249. Ukvitno (i Viki).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 566 ---

Namnet vert i 1600 talet skrive Oequittnn og Opquiten. Det vert no sagt Úkvìtnó2 (út pao Dòló ); han búr pao, è tao Úkvìtnó, ska tì Úkvìtna el. Úkvìss. Namnet er samansett, fyrelekken er vel upp, etterlekken er uviss (jfr. Úkvitno i Reppen, nr. 81).

Ukvitno har vore einbølt gard til 1828. I matrikkelen 1661 er ført upp 1 laup i skyld og ein brukar. Der var timber- og vedaskog. I 1723 var det likeins. Jordi var sameleis som på Nestås. Skyldi er ført upp med 1 laup 1 pund i 1777 og umskrivi 1838 til 4 dalar 4 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 750. Der var vassfall, fureskog jamvel til sal og nok vedaskog.

--- side 567 ---

Etter matrikkelen 1865 var der 25 mål åker, 8½ mål dyrka eng, 20 mål god, 58 mål medels natureng og 64 mål skrapebø. 2 mål var høvelegt til dyrking. God hamnegang, skog til husbruk, og timber kunde seljast for 20 spd. årleg. Garden var medels tungbrukt og dyrka som vanleg. I kalde sumrar vart kornet ikkje moge, og det fraus sume tider. I matrikkelen er umtala at nær ved garden var ei myr på 24 mål som ikkje kunde dyrkast. Gardeigaren umtala at myri var til skade for kornav-


Ukvitno
Bilete 70. Ukvitno. Fot. P. Braaten 1937.

lingi. Ved uppteljingi 1918 var på Ukvitno 22 mål åker, 12,5 mål kunsteng og 57 mål natureng.

Der budde 23 menneske i 1801, 14 i 1865 og 18 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ukvitno
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   7          
1723 1   12   6   6 ½    
1865 2   25   53   52 ½ 27  
1918 7   21   33          

--- side 568 ---

Bruk 1. Ukvitno. Knut var husmann eller øydegardsmann i 1611. Oluf og Sigrid var leiglendingar i 1614. Magne var 1621 øydegardsmann, husmann eller dreng for full løn. Anders Larsson Olde, g. m. Rannveig Eilivsdr., har 1622 gjeve skøyte på skinnbrev til Isak Sjurson Lunde og kona hans Guri Oddsdr., på 1 pund i øydegarden Ukvitno. Kjøpesummen var 12 gode riksspesiedalar og ½ rd. i skøytekostnad. Guri var frenke til Rannveig og var etter henne nærmaste odelsborne til jordgodset.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 8 merker smør og 1 geitskinn. Isak Lunde var leiglending. Skyldi var 1 laup i 1652 og 1659. Nils Horvei åtte 1652-1659 2 pund, Anders Lunde 1 pund i 1652 og 1655 og Anders Ukvitno 1 pund i 1659. Han åtte dessutan 4½ mark på Kinne i 1652-1659. Anders var brukar 1635, 1652, Olav 1655, Anders 1657, 1659 og Anders Olavson 1661 og 1664. I 1676 og 1680 var Klas Miltzow eigar av 1 pund.

Mons Andersson kjøpte 1680 1 pund av Nils Skaffåen og Eirik Helle i Nordhordland og var eigar og brukar av heile garden, som var 1 laup 1 pund i 1691, 1701 og 1 laup i 1714. Mons var f. 1645 og hadde borni: Guri f. 1677, død ugift 1751, Endre, Anders f. 1689, Brita f. 1692, død 1761, Lars f. 1695 og Sjur f. 1798. Endre, Anders og Sjur døydde fyre 1752. Endre hadde dotteri Guri, g. m. Bertel på Kongsberg. Anders hadde tri born Jon, Gjertrud og Katrina. Sjur hadde tri born Anna, g. m. Anders Nilsson Giljarhus, Gudve f. 1730 og Gjertrud f. 1735.

Lars Monsson fekk 1 pund etter foreldri sine og kjøpte 1721 2 pund av brørne sine Endre og Anders. Lars var g. 1. 1721 m. Guro Andersdr. Midtun, 2. 1740 m. Sygni Isaksdr. Lirhus og 3. 1753 m. Brita Andersdr. Lid. Ho døydde 1761, 34¼ år gl. og Lars 1762. Han hadde eit barn med Sygni og fem med Brita: Marta f. 1744, g. 1763 m. Arnfinn Eirikson Rogne, Isak f. 1754, Anders f. 1758, Sygni f. 1755, død ugift 1778, Gjertrud f. 1757, g. 1788 m. Steinvor Andersdr. Indre Flògo og Ragnhild f. 1760, g. 1783 etter kongelegt løyve med Torbjørn Ivarson Kinne. Ved skifte etter Lars var bruttomidelen 870 rd. og derav for jordgodset 102 rd. (1 pund 10 mark).

Isak Larsson fekk 1768 skøyte på 1 laup, gifte seg 1773 med Ingjerd Torgisdr. Skjelde og døydde 1778. Ingjerd vart

--- side 569 ---

attgift 1779 med Knut Torbjørnson Seve som 1778 og 1779 fekk skøyte på 1 laup. Han var soneson til lensmann Mass Seve, og Klas Miltzow var oldefar hans. Ingjerd døydde 1790, 36½ år gl., og hadde ei dotter med Isak og fire born med Knut: Brita f. 1776, Isak f. 1780, g. m. Sisselja Larsdr. Seim, Torgis f. 1782, Torbjørn f. 1785 og Ingjerd f. 1790. Ved skifte 1790 etter Ingjerd åtte dei jordgods i Ukvitno for 185 rd. og på Vestrheim for 300 rd. Bruttomidelen var 966 rd. Knut gifte seg att 1794 m. Brita Torsteinsdr. Saude og flytte til Vestrheim.

Brita Isaksdr. vart g. 1793 m. Oleiv Klasson Grimastad som same år fekk skøyte på Ukvitno. Han døydde 1839, 72 år gl. og Brita 1855. Dei hadde ti born: Kari f. 1795, g. 1819 m. Mass Styrkson Seim, Ingjerd f. 1798, død ugift 1832, Klas f. 1800, Isak f. 1802, g. 1828 m. Kari Isaksdr. Grimastad, Nils f. 1805, g. 1840 m. Brita Josefsdr. Byrkjo, budde på Grimastad, Lars f. 1807, Marta f. 1810, g. 1836 m. Per Ivarson Skjerpe, Knut f. 1814, Hans og Guri f. 1821, g. 1842 m. Eirik Knutson Stora Saude.

Klas fekk 1826 skøyte frå far sin på garden og gifte seg 1828 m. Kristense Hallesdr. Dagestad. Han bytte 1849 med Eirik Knutson Vetla Saude uti garden hans, men bytte um att i 1854. Same år let Klas garden til Knut, bror sin. Kristense døydde 1873, 68 år gl., og Klas 1879, barnlause. Ved skifte etter Kristense var bruttomidelen 1727 spd.

Knut Oleivson f. 1814 gifte seg 1841 m. Asgjerd Olavsdr. Graudo. Han var nokre år i Amerika. I 1871 bytte han med Olav, son sin, uti bruk 2 Eimstad. Knut kjøpte same år Ukvitno attende og skøytte 1873 garden til Olav, son sin for 700 spd. Knut og Asgjerd fekk tri born: Olav f. 1850, Kristense f. 1856, g. 1. 1874 m. Hans Person Saude, 2. 1879 m. Halldor Knutson Lunde og Klas f. 1861, død ugift 1887. Olav vart g. 1869 m. Ragnhild Arnfinnsdr. Eimstad f. 1851 og døydde 1885. Ragnhild døydde 1927. På skifte etter Olav vart jordgodset taksta 12800 kronor og bruttomidelen var 17 179 kronor. Dei hadde fire born: Knut f. 1875, Arnfinn f. 1878, g. m. Sigrid Knutsdr. Mosafinn, bur på Hellesnes, Isak f. 1880 og Klas f. 1883.

Mass Klasson Tren kjøpte 1886 garden på skifte etter Olav for 14980 kronor. Han var f. 1859, g. 1886 m. Guro Olavsdr. Tren f. 1863 og fekk borni Olina f. 1887, Klas f. 1891, Olav

--- side 570 ---

f. 1894 og Marta f. 1895. Guro døydde 1897 og Mass 1931. Mass reiste med kram fyrr han kjøpte garden. Klas fekk garden i 1921 for 4000 kronor og er gift med Gudve Knutsdr. Eimstad f. 1884.

Ukvitno var fyrr mtrnr. 250, lnr. 493 med gamal skyld 1 laup 1 pund, urevidert 4 dalar 4 ort 20 skill., revidert 5 dalar 3 ort 14 skill. Ny skyld mark 8,33.

Mtrnr. 250, lnr. 493 b. Ukvitno. Oleiv Klasson let 1828 halve garden til Isak, son sin. Han var g. m. Kari Isaksdr. Grimastad og fekk på Ukvitno borni Brita f. 1828 og Marta f. 1832. Isak har dikta ei vise som er i samlingi i Finneloftet. Han bytte 1839 med Samson Josefson uti bruk 3 Byrkjo. Han selde att 1885 til Eirik Knutson Saude for 1100 spd., men kjøpte same dag garden attende for 900 spd. Olav Knutson Ukvitno kjøpte 1866 eigedomen for 817 spd. og fekk han i 1886 ført saman med lnr. 493, so heile Ukvitno vart eitt bruk att. Samson budde sidan på Grimastad der han er umtala.

Bruk 2. Vetla Ukvitno. Utskilt 1886 frå bruk 1 med skyld 59 øre. Pa skifte 1886 etter Olav fekk enkja Ragnhild Arnfinnsdr. bruk 2 for 800 kronor. Ho let det 1896 til Knut, son sin, for 600 kronor. Otto Meyer kjøpte 1917 bruket på auksjon for 4000 kronor og let 1929 eigedomen til son sin, premierløytnant O. H. Meyer for same pris.

Bruk 3. Ukvitno. Skilt ut frå bruk 1 i 1887. Skyld mark 2,58. Ingebjørg Knutsdr. Skjeldal kjøpte bruket for 3500 kronor. Ho gav kjøpekontrakt i 1889 til Knut Olavson Geitle på stykket Skysshaugen for 500 kronor. Ingebjørg er f. 1873, g. m. Lars Knutson Kvarakvål f. 1861, som døydde 1914. Deira son Knut fekk 1933 skøyte på bruket for 6000 kronor.

Bruk 4. Solheim. Utskilt 1890 frå bruk 1 med skyld 43 øre og selt til Lars Jakobson Ukvitno. Han var f. 1870 og g. 1892 m. Marta Jonsdr. Skylje. Han selde 1892 til Mons Jakobson Landro. Han var f. 1861 i Fjell, g. m. Kari Arvesdr. Skjeldal f. 1856, og døydde 1932. Han var underoffiser. Enkja har no bruket.

Bruk 5. Nedre Ukvitno. Skilt ut frå bruk 3 i 1891 med skyld 10 øre og selt til Per Johannesson Kvitingen, Samnanger. Han var f. 1865, g. m. Anna Arvesdr. Skjeldal, som døydde

--- side 571 ---

1924. Per døydde 1899. Nils Olavson Berge kjøpte eigedomen i 1924.

Bruk 6. Karislåtta. Skilt frå bruk 2 i 1913. Skyld 10 øre. Selt på auksjon til Olav Andersson Skjelde.

Bruk 7. Fredheim. Utskilt 1920 frå bruk 3 med skyld 45 øre og selt til Voss herad for 4500 kronor. Johannes L. Tren kjøpte 1936 eigedomen for 2800 kronor.

Husmenn.

Alf var husmann i 1645 og Sjur Bårdson i 1664. På tingi 1707 og 1709 er ved tingsvitne upplyst at husmannsplasset Øvre Ukvissberje som tidlegare var rudt og skattlagt, hadde vore øyde i mange år. Husi var burte og marki var utlagd til febeite. Knut Olavson f. 1757, g. m. Ingjerd Nilsdr. f. 1761 fekk borni: Sigrid f. 1786, tvillingane Nils og Olav f. 1790 og Anna f. 1799. Rasmus Magneson, g. m. Ingebjørg Arvesdr., fekk borni Magne f. 1823 og Brita f. 1826. Styrk. Larsson, g. m. Ingebjørg Bårdsdr. budde på Ukvisstræe og fekk dotteri Kari f. 1844. Dei er umtala på Saude der dei budde seinare. Sonen Lars Styrkson, g. m. Kristi Olavsdr. Eimstad, fekk på Ukvitno borni Gjertrud f. 1857 og Kari f. 1860. Lars hadde seinare plass på Saude. Knut Oleivson og kona bygsla 1873 6-7 mål jord. Jakob Olavson Skjelde og kona fekk 1888 husmannsfeste.

Støl.

Stølen var 1¾ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Ukvitno har sumarsstøl på Nore Hamlagrø ved Hamlagrøvatnet. Vårstølen ligg ikring 300 meter ovanfor garden. På stølen Hamlagrø finn ein jarnkròkor. Det er fortalt at der har vore brent jarn.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791 og der er framleies kvern. Sag er der òg.

Offentlege forretningar.

Forretning 1737 mot Seim. og Nestås. Steiningsforretning 1748. Odelssak 1760. Forretning 1764 um merki mot Nestås. Åstadsak 1794 og 1796. Forretning 1797 mot Nestås. Semje 1822 um beiting. Utskifting 1829. Semje 1834 um gjerde. Utskifting 1884 på stølen Hamlagrø. Oreigningstakst 1928 vedkomande regulering av Hamlagrøvatnet. Konsesjon 1928 vedkomande regulering av Bergsdalselvæ og Torfinno.

Bumerke.

Lars mange gonger 1724-1756 tavle 2 nr. 47. Gudleik 1766 t. 9 nr. 84.