvern. I 1723 er skyldi 1 laup 1 pund 12 mark og berre ein brukar, skog til husvøling og brensel. Det var ein sers lettvinn fjellgard, heiter det, og hadde humlagard. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 8 dalar 2 ort 6 skill. Garden hadde då to brukarar, god humlagard, fure- og vedaskog til eige bruk og noko lite til sal. Samanlikningstalet var 1275.

Matrikkelen 1865 melder at der var 26 mål åker, 7,5 mål dyrka eng, 26¼ mål god, 24,5 mål medels natureng og 39,5 mål skrapebø. Vårhamni var medels. Bruk 1 hadde ikkje sumarhamn, men det andre bruket hadde ring sumarhamn. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja bjørkeved for 1 spd. årleg. Det andre bruket kunde selja timber for 2½ spd. og ved for 2 spd. Bruk 1 var tungvint, men dyrka betre enn vanleg. Det andre var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 25 mål open åker, 31 mål kunsteng og 27 mål natureng.

Folketalet på Ukvitno var 20 i 1801, 24 i 1865 og 36 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ukvitno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 18 16
1723 1 19 24 10 ½
1865 3 26 66 65 52
1918 3 21 46

--- side 468 ---

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 2 laup i Ukvitno. Der er og fortalt at brørne Gullbrand og Orm på Finne gav kyrkja på Vangen for far deira si skuld m. a. 1 mmb. og 1 pundsbol i Ukvitno. Svein sine ervingar på Kvitheim betalte til kyrkja 20 mmb. i Ukvitno for 8 kyrlag. Jordboki for Munkeliv kloster syner at det i 1480-1490 åtte 23 mmb. i Ukvitno. (DN. XII. nr. 257). Torfinn og Mons Halldorsøner stadfester i brev frå 1563 eit makebyte, som far deira, Halle Monsson, hadde gjort med Per, bror sin, som fekk m. a. 4 mmb. i Ukvitno.

Mikkjel var leiglending i 1563 og 1567 og Anders i 1591. Han betalte tridje års bygsel i 1597 for ½ laup som stiftet og kruna åtte, med 102/3 skill. Kyrkjerekneskapen for 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk ½ pund smør i landsskyld av jordparten sin i Ukvitno. Leidangsboki 1624 syner at leidangen på Ukvitno var 9 mark smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 3 pund 6 mark odelsgods i Ukvitno med 3 dalar ½ ort 6 skill. Laurits var leiglending 1603 og 1611 på ½ laup. Bård Nilsson, g. fyre 1645 med Brita, er ofte nemnd som leiglending 1611-1645 med dotteri Ingebjørg i 1645. Han betalte tridje års bygsel i 1613 for 1 laup og likeins i 1616 for 1 laup 1 spann og 1619 for 4 pund 2 mark. Bård åtte 1 laup odelsgods i 1614, og i 1621 42 mark i Ukvitno og 1 laup 1 pund i Øvre Lid. Anders Olde var 1621 eigar av 1 pund i Ukvitno. Magne Bjarneson, g. m. Ragnhild, er nemnd som leiglending 1645-1661 og åtte 1 laup 8 mark i 1652 og 1655. Torkjel Løno var eigar av 6 mark i Ukvitno i 1652.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset i Ukvitno 14 mark smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn. Sehested åtte i 1650 ½ laup 6 mark som han hadde fått ved makebyte med kongen. På denne parten var det 14 mark smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn i leidang, 1 dalar 1 ort 8 skill. i skatt, 1 ort 8 skill. i fornødspengar, 1 ort 8 skill. i arbeidspengar og 1½ ort 62/3 skill. i avgift til jordeigaren. Mons var leiglending. Sehested laut lata dette jordgodset att i 1651 til kongen, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. I Skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte 1 laup i Ukvitno.

Skyldi er i 1661 førd upp med 1 laup 18 mark. Derav åtte Vangskyrkja 12 mark, og ho fekk for det ½ pund smør i landskyld. Brukarane Magne og Nils åtte 1 laup 6 mark. I 1664 var ei

--- side 469 ---

enkje og Steffa Nilsson brukarar. Ein son, Aslak Monsson f. 1650, er og førd upp då. Skyldi er då 1 laup 1 pund, er det sagt. Nils vart gjeven fri frå soldatteneste i 1660. Steffa var einaste brukar i 1670. I 1676 åtte Eirik Helle 1 pund og Nils Lekve 42 mark. I 1680 var Knut Lemme eigar av ½ laup og Klas Miltzow av 42 mark. Det var tri brukarar i 1691: Sjur, Dombør og Jon. Brukarane åtte 42 mark, Vangskyrkja 12 mark og Klas Miltzow 42 mark. Jon brukte heile garden i 1695. Han åtte då


Bilete 54. Ukvitno. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 54. Ukvitno. Fot. P. Braaten 1935.

12 mark og Sjur Dymbe 30 mark i Ukvitno. Kyrkja og Miltzow åtte det same som i 1691.

Halle Andersson var brukar av heile Ukvitno i 1701. Han var f. 1655, g. 1. med enkja Sigrid Andersdr., som døydde 1711, 2. 1714 med Arngunna Larsdr. Øvsthus. Ved skifte etter Sigrid 1711 åtte dei 12 mark i Ukvitno. Halle kjøpte i 1712 42 mark av Herlaug Øvsthus i Raundalen med overbygsel til 3 spann og åtte i 1714 2 pund 6 mark i Ukvitno. Dei andre eigarar då var kyrkja 12 mark og Sjur Dymbe 30 mark. Ivar Dymbe var 1723 eigar av 1 pund 6 mark, brukaren 2 pund 18 mark og Vangskyrkja framleis 12 mark som kongen selde saman med kyrkja i 1723. Med Sigrid hadde Halle fire born

--- side 470 ---

(a-d) og med Arngunna to born (e-f): a. Jon Kinne, b. Nils Øvsthus, c. Rannveig, g. m. Arne Lid, d. Josef f. 1689, g. 1711 m. enkja Ingerid Torgeirsdr. Grindaland, som budde på Grindaland, e. Anders f. 1715, f. Lars f. 1720. Halle døydde 1732 og ho Arngunna gifte seg att 1733 med Velom Sjurson Grjotland. Han fekk ½ laup ved skiftebrev 1732 og skøyte 1734.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Ukvitno. Anders Halleson kjøpte i 1733 odelsretten til 3 spann av Johannes, halvbror sin, og fekk i 1748 skøyte på 13 mark i Ukvitno. Han døydde 1778. Olav Torbjørnson Nedkvitno kjøpte desse 13 mark i 1752 av Anders og 7 mark av Lars Halleson, som hadde ervt dei etter far sin i 1732. Olav selde att 20 mark til Anders Halleson i 1755, som atter selde i 1758 til Lars Nilsson Lemme. Svein Andersson Dukstad kjøpte so i 1760 og selde att 1761 til Nils Botolvson Ukvitno. Olav Knutson Ukvitno kjøpte bruk 1 i 1766. Heile tidi har fylgt med overbygsel til 12 mark som Vangskyrkja åtte.

Olav Knutson f. 1740, var g. m. Borghild Mattisdr. og døydde 1800. I skifte 1822 etter Borghild er ført upp fire born: Knut f. 1762, Olav f. 1777, død fyre 1822, og hadde fem born, Anna g. 1787 med Sjur Vikingson Grjotland, som i 1822 budde på Setre i Nordhordland, Brita, g. m. Viking Johannesson Vinjo, som budde i Bergen i 1822. Knut Olavson f. 1762, g. 1788 med Kari Vikingsdr. Grjotland, død 1848. Han fekk garden hjå far sin i 1788. Dei hadde fire born: Gjertrud f. 1788, Marta f. 1791, g. 1833 med Eirik Andersson Helleve, Olav f. 1794, Brita f. 1797, g. 1821 med «halvmåneblåsar» Botolv Janson Finne.

Olav Knutson f. 1794, g. 1822 med Kristi Vikingsdr. Nedkvitno døydde 1860. I 1847 fekk han farsgarden for 400 spd. Tri born: Knut f. 1822, Viking f. 1829, Amerika, Kari f. 1825, g. m. Knut Torsteinson Brekku, Amerika. Knut Olavson f. 1822 vart gift 1855 med Sigrid Larsdr. Vinjo, Vossastr. og døydde 1874. Dei styrde garden og hadde fire born: Olav f. 1856, Lars f. 1858, gardmann på Ure, Vossastr., Anders f. 1870, g. 1899 m. Marta A. Natvik, død 1910, urmakar på Vangen, Kristi f. 1863. Olav Knutson f. 1856, g. 1880 med Brita Knutsdr. Leiddal, døydde 1921. Han fekk garden i 1885 for 2800 kronor og let han til sonen Knut i 1921 for 3200 kronor. Knut er f. 1882.

--- side 471 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 81, lnr. 160 med gamal skyld ½ laup, heri medrekna 12 mark laus landskyld til Vangskyrkja, urevidert 2 dalar 3 ort 10 skill., revidert 2 dalar 1 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,28.

Bruk 2. Helgaset støl. Skyld 17 øre. Anders Knutson Nedkvitno fekk skøyte på stølen i 1865 frå Knut Olavson, og stølen høyrer sidan til bruk 1 Nedkvitno.

Bruk 3. Ukvitno. Velom Sjurson åtte som nemnt ½ laup og overbygsel til 12 mark, som Vangskyrkja åtte i Ukvitno. Hallvard Larsson kjøpte det i 1745 og likeins 30 mark av Bård Sjurson og fekk 1760 kongeskøyte på løysningsretten til 1 pund 18 mark i Ukvitno for 97 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Hallvard hadde fem born på Ukvitno: Lars f. 1749, Brita f. 1751, Mons f. 1753, Anders f. 1755 og Ingebjørg f. 1762. Hallvard bytte i 1763 med Nils Torleivson uti Haga, Holbygdi. Nils var g. 1730 m. Brita Olavsdr. og døydde 1806. Fire born: Ingebjørg f. 1763, g. 1793 med Nils Torbjørnson Hegle, Olav f. 1765, Anna f. 1775, Øyulv f. 1777. Olav Nilsson var f. 1.765, g. 1794 med Marta Olavsdr. Gjerdåk. Han bleiv i Lønavatnet i 1807. I 1788 hadde han fått skøyte frå far sin på 2 pund 16 mark. Fire born: Nils f. 1799, Olav f. 1801, Brita f. 1804, g. 1843 med Ivar Ivarson Lemme, Kari f. 1806, g. 1827 med Nils Nilsson Hegle.

Nils Olavson f. 1799 var g. 1821 med Gjertrud Jonsdr. Dagestad og døydde 1832. Ho gifte seg att 1835 med Rognald Masson Nestås f. 1809. Nils fekk farsgarden ved skifte etter faren 1808 og 1810 og ved skøyte 1811. Ho Gjertrud hadde fire born med Nils (a-d) og to med Rognald (e-f): a. Olav f. 1823, b. Jon f. 1824, g. m. Gudve Davidsdr. Rekve, c. Nils f. 1828, d. Marta f. 1831, e. Mass f. 1835, f. Knut f. 1843. Rognald reiste med huslyden sin til Amerika i 1849. Sonen Knute Masson, som han skreiv seg for i Amerika, kom mykje med i det politiske arbeid i Chicago og var ei tid sherif.

Olav Nilsson f. 1823, g. 1849 med Brita Knutsdr. Nedkvitno fekk halve garden hjå far sin i 1830, selde han 1849 for 970 spd. til Knut Sveinson Øvsthus og reiste til Amerika. Knut var f. 1815, g. 1843 med Sigvor Mattisdr. Mølster og døydde 1853. Ho Sigvor gifte seg att 1857 med Olav Nilsson Engjaland. Sigvor hadde fire born med Knut (a-d) og eitt med Olav (e): a. Svein f. 1844, b. Rannveig f. 1847, død 1928 som huseigar på Lekve, c. Sigrid f. 1849, g. 1902 med målar Anders K. Rokne som

--- side 472 ---

bur på Lekve, d. Mattis f. 1852, g. 1879 med Rannveig Larsdr. Ringheim, sjå bruk 1 Indre Ringheim, e. Kari f. 1858, død ugift 1931.

Svein Knutson f. 1844, var g. 1866 med Marta Styrksdr. En og fekk garden ved skifte etter far sin i 1857 for 500 spd. Han selde 1869 til Nils Sveinson Øvsthus, sjå bruk 4, og vart husmann på Nesheim. Ved skifte etter Nils i 1886 vart garden seld til Torstein K. Lirhus for 3700 kronor. Etter at bruk 5 var skilt frå, kjøpte Anders D. Lavik bruk 3 og selde att 1916 til l/l Voss Skiferbrud, som atter selde 1917 til Lars S. Herheim. Bruk 7 vart fråskilt i 1922, og Arnfinn Larsson Alland kjøpte bruk 3 på auksjon i 1926. Sjå bruk 5 og 6.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 81, lnr. 161 a med gamal skyld ½ laup, urevidert 2 dalar 4 ort 2 skill., revidert 2 dalar 1 ort 18½ skill. Ny skyld mark 1,28 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 4. Ukvitno. Nils Olavson, umtala på bruk 3, selde 1830 halve garden, som vart bruk 4, til Torstein Torgeirson Kvåle eller Dagestad. Rognald Masson Ukvitno tok garden att ved odelssøknad i 1838 åt styksonen Jon. Odelstaksten var 600 spd. Rognald fekk skøyte på garden i 1846 for same pris. Han selde att 1854 til Nils Sveinson Øvsthus for 800 spd. og reiste som fyrr nemnt til Amerika.

Nils Sveinson f. 1816, vart g. m. Kirsti Olavsdr. og døydde 1884. Dei hadde borni: Anna f. 1854, Guri f. 1863, Marta f. 1865 og Svein f. 1868, g. 1894 med Maria Andersdr. Nedkvitno. Svein fekk garden ved skifte etter far sin i 1886 for 2400 kronor. Sonen Lars har no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 81, lnr. 161 b og med skyld som bruk 3 med det undantak at den nye skyldi er mark 3,40, etter at bruk 8 er skift frå.

Bruk 5. Ukvitshaugen. Skyld 86 øre. Skilt frå bruk 3 i 1896. Eigar Torstein K. Lirhus. Han selde i 1913 til Arnfinn Larsson Alland. Sjå bruk 3 og 6.

Bruk 6. Ukvitshaugen. Skyld 72 øre. Skilt frå bruk 5 i 1907. Eigar Torstein K. Lirhus, som selde i 1908 til Arnfinn L. Alland. Han kjøpte ogso bruk 5 Ukvitno og bruk 2 Nesheim og bygde der. Sjå og bruk 3. Arnfinn er f. 1867 og g. m. Hansina Hansdr. Sivle.

Bruk 7. Ukvitno. Skyld mark 1,28. Skilt frå brak 3 i 1922.

--- side 473 ---

Eigar Olav Sjurson Vinjo. Han selde 1927 til Gustav O. Rogne, som atter selde 1932 til Einar J. Horvei.

Bruk 8. Ukvitno. Skyld 4 øre. Skilt ut frå bruk 4 i 1933 og selt til Olav Sveinson Ukvitno for 600 kronor.

Husmenn på Ukvitno.

Torgeir Arneson, g. m. Synneva Halldorsdr. døydde som husmann i 1775. Torleiv Olavson f. 1746 g. 2. m. Guri Arnvedsdr. og døydde 1828, hadde husmannsplass frå fyre 1801. Torgeir Gudleikson f. 1770, døydde 1840 som husmann. Sjur Nilsson feste i 1819 plasset Ukvitshaugen. Han var f. 1768 og døydde 1828. Torgis Sjurson vart dømd i 1820 til å flytta frå Ukvitshaugen. Han var g. m. Brita Eiriksdr. og fekk sonen Eirik i 1812. Mass Rognaldson Nestås fekk kontrakt i 1825 på plasset Ukvitshaugen. Han var g. 1. m. Helga Knutsdr. Hjørnevik, 2. 1823 med Johanna Jonsdr. Dagestad. Med Helga hadde han to søner: Rognald, som vart g. 1835 med enkja Gjertrud Jonsdr. Dagestad, sjå bruk 3, og Knut som var g. 1844 med Ingebjørg Knutsdr. Hefte og fekk bruk 1 på Hefte. Knut Gullbrandson Elseberg, g. m. Ragnhild Olavsdr., var frå Nordre Aurdal. Båe døydde 1833. I 1865 var der to husmenn: Lars Monsson f. 1840, g. m. Marta Øyulvsdr. (born: Anna f. 1864 og Mons f. 1866,) og Håkon Sveinson f. ikr. 1819, g. 1848 med Sigrid Brynjulvsdr. Bulko. Dei hadde borni: Lars f. 1850, Brynjulv f. 1853, Svein f. 1861, Ivar f. 1865, Synneva f. 1856, Anna f. 1858, Kari f. 1872. Olav Ivarson f. 1806, døydde 1883.

Støl.

Stølen var 1 mil frå garden i 1723 heiter det i matrikkelen. Vårstølen er i marki ovanfor husi. Knut Olavson på bruk 1 selde stølen sin på Helgaset til Anders Nedkvitno og kjøpte seg i 1862 støl i Hornadalen for 100 spd. Sjå bruk 8 Store Skiple. Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 var der to, og det er der no og, men dei er ikkje i bruk.

Offentlege forretningar.

Grenseforretning var halde i 1748, godviljug utskifting på stølen Helgaset i 1827 vedkomande bruk 1, og utskifting 1892.

Bumerke på Ukvitno.

Hallvard 1761 tavle 3 nr. 78. Nils Torleivson 1765 t. 4 nr. 68. I 1766-1786 har han teikna på fleire måtar, oftast bokstavane NTS sett saman på ymis vis. Olav Sjurson 1779 t. 4 nr. 69. Olav Knutson 1781 t. 4 nr. 51.