233. Ullestadteigen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 439 ---

Gamle skriftformer vantar. Det vert no sagt Údléstòteijén2; han búr í, è ór Údléstòteijè, ska i Údléstòteijén. Namnet er samansett av gardsnamnet Údléstò (nr. 44) og teig m.

Ullestadteigen har i tidlegare tid høyrt til garden Ullestad. Kva tid bruk 1 vart utskilt, veit me ikkje. I matrikkelen 1838 er han ført upp med 4 mark i skyld som då vart umskrive til

--- side 440 ---

2 ort 16 skill. Der var ein brukar og turvande vedaskog, men stølshamn var der ikkje. Samanlikningstalet var 80. I matrikkelen 1865 er ført upp 22/3 mål åker, 1 mål dyrka eng, 2 mål god og 4 mål medels natureng. Der var ring vårhamn, ikkje sumarhamn, turvande vedaskog, men ikkje timber. Garden var sers tungbrukt, utsett for jordskred og dyrka som vanleg. I 1918 var der 3,7 mål åker og 8 mål natureng.

Der budde 3 menneske i 1801, 3 i 1865 og 4 i 1920.

I 1865 fødde dei 2 kyr, 13 smalar og avla 6 tunnor korn og 9 tunnor potetor. I 1918 fødde dei 4 kyr og 21 smalar.

Bruk 1. Ullestadteigen. Brynjulv Larsson, g. m. Gjertrud Gudleiksdr., budde der som husmannsfolk, då dei fekk dotteri Kari f. 1730. Lars Andersson, g. m. Sigrid Bjarnesdr., var og husmannsfolk og fekk 1777 dotteri Ragnhild. Nils Styrkson kjøpte 1778 4 mark. Han var g. m. Marta Johannesdr., og fekk sonen Sjur f. 1783. Nils selde 1783 til Olav Nilsson Bryn, som gifte seg 1784 m. Anna Knutsdr. Staup. Dei fekk 1785 dotteri Gjertrud. Viking Olavson Ronve kjøpte garden i 1798. Han gifte seg same år med Eli Olavsdr. Sonve og fekk i Ullestadteigen sonen Olav f. 1803. Viking bytte 1821 med Lars Olavson uti bruk 2 Uppheim, Vestbygdi. Han selde att 1824 til lensmann Ringheim. Prokurator Lund kjøpte 1829 garden på auksjon og selde 1832 til Olav Johannesson Hovda for 470 spd. Han var g. 1823 m. Kari Eiriksdr. Seim og fekk i Ullestadteigen dotteri Anna f. 1836.

Hermund Olavson Uppheim, Vestbygdi, kjøpte 1837 garden for 350 spd., var g. 1833 m. Barbrå Larsdr. Geitle og fekk borni Barbrå f. 1838 og Lars f. 1841. Hermund selde til Nils Endreson Steine for 315 spd. Han var g. m. Torbjørg Magnesdr. Langeland. Dei fekk to søner i Ullestadteigen: Helge f. 1845 og Knut Elje f. 1848 og hadde fyrr sonen Endre f. 1839. Helge vart g. 1879 m. Eli Oddsdr. Eide. Nils døydde 1854, 56 år gl. og Torbjørg 1890. Endre vart g. 1865 m. Ingebjørg Sylfestsdr. Grjotland og fekk 1866 skøyte frå mor si på garden for 200 spd. Endre døydde 1888, og Ingebjørg selde 1892 garden til Lars Bergeson Fadnes for 1700 kronor. Han var g. m. Brita Jonsdr. Mestad som døydde 1899. Sonen Jon, f. 1891, fekk 1916 garden for 1000 kronor og er g. m. Gjertrud Jensdr. Øvsthus.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 234, lnr. 459 med gamal skyld 4 mark, urevidert 2 ort 16 skill., revidert 2 ort 6 skill. Ny skyld 66 øre.

--- side 441 ---

Gardnr. 45, bruk 2. Ullestadteigen. Det var utskilt 1856 frå bruk 1 Nedre Ullestad med skyld 16 øre. Sakførar Thorsen selde det til Nils Johannesson Mølsterteigen for 60 spd. Han selde det att 1861 til Knut Sveinson Byrkjo for 48 spd. Knut Masson Byrkjo fekk 1901 skøyte på eigedomen.

Gardnr. 45, bruk 8. Ullestadteigen. Utskilt 1892 frå bruk 4 Ullestad (Kapellangarden) med skyld 6 øre. Lars Bergeson


Ullestadteigen
Bilete 55. Ullestadteigen. Fot. P. Braaten 1937.

Fadnes fekk kongeskøyte på eigedomen for 230 kronor. Eigedomen har sidan fylgt med gnr. 233 bruk 1.

Støl.

Sumarstøl er der ikkje, men dei har vårstøl ovanfor garden.

Offentlege forretningar.

I 1708 var det merkeskilforretning vedkomande Ullestadteigen millom Rasmus Nesthus og dei fire Ullestadmennene. Det vart fastsett skifteline i skogen. Ullestad fekk mest av det som det var tvista una. Sak 1775 på Ullestad um Ullestadteigen.