Vinjo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 103 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Viniu. Det vert no sagt Vìnjó2; han búr pao, è tao Vìnjó, ska tì Vìnja, sms. Vìnja-bød'n. Namnet er same ordet som gn. vin (beite, naturleg eng), i dativ vinju, men den formi som no er brukt svarar helst til dativ fleirtal vinjum, og det er då ei seinare umlaging.

Garde Vinjo og Styrkar har ikring 1303 vitna um eit jordsal millom Einar Pinung, Odd på Rogne og Hollrod på Ringheim (sjå DN. I. nr. 99). Prosten ved Apostelkyrkja i Bergen bytte burt i 1492 11 mmb. i Tyrlingen og fekk att 12 mmb. i Vinjo, som Vangens prestebol åtte (DN. V. nr. 599). Asbjørn på Vinjo betalte i 1518 1 mark til kongsgarden i Bergen som rest på drottningsskatten. Der var tri brukarar på Vinjo i 1521: Haffuord som betalte 1½ mark i skatt, Eirik som betalte 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot, Oluf som betalte 1 mark. I 1563 var Goude (Gaute?) og Mons brukarar og i 1591 Mons og «Guantty».

Vangskyrkja fekk etter rekneskapen 1585-1616 2 askar korn som årleg landskyld av eigedomen sin på Vinjo. På Øvre Fenno er umtala 1662 at på Vinjo hadde fyrr butt ein mann, Galte (Gaute?). Han hadde sonen Magnus som hadde dotteri Sonue, g. m. Arnbjørn Nilsson. Det er ikkje sagt kva tid dei levde.

Mons og Sjur var leiglendingar i 1603, Mons, Gaute, Sjur og Nils i 1611, Sjur, Nils og Per i 1614, Sjur i 1621 og Torleiv i 1629 på 2 laup. Sjur åtte 12 mark odelsgods i 1611. I 1635 var det tri leiglendingar: Sjur Lauritsson, Laurits og Jon. Det var to leiglendingar i 1645, Olav Jakobson, g. m. Brita,

--- side 104 ---

og Olav Mattisson, g. m. Ingjerd. Dei hadde kvar si tenestgjente, Marta og Brita.

Leidangsboki 1624 melder at Apostelgodset hadde to eigedomar på Vinjo med leidang 1 spann smør og 1 bukkskinn på kvar. Henrik og Sjur var leiglendingar. Ryttarskatt vart i 1627 lagt på odelsgodset 2 laup med 4½ dalar. Torleiv «Firøe» var eigar. Allehelgens gods åtte 1647 1 spann 1 geitskinn i Vinjo. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 1 spann 3 mark smør og 1 bukkskinn av Apostelgodset. Kyrkjerekne-


Vinjo med Fjose bakanfor
Bilete 16. Vinjo med Fjose bakanfor. Fot. P. Braaten 1936.

skapen 1654 melder at Vangskyrkja fekk 1½ aske korn i landskyld av dei 6 mark som ho åtte i Vinjo.

Sehested åtte i 1650 1½ spann i Nedre Vinjo, som han hadde fått av Allehelgens gods ved makebyte i 1649 med kongen. På det var det 1 spann 3 mark smør og 1 geitskinn i leidang, 1½ ort i skatt, 9 skill. i fornødspengar, 9 skill. i arbeidspengar og ½ ort i avgift til jordeigaren. Oluff var leiglending. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som 1657 selde det til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 for Finnegodset har ført upp 1½ spann i Nedre Vinjo.

I 1652 og seinare er det skilt millom Nedre Vinjo og Øvre Vinjo. Fyrst vert halde fram med Nedre Vinjo.

--- side 105 ---

97. Nedre Vinjo.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Nedre Vinjo som halv gard med skyld 4 laup og ein brukar. Ved å rekna saman uppgåva over eigarane vert skyldi 3 laup 2 pund 15 mark. Der var vedaskog, ein liten humlagard og ei bekkekvern. I 1723 var skyldi 3 laup 18 mark. Skog til husbruk, humlagard og ei flaumkvern. Garden var sers lettvin og hadde medels god jord. Skyldi var den same i 1777, men var i 1838 3 laup 6 mark og er då umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill. Dei 12 merker mindre skyld i 1838 er då ført upp under gardsnr. 160 Veiso. Det var skog til eige bruk og god humlagard. Samanlikningstalet var 900.

Matrikkelen 1865 syner at der var 252/3 mål åker, 9¼ mål dyrka eng, 33 mål god, 40½ mål medels natureng og 57½ mål skrapebø. Bruk 1 hadde ring vårhamn og medels sumarhamn, bruk 2 ring vårhamn og ikkje sumarhamn, bruk 3 og 4 ring hamnegang og for knapp. Skog til husbruk på alle bruki. Timber kunde seljast på bruk 1 for 14 spd. og bruk 2 for 16 spd. um året. Bruk 2 var lettbrukt, bruk 1 medels, bruk 3 og 4 svært tungvinne. Bruk 2 var dyrka betre enn vanleg og dei andre bruki som vanleg. I 1918 var der 26 mål open åker, 33 mål kunsteng og 4 mål natureng.

Folketalet var 23 i 1801, 26 i 1865 og 33 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Vinjo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 15 26
1723 2 23 24 28
1865 2 24 54 72 73
1918 4 18 40

I Skattemanntalet 1652 er ført upp desse eigarar: Apostelgodset 1½ laup, Allehelgen 1½ spann, Kirsten Bolstad ½ laup, Laurits Torsnes 1 spann og Mikkjel Haugo ½ spann. Ialt 2 laup 54 mark. I 1655 åtte Kirsten Bolstad 1½ laup og Mikkjel Haugo 27 mark, elles som i 1652. Tilsaman vert det i 1655 4 laup. I 1661 åtte Allehelgen 2 spann, L. Torsnes 1 spann,

--- side 106 ---

presten på Vangen 3 spann, Finnegodset 1½ spann og Apostelgodset 2 laup, tilsaman 3 laup 63 mark.

Kongen selde i 1665 av Apostelgodset 2 laup i Nedre Vinjo til Peter Reedtzs og 2 spann Allehelgens gods til Eirik Krag og medeigarar. Olav Jakobson var brukar 1640-1677 og kann henda lenger. Han var lagrettemann fleire gonger, lensmann i 1777 og hadde i 1664 sønene Mikkjel f. 1641 og Svein f. 1643. I tingboki er upplyst at året 1669 var svært ringt, «almuen» var fatig og Vinjo låg øyde.

I 1695 var eigarane: Vangens prestebol 2 laup 18 mark, Hans Akselson ½ laup og Henrik Miltzow 27 mark, tilsaman 3 laup 9 mark. Eigarane i 1614 var madame Stoud 2 laup 45 mark, Johannes Vik i Hardanger 18 mark og H. Miltzow 18 mark, ialt 3 laup 9 mark. I 1723 var det løytnant J. Nordahl 2 laup 45 mark, H. Miltzow 27 mark og Engel Tveit 18 mark, tilsaman 3 laup 18 mark. Nils Larsson Spildo kjøpte i 1726 12 mark i Vinjo av Per Engelson Tveit i Sunnhordland og 12 mark av Sjur Engelson i Hardanger.

Nils Knutson f. 1661, g. m. Arnbjørg Larsdr., døydde 1735. Han var leiglending frå ikring 1690, var presten sin medhjelpar i 1707 og har vore lagrettemann ved matrikuleringen 1723 og elles. Saman med nokre andre var han vald i 1713 til å likna ut dagskatten, men dei våga seg ikkje til å gjera det av di det var so stor uvilje i bygdi mot denne skatten. Ved skifte etter Arnbjørg 1738 er ført upp fem born: Olav f. 1683, budde på Seim i 1738, Nils f. 1685, skriven for Haugo i 1738, Knut f. 1693, Åmund f. 1696, Ingebjørg, g. 1728 m. Henrik Andersson Helleve. Skiftebuet åtte 11 mark i Indre Takla.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Vinjo. Knut Nilsson f. 1693, var g. 1729 m. Torbjørg Ivarsdr. Helleve og døydde 1743. Han var leiglending frå 1714 etter foreldri sine på den parten som vart bruk 1. Ho Torbjørg gifte seg andre venda 1744 m. Magne Andersson Berde og tridje gongen 1752 m. Olav Larsson Setre. Ved skifte 1788 etter Torbjørg er ført upp fire born med Knut: Synneva f. 1730, g. 1758 m. Hollgeir Sjurson Ygre, Brita f. 1732, Arnbjørg f. 1734, Nils f. 1738, g. 1765 m. Ingebjørg Nilsdr. Bø, leiglending på Bø, Tjukkeb. Med Magne hadde Torbjørg sonen Knut f. 1745. Magne og deretter Olav var

--- side 107 ---

leiglendingar etter Knut. Olav kjøpte i 1755 bruket (1 laup 45 mark) av Joachim Nordahl for 320 rd.

Knut Magneson fekk bruket i 1787. Han var f. 1745, g. m. Anna Nilsdr. og døydde 1801. Fem born: Magne f. ikring 1784, Nils f. 1786, (var med i krigen mot Sverike og døydde ugift på Voss 1877), Olav f. 1788, død 1806, Anders f. 1790, g. 1816 m. Herborg Ivarsdr. Rene, Knut f. 1794. Magne Knutson, g. 1818 m. Guro Styrksdr. Fjose døydde 1870. Nils Nilsson Sonve hadde kjøpt garden i 1804 på auksjon, men let han att 1812 til Magne Knutson. Han og Guro hadde borni: Anna f. 1819, Ingjerd f. 1822, død ugift, Eli f. 1824, g. 1861 m. Gitle Samsonson på Fenno, Kari f. 1828, g. m. Ivar Andersson på Rykke, Torbjørg f. 1830, g. m. Nils Larsson på Tøn, Guro f. 1833, g. m. Henrik Olavson Styve, kjøpmann i Haugesund, Ingebjørg f. 1845, g. m. Andreas Didrikson i Haugesund.

Anna Magnesdr. f. 1819, gifte seg 1850 m. Sjur Halldorson Melve. Dei fekk farsgarden hennar i 1859 for 700 spd. Han dreiv ei tid handel i Haugesund og var styrar eit par år av Voss Forbruksforening, då han var skipa. Seks born: Knut f. 1850, Synneva f. 1853, g. m. Ivar Sveinson Helleve, Magne f. 1856, g. 1882 m. Anna Knutsdr. på Opeland og fekk gard der, Halldor f. 1859 (Amerika), Guro f. 1859, Anna f. 1864.

Knut Sjurson gifte seg 1884 m. Anna Persdr. Egdetveit og døydde 1885. Han fekk farsgarden 1872 for 700 spd. Ein son, Knut, var f. 1884, som er huseigar på Eggjane. Herlaug Person Vinjo kjøpte garden i 1888 for 7300 kronor, men bytte uti bruk 1 Helleve med Ivar Sveinson Helleve. Ivar let garden i 1923 til sonen Knut for 4000 kronor. Knut er f. 1896 og g. m. Ingjerd Knutsdr. Repål.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 97, lnr. 196 med gamal skyld 1 laup 33 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 3 dalar 2 ort 19 skill. Ny skyld mark 4,38 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 2. Nedre Vinjo. Åmund Nilsson f. 1696, nemnd ovanfor, var g. 1732 m. Torbjørg Hermundsdr. og døydde 1735. Han bygsla i 1732 18 mark av Jens Nordahl og 27 mark av Henrik Miltzow. Ho Torbjørg gifte seg att 1736 m. Anders Andersson Svanga, som same året bygsla 27 mark av H. Miltzow og 1 laup av Jens Nordahl. Anders døydde 1749, 42 år gl. og hadde fem born: Marta f. 1737, Arnbjørg f. 1739, Åmund f. 1741, Barbrå f. 1744 og Anders f. 1747. Torbjørg gifte seg

--- side 108 ---

tridje gong i 1750 m. ekm. Nils Jonson Klyve. Han kjøpte i 1755 1 laup av Joachim Nordahl og bytte same året med Torgeir Davidson Klyve uti Røyrlidi.

Torgeir kjøpte i 1755 18 mark av Lars L. Vambheim og Nils L. Møn og i 1765 27 mark av løytnant Nils Dahl. Torgeir åtte då 1 laup 45 mark i Nedre Vinjo. Han gifte seg 1757 m. Marta Andersdr. Vinjo. Torgeir selde att 1767 til Rasmus Asbjørnson Vestrheim. Han var f. 1714 og døydde 1790. Sonen Eirik f. 1751 gifte seg 1789 m. Andri Larsdr. Skjerve og fekk bruk 2 hjå far sin i 1789. Eirik døydde 1800 og Andri gifte seg andre gongen 1801 m. Knut Knutson Fenno og tridje gong 1807 m. Olav Larsson Helleve. Andri hadde to born med Eirik: Lars f. 1794 og Rasmus f. 1797, g. 1830 m. enkja Anna Monsdr. Flatlandsmoen. Han var teken til stemnevitne i 1829. Med Knut hadde Andri sonen Eirik f. 1802, og med Olav dotteri Brita f. 1808.

Lars Eirikson var g. 1819 m. Brita Steffadr. Ygre og døydde 1864. Han fekk garden i 1805 for 500 rd., bytte i 1833 m. Torstein Johannesson uti bruk 3 Gjøastein. Torstein var f. på Rogne 1787, g. 1822 m. Guri Knutsdr. Himle, døydde 1846 og hadde sonen Johannes. Han var f. 1823, g. 1847 m. Ingebjørg Davidsdr. Hylle og fekk i 1852 garden hjå far sin for 50 spd. Johannes døydde 1859 og Ingebjørg gifte seg att med lærar Mons Botnen frå Røldal. Dei var alle kvækarar. I eit loft på Vinjo heldt kvækarane ofte til med samlingane sine. På Bokkatun er fortalt noko meir um kvækarane. Ingebjørg hadde med Johannes fem born: Torstein f. 1848, David f. 1850 (jurist i Amerika), Knut f. 1852 (Amerika), Guri f. 1855 (Amerika) og Odd f. 1857. 12 år gamal reiste han saman med foreldri sine til Amerika, tok juridisk eksamen 1887 og hadde ymse juridiske stillingar. 1911 vart han høgsterettsdomar i Wisconsin og formann i høgsteretten 1923. Han gifte seg 1886 med Alice Idele Miller, budde i Madison og døydde 1929. Ingebjørg og Mons reiste og til Amerika.

Torstein var agronom og fekk garden ved skifte etter far sin i 1865. Han selde garden i 1869 til Nils Eirikson Rjodo for 1800 spd. og reiste til Amerika. Nils var f. 1849, g. 1868 m. Margreta Vikingsdr. Vele og hadde dotteri Guro f. 1871. Ho vart g. 1892 m. Anders Jonson Kvåle, Rd. Nils selde garden 1892 til Knut Nilsson Midtberde for 12 000 kronor. Knut

--- side 109 ---

døydde ugift og broren Askjel Nilsson Midberde fekk garden. Han er f. 1855 og g. 1874 m. Anna Nilsdr. Kvamme. Deira son Nils har no garden. Han er f. 1888 og g. m. Bryttva Olavsdr.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 97, lnr. 197 a med gamal skyld 1 laup 31½ mark, urevidert 3 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 2 ort 21 skill. Ny skyld mark 5,26.

Bruk 3. Langedalen. Skyld 29 øre. Skilt frå bruk 2 og selt 1865 til Sjur Brynjulvson Tufto for 98 spd. Han selde 1899 til hotelleigar Th. Myhre for 900 kronor, som atter selde 1920 til Johan C. Giertsens legat.

Bruk 4. Veiso. Skyld mark 1,12. Skilt frå bruk 2 i 1824 og selt til Endre Endreson Rue. Sjå vidare på Veiso.

Bruk 5. Vetleteigen. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 1 i 1911 og selt til Nils Andersson Dukstad for 800 kronor. Han selde i 1915 til Styrk Fjose som fekk bruket ført saman med Fjose.

Bruk 6. Halsen. Skyld 65 øre. Skilt frå bruk 1 og selt i 1913 til Nils Andersson Dukstad, som bygde der. Han var f. 1890, g. m. Anna Ivarsdr. Vinjo f. 1884. Båe er døde og sonen Anders eig no bruket.

98. Øvre Vinjo.

Øvre Vinjo var i 1661 skriven for halv gard med skyld 2 laup 18 mark med ein brukar, og har vore einbølt gard til 1903. Der var brennefang og ei liti bekkekvern. I 1723 var det vedaskog, noko skog til husvøling, humlagard og ei flaumkvern. Garden hadde god jord og var lettvinn. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. Turvande skog var der, og god humlagard. Samanlikningstalet var 700.

Matrikkelen 1865 syner at der var 151/3 mål åker, 5 mål dyrka eng, 14½ mål god, 16 mål medels natureng og 18 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk og det kunde seljast timber for 20 spd. årleg. Eit vassfall var verdsett til 1 spd. årleg. Garden var lettbrukt og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var der 26,8 mål open åker 39 mål kunsteng og 1 mål natureng.

På Øvre Vinjo budde 7 menneske i 1801, 11 i 1865 og 29 i 1920.

--- side 110 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Vinjo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 9 10
1723 1 13 15 20
1865 1 ½ 14 28 40 24
1918 2 11 27

Skyldi er førd upp med 2 laup 18 mark i 1652 og 1659. Eigarane var i 1652: Kirsten Offue Vogensen 2 laup, Vangskyrkja 9 mark og Mikkjel Vinjo 9 mark. I 1659 åtte Tomas Gillertsen 2 laup, kyrkja 9 mark og Laurits Torsnes 9 mark. Det var likeins i 1661. Kongen selde 1665 1½ laup Apostelgods i Øvre Vinjo til Peter Reedtzs. Olav Mattisson var brukar 1645-1661, ei enkje (truleg etter Olav) i 1664, og Brynjulv i 1691. Øvre Vinjo låg øyde i 1675 og slapp difor skatta. Eigarane var i 1691: Buet etter Gjert Miltzow 2 laup, Aksel Larssons ervingar 6 mark, Vangskyrkja 12 mark. I 1695 var det Vangens fatighus 2 laup, kyrkja 6 mark, Hans Akselson 18 mark og Johannes Vik i Sogn 6 mark. Som eigarar i 1723 er førde upp fatighuset 2 laup, kyrkja 6 mark og Engel Tveite 12 mark.

Bruk 1. Øvre Vinjo. Gudleik Ivarson f. 1651 var leiglending frå ikring 1695 og hadde fem søner: Henrik, g. 1718 m. Arngunna Arnfinnsdr. Helleve, Ludvik f. 1681, Ivar f. 1683, Anders f. 1689 og Lars f. 1693. Ivar Gudleikson var g. m. Sigrid Arvesdr. Ho døydde 1759, 80 år gl. og Ivar 1762. Han var leiglending etter far sin frå fyre 1715.

Sjur Person Hefte f. 1738, var g. 1763 m. enkja Synneva Styrksdr. Grevle. Ho var frå Væte og gift 1. 1757 m. Olav Steffason på Grevle. Sjur bygsla Øvre Vinjo. Han var korporal då han gifte seg, og døydde 1793. Bualoftet på Vinjo har Sjur bygt i 1780. På buadøri står: S P S V 1780. Fire born: Per f. 1771, Anna f. 1771, g. 1794 m. Brynjulv Steffason Fletre, Lars f. 1774, g. 1809 m. enkja Sigvor Olavsdr. Store Hyrt, Knut f. 1777, g. 1808 m. enkja Brita Torsteinsdr. Hylle. Per gifte seg i 1802 m. Synneva Herlaugsdr. Flatekvål og bygsla same året Øvre Vinjo. Han døydde 1810 og Synneva gifte seg att 1813 med Anders Arneson Urdland, f. 1779, son åt A. Torsteinson Gilbakken i Holbygdi.

--- side 111 ---

Anders bygsla garden etter Per og fekk kongeskøyte på han i 1825. Anders var med i krigen mot Sverike, og det er fortalt at det var i 13 år og han var på slutten underoffiser. Anders var tridje varamann til stortinget 1824, stortingsmann 1827 og på umframtstorting 1828, to gonger konstituert lensmann, forlikskommissær og presten sin medhjelpar. Anders var god smed, laga seg ein heisekran som han brukte til å lyfta store steinar ved muring, og til å flytta steinar or vegen på vegarbeid, der han ofte var med, og liknande.

Anders bygde ny løe med steinflor som endå er i bruk og flekte store hellor på garden til tak på løa. Ei av hellone er mest 7 alner. Ovanfor husi flekte han av ein stein ei stor helle til tak over kjellaren under eldhuset. Ho er umlag 8 alner i firkant og upp til 16 turnar tjukk. I brudlaupet hans vart reist upp i tunet ein stein 3-4 meter høg, som står der enno. Anders døydde 1834.

Ved skifte etter han åtte buet gardane Øvre Vinjo og Urdland. Synneva og Per hadde tri born: Sjur f. 1805, g. 1830 m. Jorunn Knutsdr. Ringheim, gardmann på Store Ringheim, Synneva, g. 1829 m. ekm. gardmann Torstein Andersson Kyte, Ingebjørg f. 1809, g. 1833 m. Jon Larsson Bø, gardmann på Bø, seinare på Gjerdåk. Synneva og Anders hadde òg tri born: Per f. 1816, Ingebjørg f. 1818, g. 1827 m. Nils Eirikson på Saude, Arne f. 1820, g. 1837 m. Marta Gudleiksdr. Kinne (Amerika).

Per Andersson f. 1816 gifte seg 1838 m. Kristi Sjursdr. Bygd og døydde 1900. Han fekk garden i 1834 ved skifte etter far sin, dyrka mykje på garden, braut upp mesteparten av den gamle åkeren, Staupane kalla. Storrøysæ er det han Per som har laga av stein som han braut upp. Han bygde stovehuset som no er der og var med i heradsstyret, på utskiftingar, takstar og skyn. Ni born: Anders f. 1839, g. m. Brita B. Ringheim og fekk med henne gard på Indre Ringheim, Sjur f. 1841, g. m. Torbjørg Olavsdr. Lid og fekk gard på Nedre Lid med henne, Synneva f. 1843, g. m. Viking Nilsson, gardmann på Urdland, Marta f. 1846, g. m. Jon Monsson Nedkvitno, gardmann på Nedre Graudo, Ivar f. 1848 (Amerika), Herlaug f. 1851, g. m. Marta Knutsdr. Dukstad (sjå bruk 1 Helleve), Olav f. 1854, g. m. Gjertrud Nilsdr. Nesheim, gardmann på Nesheim i Reppen, Ingebjørg f. 1857, g. m. gardmann David Oddson Klyve, Per

--- side 112 ---

f. 1860 (Amerika). Anders og Brita Ringheim sin son, Brynjulv, fekk skøyte i 1899 frå bestefaren på Øvre Vinjo for 6500 kronor. Brynjulv er f. 1875 og g. m. Anna Johannesdr. Hylle.

Øvre Vinjo var fyrr mtrnr. 98, lnr. 198 med gamal skyld 2 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 5 dalar 1 skill. Ny skyld mark 7,15 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Åmot. Skyld 15 øre. Skilt frå bruk 1 i 1903 av Godleikstræ'e og selt til Lars O. Åmot, som bygde der og selde 1915 til Olai A. Hårklau. Han er f. 1884 og g. m. Ingebjørg Jonsdr.

Husmenn på Nedre og Øvre Vinjo.

Mons Brynjulvson, f. 1640 var husmann på Nedre Vinjo i 1701. På Øvre Vinjo var 1801 Sjur Bårdson f. 1753, g. m. Gudve Oddsdr. Ivar Erlingson var husmann på Vinjo 1822, då han fekk sonen Bård. Torstein Hermundson Ygre fekk husmannsfeste i 1831 på plasset Nygjerdslo på bruk 2 Nedre Vinjo. Styrk Sjurson døydde som husmann 1838, var g. m. Synneva Olavsdr. og hadde tri born: Sjur f. 1824, Guro f. 1826 og Anna f. 1832. Asle Sveinson, g. m. Kristense Larsdr., fekk sonen Svein i 1839 og budde på Asleplasset på Nedre Vinjo. Det er nedlagt for lang tid sidan. Tuftene og åkerreinone vart utgravne i 1920-åri. Lars Larsson f. 1778, døydde som husmann 1843. Sjur Brynjulvson, g. m. Marta Ivarsdr. fekk sonen Brynjulv i 1852. I 1865 var det to ugifte husmenn på Nedre Vinjo: Nils Knutson, 81 år og Knut Knutson, 70 år. Dei budde på Leitaplasset, som vart nedlagt då dei slutta. Knut Sveinson Helleve f. 1855, g. 1878 m. Gudve Larsdr. Ullestad feste i 1887 plasset Lunden på Øvre Vinjo ved Tønademmo. Sonen Lars har det no. På Øyjorna har tidlegare vore plass, som Øvre Vinjo åtte. Fele-Sjur var den siste som budde der og døydde ikring 1830. Han var felemakar og felespelar. Det er vel Sjur Bårdson umtala ovanfor. Der må ha vore plass i lenger tid, for der er store reinor etter åkrar.

Støl.

Stølen var 2 mil frå Vinjo, heiter det i 1723. Stølen er no Langedalen som ligg på Langedalen. Det må vera same stølen som fyrst på 1700-talet er skriven Øyastølen, umtala på Helleve. Ved utskiftingi 1823 vart stølen åt Øvre Vinjo flytt 1 kilometer lenger nord og heiter Raunestødl'n. Bruk 2 Nedre Vinjo selde i 1860-åri Langedalsstølen og kjøpte att Bjønnset av Store

--- side 113 ---

Skiple, sjå bruk 7 og 9 på Skiple. På Langedalsstølen stod det i 1824 to bautasteinar er det fortalt i ei handskrivi skildring av Voss i Noregs Geografiske Uppmåling.

Kvern og sag.

I 1723 var det ei flaumkvern på Nedre Vinjo og ei på Øvre Vinjo. Det var to på Nedre Vinjo og ei på Øvre Vinjo i 1776. Heilt til i 1920-åri har alle bruki på Vinjo havt kvar si kvern i Tønagroæ. Ved henne stod det som folk no minnest 23 (sume segjer 30 kvernar) frå Tønademmo nedover. No er det berre Kvåle si som er i full stand. Tønademmo er innanfor Tønshusi ved nedre enden av den myrlendte flaten der. Der samla dei ikkje so lite vatn, og mol i vår- og haustflaumane. Når demma vart opna, vart det liv i kvernane. Alle laut då passa på å mala. Den tid dei brende brennevin på gardane, tok dei gjerne med seg ei flaske brennevin til kverni og sume vart nok i godt humør når det leid på dag. - Uppgangssag har det vore på Øvre Vinjo i lange tider ved Tønagroæ, er det fortalt. Sagi stod fyrst på Tønasida, men Anders Arneson flytte sagi i 1820 til Vinjasida. I 1897 vart ho umbygd til sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1703 millom Vinjo og Helleve, der Øyasetstølen og er umtala. Sak med Fjose 1733 um ein slåtteteig. Odelssak 1744. Utskifting 1764 innan- og utangjerds. Sak mot Møn 1781. Odelssak 1811. Odelssak um Veiso truleg 1811. Semje una beiting 1801. Utskifting 1823 og 1893. Semje 1877 um beiting i Vinja-åsen. Etter utskiftingi 1893 flytte bruk 1 Nedre Vinjo husi sine or det gamle tunet ved bruk 2.

Ymse.

Til stølane Langedalen og Helgaset høyrer Brùka-slaott'na på austsida av dalen. Dei går frå Helgasetvatnet og til Tuftna på Vossastr. og er 5-6 km. lange. Her vart det fyrr i tidi samla mykje høy, men sidan ikring 1860-åri har det ikkje vore slege.

I 1820-30 åri var funne ein hammar av porfyr-stein, ein slipt kile av stein, stykke av eit massing-armbånd, isteg av jarn pryda med sylv og gulltråd, massing-spenne, øks og sverd, båe av jarn.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Vinjo.

Nils Nedre V. 1709-1725 10 gonger tavle 2 nr. 3. I 1727 står Nils Nilsson. Nils 1718 t. 4 nr. 52. Ivar Øvre V. 1710-1751

--- side 114 ---

13 gonger, Ivar Gudleikson 1753 t. 2 nr. 78. Anders 1744 t. 5 nr. 29. Nils 1750, 1751, 1762 t. 5 nr. 30, mykje brigda 1752. Knut 1755 t. 5 nr. 31, brigda på to måtar 1762-1775. Gusskalk Øvre V. 1758 i seglet t. 1 nr. 49 sett på hovudet og over det bokstavane G O S. Olav 1761, Olav Nedre V. 1777 t. 5 nr. 32. Velom 1761 t. 1 nr. 23. Rasmus Nedre V. 1774 t. 5 nr. 33. Sjur 1781, Sjur Person 1781, 1782 t. 5 nr. 34, noko brigda 1784, 1785.