Utlikna skattar i bygningskommunen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 66 ---

Bygningskommunen sine utlogor til reguleringi og vassverket har vore utlikna som serskatt på huseigarane. Fyrste utlikningi av bygningsskatt var for 1890 og difor vart det samstundes halde skattetakst over husi. Sovori utlikning har sidan årleg vore gjord med undantak av åri 1892-1901, 1904 og 1906, sume år upp til 4 promille av takstsummen av husi. For 1920 var det 2, for 1921-24 3, for 1925-28 2 og for 1929-30 var det 2¾ promille. Vassavgifti har vore pålagd årleg sidan året 1909. Desse utlogone har etter møteboki for Bygningsstyret vore for etternemnde år:

År. Talet på bustadhus.

 
Brand- eller
skattetakst
på husi.
kr.
Utlikna
bygningsskatt.

kr.
Vassavgift.


kr.
1890 146 991 330,- 1 586,-  
1902 171 1 541 540,- 1 542,-  
1910 200 1 898 542,- 5 696,- 1 100,-
1915 213 2 131 350,- 6 070,- 2 963,-
1919 239 5 234 670,- 20 707,- 8 034,-
1920 246 10 593 400,- 21 187,- 10 333,-
1925 356 14 630 000,- 29 260,- 14 000,-
1930 390 11 860 000,- 32 500,- 16 000,-

For 1925 og 1930 er rekna med noverande grensor. For dei andre åri er rekna med grensone frå 1888. Det vart halde ny skattetakst på husi i 1928. Den tidlegare taksten gjekk då ned med umlag ein tridjepart. Bygningskommunen si samla skuld var 31. 12. 1919, kr. 1 006 214,00. 31. 12. 1931 hadde skuldi minka til kr. 633 600,00. Heri er medrekna skuldi for Elektrisitetsverket.

Som fyrr nemnt var det i 1801 6 og i 1865 18 bustadhus på Vangens Ålmenning. Rekna etter Vangsgrensone frå 1888, var det på Vangen 32 bustadhus i 1801 og 73 i 1865. I Indredeparte-

--- side 67 ---

mentet sitt skriv, som ligg til grunn for den kgl. resol. av 5. desember 1883, heiter det, at ved folketeljingi 1875 var på Vossavangen 28 «beboede» hus med takstsum kr. 141 840,00. Etter ei teljing i 1900 var det då i bygningskommunen 162 bustadhus og 186 andre hus. Som nemnt var det 390 bustadhus i bygningskommunen i 1930. I slutten av 1933 er det auka til 405 bustadhus.

Heradsskatten på Vangen er umtala i næste stykket.