129 Vålo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 319 ---

Namnet vert i 1600-talet skrive Varlle, Valle, Volle, i 1723 Waale. Det vert no sagt Vaoló2; han bur pao, è tao Vaoló, ska tí Vaola, sms. Vaolastìjén. Namnet er dativ fleirtal av eit ord vål (gn. *váll m.), stuv og røter etter nedhogne tre.

På Vålo var det ein leiglending, og skyldi var ½ laup, skriv landkommisjonen i 1661, men meir vert ikkje fortalt um garden. Matrikkelen 1723 melder at skyldi var likeins då, og at det var noko lite vedaskog. Den gamle skyldi ½ laup vart 1838 umskrivi til 3 dalar 22 skill. Samanlikningstalet var 480. Der var då turvande vedaskog.

Matrikkelen 1865 fortel at der var 151/3 mål åker, 25 mål god, 20 mål medels natureng og 42 mål skrapebø. Eit mål høvde til dyrking. Garden hadde vedaskog og noko timber, medels vårhamn og god sumarhamn, var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus sume tider. I 1918 var det 4,6 mål åker, 4 mål kunsteng og 13,5 mål natureng.

Folketalet på Vålo var 10 i 1811, 12 i 1865 og 32 i 1920. Aukingi i 1920 kjem seg frå at fleire har bygt der etter at jarnbanestasjonen kom.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vålo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 6 7
1723 1 8 6 3 ¾
1865 2 14 36 35 32
1918 2 8 36

--- side 320 ---

Mikkjel var leiglending 1603 og Jens i 1611 og 1614. Han betalte 1614 ½ dalar i skatt og vart utskriven til Svinesund med øks og sverd. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 6 mark smør. Oluf var leiglending 1621, Åmund 1635, Lasse 1636 og Olav Bjarneson 1645, som var g. m. Gjertrud. Skyldi var ogso 1652 ½ laup. Apostelgodset åtte 1 spann og Vangskyrkja 1 spann både då og 1661. Kyrkja fekk 9 merker smør i årleg landskyld av denne eigedomen sin. Olav Bjarneson var leiglending til 1659, men i 1661 var det Lars som då betalte 3 ort i skatt. Gudleik Andersson var leiglending 1664.

Peter Reedtz fekk kongeskøyte 1665 på 1 spann Apostelgods i Vålo. Per Anderssons ervingar åtte det 1680, lagmann Coch i 1691, Hans Akselson 1695 og Markus Faye 1714. Vangskyrkja åtte heile tidi eit spann. Olav var leiglending 1691 og Bjarne Arneson 1695 og 1701. Han var f. 1667, g. m. enkja Anna Brynjulvsdr. og døydde fyre 1714.

Ho Anna hadde fyrr vore g. m. Torleiv og hadde med han borni Sygni, g. m. Anders Larsson Lydvo, Gjøa f. 1682 og Kari, g. m. Styrk Monsson Vetla Hegg. Med Bjarne hadde ho Anna tri born: Brita f. 1692, Brynjulv f. 1695, g. 1723 m. enkja Anna Brynjulvsdr. Væte, og Synneva, g. 1720 m. Knut Olavson Voll. Anna vart gift tridje gong fyre 1714 m. Sjur Larsson, men hadde ikkje born med han. Han bygsla Vålo då han gifte seg og kjøpte 1726 1 spann av Markus Faye for 48 rd. 3 ort. Anna døydde 1722, og same året gifte Sjur seg uppatt m. Brynhild Torleivsdr. Bø f. ikring 1706 og hadde med henne borni Mattis f. 1725, Anna f. 1726 og Guri. Båe gjentone døydde ugifte.

Då Sjur døydde, gifte Brynhild seg att 1731 m. soldat Styrk Mikkjelson, truleg frå Rong, f. 1706. Dei åtte 1 spann og var brukarar av garden og hadde borni: Ingebjørg f. 1733, Mikkjel f. 1735, Brynhild f. 1737, Ingjerd f. 1740 og Guri f. 1743. Mattis Sjurson, g. 1748 m. Eli Larsdr. Lid, Rd., og andre gongen 1752 m. Sisselja Andersdr. Kolvu f. 1733 kjøpte 1750 1 spann på Vålo. Mattis hadde med Eli sonen Sjur f. 1751 og med Sisselja på Vålo borni Eli f. 1754, Brynhild f. 1757, Lars f. 1758 og Torleiv f. 1762. Mattis budde på Lid 1749, men 1769 ein stad i Hordaland. Verfar hans Mattis, Anders Larsson Kolvu kjøpte 1754 og 1756 tilsaman 1 spann på Vålo og skøytte det 1759 og 1766 til sonen Lars A. Takla.

--- side 321 ---

Lars Takla bytte 18 mark på Vålo uti 12¾ mark på Tverberg med Nils Johannesson. Nils var son åt Jon Sjurson Nesheim, Granvin, som kom til Brekke. Nils vart g. 1761 m. Ingebjørg Pålsdr. Spildo og døydde 1774, 53 år gl. Ved skifte etter han 1774 vart dei 18 mark i Vålo utlagt for skuld til Nils Sjurson Jørdre, som var halvbror åt far hans Nils Jonson. Nils Jørdre selde deretter eigedomen til Knut Knutson Brekke for det som buet var skuldig til Nils, og på vilkår at Knut gifte seg med Ingebjørg, enkja. Ho og Knut vart gifte 1775 og det vart sett upp kontrakt um at borni hennar med Nils skulde få garden etter Knut.

Nils Jonson og Ingebjørg hadde borni Orlog f. 1760, Jon f. 1763, Pål f. 1767 og Lars f. 1769. Med Knut hadde Ingebjørg to døtter: Ingjerd f. 1775, g. 1797 m. Olav Halldorson Kjønnagard og Kristi f. 1780, som 1828 var i Bergen. Knut skøytte 1782 til styksonen Jon 9 mark, som vart bruk 2 og i 1796 til Olav Halldorson 9 mark som vart bruk 1. Olav og Knut eller ein av fyremennene deira har kjøpt det som Vangskyrkja åtte og skift det so skyldi på kvart av bruki vart 18 mark. Knut døydde 1821, 74 år gl. og Ingebjørg 1828, 93 år gl.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vålo. Olav Halldorson åtte 18 mark i Vålo og døydde 1830, 65 år gl. og Ingjerd 1846, 70 år gl. Ved skifte etter hatt er garden taksta 330 spd. og skogen 20 spd. Seks born: Knut, Halldor, f. 1800, g. 1846 m. Brita Andersdr. Kolvidi, Ingebrikt f. 1801, Kari f. 1803, død ugift 1876, Nils f. 1806, g. 1833 m. Sigrid Persdr. Hegg og kjøpte Brattåker 1861, Ingebjørg f. 1820, død ugift 1842. Knut var f. 1798, g. 1829 m. Brita Knutsdr. Grovu og døydde 1894. Han fekk halve garden ved skifte 1830 etter far sin og den andre halve 1831 ved skøyte frå mor si. Han var presten sin medhjelpar. Åtte born: Olav f. 1829, Knut f. 1833, død 1925, Ingjerd f. 1836, Olav f. 1838, død ug. 1919, Ingebrikt f. 1841, Halldor f. 1843, Synneva f. 1844 og Ingebjørg f. 1849. Ingebrikt dreiv med handel.

Knut Knutson f. 1833, g. 1855 m. Ingebjørg Jonsdr. Græe fekk garden ved skifte etter faren for 1600 kronor. Han selde garden 1911 til Nils Nilsson Bergstad frå Evanger for 1800 kr.

--- side 322 ---

Nils var f. 1860, g. m. Betsi Sjursdr. og døydde 1927. Han var postopnar ved Urdland postopneri. Sonen Sivert f. 1903 gifte seg 1924 m. Ingjerd Monsdr. Almenningen og fekk garden ved skifte etter faren for 5600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 130, lnr. 255 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 23 skill., revidert 1 dalar 2 ort 11 skill. Ny skyld mark 2,17 fyrr bruk 5 vart skilt frå.

Bruk 2. Vålo. Jon Nilsson f. 1763 fekk som ovanfor nemnt garden i 1782 hjå stykfaren. Jon selde att 1792 til Lars, bror sin, som var g. fyre 1801 m. Anna Eiriksdr. Han bytte 1802 m. Torkjel Johannesson uti Vetla Skiple. Torkjel var g. m. Ragnhild Olavsdr. og døydde 1839, 71 år gl. Ho døydde 1853, 80 år gl. Dei let etter seg fem born: Herborg f. 1797, g. m. Lars Eirikson Lydvo, Marta f. 1799, død ug. 1875, Ingjerd f. 1805, Gjertrud f. 1810, g. 1850 m. ekm. Nils Torsteinson Dukstad, og Kari f. 1815.

Torkjel selde garden 1824 til versonen Lars Lydvo for 150 spd. Han var presten sin medhjelpar. Lars og Herborg hadde på Vålo borni: Eirik f. 1824, Rannveig f. 1826, Torkjel f. 1829, Ragnhild f. 1831, Eli f. 1834. Lars selde garden til Ingjerd Torkjelsdr. for 297 spd. Ho gifte seg 1839 m. Bjarne Olavson Lid, Rd., og fekk borni: Olav f. 1840, Johannes f. 1843, Nils f. 1850. Bjarne var f. 1800 og døydde 1882. Ingjerd døydde 1882. Sonen Johannes fekk garden 1875 for 400 spd. og selde att 1882 til Eirik Klasson Selheim for 3000 kronor. Han var f. 1847, gifte seg 1878 m. Guro Knutsdr. og døydde 1909. Born: Klas, Knut, Knut, Nils, Anders, Kari, Guri, Eirik, Knut fødde 1880-1898. Sonen Nils f. 1883, g. 1917 m. Julia Monsdr. Almenningen fekk garden 1912 for 2300 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 130, lnr. 256 med same skyld som bruk 1 fyrr bruk 3 vart skilt frå.

Bruk 3. Grindheim. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1907 og selt til Klas Selheim som har bygt og driv handelsforretning.

Bruk 4. Skyld 80 øre. Oreigna til jarnbanen frå bruk 2 i 1899.

Bruk 5. Urheim. Skyld 70 øre. Skilt frå bruk 1 i 1911. Knut Knutson f. 1833, umtala ovanfor, hadde stove der og døydde 1925. Jarnbanearbeidar Nils Flansås kjøpte då eigedomen.

--- side 323 ---

Bruk 6. Skoglund. Skyld 5 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1922. Knut Hansson Grovu er eigar.

Bruk 7. Heimre. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1923 og selt til Johannes L. Øyaflòten, som har bygt der. Husi hans brann 1926, men er bygde upp att. Han er målar.

Bruk 8. Steinsland. Skyld 3 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1924. Olav Sjurson Reime er eigar, har bygt og bur der. Han er banevaktar.

Bruk 9. Uthaug. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1929. Eigar Nils N. Bergstad som er jarnbanearbeidar. Det var hus på eigedomen då han kjøpte.

Bruk 10. Urheim. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1929. Knut K. Hegg er eigar og har bygt der. Han er baneformann.

Husmenn.

Hallvar Nilsson f. 1675 og Jon Olavson f. 1645 var husmenn i 1701. Jon hadde sønene Herlof f. 1681 og Hans f. 1685. Lars Olavson, g. m. Gudve Davidsdr. fekk sonen Ivar i 1792.

Støl.

Vålo hadde sumarsstøl i 1723, men det er ikkje sagt kvar han var. Vålo hadde ingen seter, men sumarsstøl, står det i matrikkelen 1723. Det er ikkje sagt kvar han var eller kor langt det var til han. Folk fortel no at Vålo fyrr hadde vårstøl på Årstadhaugen. Vår og haust stølar dei no uppå Groveberget og har sumarsstøl på Jonsstølen. Åmund O. Fagnastølen stemnde Styrk Mikkjelson Vålo i 1736 for di han utan løyve beitte på stølen åt Åmund. Verfar hans Styrk, Ivar Osgjerd, møtte og sa at han Styrk brukte det likeins som hans formenn hadde gjort i 60 år, men rekna eigedomen sin berre til elvi.

Kvern og sagbruk.

Kvern har der ikkje vore fyrr i 1800-talet. Ho stod ved Justdølo, men ei skride tok kvernhuset og det har ikkje vorte bygt att sidan. Olav K. Vålo bygde sirkelsag i Urdlandselvæ i 1880 og bygde henne seinare um til uppgangssag. Ho vart seinare rivi. Nils Bergstad bygde ny sirkelsag som er drivi med elektrisk kraft frå Bøjarfoss Kraftlag.

Offentlege forretningar.

1760 gjorde Vålo og Fagnastølen semje um beite på Jonsstølen. Kommisjonssemje 1838 og 1872 um Jonsstølen. Utskifting 1871. Utskifting på Jonsstølen 1916. Semje 1921 um byggjing og vøling av Lindbergsbrui. Friviljug utskifting av skogen i Vålaliæ 1923.

Ymse.

Bjarne Olavson hadde røykomn i stova si. Knut K. Vålo f. 1833 har fortalt at han minnest um det. Omnen

--- side 324 ---

var bygd av gråstein på tri sidor og open framantil, og var godt ein meter på kvar kant. Uppå låg ei helle. Omnen stod i hyrna av stova på same veggen som stovedøri. Var det svært kaldt, laut dei elda to gonger i døgret, men elles ein gong og då helst mot kvelden. Fyrst bar dei inn eit vasspar og eit eller to fang med mest stor ved. Medan dei elda på, vart det mykje røyk, men dei gådde ikkje so mykje til han. Når han var på det meste, sette dei upp ljoren og ein glytt på stovedøri. Loga det for mykje, skvette dei vatn på elden. Stovedøri og ljoren let dei att når det var so utbrunne at det ikkje rauk av glørne som dei kara saman i ei jøte i framkanten av omnen. Omnen var då upphita og gav ein koseleg varme i stova. I eine hyrna av omnen stod ein jarnstolpe med jarnarm som kunde svingast og flyttast upp og ned. På han hengde dei gryta til å koka maten i. Uppå omnen var legebol for ein eller annan som vilde ha det godt og varmt.

Trond Reime f. 1845 hugsar at det var røykomn hjå Knut Voll, Torgis Vetla Hegg og Askjel Øvsthus. Hjå Torgis Reime var det peis. Han stod i stovehyrna på same veggen som stovedøri og hadde mura pipa gjenom taket. Um dei ikkje nett trong det for varmen si skuld, so elda dei ofte på peisen so dei kunde sjå å arbeida. Av foreldri sine hadde Trond høyrt at fyrr var det anten røykomn eller peis i stovone. Nokre hadde både røykomn og peis.

Bumerke.

Sjur 1710 tavle 6 nr. 27. I 1722 brukte Sjur nokre gonger merket t. 1 nr. 84. Lars f. 1764 t. 6 nr. 28. Nils 1770 t. 6 nr. 29. Åmund Larsson 1786 t. 6 nr. 30.