180. Uppheim (i Kvitli).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 79 ---

Namnet er nemnt i 1611, skrive Opem. Det vert no sagt Ùppeim2 (i Kvitl'né); han búr pao, è tao Ùppeim, ska tì Ùppeims. Namnet er samansett av upp og heimr, gn. Uppheimr m., heimen der uppe.

Skyldi på Uppheim var 2 pund i 1661 med ein brukar. Der var brennefang og smått timber. Skyldi var den same i 1723, og der var fureskog til husvøling og brensel. Garden var tungbrukt og hadde midlungs jord. I 1776 var skyldi 2 pund 6 mark som 1838 vart umskrivi til 2 dalar 1 ort 23 skill. Fureskog var der då til sal, turvande vedaskog og vassfall. Samanlikningstalet var 360.

--- side 80 ---

Matrikkelen 1865 melder at der var 10 mål åker, ½ mål dyrka eng, 8 mål god, 11 mål medels natureng og 52 mål skrapebø. 2 mål høvde til dyrking. Sumarhamn vanta, og Vårhamni var medels. Skog til husbruk, og dei kunde selja timber og ved for 16 spd. um året. Garden var medels tungbrukt, noko utsett for å svida og dyrka som vanleg. Vassfallet vart sett til 1 spd. årleg innkome. I 1918 var der 11,2 mål åker, 29 mål kunsteng og 4 mål natureng.

Det budde 5 menneske på Uppheim 1801, 7 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Uppheim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10   3          
1723 1   8   9   8      
1865 1   10   20   23   16  
1918 2   9   24          

Bruk 1. Uppheim. Sjur budde på Uppheim i 1591. Jordboki 1585-1616 upplyser at Vangens prestebol fekk 1 spann smør i landskyld av Uppheim. Lars var leiglending 1603 og Sjur 1611. Jon var husmann eller øydegardsmann 1611 og 1621 og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen var 6 merker smør og 1 geitskinn, og Sjur var leiglending. Mons var leiglending 1635 på 2 pund og var då fri for garnisonsskatt av di han var fatig. Anscharius Sjurson, g. m. Herborg, budde 1645 på Uppheim. F. Broderson let 1649 noko ved makabyte til kongen. Sakarias var leiglending.

Skyldi var 1652 og 1655 2 pund. Prestebolet er skrive flerre gonger som eigar av 1 pund i 1652-1661. Schytsbaaden åtte 1652 12 mark, F. Broderson 12 mark og Styrk 1659 12 mark. I 1661 var 1 pund bondegods. Olav er skriven som brukar 1652, 1657 og Sakarias 1655 og 1659. Olav Olavson var brukar 1661 og 1664. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 12 mark av Munkelivgodset på Uppheim. Olav Gjerdåk åtte 1776 12 mark og Torstein Dukstad 12 mark i 1680.

I 1691, 1695 og 1714 var Vangens prestebol framleies eigar av 1 pund, Torstein Dukstad 12 mark, og Fatighuset åtte 12

--- side 81 ---

mark. Ei enkje var leiglending 1691 og Olav 1695 til 1728 då han døydde. Han var f. 1657, g. m. Marta Gudleiksdr. og fekk borni: Torstein f. 1697, Ragnhild g. 1724 m. Eirik Ivarson Indre Takla, Gudleik g. 1726 m. Brita Mikkjelsdr. Nestås (Skjerveggen?), Gjertrud f. 1711, g. 1. 1734 m. ekm. Lars Indre Takla, 2. m. Styrk Sjurson Rjodo. Nils Larsson Klyve bygsla 1728 1 pund. Han gifte seg 1. 1728 m. enkja Marta Gudleiksdr. Uppheim, 2. 1756 m. Magli Olavsdr. Tveiti og 3. 1759 m. Gjer-


Uppheim
Bilete 13. Uppheim. Fot. P. Braaten 1937.

trud Torsteinsdr. Hildestveiti. Nils døydde 1779, 79 år gl., og hadde med Magli dotteri Marta f. 1758, g. 1781 m. Gudleik Larsson Tillung.

Anna Torsteinsdr. fekk som arv ved skifte 1737 12 mark som ho selde 1753 til Mikkjel Ivarson Vivås. Hallstein Hendrikson Istad og Ivar Mikkjelson Vivås er deretter vortne eigarar av desse 12 mark og selde dei 1798 til Bjarne Olavson Herre. Han var g. 1780 etter kongelegt løyve med enkja Gjertrud Torsteinsdr. Uppheim og bygsla garden etter Nils. Bjarne døydde 1803, 54½ år gl. og Gjertrud 1817, 82 år gl. utan born. Ved skifte etter Bjarne vart hans 12 mark verdsette 12 rd., og bruttomidelen var 773 rd.

Vangens prestebol var 1803 framleies eigar av 1 pund, og Bergens Enkjefatighus åtte 12 mark. Nils Monsson Fenno

--- side 82 ---

bygsla 1803 og kjøpte 1804 dei 12 mark av Gjertrud. Nils var g. 1. 1804 m. Sigvor Ingebriktsdr. Fjellby, 2. 1829 m. Gjertrud Eilivsdr. Prestegarden. Nils døydde 1857, 81 år gl. og Gjertrud 1859, 78 år gl. På skifte etter Gjertrud var dei 12 mark taksta 12 spd., og bruttomidelen var 135 spd. Med Sigvor fekk Nils ni born: Bjarne f. 1804, skriven for sagmeister 1865, død ugift 1885, Guro f. 1806, g. 1851 m. ekm. Nils Herlaugson Steine, Kristi f. 1807, g. 1829 m. Olav Hermundson Bulko, Kari f. 1809, g. 1850 m. Sjur Jakobson Grovu, husmann på Bryn, Mons f. 1811 (Amerika), Lars f. 1813, Brita f. 1816, g. 1859 m. ekm. husmann Sjur Brynjulvson Veiso, Gjertrud f. 1818, g. 1854 m. Mons Kolbeinson Dale, Anna f. 1821, g. 1847 m. Torstein Andersson Gjerde.

Lars Nilsson fekk 1849 kongeskøyte på 1½ pund for 500 spd. og jordavgift som er innløyst. I 1850 fekk Lars skøyte frå far sin på dei 12 mark han åtte i garden for 12 spd. Lars vart gift 1857 m. Synneva Trondsdr. Grønlidi f. 1835 og fekk borni: Nils f. 1858, Sigvor f. 1860, g. 1888 m. Sjur Larsson Istad, Eli f. 1863, død ugift 1907, Brita f. 1866, Marta f. 1868, Gjertrud f. 1871, død ugift 1892. Synneva døydde 1902 og Lars 1903. Nils gifte seg 1891 m. Maria Johansdr. Skutle og fekk same år skøyte på farsgarden for 4800 kronor. Deira son Lars fekk 1931 garden for 5000 kronor. Han er f. 1898 og g. 1926 m. Brita Torsteinsdr. Sæd, Eidfjord.

Garden var fyrr mtrnr, 181, lnr. 348 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 23 skill., revidert 2 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,09.

Bruk 2. Nyheim. Utskilt frå bruk 2 i 1923 med skyld 7 øre og selt til Samson Olavson Agledal.

Bruk 3. Granli. Utskilt frå bruk 1 i 1936. Skyld 2 øre. Skøytt til baneformann Martin Brevik.

Husmenn.

Torgeir Larsson f. 1657 var husmann 1701. Hallstein, g. m. Marta Gudleiksdr. var til hus på Uppheim då dei fekk sønene Jon 1711 og Jon 1713. Gjøa Olavsdr. døydde 1738, 82 år gl. Knut Gudleikson f. 1846, g. m. Grete Johanna Isaksdr., hadde plasset Brattebakken og døydde 1918.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det skrive i matrikkelen 1723. Lars Nilsson kjøpte 1870 støl på Steindru av Lars Torbjørnson Grovu for 190 spd. Stølen har sidan fylgt med Uppheim og er i bruk.

--- side 83 ---

Kvern og sag.

Det var ei flaumkvern 1723, 1776 og 1791. Ho står i elvi som kjem frå Skutlestjødnæ. Der stod og ei sag til i kring 1900 som Lars Nilsson sette upp i 1850-åri.

Offentlege forretningar.

Åstaddom 1832 millom Uppheim og Vivås.

Bumerke.

Nils 1735, 1737, 1757 tavle 7 nr. 56. Det er brigda på to måtar i 1760.

Ymse.

På Uppheim er funne eit beitle-munnbit av jarn med massingskoning som er i Bergens Museum.