124. Urdland.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 297 ---

Namnet vert i 1611 skrive Vrland. Det vert no sagt Urland1; han bùr pao, é tao Urland, ska tì Urlans. Namnet er samansett av ei urd og land.

--- side 298 ---

Urdland har alltid vore einbølt gard, bruk 1. Skyldi var 3 spann i 1661. Elles er då berre sagt at der var ein brukar. Matrikkelen 1723 melder at det var same skyldi, ein brukar, lite vedaskog og ei flaumkvern, men ikkje støl eller humlagard. Skyldi var likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 2 dalar 4 ort 22 skill. Samanlikningstalet var 450. Der var godt vassfall og god vedaskog.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 10,2 mål åker, 1½ mål dyrka eng, 9½ mål god, 25 mål medels natureng og 27 mål skrapebø. Der var god vår-, men ikkje sumarhamn. Noko timber var der og ved kunde seljast for 2 spd. årleg. Garden var dyrka som vanleg, men var svært tungbrukt. Ved uppteljingi 1918 var det 6,1 mål åker, 3 mål kunsteng og 8 mål natureng.

Det budde 12 menneske på Urdland i 1801, 6 i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Urdland.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 6
1723 1 9 6 4 ½
1865 1 10 27 25 21
1918 2 5 20

Dei fyrste menn på Urdland som me veit namn på, er Sjur og Asbjørn. Dei var brukarar i 1611. I 1614 var det Asbjørn og Laurits. Asbjørn vart då utskriven til Svinesund. Nils var brukar 1621. Knut Ronve d. e. åtte då ½ laup i Urdland. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 mark smør og 1 geitskinn med Nils som leiglending. Han vitna i den store skogsaki at han hadde hogt timber i Almenningen. Eirik Olavson, g. m. Rangue, var brukar 1640 og 1645. Folkvard Broderson har i 1649 ved makebyte late noko av Urdland til kongen.

F. Broderson åtte ½ laup i 1652 og 1655. Som leiglendingar er skrivne Torgis 1649, Torgeir 1652, Toris 1655, Ingebrikt Olavson 1657, Torgeir 1659 og Ivar Endreson i 1661 og 1664. Munkelivgodset åtte heile garden, 3 spann, i 1661. Hermann Garmann fekk kongeskøyte på Urdland i 1662 og selde same året att til Klas Miltzow, som hadde det og i 1691. Torfinn

--- side 299 ---

var leiglending. Skifte etter han er halde 1695 millom enkja, Magli, og deira to born: Brita som var gift og Kari f. 1686. I midelen er ført upp 10 kyr, 3 kvigor, 3 kalvar, 3 sauer og 2 lamb, som må ha vore fødnaden på garden.

Olav Larsson f. 1654 var leiglending 1701 og hadde då sønene Mons 11 år og Bjarne 3 år. Soldat Sjur Gulbrandson bygsla i 1707 Urdland (3 spann) av Henrik Miltzow. Sjur var g. m. Gjertrud Olavsdr. og døydde 1745, 69½ år gl. Ho Gjertrud døydde 1761, 82 år gl. Dei hadde seks born: Olav, Gulbrand f. 1712, g. 1746 m. enkja Kristi Josefsdr. Himle, Anders f. 1714, Svein, g. 1736 m. enkja Dorte Trondsdr. Øvsthus, som budde på Øvsthus, Rd., Ingeleiv f. 1716 og Brita f. 1718, g. 1765 m. Eirik Sjurson Hæve. På tinget 1740 er tilført at Gulbrand vilde ikkje vera burte og tena og skulde difor skatta etter «forordningen».

Anders Sjurson f. 1714, g. 1744 m. Ingebjørg Olavsdr. Kvåle, vart leiglending etter foreldri. Anders har nok vore ein stridhuga kar. I 1761 vart han dømd til 9 rd. i bot og 3 rd. i sakskostnad for handdrag, nevehogg o. s. b. på Nils Syndve. Anders hadde ikkje noko til å betala med, og fekk i staden slaveri i 108 dagar. I 1762 vart Anders stemnd for di han hadde truga Erling Monsson Urdland på livet. Det er då upplyst at Anders hadde vore på slaveriet på Bergenhus festning i 8 vikor og hadde so teke teneste hjå kommandanten over garnisonen, på vilkår at Anders skulde verta fri for vidare straff, og han hadde no fått pass for å reisa heim att. Korleis det gjekk vidare, har eg ikkje funne noko um. Anders døydde 1772 og hadde fem born: Knut f. 1744, g. 1771 m. Kari Knutsdr. Giljarhus, Sjur f. 1748, Ingebjørg f. 1750, Gjertrud f. 1754 og Olav f. 1757.

Erling Monsson kjøpte 1761 Urdland av fru Alstrup ved auksjon og bytte 1763 med Ivar Olavson uti Brattåker. Urdland vart då rekna 599 rd. og Brattåker 300 rd. Ivar var skriven for Graudo i 1755, var fyrst g. m. Herborg Hansdr., død 1785, og andre gongen 1786 m. Brita Sjursdr. Norekvål. Ivar døydde 1804, 84 år gl., og Brita levde etter han. Med Herborg hadde Ivar tri born: Hans f. 1766, Ragnhild f. 1770, g. 1803 m. Nils Knutson Øvre Graudo, Johannes f. 1773, g. 1817 m. Ingjerd Andersdr. Haugo.

Hans Ivarson f. 1766, g. 1793 m. Brita Olavsdr. Fenno, kjøpte i 1789 1 pund 2089/125 mark i Urdland, ervde 1785

--- side 300 ---

936/125 mark og åtte då heile Urdland. Dei fekk på Urdland borni: Knut f. 1793, Herborg f. 1796, Eli f. 1799 og Ivar f. 1803. Hans bytte 1804 gard med Arne Torsteinson Gilbakken, Holbygdi. Arne var g. m. Ingebjørg Andersdr. og døydde 1813, 73 år gl. Ho døydde 1815, 64 år gl. Bruttomidelen ved skifte etter Arne var 782 rd. Sju born: Anders, Åmund f. 1781, g. 1816 m. enkja Ingebjørg Nilsdr. Øyjord, Sjur f. 1792, Torstein f. 1795, Marta, g. m. David Akselson Skjervheim, Myrkdalen, Barbrå f. 1790, g. 1. 1821 m. Olav Vikingson Rykke (død som paktar på Urdland 1823, 49 år gl.), 2. 1825 m. Jon Helgeson Olde, Torbjørg f. 1800, g. 1820 m. ekm. Knut Olavson Bø.

Anders Arneson f. 1779, g. 1813 m. enkja Synneva Herlaugsdr. Vinjo. Han fekk skøyte 1813 på Urdland. Sjå meir um dei på Øvre Vinjo. Deira son Arne f. 1820, g. 1837 m. Marta Gudleiksdr. Kinne, fekk Urdland ved skifte etter far sin i 1834. Arne selde garden 1840 til Nils Vikingson Repål for 560 spd. Nils var f. 1805, g. 1833 m. Brita Olavsdr. Øvre Lid f. 1807, og døydde 1890. Ho Brita døydde og i 1890. Seks born: Ingebjørg f. 1833, g. 1859 m. Eiliv Ivarson Øvsthus, Rd., Viking f. 1837, Olav f. 1840, g. m. Anna Jørgensdr. Gilbòrdo (Amerika), Marta f. 1842, g. 1866 m. jordamann Åmund Styrkson Fjose, Lars f. 1845, død ug. 1904, Knut f. 1848 (Amerika). Olav som var farmar, har vore heim att til Voss ein gong og fortalde då at han hadde vore med ei tid i krigen mot indianarane og miste då beste helsa si.

Viking Nilsson f. 1837, g. 1871 m. Synneva Persdr. Vinjo f. 1843, døydde 1921. Ho døydde 1916. Viking fekk farsgarden i 1877 for 2400 kronor. Han dreiv med krøter- og hestahandel ikring 20 år, var med i fatigstyret og heradsstyret og var brukt som skylddeilingsmann. Viking fekk ein biletbibel med 125 bilete i fint band og gullsnitt hjå bestefaren som hadde bytt bibelen til seg i Sørfjorden for to anker brennevin. Viking og Synneva hadde sju born: Brita f. 1872, Kristi f. 1874, g. 1903 m. Eirik Johannesson Hylle, som er død, Ingjerd f. 1876, død ug. 1915, Marta f. 1879, Nils, Ingebjørg og Per. Dei tri sistnemnde døydde unge. Ho Brita gifte seg 1894 m. Tormod Larsson Grovu f. 1857. Dei fekk farsgarden hennar og Tormod døydde 1930. Deira son Lars fekk skøyte frå bestefaren i 1916 for 3000 kronor.

--- side 301 ---

Urdland var fyrr mtrnr. 125, lnr. 247 med gamal skyld 3 spann, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 2 ort 10 skill. Ny skyld mark 3,62.

Husmenn.

Av husmenn veit me berre um ein, Steffa Torkjelson, som budde der i 1664, truleg på Brattåker som Urdland då åtte.

Støl.

Støl hadde ikkje Urdland i 1723. I 1794 vart det gjort semje millom Hans Ivarson Urdland, Arnfinn Torgeirson Brattåker og Odd D. Klyve um stølshamnene deira og merki millom dei. Urdland har fyrr havt støl i lidi umkring Brattåker og til merket mot Klyve. Lenger uppe millom eigedomane åt Brattåker og

Urdland og Davidhaugen. I midten Urdland skule
Bilete 37. Urdland og Davidhaugen. I midten Urdland skule. Fot. P. Braaten 1936.

Røyrlidi ligg Urdlandstræe. Ikring 1860 bytte Urdland dette frå seg til Brattåker mot ein teig nede ved elvi. Det kann henda at stølshusi til Urdland har stade på Urdlandstræe. No har Urdland sumarsstøl på Urdlandsstølen, sjå bruk 2 Almenningen som Viking Urdland kjøpte.

Kvern.

Urdland hadde ei flaumkvern i 1723, 1776 og 1791. Kverni har stade i Urdlandselvæ.

Offentlege forretningar.

Overtakst 1834, jarnbanetakst tinglese 1896, 1900 og 1907, semje 1907 med Hans Grovu um kvernaveg, skyldskifting 1910 for grunn til jarnbanen utskilt som bruk 2 med skyld 8 øre. Semje um merket mot Brattåker 1914.

--- side 302 ---

Ymse.

Gongevegen gjenom Rastaliæ og Sverrestigen vart arbeidd til køyreveg ikring 1840.

Bumerke.

Sjur 1715, 1733 tavle 6 nr. 17. Han brukte eit anna merke nokre gonger i 1733. Anders 1752 t. 6 nr. 17 og eit anna 1753.