181. Vivås.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 83 ---

Namnet vert i 1611 skrive Wiibaas, i 1630 Wiffaas. Det vert no sagt Vívaos1; han búr pao, è tao, ska tì Vívaos, sms. Vívaoskambén. Den gamalnorske formi må truleg vera Vífáss, sms. av gn. vífa (sviva), her med tydingi svinga, bøygja, og gn. áss m. bergås. Ein slik ås ligg ovanfor garden. Jfr. elvenamnet Vivo i Eidfjord.

Landkommisjonen har 1661 ført Vivås upp med 1 laup i skyld og ein brukar. Vidare er sagt at der var timberskog og brensel til husbruk. Det var likeins 1723. Garden var tungbrukt og hadde kald og ring jord. Skyldi vart sett upp 1723 til 1 laup 12 mark, som 1838 er umskrivi til 2 dalar 3 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 400. Der var fureskog til sal og turvande vedaskog.

I matrikkelen 1865 er ført upp 101/3 mål åker, 15 mål god, 16 mål medels natureng og 73 mål skrapebø. 4 mål høvde til dyrking. Ring hamnegang, skog til husbruk, og dei kunde selja for 18 spd. i timber um året. Garden var medels tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 10,6 mål åker, 3 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Der budde 13 menneske i 1801, 7 i 1865 og 9 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vivås.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   11          
1723 1   10   12   12      
1865 1   10   28   28   20  
1918 2   7   15          

--- side 84 ---

Bruk 1. Vivås. Garden var einbølt til 1893. Gunty budde der 1591 og betalte 1 kalvskinn i «Fredholdt». Johannes var leiglending 1611 og Oluff var husmann eller øydegardmann. Han vart utskriven 1614 til Svinesund med byrse og sverd. David var 1621 husmann eller øydegardmann og betalte 1629 odelsskatt for 1 spann. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 merker smør og 1 geitskinn. Dagfinn var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1 pund odelsgods med ½ dalar 6 skill. som brukaren David betalte. Leiglendingane Mons som brukte 1 laup, og Lasse slapp skatta i 1635 av di dei var fatige. Pål betalte 1640 skatt «etter evne» med ½ ort.

I 1645 var Lars Jakobson, g. m. Sisselja, og enkja Guri Knutsdr. leiglendingar. Schytsbaaden er 1652 og 1655 skriven som eigar av ½ laup. Styrk Mølster åtte 1659 1 laup som Schytsbaaden var eigar av 1661. Lars Jakobson har vore leiglending til 1664 og lenger. Han vitna 1664 i saki um stølen Krossaset og upplyste då, at han var f. 1603 og var son til Jakob Eilivson og Brita Haraldsdr. Lussand. Olav Gjerdåk var 1676 eigar av 1 laup 12 mark, som han hadde kjøpt 1668 for 54 rd. av ålmugen i Vangens og Vinjo kyrkjesokner. Torstein Dukstad åtte det 1680, 1691 og 1695. Knut Olavson var leiglending 1691 og 1695.

Knut Nilsson var leiglending 1701, var f. 1663 og g. m. enkja Steinvor Nilsdr. Ho var fyrst g. m. Anders, og fekk med han sonen Nils f. 1689. Steinvor fekk ikkje born med Knut og døydde 1736, 80 år gl. Han levde etter henne. Knut var med ved matrikuleringi 1723 som lagrettemann. Sjur Jensson Øvre Graudo var eigar av Vivås i 1729, då han selde til Lars Monsson Veiken. Han selde att 1723 til Mikkjel Ivarson Vivås. Han utferda 1735 kårbrev til Knut og Steinvor som då sa upp bygsli.

Mikkjel var son til Ivar Mikkjelson og Kari Olavsdr. Lirhus og var g. m. Anna Sjursdr. Gjelle. Mikkjel døydde 1796, 85 år gl., og Anna 1801, 88 år gl. Dei hadde borni: Kari f. 1736, g. 1760 m. Nils Knutson Kinne, Ivar f. 1737, Knut f. 1746, død 1828 og Olav f. 1754, g. 1781 m. Sigrid Jørgensdr. Haugo. Olav fekk 1781 skøyte på garden, men let han 1787 til Ivar, bror sin, og budde seinare på Myrkve. Olav og Sigrid fekk på Vivås borni Nils f. 1781 og Anna f. 1784. Ivar gifte seg 1. 1764 m. Bryttva Olavsdr. Kinne (enkja etter Knut Nilsson Kinne),

--- side 85 ---

2. 1787 m. Gudve Torsteinsdr. Øvre Lid. Ho døydde 1798, 64 år gl. og Ivar 1803 utan born.

Knut Nilsson var systerson hans Ivar og fekk 1793 og 1799 skøyte på Vivås. Knut gifte seg 1. 1790 m. Gjertrud Torsteinsdr. Lid, 2. 1829 m. Gudve Torgeirsdr. Mølster. Knut fekk tri born med Gjertrud: Bryttva f. 1791, g. 1808 m. Arnved Knutson Skutle, Ingebjørg f. 1794, g. 1815 m. Olav Olavson Kinne og Kari f. 1797 (Amerika). Knut døydde 1849, 88 år gl. og Gudve


Vivås
Bilete 14. Vivås. Fot. P. Braaten 1937.

1859, 73 år gl. Ved skifte 1826 etter Gjertrud var garden taksta 350 spd. og skogen 60 spd. Bruttomidelen var 559 spd.

Herlaug Torgeirson Mølster kjøpte Vivås i 1833 for 500 spd. Han var g. 1831 m. Torbjørg Arnvedsdr. Skutle. Herlaug var skulemeister i andre krinsen frå 1814 til i kring 1826. Han døydde 1858, 71 år gl. og Torbjørg 1886. Dei hadde seks born: Torgeir f. 1837, Olav f. 1840, Jorunn f. 1844, Arnved f. 1847, Bryttva f. 1849 og Gudve f. 1854. Alle so nær som Herlaug døydde ugifte. Dei tri systerne hadde stove i Haugamoen. Ved skifte etter Herlaug var garden med sag på Skutle taksta 500 spd. Bruttomidelen var 612 spd.

Torgeir Herlaugson vart 1861 gift med Marta Trondsdr.

--- side 86 ---

Grønlidi f. 1836, og fekk ved skifte etter faren garden for 500 spd. Torgeir døydde 1914 og Marta 1929 og hadde to born: Herlaug f. 1862 og Eli f. 1872, g. m. Knut Johanson Skutle. Herlaug gifte seg 1892 m. Marta Olavsdr. Ygre og fekk 1897 skøyte på garden for 2000 kronor. Deira son Torgeir f. 1893 g. 1926 m. Gjertrud Knutsdr. Uppheim fekk 1930 skøyte på garden for 8000 kronor.

Garden var fyrr mtrnr. 180, lnr. 347 med gamal skyld 1 laup 12 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 15 skill. Ny skyld mark 4,26.

Bruk 2. Vivås. Utskilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 1 øre og skøytt til konsul J. Rieber. Ved skifte etter han 1911 har Effie Rieber og Joane Munther fått bruket.

Bruk 3. Storøyna. Skilt frå bruk 1 i 1903. Skyld 6 øre. Skøytt til Anders K. Møn.

Bruk 4. Vivåslien. Utskilt frå bruk 1 i 1928. Skyld 75 øre. Selt til Hermann Herlaugson Vivås.

Husmenn.

Knut Olavson f. 1605 var husmann i 1701. Lars Ivarson, g. m. Kari Andersdr. hadde plasset Vivaosliæ og fekk borni: Ingebjørg, Ragnhild, Atla, Ivar, Anders, Arne, Anna og Knut f. 1737-1759. Lars døydde 1766, og Kari levde etter han. Sidan budde Olav Knutson der, som var g. m. Gjertrud Olavsdr. Dei kjøpte 1783 gard på Kinne. Styrk Larsson f. 1757, g. m. Sigvor Larsdr. fekk borni Marta f. 1793 og Gudve f. 1797. Ein Lars var husmann i 1793.

Berge Larsson Istad f. 1780, g. 1811 m. Ragnhild Monsdr. Lid, Kv. fekk 1811 husmannsfeste på Vivaosliæ. Berge var av Losnaætti og døydde 1832. Dei hadde fem born: Torgeir f. 1816, gift to gonger (styrar på Tvangen i Bergen og fekk m. a. dotteri Justine som vart g. m. hattemakar S. Nagell som lenge budde på Voss), Lars f. 1819, gift og død i Bergen, Anna f. 1823, g. m. Hans Spildo (Amerika), Mons f. 1826 (Amerika) og Per f. 1829, lærar i Amerika. Olav Olavson Kinne, g. m. Ingebjørg Knutsdr. Vivås hadde plass på Vivåshaugen. Han var med i krigen mot Sverike. Båe døydde 1854, han 77 og ho 62 år gl. Dei hadde borni Gjertrud f. 1816, g. 1850 m. Bård Helgeson Olde, Knut f. 1821 og Olav f. 1829, g. 1853 til Nedre Fenno m. enkja Kari Sjursdr.

--- side 87 ---

Sylfest Monsson, g. m. Anna Larsdr. fekk 1843 dotteri Anna. Sjur Brynjulvson, g. m. Marta Ivarsdr. fekk sonen Ivar f. 1851. Knut Olavson, g. m. Rannveig Nilsdr. fekk 1853 dotteri Ingebjørg. Sjur Olavson, g. m. Ragna Eiriksdr. fekk dotteri Sigtru f. 1856. David Brynjulvson fødd på Ringheim 1826, g. m. Guro Magnesdr. Liland, budde i Vivaosliæ. Han datt utfor ein berghammar på Tverberg og slo seg ihel 1907. Guro døydde 1909. Dei fekk borni: Brynjulv, Olav, Magne, Brita, Anna, Torgeir, Kirsti og Johannes f. 1859-1871. Brynjulv er umtala på bruk 5 Nedre Fenno, Olav gifte seg 1879 m. Katla Andersdr. Fenno, Kirsti vart g. 1890 m. Toris Heidal, Johannes g. 1904 m. Ingjerd Andersdr. Hegle har gard på Brekku, Gullfj. Olav Larsson, g. m. Kari Nilsdr. fekk borni Marta, Brita, båe fødde 1861 og Kari f. 1867.

Stølen.

Det var ½ mil til stølen er det sagt i matrikkelen 1723. Vivåsstølen heiter Gulset og ligg ovanfor Flatlandsmoen. Kvern er ikkje umtala 1723, 1767 eller 1791.

Offentlege forretningar.

Åstaddom 1832 um stølen Gulset. Utskifting med Takla av utmarki. Kontrakt 1924 um telegrafline.

Bumerke.

Knut 1713, 1728 tavle 7 nr. 57. I 1726 er merket utan tverrstriket på midten. Mikkjel fleire gonger 1750-1768 t. 7 nr. 58 og noko brigda 1775.