4. Vestrheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 44 ---

Namnet vert umkr. 1300 skrive i Vestræimum (fleirtal), i 1347 a Væstrhæimi. Det vert no sagt Vèstreim2; han bur pao, è tao Vèstreim, ska tì Vestreims. Namnet er samansett av vestr (vest) og heimr m. (heim), og tyder «vestgarden».

Vestrheim var 1661 førd upp som halv gard med skyld 3 laup, og høyrde til Finnegodset. Elles er berre sagt um garden, at der var vedaskog. Skyldi var den same i 1723. Då er det to bruk, skog til brensel, men ikkje timber, ein humlagard og ei flaumkvern, men ikkje fiske. Der var medels «fjelljord» noko uviss til kornavling. Skyldi er òg den same i 1838, men er då umskrivi til 7 dalar 4 ort 18 skill. I matrikkelen av 1830-åri har Vestrheim fått samanlikningstalet 1200.

Matrikkelen av 1865 syner at der var 30,5 mål åker, 4¼ mål dyrka eng, 40 mål god og 82 mål medels natureng og 94 mål skrapebø. 7 til 10 mål var høveleg til å dyrka upp. Hamnegangen var god, knapt um brennefang og noko lite timberskog. Garden var lunnalaus og tungbrukt, men vanleg godt dyrka. I 1918 var der på Vestrheim 45,5 mål åker, 50 mål kunsteng og 35 mål natureng. Vestrheim har skogteigar ovanfor Kolle.

På Vestrheim budde i 1801 22, i 1865 28 og i 1920 21 menneske.

--- side 45 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Vestrheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 6 23 24
1723 3 29 45 22 ,5
1865 3 29 78 72 ,5 47
1918 7 27 57

Vestrheim er nemnd i fleire diplom i 1300-talet. Soleis i 1300 (DN. II nr. 60) der Svein Bjørneson og Halle på Rogn melder til Fjalar, prest på Øystusyn, um midelen åt Ulf Håvardson, som vil fri til presten si dotter Ulfhild. Han var son åt Håvard Buk, åtte ymist jordgods på Voss og må ha butt på Vestrheim med di han er skriven til Vestrheim. Ulf var død 1346 og hadde sonen Håvard Ulfson Buk, som var ilive 1378. Ulf åtte då 15 mamatabol i Vestrheim. Diplom av 4. juni 1341 (DN. X nr. 45) umtalar at Håvard Halleson hadde klagt over at Ulf Håvardson på Vestrheim ikkje hadde betalt kjøpesummen for gardane Vinsand og Leiddal etter avtale. I brev av 13. juni 1341 (DN. V nr. 150) vitnar Gaute, lensmann på Voss, og to andre um eit jordkjøp på Vestrheim. Etter det skulde Hallvard Helgeson ha til gode noko pengar hjå Ulf Vestrheim, som var død. To vitne gjorde eiden på at dei tri brørne Jon, Hallvard og Guttorm åtte 12 mmb. i Vestrheim og meir.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at kyrkja på Vangen åtte 1 mmb. i Vestrheim, og prestebolet på Vangen 1½ laup. Brev av 29. januar 1347 (DN. I nr. 304) melder at vitne hadde vore på Vetrheim 17 år tidlegare og høyrt på ein strid millom Håvard Ulfson og sira Erling i Vinje um 7 mmb. i Skjerveggen. Brev av 12. juni 1347 (DN. III nr. 245) fortel so at Håvard Ulfson førde vitnemål um at far hans, Ulf Håvardson, hadde forkjøpsrett til Skjerveggen, øvre og nedre. Fru Magnhild Oddsdr. har etter brev av 7. oktober 1496 (DN. III nr. 100) bytt ein kverndam ovanfor Båbrui uti 1 mmb. i Vestrheim, som ho gav prestebolet for foreldri sine sjeler.

Arnfinn på Vestrheim har i 1521 betalt 4 mark i skatt. Bård betalte i 1563 1 dalar i skatt, landskyld for 3 spann, og i 1591 og 1611 1 kalvskinn. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 3 laup Finnegods i Vestrheim til kongen.

--- side 46 ---

Mons er førd upp som leiglending i 1603 og fleire gonger 1611- 1629. I leidangsboki 1624 står at leidangen var 1 pund smør, 1 bukkskinn, 1 geitskinn. Jordi var tenleg til avling, heiter det, men der var ikkje fiske eller skog til gardsbruk. For 1626-27 var pålagt ryttarskatt 2½ dalar 1 ort. Arnfinn betalte odelsskatt i 1614 og 1629 for 3 spann, og i 1621 står det at han åtte 3 spann i Hovda og 1 spann i «Thoug», som han då betalte ½ dalar i odelsskatt for. Arnfinn er vidare nemnd som leiglending fleire gonger 1635-1645. Han var gift med Engele, hadde i 1645 sonen David og dotteri Guri. Arnfinn er kann henda etterkomar av Arnfinn, som budde på Vestrheim 1521.

Kongen skøytte i 1648 til Hannibal Sehested 3 laup i Vestrheim, som høyrde til Finnegodset. På dette var det 1 spann smør, 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar i skatt, 3 ort i fornødspengar, 3 ort i arbeidspengar og 1 dalar i avgift til jordeigaren. H. Sehested skøytte dette jordgodset til kruna att i 1651. Kongen selde det so 1757 til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 melder og at Finnegodset åtte 3 laup i Vestrheim. , H. Sehested makebytte i 1649 med kongen og fekk då leidangen 1 spann smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset i Vestrheim.

I 1661 er det tri brukarar: Enkja, Aslak Styrkson og Daniel. I 1664 er Olav Monsson komen i staden for Daniel. Klas Miltzow er i 1680 og 1691 eigar av heile garden (3 laup). Mons, Aslak og Olav er brukarar i 1691, kvar på 1 laup. Henrik Miltzow er eigar i 1695. Anders er i 1695 komen som brukar i staden for Mons. ,

I 1701 er det desse tri leiglendingar: Aslak Styrkson 70 år, Anders Larsson 40 år (som har sonen Magne 3 år) og Mons Olavson 39 år, med sonen Sjur 6 år. Laurits Miltzow er eigar av garden i 1714. Der er i 1715 berre to brukarar: Anders og Mons. I 1720 er i staden for Mons komen Lars Knutson som brukar av 1 laup. Han var f. 1681, døydde 1758, g. m. Marta Andersdr., som levde etter han og hadde fire born. Fyrrnemnde Anders Larsson er so brukar av 2 laup. Han bleiv i Bergselvi i 1734, var som ekm. gift i 1710 m. Brita Johannesdr. Hovda og hadde med henne borni: Lars f. 1711, som kom til Hovda, Magne f. 1712, Kari f. 1714 og Inga f. 1716 g. 1743 m. Anders Vikingson Skylje. Lars Knutson og Anders Larsson har visst vore leiglendingar på garden til dei døydde.

Knut Raustad g. m. Ingjerd Klasdr. Miltzow er i 1723 eigar

--- side 47 ---

av heile garden. Ved skifte etter han i 1723 fekk sonen Nils 4 pund, dotteri Anna, g. m. Gusskalk N. Eide ½ laup, dotteri Gudve, g. m. Torbjørn M. Seve, 1 laup, og nokon av dei andre syskini truleg resten av garden. Då Nils døydde ugift i 1739, er hans part truleg skift millom syskini. Systri Guro har i 1742 fått skøyte på 1 laup frå Olav, halvbror sin, og andre av syskinlaget.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vestrheim. Nils Knutson Raustad f. 1745, g. 1770 m. ek. Guro Olavsdr. Rekve døydde 1817. Ho var f. 1745 på


Bilete 5. Vestrheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 5. Vestrheim. Fot. P. Braaten 1935.

Liland og døydde 1814. Dei måtte få kongeløyve til å gifta seg av di han var nærskyld med fyrste mannen hennar, David Åmundson Rekve, som ho vart gift med i 1768. Nils var son åt fyrr nemnde Knut J. Raustad og Guro Knutsdr. (dotterdotter åt Klas Miltzow). Knut og Guro åtte 1 laup i Vestrheim, som Nils fekk i 1764. Knut kjøpte 1761 løysningsretten til 1 laup i Vestrheim, som Gabriel Marselis hadde kjøpt i 1657. Knut betalte 95 rd. for løysningsretten. Nils budde ei tid på Vestrheim og ei tid på Rekve, der han åtte 1 laup 1 pund 12 mark,

--- side 48 ---

som han kjøpte i 1793. Med Nils hadde Guro tri born: David f. 1770, Knut f. 1783, g. 1815 m. Eli Styrksdr. Fjose og vart buande på Rekve og Ingjerd f. 1771, g. m. Åmund Styrkson Fjose.

David Nilsson f. 1770, var g. m. Brita Kolbeinsdr. Hovda og døydde 1852. Ho døydde 1842, 65 år gl. Han fekk farsgarden i Vestrheim, og var sers kunnande med ymse arbeid. Han dreiv mykje i smidja, var uvanleg god til å tynsla ljå og sat på sine gamle dagar mykje i smidja og arbeidde med det. Born: Nils f. 1804, Kolbein f. 1805, død ugift i Amerika, Olav f. 1807, g. m. Marta Nilsdr. Jernes, gardbrukar på Nyre, Knut f. 1814, død ugift i Amerika, Brynjulv f. 1820, farmar i Amerika, Gjertrud f. 1809, g. m. Olav Larsson Graudo, Amerika, Guro f. 1811, gift til Jernes, Anna f. 1812, g. m. Olav Monsson Lunde, gbr. på Rokne, Brita f. 1816, Amerika, Eli f. 1819, g. m. Brynjulv Larsson Alland, gbr. på Løno.

Nils Davidson f. 1804 var g. m. Brita Mattisdr. Mølster og døydde 1880. Ho var f. 1809 og døydde 1891. I 1832 fekk han garden hjå foreldri. Born: David f. 1840, Mattis f. 1843, handelskar, død ugift, Brita f. 1837, g. m. Olav Larsson Geitle, Sigrid f. 1847, gift til Uppheim med Gusskalk Styrkson, Guro f. 1850, gift til Berge med Brynjulv Mattisson. David Nilsson f. 1840, var g. m. Marta Olavsdr. Liland og døydde 1895. Han fekk farsgarden i 1874. Born: Nils f. 1871, Olav f. 1871, Brita f. 1873, Marta f. 1875, Sigrid f. 1877, Marta f. 1878, Guro f. 1887 og Olav d. y. Nils Davidson f. 1871 er g. m. Margreta Mattisdr. Dagestad. Han fekk i 1903 skøyte frå mori på garden med parten som høyrer til bruket i Vestrheimsteigen, som ligg i Evanger herad.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 4, lnr. 10 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill. revidert 2 dalar 3 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,80 og 18 øre i Vestrheimsteigen i Evanger.

Bruk 2. Vestrheim. Gusskalk Knutson Eide f. 1739, g. 1759 m. Gjertrud Rognaldsdr. Nestås, døydde 1840. Ho var f. 1739 og døydde 1820. Gusskalk var son åt Knut Oddson Sonve og Anna Knutsdr. Raustad. Ho hadde fyrr vore g. m. Gusskalk Nilsson Eide. Gusskalk Knutson har ved skifte etter far sin i 1741 fått 1 pund, etter systri Kari i 1759 12 mark., og ved skifte etter mori kjøpt og ervt i 1784 ½ laup. Han åtte då ialt 1 laup i Vestrheim. Gusskalk kjøpte 1758 løysningsretten

--- side 49 ---

til 1 laup i Vestrheim for 95 rd., som Gabriel Marselis hadde kjøpt i 1657. Born: Knut d. e. f. 1761, Nils f. 1762, var på Evanger 1825, Rognald f. 1767, husm. på Flògo, Knut d. y. f. 1775, gift til Flògo med ek. Kari Knutsdr., Torbjørn f. 1779, budde i Bergen, Gjertrud f. 1770, g. m. Brynjulv Nilsson Rasdal, Anna f. 1772, g. m. ekm. Per Ivarson Hosås, Ingjerd f. 1777, g. m. Ivar Person Hosås, Kari f. 1783, g. m. Olav Olavson Edal.

Knut Gusskalkson d. e., f. 1761, var g. 1797 m. Ingjerd Eiriksdr. Saude og døydde 1820. Ho døydde 1868, 93 år gl. Han fekk skøyte frå far sin i 1795 på garden. Ingjerd vart g. 2. 1823 m. Per Knutson Steine. Borni hans Knut var: Gusskalk f. 1806, Eirik f. 1813, g. m. Brita Gudleiksdr. Kinne, Amerika, Knut f. 1816, død 1833 ugift, Anders f. 1819, Gjertrud f. 1798, gift til Uppheim, Vestb. m. Olav Vikingson, Marta f. 1804, g. m. Anders Klasson Mosafinn, Narheim, Anna og Ingjerd, båe gifte til Hosås, Evanger.

Gusskalk Knutson f. 1806, g. 1831 m. Anna Knutsdr. Uppheim og døydde 1848. Ho var f. 1807 og døydde 1903. Han fekk farsgarden ved skifte etter faren og skøyte frå mori, syskin og kreditorar i 1830. Born: Knut f. 1835, Knut f. 1837, Amerika, Lars f. 1842, g. m. Kirsti Knutsdr. Veka, gardmann på Hovda, Nils f. 1844, gardmann på Uppheim, Anna f. 1831, g. m. ekm. Anders Olavson, gardmann på Berge, Ingjerd f. 1833 g. m. Anders Knutson Solerås, Brita f. 1840, g. m. Gudleik Isakson Vestrheimsteigen, mylnar.

Knut Gusskalkson f. 1835, død 1917 ugift. Han fekk farsgarden hjå mori i 1856 og hadde han til 1910 då systerdotteri Ingjerd Andersdr. fekk garden for 3000 kronor og kår til Knut. Ho er f. 1894 og g. m. Herlaug Larsson Gjerme.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 4, lnr. 11, med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 3,83 og 18 øre for Vestrheimsteigen i Evanger.

Bruk 3. Vestrheim. Knut Torbjørnson Seve f. 1756, var g. 1. 1779 m. ek. Ingjerd Torgisdr. Ukvitno, 2. 1794 m. Brita Torsteinsdr. Saude og døydde 1840. Han var soneson åt lensmann Mass Seve, og Klas Miltzow var oldefar hans. Ved skifte etter far sin og skøyte frå medervingane vart Knut eigar av 1 laup i Vestrheim. Løysningsretten til denne laupen hadde far hans Knut, Torbjørn Masson Seve, kjøpt i 1761 for 95 rd. av

--- side 50 ---

kruna. Gabriel Marselis hadde kjøpt sjølve eigedomen i 1657. Med henne Ingjerd fekk han 1 laup i Ukvitno. Born m. Ingjerd: Isak f. 1780, Torgis f. 1782, død 1865 ugift, Torbjørn f. 1785, Velom f. 1787, Marta f. 1788, Ingjerd f. 1790. Dei tri siste er døde fyre 1841 utan etterkomarar. Born med Brita: Torstein f. 1801, Ingjerd f. 1804, båe døde ugifte. Torgis og Torbjørn var med i krigen mot Sverike og har namni sine på veteranbautaen.

Isak Knutson f. 1780, g. m. Sisselja Larsdr. Seim døydde 1865. Han tok mot farsgarden på Vestrheim i 1812 ved skøyte frå faren og to av syskini sine. Born: Knut f. 1817, Amerika, Lars f. 1819, Torstein f. 1826, Amerika, Ingjerd f. 1822, g. m. Erling Masson, gardmann på Giljarhus, Brita f. 1829, død ugift 1886.

Lars Isakson f. 1819, var g. 1858 m. Ingjerd Olavsdr. Uppheim og døydde 1884. Ho var f. 1836 og døydde 1912. Han fekk garden hjå foreldri i 1844. Born: Isak f. 1858, Olav f. 1860, Knut f. 1863, Sisselja f. 1861, Nils f. 1865, Ingjerd f. 1870, Viking f. 1873, Gjertrud f. 1875.

Olav Larsson f. 1860, g. 1894 m. Brita Davidsdr. Gjerme døydde 1921. Ho er f. 1863. Han tok mot garden i 1884, var med i ymist kommunalt arbeid t. d. likningsarbeidet, fatigstyret, heradsstyret og formannskapet. Sonen Lars f. 1895 fekk garden i 1929 for 5000 kronor. Han er f. 1895 og g. 1928 m. Kari Olavsdr. Seve.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 4, lnr. 12 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 5 skill. Ny skyld mark 3,96 og 18 øre for Vestrheimsteigen i Evanger.

På alle tri bruk er etterkomarar etter Klas Miltzow, og garden har vore i ætti sidan Klas vart eigar fyre 1680.

Til garden høyrer Vestrheimsteigen som ligg i Evanger og som er burtbygsla. I 1902 vart det halde skylddelingi og Vestrheimsteigen fekk då 54 øre i skyld, som vart drege frå dei 3 bruki på Vestrheim med 18 øre på kvart, men teigen høyrer framleies til Vestrheim. Der har sume tider vore husmenn. Isak Johannesson Skorve fekk soleis husmannsfeste i 1858 på plass i Vestrheimsteigen frå Nils D., Lars I. og Knut G. Vestrheim. Til Vestrheim høyrer ein skogteig, Kollshaugen, som ligg millom Kolle og Eidestødna. I 1791 var det ei kvern på garden, og det har seinare vore tri, men no er dei alle burte.

--- side 51 ---

Støl.

Stølen var 1 mil frå garden heiter det i 1723. Vårstøl er det no i markagarden. Sumarsstølen er på Kvitla.

Offentlege forretningar.

Det vart halde forretning mot Lisseim og Hovda i 1779, forretning saman med fleire um stølen Kvitla 1756, steiningsforretning og tingsvitne um Kvitla i 1802, forlik med Uppheim um merkesgjerde i 1844, utskifting av innmarki 1865, skyldleggjing i 1902 av Vestrheimsteigen som høyrde til Evanger herad.

På Vestrheim var i midten av 1800-talet ein mann som var so flink til å reida skinn og fekk dei so fidlande mjuke. Dei brukte mykje skinnklæde då. Skinnklædi hadde det laget at dei vart som noko kråko, når dei vart våte, dersom skinni ikkje var godt reidde.

Segn.

Attmed vegen til Kvitla ligg ein stor stein, Annasteidn. Det var gygri som i gamle dagar hadde kome berande med steinen i fyreklædet, men han var so tung at fyreklædet rivna og steinen har sidan vorte liggjande der. Då gygri kom eit stykke lenger, miste ho salmeboki si. I eit skarv syner endå merke etter føtene hennar, då ho tok salmeboki upp att.

Bumerke teikna på Vestrheim.

Anders Vestrheim 1718, sjå tavle 1 nr. 10. Noko annarleis har han teikna det i 1722 og atter brigda det i 1728. Lars 1724, 1754, t. 1 nr. 11. Rasmus 1745 t. 1 nr. 12. Knut 1758, 1765 t. 1 nr. 13. I 1776 er det teikna med 2 C'ar istaden for 2 E'ar. Gusskalk 1762, 1765 t. 1 nr. 14. I 1779 og 1782 er det brigda soleis at toppen er som eit 4-tal. Knut Andersson 1778 t. 1 nr. 15, men er mykje brigda i 1779.