184. Vike.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 94 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Vickenn. Det vert no sagt Víkjè2; han búr pao, è tao Víkjè, ska tì Víkjés, sms. Víkjéskrónè (på Lid). Namnet er truleg samansett av ei vik (her då brukt um ei innbøygning i lendet) og vin (beite).

Skyldi på Vike var 1661 3 laup 30 mark med to brukarar. Elles er berre sagt at der var vedaskog. I 1723 var skyldi 3 laup og berre ein brukar. Der var humlagard og litt vedaskog. Garden var noko tungbrukt og årvand og kald til korndyrking. Skyldi var likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 8 dalar 1 ort 2 skill. Der var då fure- og vedaskog til eige bruk. Samanlikningstalet var 1240.

Etter matrikkelen 1865 var der 292/5 mål åker, ½ mål dyrka eng, 36 mål god, 47 mål medels natureng og 112 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Medels vårhamn, men sumarhamni var ring. Skog til eige bruk. Bruk 1 kunde selja timber for 3 spd. um året og bruk 2 og 3 for 1½ spd. kvar. Bruk 1 var medels tungbrukt og bruk 2 og 3 tungbrukte. Alle var dyrka som vanleg. I 1918 var det 27,3 mål åker, 25 mål kunsteng og 44 mål natureng.

Folketalet var 16 i 1801, 19 i 1865 og 18 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vike.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   17   11          
1723 2   22   36   24      
1865 3 ½ 30   57   74 ½ 44  
1918 5   14   49          

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 5 laup på Vike. I 1521 var der to brukarar, Isak og Sjur. Isak betalte 7

--- side 95 ---

lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Sjur betalte 3 lodd sylv i skatt og 7 lodd sylv i breffbrot. Mons er ofte førd upp som leiglending 1563-1614 og åtte 1611 1 pund. I saki på Krossaset 1664 er umtala at Mons Vike hadde vore på Nesheim i 1606. I Vincents Lunges jordbok 1535 er ført upp ½ laup og 1 bukkskinn på Vike. Gunnhild Ivarsdr. selde 1564 alt jordgodset sitt på Voss og i Hardanger til systerne sine Gyrid og Sigvor. Millom det var 2½ mmb. i Vike som vart Gyrid sin eigedom (DN IX nr. 790). Etter rekneskapen 1585-1616 for Vangskyrkja fekk ho i landskyld 12 merker smør og 2 askar korn. Eirik var 1611 husmann eller øydegardmann og vart 1614 utskriven til Svinesund med øks og sverd.

Sjur var leiglending 1621. Halldor Endeve åtte då 1 spann, Ivar Bryn 1 spann, Knut Grovu 20 mark, Lars Nedre Grovu ½ laup og Knut Vike ½ laup. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Der var god jord er det sagt. Sjur var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 laup odelsgods med 2 dalar 1 ort. Arve var brukar. Styrk, Sjur og Arve var brukarar 1629 og Sjur og Arve i 1635. I 1645 er ført upp to brukarar: Arve Karlson, g. m. Brita og Magne Torgeirson, g. m. Ragnhild.

F. Broderson let 1649 noko på Vike saman med mykje anna jordgods til kongen ved makabyte uti Gravdal gard og myln. Brynjulv og enkja Mildrid er skrivne som leiglendingar 1649. H. Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen, 8 merker smør og 1 geitskinn. Sehested åtte 1650 ½ laup 1 bukkskinn som han hadde fått ved makabyte med kongen og var av de Gallers gods. På dette var 8 merker smør 1 geitskinn i leidang, 3 ort i skatt, 18 skill. i fornødspengar, 18 skill. i arbeidspengar og 1 ort i avgift til jordeigaren. Sjur var leiglending. Sehested laut 1651 lata dette jordgodset att til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

Oddmund Kleppe var 1652 og 1659 eigar av 1½ laup og Vangskyrkja 1 spann. Sjur og Magne var brukarar 1652 og 1657 og Magne 1655 og 1659. Endre og Mikkjel klagde 1658 over leidangen og dei må difor ha vore eigarar eller brukarar av noko. Kyrkjerekneskapen 1654 har ført upp 12 merker smør og 1½ aske korn som landskyld. Kongen åtte 1661 30 mark, Vangskyrkja 1 spann og 2 laup var bondegods. Sjur Vikingson og Erling Ivarson var brukarar 1661, 1664 og lenger. Sjur

--- side 96 ---

vitna 1669 i den store skogsaki at han hadde hogge 20 tylvter sagtimber i Almenningen. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på ½ laup på Vike. F. Broderson åtte 1680 ½ laup, Klas Miltzow 2 pund 6 mark og Per Andersons ervingar ½ laup. I 1691 var lagmann Coch eigar av ½ laup, Vangskyrkja 12 mark, F. Broderson ½ laup og Klas Miltzow 2½ pund. Hans Akselson åtte 1695 ½ laup, Vangskyrkja 12 mark, Henrik Miltzow 2 pund 6 mark og brukaren Jon 1½ laup. Han og Gunnar var brukarar 1691 og 1695.

Jon Erlingson var f. 1649 og døydde 1728. Han hadde tent hjå presten Gjert Miltzow og er umtala i saki 1732 millom Lekve og Prestegarden. Jon hadde døtterne Guri, g. 1711 m. Sjur Vikingson Tvilde og Torbjørg, g. som enkje 1737 m. Brynjulv Tormodson Kvamme. Sjur var f. 1692, bygsla 1712 1½ laup av Henrik Miltzow og kjøpte ½ laup av Bøye Rafnsdorff. Etter Odelsskattemanntalet 1714 åtte Vangskyrkja 18 mark, Henrik Miltzow 2 pund 6 mark og Sjur 1 laup 2 pund 15 mark. Det var likeins 1723 so nær som at Sjur då åtte 1 laup 2 pund. Han kjøpte noko 1728 og 1729 og var då eigar av ialt 2 laup.

Sjur Vikingson var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. I 1724 vitna han um innsamlingi av reisepengar åt Lars Skutle og Kjel Berge for reisi til kongen. Sjur døydde 1773 og Guri, kona hans 1751, 62 år gl. Ved skifte etter Sjur åtte buet 2 pund 6 mark på Vike, ein part i Raundalens Almenning, 58/11 mark i Ronve og 201/5 mark på Tvilde. Seks born: Torbjørn f. 1714, g. 1742 til Eide med enkja Anna Knutsdr. Eide, Brita f. 1715, g. 1736 til Liland med Olav Brynjulvson, Lars f. 1719, Sisselja f. 1721, g. 1749 til Seim i Viki m. ekm. Nils Person, Anna f. 1726, g. 1744 m. Anders Nilsson Kvåle, Gullfj., Knut f. 1734, g. 1759 m. Katla Torleivsdr. Øvre Graudo, som budde på Ronve.

Lars Sjurson f. 1719, g. 1750 m. Maria Hallesdr. Bryn, kjøpte 1732 ½ laup, 1761 1 pund 18 mark og 1763 2 pund 6 mark. Han kjøpte 1759 løysingsretten til 2 pund 6 mark for 45 rd. som Gabriel Marselis hadde kjøpt 1657. Lars døydde 1764 og åtte då 1 laup 1 pund 6 mark, som vart taksta 336 rd. Fire born: Halle f. 1754, død 1767, Jon f. 1756, Viking f. 1758, død 1816, Guri f. 1760, g. 1781 m. Josef Andersson Nedre Lid. Maria gifte seg uppatt 1765 m. Knut Sjurson Sonve f. 1737. Dei kjøpte til ymse tider tilsaman 2 laup. Knut døydde 1804

--- side 97 ---

som gardmann på Sonve og Maria 1793. Jon Larsson fekk 1775 og 1779 skøyte på tilsaman 1½ laup. Sjå vidare bruk 2.

Knut Sonve let 1786 1 laup 18 mark på Vike til Gudleik, bror sin, og fekk att hans eigedom på Sonve. Gudleik var g. 1783 m. Gunnbjørg Sjursdr. Yksnabjørg, døydde 1794, 41 år gl. og hadde seks born: Eli f. 1784, g. 1805 m. Ivar Styrkson Fjose, Anna f. 1785, Ragna f. 1787, g. 1809 m. ekm. Samson Torbjørnson Skutle, Ingjerd f. 1790, død ugift 1860, Sjur f. 1792, Ragnhild f. 1794, g. 1813 m. Jon Larsson Øvre Lid.


Vike
Bilete 16. Vike. Fot. P. Braaten 1937.

Ved skifte etter Gudleik var jordgodset verdsett 420 rd. Bruttomidelen var 569 spd. Gunnbjørg vart uppattgift 1796 m. Nils Larsson Øvre Himle og fekk borni Guri f. 1797, g. 1819 m. Sjur Andersson Nedre Lid og Brita f. 1802, død 1824. Nils døydde 1815, 64½ år gl. og Gunnbjørg 1835, 80 år gl.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vike. Sjur Gudleikson f. 1792, g. 1813 m. Sigvor Larsdr. Øvre Lid fekk 1811 skøyte på bruk 1 etter far sin. Sjur døydde 1853 og Sigvor 1861. Dei fekk borni: Lars f. 1815, Ingebjørg f. 1816, død ugift 1889, Gunnbjørg f. 1820, død 1834, Nils f. 1826, Torbjørg f. 1831, Eli f. 1834. Nils, Torbjørg og

--- side 98 ---

Eli reiste til Amerika. Lars vart gift 1845 m. Eli Josefsdr. Nedre Lid og fekk 1846 farsgarden. Dei hadde borni: Sjur f. 1846, Sigvor f. 1848, g. 1877 m. Hallvard Person Ronve, Josef f. 1851 (Amerika), Brita f. 1853, g. 1879 m. Anders Ivarson Vike, Nils f. 1857, Lars f. 1861. Nils gifte seg 1882 m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Hildestveiti og fekk 1881 garden for 2400 kronor. Ingebjørg døydde 1906 og Nils 1931. Jørgen Andersson Lien frå Evanger kjøpte 1907 garden for 6000 kronor. Sonen Lars f. 1897 g. 1828 m. Maria Olavsdr. Meland på Væte, har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 177, lnr. 343 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 13 skill., revidert 3 dalar 4 ort 9 skill. Ny skyld mark 5,64.

Bruk 2. Vike. Jon Larsson f. 1756 vart som ovanfor umtala eigar av dette bruket 1775 og 1779. Han gifte seg 1779 m. Ingjerd Andersdr. Saude, Nedre Lid. Jon døydde 1816 og dei hadde dotteri Mari. Ho vart g. 1801 m. Olav Eirikson Stora Saude som 1801 og 1818 fekk skøyte på bruk 2. Han bytte 1832 med Ivar Styrkson uti Nedre Auro. Han var g. 1805 m. Eli Gudleiksdr. Vike som døydde 1832, 49 år gl. og hadde seks born: Sjur f. 1806, Kari f. 1808, Styrk f. 1812, g. 1842 m. Kirsti Torbjørnsdr. Rene, Gudleik f. 1816, g. 1842 m. Ragna Samsonsdr. Skutle (Amerika), Nils f. 1818, Knut f. 1822, g. 1846 m. Dordei Knutsdr. Rokne. Ivar døydde 1852, 81 år gl.

Sjur Ivarson f. 1806, g. 1839 m. Kristi Torleivsdr. Bryn, fekk farsgarden 1833 ved skøyte frå mori for 750 spd. Dei fekk på Vike sonen Ivar f. 1841. Sjur selde 1843 bruk 2 til Odd Eilivson Gjellen for 650 spd. etter at bruk 3 var skilt frå. Odd selde att same år til Knut Jakobson Horvei som 1846 let garden til Ingebrikt, son sin, for 350 spd. Ingebrikt gifte seg 1844 m. Kari Ivarsdr. Vike og fekk sønene Nils f. 1849 og Jakob f. 1852. Lars Åmundson Himle kjøpte 1853 garden for 350 spd. og selde att 1854 til Brynjulv Nilsson Seim for 550 spd. Han var g. m. Brita Olavsdr. og fekk 1855 sonen Olav. Ivar Andersson Helleve kjøpte so 1858 for 900 spd. Ivar var f. på Gjerde 1806, g. 1841 m. Sigrid Tormodsdr. Ringheim og fekk borni Marta f. 1843, Margreta f. 1846 og Anders f. 1850. Ivar døydde 1879 og Sigrid 1888.

Anders Ivarson gifte seg 1879 m. Brita Larsdr. Vike og fekk 1883 skøyte frå mor si på garden for 1600 kronor. Sakførar Kjelland i Bergen kjøpte 1893 garden på auksjon for 6000 kronor og selde att 1904 til Olav Askjelson Heimberde

--- side 99 ---

for 4400 kronor. Olav er f. 1860 og g. 1891 m. Ingjerd Eilivsdr. Øvsthus, Rd. Deira son Eiliv fekk 1928 garden 2000 for kronor. Eiliv er god snikkar og treskjerar.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 177, lnr. 344 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 6 skill., revidert 1 dalar 4 ort 16 skill. Ny skyld mark 2,82.

Bruk 3. Vike. Utskilt frå bruk 2 i 1847. Sjur Ivarson selde det 1843 til David Person Hefte for 650 spd. Han selde att 1847 til Sjur Arneson Nygryten for 680 spd. og vart seinare buande på Tvinno. Som umtala på Nygryten var Sjur f. 1796 og g. 1829 m. Brita Bårdsdr. Lunde. Sjur døydde 1862 og Brita 1865, 74 år gl. Dei fekk sonen Arne f. 1836, som vart gardmann på Rene. Sjur Gusskalkson Rokne kjøpte 1855 bruk 3 for 450 spd. og selde att 1869 til Per Sjurson Istad. Sjur flytte til Sonve og døydde der. Per var f. 1848, g. 1869 m. Maria Knutsdr. Nedre Skutle og er død. Han var god navrasmed og fekk premiar på utstellingar. Sonen Knut f. 1878 er snikkar, vart g. 1921 m. Anna Torsteinsdr. Gjelland og fekk 1928 skøyte på garden for 2000 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 177, lnr. 344 med skyld som bruk 2 so nær som at den ureviderte skyldi var 2 dalar 7 skill.

Bruk 4. Kvammen. Skilt ut frå bruk 3 i 1893 med skyld 4 øre og selt til sakførar Kjelland i Bergen. Han selde det 1927 til Olav Askjelson Heimberde.

Bruk 5. Vike. Utskilt frå bruk 3 i 1893 og selt til konsul J. Rieber. Ved skifte etter han fekk ervingane Effie Rieber og Joane Munter eigedomen.

Bruk 6. Skogakvammen. Utskilt 1904 frå brak 1. Skyld 85 øre. Voss Skogplantningslag kjøpte eigedomen.

Husmenn på Vike.

Andres Askjelson f. 1641 hadde 1701 sonen Olav f. 1683. Askjel Torgeirson f. 1743, g. m. Steinvor Jørgensdr. f. 1733 hadde med henne sonen Torgeir f. 1770, død 1835 og med Eli Larsdr. dotteri Marta f. 1818. Askjel døydde 1829, 88 år gl. Olav Ivarson, g. m. Brita Knutsdr. fekk sonen Askjel f. 1822. Olav Sjurson Båbruæ, g. m. Gjertrud Knutsdr. fekk 1826 feste hjå Olav Eirikson på husmannsplass. Festesetelen vart avlesen på tinget 1854. Dei fekk borni Ingebjørg f. 1828, Sjur f. 1831 og Knut f. 1837. Simon Knutson f. 1827 (son til K. Jakobson) g. 1847 m. Marta Askjelsdr. Vike, f. 1818, hadde plass på Aosatræe som ligg mykje høgare enn

--- side 100 ---

Kolltveit og grensar til Øyjorna på Skutle. Simon og Marta fekk 1848 tvillingane Knut og Lars og sidan borni Jakob f. 1849, Askjel f. 1850, Olav f. 1851 og tvillingane Johannes og Ragnhild f. 1853. Heile huslyden reiste til Amerika. Folki på Aosatræe var flinke med ymse slags arbeid er det fortalt. Det skulde spøkja der umkring, som truleg kom seg frå at morkatt og rev heldt seg der, segjer meldaren.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Vikesstølen heiter Langesetstødl'n og ligg ved Langesetvatnet. Vike har vårstøl på Kolltveit som ligg ovanfor garden.

Kvern.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791.

Offentlege forretningar.

Forretning 1772 um merket mot Dale. Utskifting 1835. Semje 1859 um gjerde. Utskifting 1865. Semje 1892 millom bruk 1 og 2 um løypestreng. Utskifting av innmarki 1915-1917. Utskifting 1914 av skogteig i Bidningadalen.

Bumerke.

Knut 1711 tavle 7 nr. 64. Jon 1716, 1720 t. 1 nr. 42. Sjur mange gonger 1720-1764 t. 7. nr. 65. Knut Sjurson 1766 t. 3 nr. 64. Jon 1781 t. 7 nr. 66.

Ymse.

Sakførar Kjelland hadde helledrift på Vike medan han hadde garden. Litt har vore drive av andre og. Uppi åsen har det vore svært bjørnsgjengt. Ei kone med barn trefte i Gamlehagen på ein bjørn som skar tenner åt henne, men ho kom seg frå han. Per Kinne synte på tinget 1739 hudi av ein gamal bjørn som han um hausten hadde skote på Vike sin eigedom og fekk 2 rd. i premie.