236. Vinsand.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 454 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Vinssande, a Vinnsannde, i 1442 i Vindsand. Det vert no sagt Vìnsand2; han búr pao, è tao Vìnnsand, ska tì Vìnnsanns, sms. Vìnnsandèlvè. Namnet

--- side 455 ---

er samansett; etterlekken er vel sandr m. (sand), fyrelekken er meir uviss og kann vera anten vin (beite) eller vindr m. (der er sandfok i sterk austandvind) eller av eit elvenamn Vinsa, laga av eit ord i tydingi å slengja, svinga (gn. vinza, um å kasta korn). Landkommisjonen har 1661 ført upp Vinsand med skyld 2 laup 2 pund 6 mark og ein brukar. Der var vedaskog og skog med smått timber. Skyldi vart 1723 sett upp til 3 laup. Der var då humlagard, vedaskog og timber til husvøling. Garden


Vinsand
Bilete 58. Vinsand. Fot. P. Braaten 1937.

var tungbrukt og årvand og hadde ring utmark og febeite. Skyldi er 1838 umskrivi til 7 dalar 4 ort 15 skill. Der var vassfall, skog til husbruk og noko humleavl. Samanlikningstalet var 1195.

Matrikkelen 1865 melder at der var 19 mål åker, 1 mål dyrka eng, 31½ mål god, 51 mål medels natureng og 62 mål skrapebø. 4 mål høvde til å dyrka. Medels hamnegang. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber og ved for 12 spd. årleg og bruk 2 timber for 12 spd. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Bruk 1 leid av turk. Ved uppteljingi 1918 var der 18,2 mål åker, 24 mål kunsteng og 40 mål natureng.

Folketalet var 11 i 1801, 18 i 1865 og 21 i 1920.

--- side 456 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Vinsand.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   17   21          
1723 2   16   18   24      
1865 2   20   52   46   48  
1918 2   17   42          

Presten på Vangen og to menn på Voss gav ikring 1300 (DN X nr. 5) melding til lagmann Nikolaus i Bergen at Erlend hadde ført vitne for dei um. at Arne Dik og Erlend vart forlikte um ein arv. Dei vart òg samde um landskyldi av dei 21 mmb. i Vinsand som Erlend åtte og at han skulde ha 5 kyrlag anna kvart år og fire og eit halvt anna kvart år. To menn kunngjorde 4. juni 1341 (DN X nr. 45) at Sigurd Bjørnson hadde gått ved at Guttorm Halleson hadde stemnt han for lagtinget. Det var bror hans, Håvard Halleson, som hadde ført klage over Ulf Håvardson på Vestrheim. Håvard hadde ikkje betalt kjøpesumen som dei var samde um for gardane Vinsand og Leiddal.

Brev dagsett 13. juni 1341 (DN V nr. 15), skrive på Vossavangen, melder at Gaute, lensmann på Voss, og to andre hadde høyrt fleire vitne at Håvard Halleson hadde pengar til gode hjå avlidne Ulf på Vestrheim for eit jordkjøp. Det vart vitna at dei tri brørne Jon, Håvard og Guttorm Hallesøner åtte 12 mmb. i «Midhusum a Vinnsande» som var selt til no avlidne Ulf på Vestrheim.

Askjel Øysteinson på Vinsand er umtala fleire gonger 1339-1352. Han førde i seglet ei halv lilje. I 1340 har han vore med og utferda eit brev um Kvitingen. Saman med sekstan andre gav han 1342 (DN I nr. 281) melding til lagmannen um vegabotskifte på Voss. Askjel har 1350 saman med Halldor Olafson (Duk) og fire andre på vegner av Hallstein Josteinson og Ingebjørg Simonsdr. avgjort kva lausøyre Eirik Bukk sine ervingar på Finne skulde få (DN I nr. 321 1350). Odd Arnbjørnson melder i brev skrive på Byrkjo 1472 (DN VIII nr. 394) at han hadde bytt 11 mmb. på Kvåle, Gullfj. til Alf Knutson og fru Magnhild Oddsdr., og fått i staden 12 mmb. i midtunet i Vinsand.

--- side 457 ---

I 1521 var der tri leiglendingar: Laffritz som betalte 12 lodd sylv og 5 mark i skatt og breffbrot, Sjur Gudleikson som betalte 1 lodd sylv i skatt og 7 lodd sylv 1 mark i breffbrot, og Styrk som betalte 1½ lodd sylv som skatt og 2 lodd sylv 6 mark for breffbrot. Oluf, Anders og Orm var leiglendingar i 1563 og Svein og Arne i 1591. Svein brukte 1¼ laup 18 mark og betalte 1597 som tridje års bygsel for det ½ dalar 5½ skill. Fru Gyrvhild Fadersdr. skøytte 1582 2 laup Finnegods til kongen. Kyrkjerekneskapane 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 2 såld korn og 1½ laup 6 merker smør i landskyld. Etter jordboki 1585-1616 fekk Vangens prestebol 7 askar korn og 1 pund smør som landskyld.

Arne var leiglending ogso 1603. Jon betalte 1610 tridje års bygsel for 2½ laup 1 spann med 1½ dalar 1 mark og er ofte skriven som leiglending 1611-1636. I 1616 betalte han tridje års bygsel for 1½ laup 1 pund. Jon åtte 1614 3 spann på Vinsand, 1621 1 spann på Eide, ½ laup 6 mark på Skylje, 30 mark på Stora Rokne og 1629 ½ laup på Vinsand. Jon var lagrettemann i 1622. Han var 1636 so fatig at han slapp betala pengeskatten. Elles var Svein, Endre og Eirik leiglendingar i 1611, Eirik og Endre 1614, Nils, Askjel og ei enkje 1636. Endre vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Jørgen åtte 1611 3 laup og Lasse Vinsand 1621 ½ laup på Skjeldal og Kvåle i Rd. Leidangsboki 1624 melder at der var leidang på tri partar: a. på eit pund var det 1 geitskinn 1 bukkskinn med Jon som leiglending, b. på ½ pund 9 mark var det 1 geitskinn der Oluf var leiglending og c. på 1 spann var det 1 bukkskinn med lensmann Laurits om leiglending. Avlingi var god på desse partane, men dei var lunnalause er det sagt. Lauritz er 1622 nemnd både som lensmann og lagrettemann.

Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ laup med 1 dalar ½ ort, og på 1½ laup 28 mark var skatten 4 dalar 1 ort. Stiftet åtte då 1½ laup 1 pund. Aslak var 1621 tenestdreng for halv løn. Nils og Askjel var leiglendingar 1640 og enkja Torbjørg Persdr. i 1645. Ho hadde tenarane Laurits og Jorunn. Skyldi er 1652-1661 ført upp med 2 laup 3 spann. Derav åtte Apostelgodset 2 laup og Vangens prestebol 3 spann. Mattis Andersson var leiglending då og 1664. Han var lagrettemann 1674 og 1677 og har 1692 vore med på ein forretning på Nesthus. Peter Reedtzs

--- side 458 ---

kjøpte 1665 av kongen 2 laup som Apostelgodset åtte. Borgarmeister Offue Jensson åtte 1676 dei 2 laup, sokneprest Per Hansson, Eidfjord 1680, Annanias Wrangel 1691, 1695 og 1714. Vangens prestebol åtte 1691 og 1695 2½ pund og 1723 2 pund 6 mark.

Eirik Torgeirson er skriven som leiglending 1691, 1695 og 1701. Han stemnde 1706 soknepresten Christen Weinwich fordi han krov 6 merker smør meir i landskyld enn det fyrr var gjort. Eirik upplyste at han hadde betalt landskyldi til presten i 21 år for 2½ pund. Domen får ein ikkje greide på, for noko er burtrive i rettsboki. Eirik var son til Torgeir Olde, var f. 1655 og g. m. Eli Mattisdr. Vinsand, enkja etter Per. Ho var dotter åt ovanfor nemnde Mattis Andersson. Eirik døydde 1716 og Eli 1717. Ho hadde sju born med Per og tri med Eirik: Knut Lirhus f. 1662, Mattis Ringheim, g. m. enkja Ingebjørg Oddsdr., Gusskalk f. 1665, g. m. enkja Guro Larsdr. Fjose, budde på Fjose, Helga, g. 1. m. Bård, 2. m. Olav Rasmusson Nesthus, Kari f. 1671, g. 1. m. Brynjulv Øvre Skutle, 2. 1720 m. Lars Eirikson Fenno, 3. 1741 m. Gusskalk Olavson Uppheim, Tora f. 1674, g. 1721 m. Per Hallsteinson Nedre Rykke, Gjertrud g. 1714 m. Eiliv Olavson Flatekvål. Dei tri borni med Eirik var: Per f. 1684, Gunnvor f. 1687, g. 1723 m. ekm. Sjur Aslakson Kvåle og Arne f. 1688. Jens Person Sønderborg i Bergen selde 1720 1 laup til Per som vart bruk 4. Pål Jakob Fürstenberg selde same år 1 laup til Arne, sjå vidare bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vinsand. Arne Eirikson kjøpte som nemnt dette bruket. Han var f. 1688, g. 1718 m. Marta Eiriksdr. Fenno f. 1697, og døydde 1750. Marta døydde 1779. Sju born: Eirik f. 1720, Synneva f. 1724, g. 1760 etter kongelegt løyve med Odd Kolbeinson Grimastad, Sjur g. 1768 m. Anna Larsdr. Lid, Gunnvor f. 1726, død ugift 1750, Eli f. 1729, g. som enkje 1763 etter kongelegt løyve m. ekm. Eirik Alvson En, Anna f. 1730 og Lars f. 1733, g. 1776 m. Sigrid Bjarnesdr. Vinjo. Eirik fekk 1752 skøyte på garden og vart g. 1756 m. Dønåt Knutsdr. Øvsthus. Ho døydde 1793, 65 år gl., Eirik 1815, og dei hadde fire born: Marta f. 1757, g. 1796 m. ekm. Aslak Henrikson Jernes, Arne f. 1759, Knut f. 1763 og Jon f. 1767, g. 1796 m. Gudve Larsdr. Dymbe.

--- side 459 ---

Arne Eirikson vart g. 1796 m. Marta Larsdr. Dymbe. Han fekk farsgarden i 1789, men let han 1820 til brorsonen Eirik Knutson. Eirik var g. 1813 m. Anna Torsteinsdr. Vinsand. Han bytte 1822 uti Vetla Rokne med Knut Nilsson, som var f. 1774 og g. 1803 m. Dønåt Oddsdr. Sonve. Knut døydde 1839, 66 år gl., og Dønåt vart attgift 1844 m. ekm. Johannes Olavson Mølsterteigen og døydde 1861, 72 år gl. Knut og Dønåt fekk ti born: Synneva f. 1804, g. 1832 m. ekm. Nils Arnbjørnson Haugo, Guro f. 1806, g. 1833 m. Olav Johannesson Mølsterteigen, Ingebjørg f. 1808, g. 1845 m. Lars Åmundson Himle (Amerika), Nils f. 1809, Odd f. 1811, g. 1840 m. Sigrid Nilsdr. Sonve, gardmann på Mosafinn, Mass f. 1815, g. 1843 m. Johanna Davidsdr. Rekve (Amerika), Gudve f. 1817, g. 1843 m. Styrk Olavson Hæve, David f. 1819, Anders f. 1820, g. 1847 m. Brita Nilsdr. Mosafinn (Amerika) og Knut f. 1822, som reiste til Ølen.

Nils Knutson fekk 1829 skøyte frå far sin på garden og vart g. 1833 m. Rannveig Hallesdr. Dagestad f. 1806. Han døydde 1881, ho 1895 og hadde åtte born: David f. 1834, død ugift 1894, Knut f. 1835, død ugift 1862, Halle f. 1837, Johannes f. 1842, g. 1878 m. Kari Arnesdr. Mosafinn, husmann på Mosafinn, Klas f. 1839, død ugift 1926, Nils f. 1844 (Amerika), Anders f. 1850, g. m. enkja Anna Styrksdr. Midtun (Amerika), og Rannveig f. 1853 (Amerika). Halle fekk 1865 farsgarden for 600 spd. og vart g. 1. 1865 m. Anna Larsdr. Veka, 2. 1883 m. Synneva Monsdr. Nesthus. Halle var med i heradsstyret og i styret for Voss Forbruksforeining. Synneva døydde 1918 og Halle 1926. Han fekk fire born med Anna og eitt med Synneva: Nils f. 1866, Rannveig f. 1867, g. 1889 m. Odd Larsson Rue, Lars f. 1869, g. 1894 m. Anna Knutsdr. Tvilde (Amerika), Knut f. 1872 og Anna f. 1886. På skifte 1883 etter Anna var garden verdsett 4700 kronor. Nils gifte seg 1890 m. Ingebjørg Nilsdr. Nesthus og fekk 1898 garden for 1800 kronor. Sonen Halle f. 1893 vart g. 1926 m. Madli Knutsdr. Nedkvitno og fekk 1929 skøyte på garden for 5000 kronor. Halle fekk gullmedalje ved den militære idrottsstemna på Ulven i 1913.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 237, lnr 464 med gamal skyld 1¼ laup, urevidert 3 dalar 4 ort 11 skill., revidert 3 dalar 1 ort 23 skill. Ny skyld mark 4,94.

Bruk 2. Grøno (støl). Utskilt 1875 frå bruk 1 med skyld 16 øre og selt til Knut Masson Byrkjo. Etter at bruk 5 var skilt frå, skøytte Knut bruk 2 i 1914 til Isak Larsson Eimstad.

--- side 460 ---

Bruk 3. Grøno (støl). Skilt frå bruk 1 i 1875 med skyld 16 øre og selt til Nils Nesthus. I 1908 vart fråskilt bruk 6.

Bruk 4. Vinsand. Per Eirikson fekk som fyrr nemnt bruk 4. Han var f. 1684, g. 1. 1716 m. Kari Jonsdr. Kvåle og 2. 1738 m. Herborg Larsdr. Møn. I 1739 kjøpte han 2 pund 12/3 mark på Nyre. Per døydde 1760 og Herborg 1768. Han hadde to born med kvar kone: Eirik f. 1724, g. 1748 m. Ragnhild Andersdr. Midtun, Ragnhild f. 1731, g. 1769 m. ekm. Nils Olavson Giljarhus, Knut f. 1739, g. 1764 m. Marta Knutsdr. Kvåle og Sjur f. 1743, g. 1773 m. Guri Torgeirsdr. Vetla Ringheim. Han vart stemnd i 1767 for di han i mange år ikkje hadde tent, men drive med handel. Sjur hadde m. a. i januar 1767 på Upheim, Vossastr., kjøpt alt vilt som var å få. Kapellan Meldal tok viltet frå han og la ned pengar for det. Sjur sa at han hadde betalt skatt for handelen, og meinte difor å ha rett til å handla. Han vart dømd til å betala 3 rd. til fatigkassa og 2 rd 3 mark i sakskostnad. På skifte 1737 etter Kari vart jordgodset taksta 96 rd.

Eirik Person fekk faren sin eigedom på Nyre, åtte ialt 1 laup 2 pund 3 mark og budde der. Knut Person fekk 1759 skøyte på farsgarden på Vinsand. Han hadde tri born: Knut f. 1770, Lars f. 1772, død 1815 i Bergen og Brita f. 1774, g. 1803 m. Tormod Isakson Gjelle f. 1774. Knut fekk skøyte i 1789 på garden. Han døydde ugift 1840. På skiftet etter Knut vart jordgodset taksta 580 spd. og nettomidelen var 1063 spd.

Systersonen Knut Tormodson Gjelle fekk 1840 garden for 300 spd. Han var f. 1810, g. 1840 m. Marta Hallesdr. Dagestad f. 1815 og døydde 1868. Marta døydde 1894. Dei hadde to søner: Tormod f. 1845 og Halle f. 1854, g. m. Marta Aslaksdr. Himle, gardmann på Gjelle. Tormod fekk garden på skifte etter far sin for 400 spd. og gifte seg med Oleana Olavsdr. Tvilde. Han har vore med i likningskommisjonen, fatigstyret, heradsstyret 27 år, derav 3 år i formannskapet og direktør i Voss Sparebank 1886-1921. Han var takstmann for Voss Brandtrygdelag og var på mange utskiftingar og takstar. Tormod døydde 1928 og Oleana 1932.

Dei hadde trettan born: Knut f. 1869, Olav f. 1871 (Amerika), Marta f. 1873, Lars f. 1874, død 1930, g. m. Brita Hermundsdr. Bø, Anders f. 1876, Marta d. y. f. 1880, g. m. Mons Person Nesthus, Brita f. 1881, g. m. lensmann Torstein Hellesnes,

--- side 461 ---

Isak f. 1883, Johannes f. 1885, Tormod f. 1887, Anna f. 1889 (desse fire i Amerika), Synneva f. 1890, g. m. Nils Nilsson Midtun og Teodor f. 1893, typograf i Bergen.

Knut gifte seg med Brita Larsdr. Nyre f. 1874, som døydde 1912 og fekk 1906 skøyte på farsgarden for 2800 kronor. Han er fanejunker og har vore med i heradsstyret, formannskapet, forstandarskapet for Sparebanken, styret for Voss Handelslag, revisor i Sparebanken, kasserar for Voss Brandtrygdelag, kommunerevisor og lagrette- og domsmann. Seks born: Tormod f. 1894, g. m. Kristi Brynjulvsdr. Ringheim, Oleana f. 1897, Lars f. 1901, g. m. Brita Nilsdr. Fenno, gardmann på Nyre, Olav f. 1904, g. m. Anna Torsteinsdr. Dagestad, Brita f. 1907, g. m. Nils Torsteinson Dagestad og Marta f. 1910, g. m. Lars J. Setre. Tormod var lærar i Vangens folkeskule og døydde 1935, sjå bruk 10 Ytre Nyre. Olav har no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 237, lnr. 465 med gamal skyld 1¼ laup, urevidert 3 dalar 3 ort 22 skill., revidert 3 dalar 2 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,96.

Bruk 5. Torfinno. Utskilt frå bruk 2 og 3 med skyld 2 øre. W. Konow fekk 1912 skøyte frå Knut M. Byrkjo og Nils N. Nesthus og skøytte det att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruk 5 er ført saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 6. Torfinno. Skilt frå bruk 3 i 1908 med skyld 1 øre og ført saman med bruk 5.

Husmenn.

Jens var husmann eller øydegardsmann i 1614. Nils Larsson budde der 1711 då han vitna um ølsal hjå Skomakar-Ingjerd på Vangen. Millom Vinsand og Rue var fyrr eit plass kalla Budalen som då høyrde til Midtun, men det vart ved utskiftingi lagt til bruk 1 Vinsand. Dei som sist budde der var Olav Magneson, g. m. Barbrå Eiriksdr. Eigarane stemnde 1803 Olav og vilde at han skulde flytta då han ikkje hadde etterkome sine plikter. Olav vart dømd til å betala avgifti, men vart frifunnen elles. Han døydde 1852, 60 år gl. og Barbrå 1865, 83 år gl. Dei hadde borni Helge som døydde fyre 1865 og Kari f. 1825. Helge hadde ei dotter Matilda f. 1852 i Kjøbenhavn. Kari vart g. 1860 m. Berge Olavson Skjerven. Han budde ei tid på Budalen, seinare på Dagestad. Plassi på Sundsteijen, umtala på Midtun, høyrde fyrr til Midtun, men vart lagt til bruk 1 Vinsand på utskiftingen. På Britatuftæ, Ragnildahaujen og Kveinehaujen har vore stovor, men dei som budde der, hadde ikkje krøter. Gusskalk Gusskalkson Midtun fekk

--- side 462 ---

1909 feste på hustuft i 75 år og bygde der. Han var f. 1862, g. 1893 m. Kari Nilsdr. Rødland og døydde 1909.

Støl.

Stølen låg ¼ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Sumarsstølen heiter Flyane og ligg i Graosio. Vårstølen er ovanfor bøjagarden. I matrikkelen 1838 er umtala at bruk 1 hadde to stølar. Den eine stølen, Grøno, er seld, sjå bruk 2 og 3.

Kvern.

Kvern I matrikkelen 1723 er sagt at der var kvernbekk. Der var to kvernar i 1776 og 1791. Dei stod i Vinsandselvæ til seinare tid. Der har og vore uppgangssag som bruk 1 og 2 åtte saman. Olav Sundsteijen hadde stampa i denne elvi på Midtun sin eigedom. No er der korkje kvern, sag eller stampa.

Offentlege forretningar.

Sak 1708 mot Voss Prestegard um landskyldi. Semje 1781 med Rue um merke. Åverkssak 1812. Overskyn 1829. Utskiftingssak 1832. Sak 1844 mot Rogne og Kvåle um skade ved buføring. Steiningsforretning 1826 på Søteigen. Semje 1852 um merkesgjerde. Utskifting 1878,

Bumerke.

Eirik 1711, 1715 tavle 7 nr. 31. Arne 1722, 1744 t. 7 nr. 31. Per 1737 t. 9 nr. 34. Sjur 1742 t. 9 nr. 35. Knut 1775 og Knut Person 1780, 1782 t. 9 nr. 36. Han brukte eit anna merke 1781.

Ymse.

Det er fortalt um ein som budde på Vinsand ikring 1800 at når kyrne skulde løysast um våren, strauk han med fingeren ein tjørekross framme under bogen på kvar kyr. So sette han eit fjølatrog med gløder for døropningen. Etterkvart kyrne kom burt til fjølatroget, lukta dei litt på det og bykste so over. Desse rådgjerdene var for at vonde makter ikkje skulde få gjera noko med kyrne.