38. Uppheim (i Gullfjordungen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 251 ---

Namnet vert i 1427 skrive Oppheim. Det vert no sagt Uppeim (i Gùllfjórùnjè); han búr pao, è tao Uppeim, ska tì Uppeims. Namnet er samansett av upp og heim, gn. heimr, og tyder heimen deruppe. Gn. Uppheimr.

Uppheim var halv gard i 1661 med skyld 2 laup og det var ein brukar. Elles er berre meldt at der var vedaskog. I 1723 vart skyldi sett ned til 1 laup 2 pund 6 mark. Der var vedaskog og ein liten humlagard, men ikkje kvern. Garden var årvand og tungvinn. Det er same skyldi både 1777 og 1838, då ho er umskrivi til 4 dalar 13 skill. Samanlikningstalet var 620. Der var vedaskog og ei liti kverngrov. Matrikkelen av 1865 fører upp 111/3 mål åker, 2½ mål dyrka eng, 25 mål god, 11 mål medels natureng og 48 mål skrapebø. Der var ring vårhamn og ikkje sumarhamn. Garden hadde vedaskog og noko lite timber, var tungbrukt, utsett for å svida, hadde ingen lunnar og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 15 mål åker, 12 mål kunsteng og 14 mål natureng.

På Uppheim var det 8 menneske i 1801, 8 i 1865 og 15 i 1920.

--- side 252 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Uppheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 11 9
1723 1 13 12 16
1865 1 13 29 32 ½ 36 ½
1918 4 15 26

Uppheim var einbølt gard heilt til 1892.

Munkeliv kloster åtte noko i Uppheim er det meldt um i Diplomatariet 1427 og 1463. Det var på 6 mmb. heiter det 1480-90 (DN. XII. nr. 257). I 1514 er Besse Oppen umtala. Det skal kanskje vera Uppheim. I 1563 budde Saluor på Uppheim og Arnfinn i 1603. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen av Uppheim var 11 mark smør, 1 geitskinn og 1 sauskinn. Ryttarskatt vart lagt på odelsgodset i 1627 med ½ ort. I Skattemanntalet 1635 er upplyst at bispestolen åtte 2 laup i Uppheim. Ivar er nemnd fleire gonger som leiglending 1611-1635 og åtte 1614 og 1629 12 mark i garden. 1636 var han so arm at han slapp betala «Penningskatt». Odd Gudleikson, gm. Berete, var brukar 1645 og 1652 og Oddmund 1655. Halldor brukte Uppheim 1657 og 1659, men 1661 er det ei enkje. Bispestolen i Bergen åtte då garden som er førd upp med 2 laup. Nils budde der 1691 og 1695.

I 1701 var Mons Ivarson leiglending, 41 år gl., g. m. Ragnhild Knutsdr. og døydde 1711. Dei hadde sonen Ivar f. 1695, som 1722 gifte seg med Torbjørg Livorsdr. Store Skiple. Ho Ragnhild gifte seg upp att 1711 med Johannes Larsson Ullestad, som same året bygsla Uppheim av bispen. Johannes gifte seg andre gongen 1719 med Torilda Knutsdr. Seim, og døydde 1769. Deira born var Lars og Knut. Knut var gift andre gongen 1744 med Guro Knutsdr. Raustad og vart gardmann på Raustad. Lars var fødd 1720, gifte seg 1765 med Hallbjørg Andersdr. Lydvo og døydde 1774. Ho Hallbjørg gifte seg so same året med Endre Mikkjelson Arhelleren.

Lars og Endre var leiglendingar på Uppheim. Med Lars hadde ho Hallbjørg døtterne Marta og Torilda f. 1773, Torilda gifte seg til Glymme med Knut Halldorsson. Med Endre hadde Hallbjørg tri døtter: Margreta, f. 1776, g. m. gardmann Rognald

--- side 253 ---

Halldorson Glymme, Marta f. 1777, g. m. Lars Halldorson Glymme, Anna f. 1780, g. m. Mons Larsson Ronve. Lars Halldorson bygsla 1798 og 1804 Uppheim av bispen. Seks born: Endre f. 1805, g. m. Jorunn Olavsdr. Høyland, Margreta f. 1799, gift 1819 med Per Bårdson En og 1828 med Styrk Olavson Høyland, som budde på Høyland. Synneva f. 1802, gift 1829 med Olav Mattisson Lunde og 1835 med David Monsson Lunde, gardmann på Glymme, Brita f. 1810, g. m. Eirik Styrkson Hegle, husmann på Hegle, Asgjerd f. 1814, g. m. Lars Gusskalkson Lydvo, husmann på Grjotland, Anna f. 1815. Endre Larsson fekk i 1842 kongeskøyte på garden for 800 spd. og jordavgift 4 tunnor 1 skjeppe 3 fjerdingkar bygg, som er innløyst. Det var 7 born etter Endre og Jorunn: Lars, Synneva, Marta, Olav, Styrk, Ingebjørg og Knut, fødde 1829-1850.

Endre selde garden 1846 til Knut Andersson Ullestad for 1000 spd. Han selde same året til Jon Knutson Raustad, f. 1814, død ugift 1901. Han selde att 1858 til Torstein Andersson Hellesnes for 980 spd. Han kom frå Hellesnes, der han er umtala, og budde på Uppheim til 1870 og selde då til Knut Andersson Røte for 1400 spd. Knut var f. 1831, g. m. Marta Olavsdr. Bø og døydde 1898. Knut skifte garden millom båe sønene Anders og Olav i bruk 1 og 2. Knut hadde og ei dotter Marta som er død ugift.

Bruk 1. Uppheim. Anders Knutson fekk dette bruket hjå far sin i 1892 for 400 kronor. Han er f. 1868, gift 1893 med Synneva Larsdr. Eimstad og 1900 med Maria Andersdr. Sundve. Husi på dette bruket brann i 1900.

Bruk 2. Uppheim. Utskilt frå bruk 1 i 1892. Olav Knutson fekk det hjå far sin for 400 kronor. Han var f. 1870 og g. m. Anna Lassedr. Jordalen. Deira son Martin fekk skøyte på garden i 1932. Han er f. 1905.

Uppheim var fyrr mtrnr. 38, lnr. 88 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 4 dalar 13 skill., revidert 3 dalar 1 ort 19 skill. Den nye skyldi er mark 2,45 på kvart av dei to bruki.

Husmannsplass.

Velom Knutson, g. m. Åsa Bjarnesdr. var husmannsfolk i 1730. Då Endre Larsson i 1846 selde Uppheim, tok han seg plass i Dokkjæ. Dette plasset vart nedlagt då Endre seinare fekk plass på Flatekvål. Knut Eirikson Gjøastein, g. m. Marta

--- side 254 ---

Andersdr. hadde òg plass på Uppheim ei tid, men flytte frå det umlag 1865.

Støl.

Støl var det ikkje til garden i 1723. Båe bruki har vårstøl på Taulen. Bruk 1 har ikkje sumarsstøl. Bruk 2 har kjøpt sumarsstøl på Kviting av Yksnabjørg.

Offentlege forretningar.

Millom Finne og Uppheim var det sak i 1795. Semje var gjord i 1899 med bruk 3 Lydvo um veiting av vatn.

Bumerke.

Johannes 1722-1743 tavle 2 nr. 86. I 1757, 1764 er merke sett med vinstre sida ned og utan tverrstreki uppå og under. Lars 1732, 1736 t. 2 nr. 87. Merket er brigda noko lite i 1739 og atter 1756.