3. Uppheim (i Vestbygdi).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 36 ---

Namnet vert i 1317 skrive i Uppheimi. Det vert no sagt Uppeim2 (i Vèstbýgd'né), han bur pao, è tao Uppeim, ska tì Uppeims. Namnet er samansett av upp og heim (gn. heimr m.) og tyder «garden deruppe».

Uppheim var halv gard med skyld 2 laup 2 pund 15 mark, heiter det i 1661. I 1723 var skyldi 2 laup 2 pund. Derav på parten Danmark 1 pund 12 mark. Danmark var av Finnegodset, medan resten i Uppheim var ført upp under Apostelgodset. Det var brukarane som åtte garden i 1723. Både i 1661 og i 1723 var det vedaskog og timberskog til husbruk. Vidare er sagt i 1723, at der var humlagard til eige bruk, inkje fiske, men ei flaumkvern. Det var medels f jelljord, «noget uvist til kornvækst». På Danmark var vedaskog berre til eige bruk, ikkje kvern eller fiske, og kald fjelljord, uviss til kornavling. I 1791 var det to kvernar på garden. Uppheim har ved matrikkeleringi i 1830-åri samanlikningstalet 1560. Vidare er tilført då at det var noko lite skog, og sers god hamn. Danmark var turvande for garden, er det sagt, og alle bruki hadde part i det etter skyldi si. Ho var då likeins som i 1723, men er i 1838 umskrivi til 10 dalar 1 ort 19 skill.

I matrikkelen av 1865 er upplyst, at der var 38¾ mål åker, 8¼ mål dyrka eng, 441/3 mål god, 74 mål medels natureng og 141 mål skrapebø. 5 mål høvde til dyrking. God hamnegang, turvande vedaskog, men knapt nok med timberskog. Garden hadde ingen sers lunnende, var tungbrukt, men vanleg godt dyrka so nær som bruk 1, som var dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det etter uppteljingi 33 mål open åker, 20 mål kunsteng og 95 mål natureng.

På Uppheim budde det 37 menneske i 1801, 36 i 1865 og 24 i 1920.

--- side 37 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Uppheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 21 35
1723 2 29 30 22 ,5
1865 5 41 109 89 ,5 78
1918 9 28 75

Fyrste gongen me finn garden umtala, er i eit brev 31. mars 1317 (DN. I nr. 149). Anders Pålson vitna då um korleis Sigurd Tanne skifte godset sitt i Evanger med dei 4 borni sine. Millom jordgodset er 8½ mmb. i Uppheim, truleg i Vestbygdi. Det vart skift millom 3 av borni soleis at Bjarne fekk 5½ mmb. og Trond og Hallgerd tilsaman 3 mmb. I Bjørgynjar Kalfskinn er meldt at Vangskyrkja åtte ½ laup i Uppheim.

Trond Uppheim har i 1521 betalt 6 lodd sylv i skatt og 8 mark i breffbrot. Han har i 1563 betalt landskyld med ½ dalar. Lars Uppheim betalte 1 dalar i skatt i 1563, landskyld av ½ laup 1 geitskinn i 1567, 1591, og i tridje års bygsel 1 mark av ½ laup 1 spann i 1597 som var stifts- og krungods. Eiliv er so vorten brukar av garden, nemnd som leiglending fleire gonger 1603-1641 på ½ laup 1 geitskinn av stiftsgods og åtte i 1614 og 1621 1½ pund i garden. I 1614 betalte Eiliv tridje års bygsel med 2½ mark og i 1626 ryttarskatt med 3½ ort 6 skill. Leidangen på Uppheim var 1 pund smør og 1 bukkskinn i 1624.

I 1645 var enkja Thalle Nilsdr. brukar. Mons og Brita tente der. Lars Eilivson, g. m. Marta, og Oddmund, g. m. Åsa, var husfolk. Henrik Thott har i 1646 ått 2 laup i Uppheim, som han då bytte burt uti noko jordgods i Sunnfjord. Arnfinn eig og brukar 1½ laup i 1652. Knut Århus eig 2 laup som ei enkje bruker. Arnfinn åtte dessutan 1 spann i Gjerstad og ½ pund smør og ½ geitskinn i Brekkhus, Evanger.

Hannibal Sehested fekk i 1649 ved makebyte med kruna leidangen 1 pund smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset i Uppheim. Hannibal Sehested åtte 1650 ½ laup smør og 1 geitskinn i Danmark, som var brukt under Uppheim, og hadde fått det ved makebyte med kruna. På eigedomen var det 1 pund smør 1 bukkskinn i leidang, ½ dalar 12 skill. i skatt, 15 skill. i fornødspengar, 15 skill. i arbeidspengar og 20 skill. i avgift

--- side 38 ---

til jordeigaren. Enkja Orsa (Åsa) var brukar. Kongen skøytte 1657 til Gabriel Marselis ½ laup 1 geitskinn i Danmark under Uppheim, som høyrde til Finnegodset. Nils var då leiglending på det. I Skattemanntalet 1657 er Finnegodset og ført upp likeins. I 1655 er det 3 brukarar: Enkja, Lars og Steffa. Steffa eig og brukar ½ laup. Han var stemnd i 1662 for at han hadde forsømt skyssplikt og laut bøta ½ rd.

Lars Gudleikson er brukar av heile garden i 1661. Han er nemnd som lagrettemann fleire gonger i tidi 1640-1674. 1 laup


Bilete 4. Or Uppheimstunet. Stova til bruk 2 til vinstre, til bruk 3 til høgre. Fot. L. Å. Uppheim 1901.
Bilete 4. Or Uppheimstunet. Stova til bruk 2 til vinstre, til bruk 3 til høgre. Fot. L. Å. Uppheim 1901.

1 spann høyrde til Finnegodset med bygslerett. Resten høyrde med bygslerett til Voss prestebol. Lars var gift med Sigrid Olavsdr. Ho var gift andre gongen med ekm. Torgis Sjurson Melve og døydde på Melve 1723, då det er halde skifte etter henne. Med Lars hadde ho borni: Gudleik, Gullaug, Knut, Olav, Ingebjørg og kann henda fleire. Gullaug f. 1669 var gift med Arngunna Nilsdr. Bjørku og har ei vidgreint ætt etter seg. Knut budde på Bø og Olav på Bragenes (Brakanes, Ulvik?). Ingebjørg var andre kona til lensmann Mass Seve og døydde 1703.

--- side 39 ---

Gudleik Larsson f. 1666 gifte seg med Gjertrud Knutsdr. og døydde 1749. Ho var fødd 1662 og døydde 1742. Gudleik var 1691 eigar og brukar av 1 laup i Uppheim og ½ laup i Danmark. Faren åtte og brukte då 1 laup 12 mark. Gullaug, bror hans Gudleik, hadde i 1695 1 laup i garden medan Gudleik hadde resten. I 1702 er han nemnd som lagrettemann. Borni åt Gudleik var: Olav f. 1688, Lars f. 1700, Knut f. 1702, gift, og døydde på Røte 1787, Synneva gift til Gjerdåk, Brita gift til Lid, Kvitli, Sigvor gift til Tillung og Ingebjørg g. m. Styrk Brynjulvson Væte eller Gjerstad. Gudleik skifte garden millom dei to eldste sønene Olav og Lars. Framhald um Lars på bruk 3.

Olav Gudleikson f. 1688 var g. m. Kari Gusskalksdr. Eide og døydde 1739. Ho var f. 1697 og døydde 1740. Olav fekk skøyte på halve farsgarden i 1737 for 120 rd. Borni var: Gusskalk f. 1721, Per f. 1728, gift og skriven for Haugen, Rd. i 1768, Gudleik f. 1732, død 1768, Magli f. 1720, g. m. Lars Styrkson Edal, Sigrid f. 1725, g. m. Magne Andersson Gjerdskvål, Gjertrud f. 1730, g. m. Eirik Knutson Staup og Synneva f. 1733.

Gusskalk Olavson f. 1721 var gift fyrst med Kari Persdr., f. 1671 og andre gongen 1762 med Ingebjørg Gusskalksdr. Eide. Ved skifte etter faren fekk Gusskalk garden i 1740. Det var 1 laup 6 mark i Uppheim og 18 mark i Danmark. Han fekk i 1760 kongeskøyte på løysningsretten til ½ laup i Danmark, som G. Marselis hadde kjøpt av kruna i 1657. Kjøpesummen for løysningsretten var 30 rd. Gusskalk budde der til 1767 og bytte då med Gusskalk Eilivson uti 1 laup 18 mark i Flògo, men har bytt seg derfrå att i 1769 med Berge Sjurson. Gusskalk hadde med Kari sonen Olav f. 1737, framhald bruk 3, og med Ingebjørg borni: Olav f. 1764, Gusskalk f. 1766 og kann henda fleire.

Gusskalk Eilivson Flògo f. 1712, g. m. Brita Olavsdr. Mølster døydde 1799. Ho var f. 1717 og døydde 1804. Dei hadde borni Erling f. ikr. 1744, Synneva f. ikr. 1756 og kann henda fleire. Gusskalk har, truleg etter odelssøknad, late garden att til Per Gusskalkson Uppheim.

Per Gusskalkson var f. 1742, g. m. Ingerid Torbjørnsdr. Seve og døydde 1832. Ho døydde 1824, 74 år gl. Per fekk i 1771 skøyte på 2 pund 3 mark. Borni deira var: Torbjørn f. 1776, Mattis f. 1783 kom til Bergshaugen, Gudve f. 1781, døydde 1841, Brita f. 1786, g. m. Johannes Ekse, Ingebjørg f. 1789, g. m.

--- side 40 ---

Torkjel Tveito i Granvin. Per let halve garden, som vart bruk 1 til Torbjørn, son sin, og selde den andre halve, bruk 2, til Lars Olavson.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Uppheim (med Danmark). Torbjørn Person f. 1776 gifte seg med Ingebjørg Gudleiksdr. En og fekk skøyte i 1800 på 1 pund 1½ mark i garden. Han bytte i 1810 med Oddmund Torsteinson, som no vart buande der og døydde 1814, 63 år gl. Han var g. m. Torbjørg Larsdr., som døydde 1843, 72 år gl. Dei hadde borni: Lars og Ingjerd, f. 1809.

Lars Oddmundson f. 1805 var g. m. Brita Gusskalksdr. Uppheim og døydde 1876. Ho var f. 1808 og døydde 1881. Han fekk garden etter foreldri sine i 1815. Born: Torbjørg f. 1834, Oddmund, Anna f. 1840, g. m. Anders Bergeson Lisseim, Sigrid f. 1845, g. m. Steffa Jakobson Eide.

Oddmund Larsson f. 1836 gifte seg med Kristense Nilsdr. Berge og døydde 1915. Ho var f. 1846 og døydde 1882. Han fekk farsgarden i 1865 og budde der til 1893, då han let garden til Olav Oddson Eide for 4000 kronor, og flytte seinare til Haugamoen, Vangen.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 3, lnr. 5, gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 1 ort 8 skill., revidert 1 dalar 2 ort 4 skill. No er skyldi mark 2,09.

Bruk 2. Øvre Uppheim (med Danmark). Lars Olavson kjøpte dette bruket av Per Gusskalkson som ovanfor umtala. Lars var g. m. Kari Knutsdr. Han selde att i 1821 til Viking Olavson. Han døydde 1837, 73 år gl. og sonen Olav Vikingson fekk garden i 1836. Olav var f. 1805, g. m. Gjertrud Knutsdr. Vestrheim og døydde 1885. Ho døydde 1861, 63 år gl. Deira dotter Eli f. 1829, gifte seg med Lars Knutson og dei fekk garden i 1857. Borni deira var: Olav f. 1855, Kari f. 1858, Marta f. 1860, Gjertrud, f. 1863, Anna f. 1866, Knut f. 1870. Lars selde garden i 1872 til Steffa Jakobson, som alt i 1876 selde til Viking Oddson for 900 spd. Han er f. 1846 og g. m. Eli Andersdr. Hovda f. 1859. Sonen Olav fekk garden i 1919 for 2100 kronor. Han er f. 1889 og g. 1921 m. Rannveig Johannesdr. Såkvitno.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 3, lnr. 6 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Øvre Uppheim (med Danmark). Olav Gusskalkson, son åt G. Olavson og Kari Persdr. umtala ovanfor, fekk

--- side 41 ---

i 1767 skøyte frå far sin på 1 spann 9¾ mark i Uppheim og noko i Danmark. Olav var f. 1737, gift 1769 med Anna Hermundsdr. Eide og 1785 med Synneva Erlingsdr. Væte. Ho døydde 1796 og han i 1821. Born med Anna: Barbrå f. 1770, g. m. Knut Bjarneson Øvrevik, Gusskalk f. 1772, Eli f 1777, g. m. ekm. Anders Grimsbø, Brita f. 1777, død 1841, Ingebjørg f. 1780. Born med Synneva: Erling f. 1785, Anna f. 1787, Sisselja f. 1790, død ugift 1868, Hermund f. 1793, g. m. Barbrå Larsdr. Geitle. Ved skifte etter Anna vart jordgodset verdsett til 300 rd. Bruttomidelen var 447 rd.

Gusskalk Olavson f. 1772, g. m. Anna Bjarnesdr. Mølster, døydde 1845. Ho døydde 1838, 52 år gl. Han fekk skøyte frå far sin i 1794 på garden. Dei hadde fem born: Anna f. 1808, Brita f. 1809, g. m. Lars Oddmundson Uppheim, Ingebjørg f. 1812, død 1876, Brita f. 1815 og Barbrå f. 1819.

Anna Gusskalksdr. f. 1808 gifte seg 1834 med Styrk Knutson Uppheim og døydde 1905. Han døydde 1846, 40 år gl. Dei fekk farsgarden hennar i 1836. Styrk var massingstøypar og god til å arbeida både i tre og jarn og ymist anna. Han laga soleis fullt ferdige klædeskistor med lås og beslag, byrsor, ljosestakar og dørhandtak. Trearbeidet krota han ofte ut. I 1835 har Styrk gjeve ut nokre salmar. Born: Anna f. 1834, død ugift 1872, Kari f. 1836, d. 1931, g. m. Torbjørn Andersson Kvåle, snikkar og lærar i arbeidsskulen, sjå bruk 19 Prestegarden, Gusskalk f. 1838, Knut f. 1839, d. 1923, lærar og kyrkjesongar på Voss, Anna f. 1842, g. m. Knut Oddson Eide, sjå bruk 23 på Lekve, Anders f. 1844, handelsmann i Amerika.

Gusskalk Styrkson f. 1838, g. m. Sigrid Nilsdr. Vestrheim døydde 1915. Ho var f. 1847 og døydde 1907. Dei fekk farsgarden hans i 1872. Han var med i heradsstyret og presten sin medhjelpar. Born: Styrk, Brita, Anna, Anna, Sigrid, Ingebjørg, Guro, Kari og Ingjerd. Styrk er f. 1868, g. m. Maria Knutsdr. Uppheim og fekk garden i 1907 saman med bruk 6 for 6000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 3, lnr. 7 med gamal skyld 2 pund, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 3 ort 11 skill. No er skyldi mark 3,92.

Bruk 4. Nedre Uppheim (med Danmark). Lars Gudleikson, son åt G. Larsson og Gjertrud Knutsdr. umtala ovanfor fekk i 1724 halvparten av farsgarden, nemleg 1 laup 6 mark i

--- side 42 ---

Uppheim og 18 mark i Danmark. Lars var f. 1700, g. m. Mari Eiriksdr. og døydde 1762. Ho var f. 1696 og døydde 1774. Deira born var: Lars f. 1726, Gudleik, g. m. Arngunna Asbjørnsdr. Rekve, Eli, g. m. Olav Brynjulvson Hovda.

Lars Larsson f. 1726 gifte seg med Kari Knutsdr. Eide og døydde 1802. Ho var f. 1741 og døydde 1811. Han har i 1762 fått garden hjå foreldri, og skifte han millom sønene Lars som fekk bruk 4, og Knut som fekk bruk 5. Born: Lars f. 1765, Knut f. 1776, Gudleik f. 1785, død ugift 1856, Mari f. 1763, gift til Rekves med Olav Torsteinson, Sigrid f. 1770, g. m. ekm. Knut Torsteinson Store Saude, Gjertrud f. 1781, skifte 1859. Gudleik var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen.

Lars Larsson f. 1765, g. m. Rannveig Andersdr. Rekve og døydde 1824. Skifte etter Rannveig var i 1837. Som ovanfor nemnt fekk han bruk 4 hjå foreldri og styrde det til 1813, då han selde til Bjarne Arnfinnson. Born: Per, død 1858, 63 år gl., Anders f. 1805, Kari g. m. Erling Olavson Uppheim, Eidsvåg ved Bergen, Bryttva g. m. bødker Jens i Bergen.

Per Larsson, død 1858, 63 år gl., g. m. Asgjerd Arnbjørnsdr. Seim, som døydde 1852, 70 år gl. Per fekk skøyte i 1814 på farsgarden sin frå Bjarne Arnfinnson, truleg etter odelssøksmål. Per hadde dotteri Kari, som var f. 1828, gift med Styrk Knutson Rekve og døydde 1907. Styrk var f. 1821 og døydde 1887. Kari fekk skøyte på farsgarden i 1851. Borni deira var: Knut f. 1855, Per f. 1856, Asgjerd f. 1858, Eli f. 1862, Guro f. 1865, Lars f. 1868, Guri f. 1871 og Kari f. 1874.

Knut Styrkson f. 1855, g. m. Lorentine Maria Dinesen f. 1863 fekk farsgarden i 1884. Han dreiv ei tid med handel. Sonen Lars f. 1900 fekk garden i 1928 for 4000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 3, lnr. 8 med gamal skyld 2 pund, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill. og revidert 2 dalar 2 ort 14 skill. No er skyldi mark 3,67.

Bruk 5. Nedre Uppheim (med Danmark). Knut Larsson f. 1776, g. 1802 m. Anna Styrksdr. Fjose, døydde 1845. Han fekk i 1798 skøyte frå far sin på bruk 5 som ovanfor nemnt. Utskifting millom bruk 4 og 5 vart halde i 1811. Born: Lars f. 1803, Styrk f. 1806, g. m. Anna Gusskalksdr. Uppheim, Anna f. 1808, g. m. Gusskalk Knutson Vestrheim, Knut f. 1813, døydde 1818.

--- side 43 ---

Lars Knutson f. 1803, gifte seg 1831 m. Brita Brynjulvsdr. Væte f. 1809 og døydde 1846. Han fekk garden etter foreldri sine. Born: Knut f. 1833, Brynjulv f. 1837, Lars f. 1837, gift til Geitle med Anna Askjelsdr., Gudleik f. 1841, Anna, f. 1845. Brynjulv, Gudleik og Anna reiste til Amerika.

Knut Larsson f. 1833 var g. m. Anna Kolbeinsdr. Hovda f. 1833. Ved skifte etter faren i 1846 fekk han garden og budde der til 1867, då han selde til Johannes O. Mestad og Lars Knutson Uppheim for 1000 spd., men dei har gjeve odelsskøyte i 1869 til Lars Larsson Uppheim for 1030 spd. Lars selde att i 1874 for 700 spd. til Nils Gusskalkson Vestrheim f. 1844. I 1878 er skilt frå ein tridjepart av garden som bruk 6. Gusskalk Steffason Eide d. y. kjøpte bruk 5 i 1920 for 6000 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 3, lnr. 9 med gamal skyld 2 pund, urevidert 1 dalar 3 ort 20 skill., revidert 1 dalar 3 ort 13 skill. No er skyldi mark 2,45.

Bruk 6. Uppheim. Utskilt frå bruk 5 i 1878 med skyld mark 1,21. Gusskalk Styrkson kjøpte det då for 1200 kronor. Han har late det saman med bruk 3 til sonen Styrk Gusskalkson i 1907 for 6000 kronor.

Husmannsplass.

Husmannsplass var det ikkje på Uppheim i 1701 eller 1723. Odd Masson, død 1808, 58 år gl. og kona Anna Persdr., f. uml. 1750 fekk i 1798 plass på Nedre Uppheim. No er det ikkje noko plass på Uppheim.

Stølen.

Lars har på tinget i 1659 teke upp sak um stølen, for det var ein Per Erdal (Edal?) som vilde eigna han til seg. Det vart då vitna at stølen i over 200 år hadde høyrt Uppheim til. Det heiter i 1723 at stølen var ½ mil frå garden. Fjelastødln, som nu er sumarsstøl åt garden, er truleg den same som då er umtala. Vårstølen (Mjøllstølen) ligg i bøjagarden.

Offentlege forretningar.

Odelssak var halde i 1745, 1755 og 1799, sak mot Rekve og fleire um «Qvitterstølen» (Kvitlar?) i 1756, sak mot Gjerstad og fleire 1773 og på Øvre Uppheim 1775. Steiningsforretning millom Øvre og Nedre Uppheim og Eide var det 1801 og 1810. Åverkssak og åstadtingsvitne 1811, takst 1822 og godviljug utskifting 1842. Forlik med Vestrheim um merkesgjerde vart gjort i 1844, semje um beiting og gjerdehald i 1891, utskifting på innmarki 1891 og merkeskilforretning i utmarki 1904. Bruk 2 laut flytta husi sine ved utskiftingi.

--- side 44 ---

Bumerke teikna av bunadsmenn på Uppheim.

Gudleik Uppheim 1711 sjå tavle 1 nr. 6. I 1724, 1728 og 1739 er bumerket hans rundt utvendes. Bumerket åt Olav er i 1776 rundt med eit kross i. Lars Gudleikson 1742 tavle 1 nr. 7. I 1746 stikk streket nedum spissen på trikanten, og i 1750 har han snudt upp ned på bumerket av 1742. Gusskalk 1752 t. 1 nr. 8. I 1755 og 1762 går det loddrette streket heilt gjenom rundingen. Per 1784 t. 1 nr. 9.

Segn.

Der er ei segn på Uppheim at runakallen som hadde rudt upp mykje av slåttemarki, gjorde krav på då han skulde døy at han vilde verta gravlagd der som han hadde arbeidt og slite so mykje. Under ei stor bjørk syner det tydeleg etter gravi hans, fortel dei.