160. Veiso.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 509 ---

Gamal skriftform er ikkje funni. Det vert no sagt Veisó2; han búr pao, è tao Veis'né, ska pao Veisó, sms. Veisù- eller Veisé-teijén. Namnet er same ord som ei veise (gn. veisa f.), dike, søyle.

Nedre Vinjo har ått Veiso, og bruk 4 på Nedre Vinjo er ein part av Veiso, der den har vore førd i panteregistret til dess at Sjur Veiso kjøpte bruket 1897 og det har sidan vore brukt saman med bruk 1 Veiso.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Veiso. Den gamle skyldi var 12 mark som 1838 vart skrivi um til 4 ort. Samanlikningstalet var 120. Fure-og vedaskog var der til eige bruk. Matrikkelen 1865 har ført upp 6¾ mål åker, 1 mål dyrka eng, 8 mål god, 7 mål medels natureng og 22 mål skrapebø. 2 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var ring og knapp. Vedaskog til husbruk og noko timberskog. Hellor kunde seljast for 2 spd. årleg. Garden

--- side 510

var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 9 mål åker, 5 mål kunsteng og 15 mål natureng. Der budde 22 menneske i 1865 og 6 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Veiso.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1865 1 6 15 13 10
1918 3 7 28

Mons Brynjulvson, g. m. Ingebjørg Arnesdr. er dei fyrste me veit um som har butt der. Dei var husmannsfolk og båe døydde 1727, han 93 og ho 92 år gamle. Ein Lars som budde der, fekk dotteri Ingebjørg i 1739. Brita Sjursdr. døydde 1747, 60 år gl. Arne Styrkson døydde 1750, 68 år gl. Ågota Åmundsdr. døydde 1778, 42½ år gl. og Ragnhild døydde 1808, 86 år gl. Meir upplysningar um dei har me ikkje funne.

Lars Arneson f. 1716 var g. 1. m. enkja Anna Ivarsdr., 2. 1770 m. Ragnhild Sveinsdr. Lunde, 69 år gl. Som vitne i ei sak på Møn 1780 upplyste han at han hadde vore husmann på Møn mest all si tid. Lars døydde 1803 87 år gl. Svein Olavson kjøpte 1807 bruk 1 av Nils Nilsson Vinjo. Svein var g. m. Torbjørg Larsdr. som døydde 1839, 70 år gl. Han døydde 1826, 83 år gl. To born: Marta, g. m. Knut Hansson Gilbakken, Dordei, g. m. Lars Sveinson Ullestad. Båe huslydane var 1826 i Vesterålen.

Klas Andersson Kvåle kjøpte bruket 1824 og selde det 1825 til Anders Knutson Himle for 350 spd. Han var g. 1824 m. Kirsti Styrksdr. Jernes og fekk på Veiso borni: Ragnhild i 1828 og tvillingane Styrk og Olav i 1830. Anders selde att 1835 til Gudleik Olavson Tverberg. Han let garden 1847 til sonen Olav og var sidan kårmann og husmann på Veiso.

Olav Gudleikson var g. 1. 1835 m. Ragna Larsdr. Fenno, 2. m. Anna Torbjørnsdr. Hylle f. 1822 og hadde borni: Rannveig f. 1836, Lars f. 1837, Nils f. 1851, Sigrid f. 1854 og Guro f. 1856. Olav hadde butt ei tid på Kinne. Han selde bruket sitt på Veiso 1856 til Nils Ivarson Nesheim, som selde att 1857 til Mikkjel Arneson Hodlve, Granvin. Han var f. 1819, g. m.

--- side 511 ---

Ingebjørg Sjursdr. og døydde 1887. Ho var fødd på Nesheim i Granvin 1819 og døydde 1892. Dei hadde borni Sjur, Torbjørg, døydde på Gjerdåk, Kari f. 1854 døydde på Fenno 1910 og Ingebjørg f. 1861 g. m. skomakar Lars Nilsson Bø, som har stove på Endeve.

Sjur Mikkjelson f. 1849, g. 1. 1870 m. enkja Eli Magnesdr. Fenno og 2. 1902 m. Anna Olavsdr. Rokne f. 1869. Sjur budde fyrst ei tid på Fenno. I 1882 fekk han skøyte på farsgarden


Veiso
Bilete 64. Veiso. Fot. P. Braaten 1936.

på Veiso for 1200 kronor. Sjur var nokre år i Amerika og har butt på Veiso sidan han kom heim att. Han kjøpte 1897 det andre bruket på Veiso. Medan han hadde garden, var der i mange år stor helledrift. Sjur dyrka mykje på garden og bygde nytt bustadhus og løbygning. Han døydde 1929. Med Eli hadde han sonen Gitle, som 1888 fekk bruk 1 Veiso. Han døydde ugift 1893, og Sjur sin son med Anna, Martin, fekk 1928 skøyte på båe bruki for 7200 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 161, lnr. 311 med gamal skyld 12 mark, urevidert 4 ort, revidert 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 1,41.

--- side 512 ---

Bruk 4. Vinjo, Veiso. Det var skilt frå bruk 2 Nedre Vinjo i 1824 og selt til Endre Endreson Rue. Fyrr var det husmannsplass under Nedre Vinjo. Knut Sjurson f. 1764, g. m. Gjertrud Andersdr. budde der og hadde borni Ingebjørg f. 1790, Sjur og Anna f. 1800. Endre var g. m. Anna Aslaksdr. og fekk på Veiso borni: Dønåt f. 1829 og Endre f. 1833. Endre bytte 1832 m. David Nilsson uti eit bruk i Hildestveiti.

David var frå Grovu, g. 1827 m. einbidne og jordagjente Anna Persdr. på Hildestveiti og fekk farsgarden hennar. David selde Veiso 1837 til Svein Steffason Skjerve og vart husmann på Veiso. Svein bytte 1838 m. Per Samsonson uti Tverberg. Per var g. m. Brita Magnesdr. Setre og fekk på Tverberg sonen Samson og på Veiso sonen Magne f. 1838. Lars Ivarson Glymme kjøpte garden 1843 og selde att same året til Per Person Eide. Han var g. m. Elisabet Nilsdr. og på Veiso fekk dei sonen Per f. 1845.

Nils Larsson Bjørku kjøpte bruket 1845 og let det 1872 til sonen Josef Bokkatun. Han selde det 1879 til broren Lars N. Bjørku for 2000 kronor. Halldor B. Styve kjøpte bruket 1890 for same pris og budde der til 1897 då han selde til Sjur Mikkjelson Veiso for 7200 kronor. Bruket er 1924 ført saman med bruk 1.

Bruk 4 er skrive i panteregisteret som mtrnr. 97, lnr. 197 b med gamal skyld 13½ mark, urevidert 1 ort, revidert 1 ort. Ny skyld mark 1,12.

Bruk 2. Solheim. Utskilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 1 øre og late til Bjørgum Ungdomslag som har bygt møtehus der.

Bruk 3. Bruhaug. Skilt 1922 frå bruk 1 med skyld 1 øre. Eigar: Styrk O. Rokne som selde att 1930 til systerne Gjertrud og Ingjerd O. Rokne.

Bruk 4. Veiseteigen. Skilt ut frå bruk 1 i 1927 med skyld 75 øre. Anna Olavsdr., enkja etter Sjur Mikkjelson, skøytte det 1930 til Sigurd B. Knapstad, som er g. m. Ingebjørg, dotter deira.

Husmenn på Veiso.

Folketeljingi 1865 har ført upp tri husmannsplass: Veisekleivæ og to som heitte Veiseteigen. På Veisekleivæ budde David Nilsson, umtala ovanfor som eigar av eine bruket. David døydde 1874 og Anna, kona hans, 1882. Dei fekk på Hildestveiti borni: Anna f. 1828 og Guri f. 1830, og på Veiso

--- side 513 ---

borni: Per f. 1833 og Nils f. 1845, g. 1872 m. Anna Gudleiksdr. Holo. David var høg, tjukkbygd, grovlema og kraftig og ein god arbeidskar. Han åt for fire når han kom til med det, som det er mange sogur um. På Skjerve åt han soleis ein gong 16 store raspekakor kokte i søt mjølk. David var ein meister til å svarva treskåler.

På eine Veiseteigen, der som bruk 2 er no, budde Sjur Brynjulvson Ringheim f. 1822, g. 1. m. Marta Ivarsdr., død 1855, 31 år gl., 2. 1859 m. Brita Nilsdr. Uppheim, død 1860, 45 år gl., 3. 1872 m. Anna Håkonsdr. Lid f. 1833, død 1915. Sjur var skomakar, døydde 1898 og hadde borni Ivar f. 1850, Brynjulv f. 1852, og Brita f. 1848, g. 1875 m. Nils Klasson Selheim. Mor hans Sjur Brynjulvson, Brita Sjursdr., døydde som husmannskone 1873, 78 år gl.

På det andre Veiseteigplasset budde 1865 Gudleik Olavson som 1847 let bruk 1 til Olav, son sin. Gudleik var g. m. Brita Olavsdr. f. 1791 som døydde 1872. Han døydde 1874, 79 år gl. Hjå dei budde i 1865 sonen Olav og kona hans, Anna Torbjørnsdr., og deira dotter Guro f. 1856. Anna døydde 1910.

Olav Nilsson Møn, f. 1791, hadde og plass i Veiseteigen. Han var son til Nils Jonson Flatekvålsteigen og hadde ei tid vore lauskar på Møn. Faren som var smed, døydde medan Olav var liten, og det var mori som lærde han Olav til å smida, er det fortalt. Olav var sers flink smed og kunde laga allslags bunadsting. Han laga smidjestedar og skruvestedar, lås og vekter, og allslags bitjarn. Gamlola-bjødl'na var vidgitne. Det er fortalt at han kunde laga knivar som ikkje rusta. Fyrr laga dei smidjestedane av skrapejarn som dei kjøpte i askavis og som dei saud i hop. Han Olav laga ein tremodell som han reiste til eit jarnverk på Auslandet med og fekk støypt stedemne. Sidan fekk dei stedane derifrå. Då dei hogde skogen i Veiseteigen, fekk han Olav skatet, og det bygde han seg eit fint buahus av. Smidja som han hadde bygt seg på Møn, flytte han med seg åt Veiseteigen og sidan til Lid. I 1851 kjøpte han Brurestolen, men selde han att straks etter og flytte til Øvre Lid, bruk 3, der han budde til han døydde i 1869. Olav var gift med Brita Brynjulvsdr. Bryn, f. 1813. Ho døydde 1880. Dei var barnlause.

Elles har der vore desse husmannsfolki som me veit um på Veiso: Per Knutson, g. m. Ragnhild Magnesdr., som fekk

--- side 514 ---

borni Guri f. 1840 og Odd f. 1843. Knut Nilsson Odden, g. m. Marta Olavsdr. Bjørku var ei tid paktar, og hadde borni Ingebjørg f. 1860 og Guri f. 1863. Knut var f. 1829 og døydde 1882.

Støl.

Veiso sin gamle støl ligg uppå Veisekleivane, men er ikkje i bruk no. Sjur Mikkjelson har kjøpt støl av Nils Monsson Nedre Fenno på Hadlaset på Kjyraldsdalen, som dei bruker no.

Offentlege forretningar.

Sak mot Møn 1781. Semje 1908 um burtleiding av vatn. Utskifting 1921 med Bokkatun av utmark.

Ymse.

I lange tider har det vore flekt noko hellor på Veiso. I matrikkelen 1865 er som fyrr nemnt den årlege innkoma sett til 2 spd. I 1890-åri tok helledrifti der seg sterkt upp, men har vore mindre i seinare tid.