10. Væte.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 77 ---

Namnet vert i 1337 skrivi i Vætini. Det vert no sagt Vætè2; han búr pao, è tao Vætè, ska tì Vætés, sms. Vætésgróæ. Namnet er truleg samansett av vátr a. (våt) og vin f. og n. (beite, naturleg eng), Vát-vin vart so i gn. til Vætin.

I matrikkelen av 1661 er Væte førd upp som halv gard med skyld 3½ laup ½ spann og ein brukar. Elles er berre sagt at der var vedaskog. I 1723 er skyldi 3 laup 2 pund 15 mark og 3 brukarar. Garden hadde vedaskog og «ei videre», ikkje kvern eller fiske. Det var «aarvandt og tørskinnet til sæd», tungvint og noko uvisst med kornavlingi. I 1838 var skyldi den same, men er då umskrivi til 13 dalar 4 ort 16 skill. I matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet for Væte 2100. Garden hadde vedaskog og god hamn, heiter det.

Matrikkelen av 1865 syner at der var 44¼ mål åker, 13¼ mål dyrka eng, 75 mål god, 179 mål medels natureng og 160 mål skrapebø. 4-6 mål høvde til dyrking. Hamnene var ringe. Der var vedaskog, men ikkje timberskog. Garden var svært tungvinn, lunnalaus, ofte utsett for å svida, og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 44,3 mål åker, 75,3 mål kunsteng og 65 mål natureng.

Folketalet på Væte var 39 i 1801, 55 i 1865 og 54 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Væte.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 13 24
1723 1 16 12 28
1865 7 53 119 114 ,5 114
1918 11 30 76

--- side 78 ---

Diplom av 18. septbr. 1337 (DN. III. nr. 190) melder at Eirik Nikulasson makeskifter 4½ mmb. i Væte til Margareta Philippusdr. imot 1 mmb. i Hvalevåg.

Olavskyrkja i Bjørgvin åtte etter Bjørgynjar Kalfskinn 4 laup i Væte. «Gudelick pa Wetwn» har i 1521 butt på Væte og betalt 14 lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Der er to brukarar i 1536: Tomas som betalte 1 dalar i skatt og Sjur 2 lodd sylv. Sjur har i 1563 betalt 1½ lodd sylv i landskyld og hadde i 1567 1 spann, som Bergens Stift åtte. Tomas hadde det og i 1591 og betalte 18 merker smør i landskyld, 1 kalvskinn i «fredholdt» og i 1597 tridje års bygsel 51/3 skill.

Jordbok for 1585-1616 har ei uppgåve at Voss sokneprest hadde årleg 2 såld korn og 1 laup smør av Væte i årleg landskyld og skulen i Bergen 18 mark smør og 1 geitskinn. Mikkjel er førd upp fleire gonger 1603-1636 som einaste leiglending på Væte so nær som i 1621, då der og er ein Gudleik. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Væte var 1 pund 5 mark smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Det er tilført at jordi var god til avling. Stiftet åtte 1 spann. Ryttarskatt er i 1628 ført upp av 1 laup 6 mark med 2 dalar 1½ ort 6 skill. som brukaren Knut betalte og av 1½ laup 1 spann som brukaren Mikkjel betalte. Mikkjel har ått 1 laup i garden i 1614 og 1½ laup i 1621. Deretter kjem sonen Styrk frå 1640, som var gift fyre 1645 med Gjøa (Gøe). Etter manntal av 1652 åtte kongen 1½ laup 1 spann, prestebolet 1½ laup, skulen i Bergen 1½ spann og Guri Rekve sine born 1 spann. Det er likeins i 1661 so nær som at skulen i Bergen då er førd upp med 2 spann. Folkvard Broderson har 1649 ved makebyte late til kongen noko i Væte saman med anna jordgods og fått att Gravdal gard og myln. Kongen skøytte 1665 1½ laup 18 mark til Peter Reedtzs. I 1676 var borgarmeister Ofue Jensson eigar av 2 laup 1 spann i Væte.

Fyrrnemnde Styrk og Gjøa sin son Berge er førd upp som leiglending saman med faren i 1664. I 1691 bruker Berge 1 laup 2 pund 19 mark i garden, og Viking Styrkson bruker ei mark meir. I matrikkelen 1695 er eigarane førde soleis: Rektor til Bergens skule 1½ spann, Vangens prestebol 1½ laup, Annanias Wrangel 1¾ laup, Henrik Miltzow 18 mark. Ei enkje er då førd upp som brukar av halvparten. Folketeljingi 1701 har som leiglendingar Berge Styrkson, 60 år og Sjur Olavson, 43

--- side 79 ---

år. Desse to er og uppførde i 1715 og dertil ein tridje leiglending, Erling (Bergeson). Etter manntalet 1714 er eigarane: prestebolet 1½ laup, rektoren 1 pund 3 mark, brukarane ½ laup og dessutan 1½ laup som det ikkje er nemnt eigar for.

Berge Styrkson døydde 1722 og var gift med Ingerid Eiriksdotter, som livde etter han. Dei hadde 4 born etter seg: Erling, Anna g. m. Brynjulv Gjerstad, Brita g. m. Eirik Gjerstad og Ragnhild g. m. Knut Væte. Berge åtte ved skiftet 2 laup i garden, verdsett 96 rd. Sonen Erling Bergeson døydde tri vikor etter faren. Han åtte 2 pund 12 mark i garden og var gift med Anna Brynjulvsdr. Mølster, som døydde 1764. Ho vart gift andre gongen med Brynjulv Bjarneson. Han bygsla i 1723 1 laup 27 mark av soknepresten og åtte 2 pund 7½ mark i Væte. Ho Anna hadde med fyrste mannen borni: Gjøa f. 1713, Brita g. m. Jakob Rjodo, Herborg f. 1718 og Kari f. 1720. Med andre mannen hadde ho Anna borni: Erling Seim, Bjarne Berge, Brynjulv Berge og Berge Væte. Den siste vart buande på Væte. Han bygsla 1764 1 laup 27 mark av soknepresten, var gift 1765 med Brita Eiriksdr. Vetla Saude, er då skriven for grenader og døydde 1804, 68½ år gamal. Deira born var: Eirik g. 1794 m. Torbjørg Andersdr. Gjerme, Brynjulv som fekk garden og Brita g. m. Nils Sjurson Bø. Framhald bruk 1.

Sisselja Styrksdr. Væte er truleg etterkomar av fyrr nemnde Berge Styrkson. Ho døyde 1814, 83 år gl., var gift fyrst i 1750 med Erling Eilivson Flògo og sidan i 1756 med Halle Person Seim, død 1789, 77 år gl. Dei budde på Væte. Halle bygsla i 1756 1½ laup av soknepresten og kjøpte i 1774 2 pund 22 mark av ervingar etter skiftebrev 1771. Med Erling hadde ho Sisselja borni: Gudleik, Synneva, Anna, Kari, g. m. Lars Kolbeinson Graudo. Med Halle hadde ho desse borni: Erling, Nils, Kari, Ingebjørg og Gjertrud.

Sonen Erling Halleson fekk i 1778 det som foreldri hans åtte i garden og bygsla i 1787 1 laup av presten Meldal. Erling døydde 1823, 70 år gl., var g. m. Eli Jakobsdr. Rjodo. Dei hadde borni: Halle, Knut (g. 1. 1815 m. Marta Nilsdr. Tren, 2. 1826 m. Anna Knutsdr. Hernes), Jakob g. 1822 m. Marta Steffadr. Væte. Halle fekk garden etter foreldri. Framhald bruk 4.

Viking Styrkson umtala ovanfor som brukar i 1691 var

--- side 80 ---

Væte.

gift med Ragnhild Styrksdr., skifte 1722. Ho var sidan g. m. Sjur Olavson, nemnd 1701 og 1715 ovanfor. Med Viking hadde ho dotteri Ingjerd, som var g. m. Lars Oddson. Han var leiglending i 1723. Deira son Asle var g. m. enkja Ragnhild Bergesdotter, død 1770, 89 år gl. Ho var g. 1. m. Knut Andersson, skifte 1725, 3. m. Styrk Jakobson død 1750, 66½ år gl. Knut var leiglending i 1723 og åtte noko i garden. Born: Sjur f. 1713, Mattis f. 1716, Anders f. 1711, Eli, Sigrid, Synneva f. 1719, Sisselja f. 1725. Sjur vart gift 1734 m. Ingebjørg Persdr.


Bilete 9. Væte. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 9. Væte. Fot. P. Braaten 1935.

Røte. Mattis gifte seg som ekm. i 1756 m. Bothilda Sjursdr. Rødno (?). Eli var g. 1747 m. ekm. Knut Steine og Sigrid i 1728 m. Nils Torbjørnson Seim, Viki. Styrk bygsla i 1729 1 laup 1 pund 12 mark av enkja etter sokneprest Weinwich og åtte noko i garden. Han hadde dotteri Ingerid, død 1755, 23½ år gl. og Synneva. Ho Synneva var g. 1. 1757 m. Olav Steffason Grevle, 2. 1763 m. Sjur Person Hefte. Dei vart buande på Vinjo, Tkb. Ingerid var g. m. Viking Halldorson, skifte 1759. Ikkje born.

Jordgodset som denne ættegreini har havt, gjekk over til Anders Andersson som er død 1818, 95 år gl. Han var g. fyrst

--- side 81 ---

med Anna Velomsdr., skifte 1772, og deretter 1773 m. Marta Olavsdr. Gjerstad, død 1815, 79 år gl. Han kjøpte i 1766 17 mark i garden og bygsla i 1664 1 laup av soknepresten. Anders hadde med Anna borni: Velom, Anders, Ragnhild, Kari, Brita. Med Marta hadde Anders sonen Olav f. 1775. Ragnhild gifte seg 1790 m. ekm. Anders Knutson Berge. Ho Kari var g. 1782 m. Erling Halleson Væte. Brita vart g. 1791 m. ekm. Mattis Torsteinson Lunde. Olav er g. 1805 m. Brita Eilivsdr. Berge. Anders har i 1788 fått dei 17 mark hjå far sin og bygsla hjå presten Jersin 1 pund 3 mark i garden. Anders døydde 1820, 64 år gl. og var gift 1788 med Marta Knutsdr. Raustad. Deira born var: Knut f. 1788 (framhald bruk 3), Anders f. 1792, Anna f. 1796, Marta g. m. Gusskalk Olavson Berge. Anders fekk so garden. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Væte. Brynjulv Bergeson, nemnd ovanfor, fødd 1779, død 1864 var g. fyrst 1805 m. Marta Gudleiksdr. Flògo, død 1825, 43 år gl., og sidan i 1826 m. Brita Olavsdr. Berge. Brynjulv bygsla 1805 1 pund 16½ mark i bruk 1 av soknepresten og 9 mark åtte Brynjulv sjølv. Born m. Marta: Berge f. 1805 (framhald bruk 4), Brita f. 1808, g. 1831 m. Lars Knutson Uppheim, Gudleik f. 1811, g. 1 1847 m. Sigvor Olavsdr. Berge, 2. i 1882 m. Brita Tomasdr. Himle, Steffa f. 1815, Brita f. 1818, Anna f. 1821. Med henne Brita hadde Brynjulv: Marta f. 1827, gift til Berge med Mattis Arnvedson, Olav f. 1831, Brynjulv f. 1835, g. 1863 m. Brita Nilsdr. Flògo, Marta f. 1837, gift til Hovda m. Olav Johannesson, Johannes f. 1839.

Sonen Olav Brynjulvson fekk i 1858 skøyte frå kongen for 720 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 2½ fjerdingkar bygg, men selde att i 1860 til Anders Torbjørnson for 1050 spd. Han kjøpte i 1863 av Brynjulv Bergeson og Berge Brynjulvson 9 mark, som dei åtte i garden. Anders var g. m. Mari Ivarsdr. Borni deira var: Knut, Ivar, Torbjørn, Mass, Ingjerd f. 1860, Gudve f. 1862, Mari f. 1864, Anna f. 1866. Gudleik f. 1868.

Anders Larsson Haga kjøpte garden i 1878 for 4000 kronor og skøytte han med det same til Lars, son sin. Lars var f. 1854, g. 1880 m. Guro Brynjulvsdr. Væte f. 1859 og døydde 1916. Han dreiv mykje med hestehandel. Ni born: Anders, Brynjulv, Helge, Knut, Sisselja, Edvard, Elen, Lars og Anna. Anders

--- side 82 ---

f. 1880, g. m. Mary Nathan i Oslo var kaptein i infanteriet og disponent for A/S Norsk litografisk offisin, Oslo, og døydde 1917. Anders fekk garden i 1902 for 3500 kronor og let han att 1915 til Brynjulv, bror sin, for 5000 kronor. Han er f. 1885, g. m. Guri Arnfinnsdotter Seim, f. 1885. Brynjulv har vore heradsgartnar på Voss i fleire år, har vore med i styret for Voss Skoglag og Bulkens Meieri og driv no bilrute millom Bulken og Vangen. Helge f. 1888, g. m. Sisselja N. Skutle er agronom frå Stend og paktar gard i Aker. Knut f. 1890, g. m. Brita Andersdr. Gjerme er landbrukskandidat frå Ås og paktar gard i Asker. Sisselja f. 1892 er g. m. Per Løvø, forsøksleidar ved statens forsøksstasjon på Strinda ved Trondheim. Edvard f. 1895, g. m. Else Rokstad, er premierløytnant og bur i Oslo. Ellen f. 1897, g. m. Berge H. Grimastad er i Amerika. Lars f. 1900, agronom frå Stend, har gard i Nittedal. Anna f. 1902, utlærd som barneryktar, er på Dahls stiftelse i Trondheim.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 10, lnr. 23 med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 3,59, som er sett ned til mark 3,52 etter at bruk 12 er fråskilt.

Bruk 2. Væte. Anders Andersson bygsla i 1817 hjå sokneprest Jersin 1 pund 16½ mark og fekk 9 mark hjå foreldri sine i 1820. Anders var fødd 1792, døydde 1864, gift 1817 m. Sigvor Steffadr. Væte. Han var presten sin medhjelpar. Dei hadde borni: Steffa, Anders f. 1821, gift til Kvåle, Gullfj. med jordagjenta Brita Ivarsdr., Knut f. 1824, Margreta f. 1834, gift til Veka m. Eirik Knutson. Sonen Steffa Andersson f. 1819, død 1881, g. 1848 m. Kari Nilsdr. Seim fekk i 1851 kongeskøyte på garden, som foreldri hans hadde, for 500 spd. og jordavgift 1 tunne 3¾ fjerdingkar bygg. Borni deira var: Guri f. 1850, gift til Hovda med Gudleik Andersson, Anders f. 1852, Sigvor f. 1855, g. 1878 m. Eirik Eirikson Seim, Berge. Sonen Anders Steffason fekk garden i 1879. I 1904 vart utskift bruk 6. Resten av garden kjøpte Nils Larsson Kolle på auksjon i 1904 for 3000 kronor. Han selde att til Lars O. Væte, fødd i Evanger 1864. Då han døydde 1926 fekk sonen Brynjulv garden i 1927 for 8000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 10, lnr. 24 med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 3,59, som vart sett ned til mark 3,29 då bruk 6 vart skilt frå.

--- side 83 ---

Bruk 3. Væte. Knut Andersson, f. 1788, nemnd ovanfor, bygsla i 1821 bruk 3, som var 1 laup, hjå presten Jersin. Knut var g. 1817 m. Sisselja Aslaksdr. Eimstad. Ho fekk kongeskøyte på garden i 1846 for 650 spd. og jordavgift 2 tunnor 1½ fjerdingkar bygg. Dei hadde borni: Eli f. 1818, Anders f. 1820, Margreta f. 1823, Aslak f. 1825, Knut f. 1829, Guro f. 1834. Ho Eli var gift 1846 med Brynjulv Larsson Skjelde, f. 1819, død 1892. Dei fekk farsgarden hennar i 1846 for 650 spd. Borni deira var: Knut f. 1848, Anna f. 1849, Lars f. 1853, Sisselja f. 1856, Guro f. 1858, Margreta f. 1864. Sisselja var g. 1880 m. Sjur Person Saude. Guro gifte seg 1880 m. Lars Andersson Væte. Margreta vart gift 1886 m. Styrk Olavson Lunde. Lars var gift 1876 med Gudve Persdr. Flògo. Dei fekk garden i 1880 for 2400 kronor. I 1913 vart skilt frå bruk 7. Resten av garden fekk han Knut, son hans Lars i 1916 for 6200 kronor. Knut selde att i 1918 til systri Gjertrud g. m. Aksel Anderson f. 1895.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 10, lnr. 25, gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 2 ort 6 skill., revidert 3 dalar 5 skill. Ny skyld mark 4,43, som er sett ned til mark 3,20 då bruk 7 vart skilt frå.

Bruk 4. Væte. Halle Erlingson umtala ovanfor, var fødd 1783, g. 1816 m. Brita Andersdr. Berge, bygsla i 1818 1 laup (bruk 4) hjå sokneprest Jersin og fekk i 1838 kongeskøyte på det. Halle var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen. Han selde garden i 1838 til Berge Brynjulvson for 600 spd. Sjå um han under bruk. 1. Han var fødd 1805, døydde 1891, g. 1835 m. Ingebjørg Johannesdr. Lisseim og hadde borni: Marta f. 1837, g. 1863 m. Olav Samsonson Grimastad, Brita f. 1839, g. 1861 m. Knut Klasson Grimastad, Brynjulv f. 1842, g. 1863 m. Brita Nilsdr. Flògo, Johannes f. 1844, Nils f. 1848, Berge f. 1850. Sonen Johannes Bergeson fekk garden i 1868 for 500 spd., men let han i 1870 til Brynjulv, bror sin for 800 spd. Han selde i 1872 til verbroren Olav Samsonson for 1100 spd. Han var fødd 1838, døydde 1922 og hadde borni: Berge f. 1864, Gunnvor f. 1866, Brita f. 1869, Samson, Nils, Josef. Berge fekk garden i 1888 for 4400 kronor. Han var g. 1888 m. Anna Monsdr. Nesthus. I 1896 kjøpte Dahl & Co, Trondheim, garden, men let han i 1899 til Olav Bergeson Væte. Det vart no fråskilt bruk 8 i 1913 og bruk 9 og 10 i 1914. Resten av bruket vart selt i 1917 til Knut Nilsson

--- side 84 ---

Edal for 12000 kronor og deretter i 1918 til Johannes Hallsteinson Hornve for 10000 kronor. Han selde til Knut O. Meland.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 10, lnr. 26 med skyld som bruk 3, berre med den skilnad at skyldi no er mark 4,43.

Bruk 5. Væte. Gudleik Erlingson Væte, umtala ovanfor, kjøpte i 1784 av ervingane ved skifte s. a. 1 pund 12 mark i dette bruket og bygsla i 1787 ½ laup av presten Meldal. Gudleik døydde 1831, 81 år gl. og var gift 1718 med Kari Andersdr. Flògo. Dei hadde to born: Erling og Kari. Erling Gudleikson bygsla dette bruket i 1814 hjå sokneprest Jersin og fekk i 1832 skøyte på den lause landskyldi. Ho Synneva, enkja etter Erling, fekk kongeskøyte i 1840 for 300 spd. og jordavgift 7 skjeppor bygg. Erling var f. 1787, døydde 1836, g. 1813 m. Synneva Andersdr. Skjelde og hadde borni: Gudleik, Sisselja f. 1820, g. 1877 m. ekm. Arnfinn Sjurson Rekve, Anders f. 1823, Steinvor f. 1827, g. 1862 m. Anders Halleson Lunde. I 1846 kjøpte Botolv Andersson Gjerstad garden for 300 spd. Han døydde 1877, 75 år gl. og var gift 1834 m. Herborg Monsdr. Småbrekku f. 1796. Dei hadde to søner: Anders f. 1835 som vart lærar i Trondheim og Knut f. 1837. Botolv var flink både med tre-, jarn- og massingarbeid. Stakar, nålespjeld og beslag til hestegrimor arbeidde han mykje. Knut sonen var òg hendig med ymse arbeid. Han var g. 1864 m. Kirsti Arnfinnsdr. Rekve og fekk farsgarden på Væte i 1869 for 300 spd. og døydde 1912. Deira dotter Anna f. 1865 var gift 1884 m. Klas Andersson Grimastad. Dei styrde so garden og deira son Knut fekk skøyte på han frå godfaren i 1904 for 2000 kronor. Klas, bror hans, har no garden.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 10, lnr. 27, gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 2 ort 2 skill. Ny skyld mark 2,06.

Bruk 6. Djupehagen, skyld 30 øre, var skilt ut frå bruk 2 i 1904, då Halldor Brynjulvson Styve kjøpte bruk 6 for 500 kronor. I 1910 fekk sonen Helge eigedomen for 700 kronor. Stova og løda hans og mykje innbu brann i 1912.

Bruk 7. Væte, skyld mark 1,23, er utskilt frå bruk 3 i 1913. Brynjulv Larsson eig det.

Bruk 8. Øvrebø, skyld 60 øre, er utskilt frå bruk 4 i 1913. Brynjulv Larsson kjøpte bruket i 1914 for 1200 kronor av Berge Olavson, og la det til bruk 1.

--- side 85 ---

Bruk 9. Berget, skyld 25 øre, var skilt ut frå bruk 4 i 1914. Berge Olavson selde det til Helge Halldorson Fadnes for 800 kronor. Det er lagt til bruk 7.

Bruk 10. Tvørrliæ, skyld 15 øre, skilt ut frå bruk 4 i 1915, då Lars Larsson Vassenden kjøpte det av Berge Olavson.

Bruk 11. Væte, utskilt frå bnr. 1 i 1918 med skyld 6 øre. Sjur Andersson Væte var då eigar. Faren, kaptein Anders Væte, hadde bygt tohøgda bustadhus der. Brørne Helge, Knut, Edvard og Lars Larssøner Væte har seinare kjøpt eigedomen.

Bruk 12. Steffatufti. Utskilt frå bruk 1 i 1930 med skyld 1 øre og skøytt til Gunnvor Berge.

Husmannsplass på Væte.

I 1645 er førd upp huskone Marta. Lars Knutson er umtala som husmann i 1664 og 1672. Der var ikkje husmann korkje i 1701 eller 1723. Gitle Torbjørnson har i 1800 fått feste på plasset Væteshagen. Han var fødd 1761 og gift 1801 m. Ingebjørg Jørgensdr. Apaltun. Far hans Gitle, Torbjørn Knutson, er då han døydde i 1799 skriven for Vætesbøen og har altso vore husmann der. Olav Andersson som døydde 1825, 67 år gl. var då husmann på Vætestveitæ. Kona hans, Synneva Helgesdr. døydde 1852, 89 år gl. Dei hadde 8 born: Olav, Helge, Kari, Milda, Barbrå, Marta, Anna, Ingebjørg. Ho Milda hadde stove på Dagestad og var mykje nytta som jordmor. Helge var f. 1782, død 1857, g. 1. 1818 m. Brita Arnbjørnsdr. Seim, 2. 1845 m. Ragnhild Olavsdr. Lunde. Helge var husmann på Vætesbøen. Han vølte lumme- og veggklokkor og arbeidde òg nye åttedags veggklokkor, som var både gode og varige. Han tok vanleg 10 spd. for dei. Han laga ei maskine etter eigi uppfinning til å arbeida klokkehjul i. Felespelar var han òg. Med Brita hadde Helge borni: Olav f. 1829, Guri Synneva f. 1822, Sisselja f. 1824, g. m. Anders Larsson Haga, Kari f. 1826. Kari gifte seg 1849 m. Lars Haldorson Hernes. Bjarne Nilsson var husmann på Vætestveitæ, gift 1. 1818 med Anna Bårdsdr. Lunde, 2. 1840 med Anna Olavsdr. Vætesbøen. Han døydde 1847, 53 år gl. Ein husmann Olav Ivarson Væte er død 1850, 55 år gl. Magne Rasmusson er førd upp i folketeljingi 1865 som husmann på Haugen. Han var då 63 år og kona hans, Marta Knutsdr., 41 år.

--- side 86 ---

Nils Sjurson f. på Hyljarås 1844 d. 1929 var husmann på Vætestveitæ. Han var g. m. Brita Gusskalksdr. frå Berge. Dei rudde plasset sitt. Han arbeidde mange år som snikkar og bygningsmann, men seinare meir med smedarbeid og ei tid med massingstøyping. Han har arbeidt dørlås, massingtrykkarar, klædekistor og elles mange slag ting og bygt fleire sirkelsager. Nils laga sitt eige verkty og dreiebenk. Han hadde ikkje vore i noko lære, men gjorde alt sitt arbeid fint og godt. Born: Ingebjørg g. m. Berge Lisseim, Gusskalk, g. m. Brita K. Litlere, Marta, Anna. Ragnhild Væte hadde og plass på Vætestveitæ. No er der ingen husmann.

Stølar.

Stølen var ½ mil frå garden er det skrive i 1723. Væte har vårstøl i Tvørrliæ og sumarsstøl på Listre. Det er fortalt at «Vetlestølane», som no høyrer til innmarki, fyrr har vore vårstøl. Vætane hadde fyrr skogteig i Eidesmarki, men bytte han til Eidane uti deira stølsrett i Listredalen. Stølshusi stod på «Stadlane».

Offentlege forretningar.

Det har vore halde ein forretning på Væte i 1737, sak mot Berge var det i 1795 og 1798, semje vart gjort i 1821 um ikkje å halda geiter på Væte, underutskifting av innmarki 1885-87, overutskifting 1888 og merkeskilsforretning for skog i utmarki 1907. Ved utskiftingi 1885-88 laut to bruk flytta ut husi sine. Bruk 1 har kontrakt av 1901 med Bergens Skogselskap um skogplanting.

Ymse.

I 1776 og 1791 var det 3 kvernar på Væte. Seinare har det vore 5, som stod ved Bergselvi, men dei er alle burte no. Det er fortalt at Vætesteigen i merket millom Flògo og Væte skal ha vore gjeven som fadragåve frå Væte til Flògo. Han høyrer framleies til Flògo. På Væte har vore fleire kunnande arbeidarar. Millom dei kann nemnast Bjarne Nilsson. Han var både sylv-, massing- og koparsmed, arbeidde mykje sylvnålar og sylvringar. I 1912 brann stova, løda og noko innbu på bruk 6.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Væte.

Sjur Væte 1723 tavle 1 nr. 38. Knut 1723 t. 1 nr. 39. Lars 1727 t. 1 nr. 40. Styrk Jakobson 1737 t. 1 nr. 41. Han teikna t. 1 nr. 45 i 1739 og t. 2 nr. 73 i 1750. Brynjulv teikna 8 gonger 1737-1762 t. 1 nr. 42. Viking 1757 t. 1 nr. 43. Anders 1765

--- side 87 ---

t. 1 nr. 44. I 1778 er dei 2 krullane nede ikkje med. Det same gjeld Anders Andersson i 1782, 1783. Halle Person 1775, 1778 t. 1 nr. 45. Berge 1777 t. 1 nr. 46. Det er teikna med noko brigde i 1778 og atter brigda noko i 1779 og 1783 av Berge Brynjulvson. Gudleik 1784 t. 1 nr. 47. I seglet åt Anders Andersson stod i 1767 A A S og derunder bumerket t. 1 nr. 44 liggjande på sida og med båe krullane vende uppover.