14. Vassenden.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 102 ---

Namnet er i 1403 skrive Vadzænden. Det vert no sagt Vassènd'n; han búr pao, è tao Vassènda, ska pao Vassènd'n. Namnet er samansett av vatn n. og ende m., den gamalnorske

--- side 103 ---

form skulde vera Vazendinn. Garden ligg ved nedre enden av Vangsvatnet.

Fyrste gongen me finn meldt um at det budde folk på Vassenden, er i koppskattemanntalet 1645. Det var då husmannsplass og har vel høyrt til Rekve eller Væte. Landkommissjonen fører i 1661 «Wadtzende» upp som øydegard med ½ pund i skyld. I ein overhoffrettsdom 12. februar 1709 er sagt at Vassenden nokre år tidlegare var rydda. Garden er skriven for Øvre-Vassenden i matrikkelen 1723. Der var vedaskog, men ikkje annan skog og hadde ikkje fiske. Garden var lettbrukt er det sagt. Ved matrikkeleringi i 1830-åri var Samanlikningstalet på Vassenden 100. Skog eller heimehamn var det ikkje. Skyldi var då og ½ pund.

Garden hadde ved matrikkeleringi i 1865 4 mål åker, 6 mål god, 12 mål medels natureng og 15 mål skrapebø. Der var vedaskog, men ikkje timber. Garden var medels lettbrukt, utsett for sviding og mindre godt dyrka. Ikkje fiske. I 1918 var det 6,5 mål åker, 4 mål kunsteng og 5 mål natureng.

På Vassenden budde 6 menneske i 1801, 9 i 1865 og 8 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vassenden.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 5 6 4
1865 4 12 7 ,5 12
1918 1 4 18

Vassenden har heile tidi vore einbølt gard. Skyldi var 12 mark i 1723, men skulde då aukast med 6 mark, er det sagt. Det har ikkje vorte og skyldi er 1777 12 mark som fyrr. Ho er umskrivi i 1838 med 3 ort 8 skill. Noko brigde vart ikkje gjort i 1865, men er umskrivi i 1890 til mark 0,97.

Fyrste gong Vassenden er nemnd, er i diplom 3. september 1340, (DN. I. nr. 268) der Botolv prest på Evanger, Brynjulv Brynjulvson, lensmann på Voss og Jørund på Berge kunngjer eit prov um fiske ved «Vazsenda ok Gryfiu». I diplom frå 24. april 1402 (DN. V. nr. 417) vitnar to menn, at dei var tilstades i Munkeliv i Bjørgvin, då Jørund Arneson gav frå seg 2 laupsbol på Vassenden og i Flagaå. Sjå vidare under Flògo.

--- side 104 ---

Denne gåva er seinare stadfest i brev 4. desember 1403 (DN. IV. nr. 736).

Lauritz og Lussie, kona hans, budde på Vassenden i 1645 og betalte den vanlege skatten for husmenn 6 skilling kvar. Venteleg har dei rudt plasset. Voss prestebol var eigar og Olav brukar i 1661 på Vassenden, som då var øydegard. Han er førd upp under Apostelgodset i 1676 og 1680, men det er prestebolet som eig garden. Aslak var brukar i 1691. Bård var leiglending i 1695 og 1701, og døydde 1728, 75 år gamal.


Bilete 12. Lilandsbrui og garden Vassenden. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 12. Lilandsbrui og garden Vassenden. Fot. P. Braaten 1935.

Han hadde sønene Per f. 1691 og Sjur f. 1694. Arnbjørn Knutson fekk feste i 1719, men Rognald er leiglending der i 1723. Han døydde alt 1725.

Lars Olavson Styve har so bygsla i 1726 og var der til 1736, då han døydde 50 år gamal. Enkja etter han, Brita Gulfsdr., gifte seg 1737 med Knut Monsson Veka, som same året fekk feste på Vassenden. Knut var gift andre venda 1751 med Unni Larsdr. Bergslidi. Olav Larsson bygsla 1768 Vassenden av soknepresten og gifte seg same året med enkja Brita Herbrandsdr. Ho var fyrst g. m. Arnved Torbjørnson, som fyre 1768 budde på Vassenden. Johannes Monsson, gift med Marta

--- side 105 ---

Olavsdr. har butt der i 1780-åri. Han døydde 1795, 51 år gl. og ho 1796, 45½ år gl. Rasmus Person og kona hans, Anna Larsdr., har so bygsla og brukt garden til 1820. Han døydde 1833, 75 år gl. Dei hadde borni: Per, Lars, Olav, Anna f. 1798, Rannveig f. 1804. Lars f. 1796 som kom til Kinne i 1833 og Olav f. 1800, som var på Rokne.

Per Rasmusson bygsla garden i 1820, og vart gift med Rannveig Torsteinsdr. Vinsand. Ho døydde 1869, 85 år gamal. Deira son Torstein, fødd 1821, fekk kongeskøyte på garden i 1851 for 160 spd. og jordavgift 4 skjeppor 31/3 fjerdingkar bygg, som seinare er løyst. Torstein selde garden 1859 til Berge Monsson Flògo for 400 spd. Han selde att 1861 til Eirik Olavson Steine. Han let garden i 1867 til Velom Brynjulvson Dolve, som året etter selde til Marta Samuelsdr. Rue. Ho let att 1870 til Anders Torbjørnson Seve. Kjøpesummen var alle gonger 400 spd.

Lars Kristofferson Rekve kjøpte i 1872 garden for 500 spd. og vart buande der til han døydde. Lars var fødd 1838, gift 1. 1864 med Marta Persdr. Mosafinn og 2. med Bryttva Velomsdr. Dolve. Born med Marta: Ingebjørg, Anna, Mari, Marta. Born med Bryttva: Lars. Han var fødd 1881, døydde 1919 og var gift med Synneva Helgesdr. Kjærsteen frå Eidfjord. Lars var sersjant og fekk garden i 1900 for 1000 kronor og kår til foreldri.

Vassenden var fyrr matrnr. 14, lnr. 34 med gamal skyld 12 mark, urevidert 3 ort 8 skill. Ny skyld 97 øre.

Støl.

Vassenden stølar på Listre saman med Væte, men betalar årleg leige for stølen.

Offentlege forretningar og lauseld.

Vassenden hadde sak mot Flògo i 1776 og vedtok i 1821 semja som då vart sett upp der i grendi um ikkje å halda geiter. Jarnbanetakst var halde 1878. Semje var gjord med jarnbanen i 1922 um grenseregulering. Natti til 11. mars 1886 var det lauseld på Vassenden. Skaden var 1150 kronor.

Bumerke.

Rognald 1723, 1724 tavle 1 nr. 55. Lars 1727, 1729, t. 1 nr. 56, men 1728 teikna han t. 1 nr. 45. Knut 1738 t. 1 nr. 58, men teikna t. 1 nr. 45 i 1759 og 1768. Likeins 1744 og 1754 med det brigde, at det var ei halv i staden for ei heil kule på midten av bumerket. Hermund 1783 t. 1 nr. 59.