146. Voll.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 423 ---

Namnet er 1695 skrive Wold. Det vert no sagt Vòdl; han búr pao, è tao Vòdl, ska tì Vòdla eller Vòdl. Namnet er gjeve etter eit jordstykke der som enno heiter Vòdl, og er same ordet som gn. vollr m. (grasmark), genitiv vallar.

Matrikkelen for 1661 har ført upp Voll med 1 spann i skyld og med ein brukar. Det er likeins 1723, men skyldi vart høgda til 1 pund. Lien er førd upp serskilt med 12 mark i skyld og ein brukar i 1723. Då er vidare sagt at på Voll var skog til husvøling og turvande vedaskog, og jordi var mager eller skarp. I Lien var lite vedaskog. Skyldi for Voll og Lien ½ laup vart 1838 umskrivi til 3 dalar 1 ort 13 skill. Samanlikningstalet var 500. Fure- og vedaskog og never var det til sal og der var vassfal. Garden var frostnæm.

I matrikkelen 1865 er ført upp 13 mål åker, 2 mål dyrka eng, 22 mål god, 22 mål medels natureng og 24 mål skrapebø.

--- side 424 ---

Der var god hamnegang, skog til eige bruk og timber kvart av dei to bruki selja for 3 spd. for året. Garden var tung. brukt og dyrka som vanleg. Kornet fraus ofte. I 1918 var der 9,7 mål åker, 6 mål kunsteng og 16 mål natureng.

Folketalet på Voll med Lien var 10 i 1801, 17 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Voll med Lien.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 6 4
1723 1 8 9 4 ½
1865 2 20 36 24
1918 3 15 32

Dei gamle fortel at dei som fyrst sette seg til på Voll budde på Solheim som no er ei slåtte på sørsida åt Storelvæ. Derfrå flytte dei til Vodl-liæ og seinare til Voll der husi no står. Olav Hansson, g. m. Sigrid er den fyrste buande mann på Voll som me veit namn på. Han er oftare skriven som leiglending 1645 til 1664 og hadde sonen Olav f. 1651.

H. Sehested fekk kongeskøyte 1649 på 3 mark smør i leidang. Ved makebyte 1649 med kongen fekk Sehestad s. å. 1 spann Allehelgens gods på Voll. På denne eigedomen var det 3 mark smør i leidang, 1 ort i skatt, 6 skill. i fornødspengar, 6 skill. i arbeidspengar og 8 skill. i avgift til eigaren. Sehested laut lata eigedomen att 1651 til kongen som selde han 1657 til Gabriel Marselis. Kongen skøytte 1665 1 spann Allehelgens gods i Voll til Eirik Krog og medeigarar.

Eirik Olavson var brukar i Lien 1671 og vart då stemnd av sokneprest Gjert Miltzow for å ha hogge 533 tre. Eirik møtte ikkje, men vart dømd til å «stille presten tilfreds». Gjorde Eirik ikkje det, so skulde han dømast etter lovi. I skattemanntalet 1676 er Per Andersson skriven som eigar av 1 spann på Voll og Klas Miltzow som eigar av ½ spann i Lien. Lien var no lagt i landskyld, står det. Klas åtte både Voll og Lien i 1680 og 1691. Skyldi er då 12 mark i Lien. Knut var brukar på Voll og Per på Lien. Kirsten Miltzow åtte Voll og Lien i 1695 og

--- side 425 ---

Knut var leiglending på båe. Voll hadde då 1 pund i skyld og Lien 12 mark.

Knut Olavson f. 1637 var leiglending 1701 og hadde sonen Olav f. 1671. Han kjøpte 1709 av Kirsten Miltzow både Voll og Lien og selde att 1713 til Ivar Toreson Winegaard tilsaman ½ laup. Ivar var g. m. Anna Bårdsdr. og fekk på Voll borni Guri f. 1711, Bård f. 1713, Ingebjørg f. 1714 og Rikolv f. 1716. Ivar selde att 1718 til Knut Olavson. Han var f. 1690, g. som ekm. 1720 m. Synneva Bjarnesdr. Vålo og døydde 1753. Knut


Voll
Bilete 53. Voll. Fot. P. Braaten 1936.

var presten sin medhjelpar. Synneva døydde 1773, 77 år gl. Åtte born: Olav f. 1721, Bjarne g. 1752 m. enkja Marta Torleivsdr. Bø, skriven for Heimberde 1753, Nils f. 1729, Marta g. 1750 m. Mikkjel Brekku, Anna f. 1732, g. etter kgl. løyve 1757 m. syskinbarnet sitt, Anders Ivarson Vinjo, skriven for Birkeland i Fana 1773, Brita g. 1 1764 m. Olav Olavson Berde, 2. m. Torleiv Larsson Heimberde, Anna d. y. f. 1737, g. m. Aslak Endreson Skeie, Ulvik, Sisselja, g. 1774 m. ekm. Lars Sjurson Eggjareid.

Olav Knutson f. 1721 gifte seg fyrste gong 1754 m. Marta Sveinsdr. Øvsthus og andre gongen 1774 m. Ragnhild Sjursdr.

--- side 426 ---

Davidhaugen. Olav har ved skifte etter far sin ervt 9 mark og kjøpte 1754 av Nils, bror sin, 9 mark i Voll og Lien. Marta døydde 1774, 35 år gl., Olav 1810 og Ragnhild 1813, 71 år gl. Dei var barnlause. Nils Knutson f. 1729, g. 1775 m. Synneva Johannesdr. Nedre Fenno fekk 1758 skøyte frå mor si på 9 mark i Voll for 20 rd. og 9 mark i Lien for 140 rd. Av Olav, bror sin kjøpte Nils 1759 odels- og åsætesretten til 3 mark. I 1759 kjøpte brørne Olav og Nils løysningsretten til 18 mark i Voll som Marselis hadde ått. Nils døydde 1785 og ho Synneva gifte seg uppatt 1786 m. Helge Helgeson Holven, som døydde 1820, 63 år gl. Synneva døydde 1813, 75 år gl. og hadde med Nils to søner, Knut f. 1778 og Olav f. 1780. Olav var sume tider noko rar av seg. Ein dag han kom heim or skogen fortalde han at ein bjørn hadde drepe ein killing. Olav kunde nok ha frelst killingen, sa han, men han hadde hug til å sjå korleis bjørnen for åt med å drepa killingen. Ved skifte etter Nils åtte buet 9 mark i Lien og 9 mark i Voll taksta tilsaman 240 rd. Bruttomidelen var 472 rd.

Knut Nilsson f. 1778, g. 1809 m. Gunnhild Ivarsdr. Kolvu fekk 1795 skøyte på 9 mark. Ho døydde 1848, 81 år gl. og Knut 1864. Dei var barnlause og hadde sett upp testament. Knut var god snikkar, dokterte både folk og krøter og kunde stemma blod. Han skulde vera ein klok mann, men var i sume måtar ein raring. Folk trudde at han hadde svarteboki. Nettomidelen ved skifte etter Knut var 287 spd. Ved registreringi var der m. a. 117 skinn av ymse slag, 9½ hud, 10 purketòkor (7 var barka), 25 kalvahednor, 14 bismarpund ru og ull, 27 lær, bøger og sidor av naut, 17 tunnor korn, ei byrse, aksjer i Norges Bank verdsette 20 spd. og ei mengd med anna lausøyre.

Torgis Nilsson Hagen, g. 1805 m. Marta Olavsdr. Davidhaugen fekk 1803 skøyte frå Olav Knutson på 9 mark i Voll og 6 mark i Lien. Torgis døydde 1816, 42 år gl. og ved skifte etter dei båe 1816 var det fem born: Rannveig f. 1806, Olav f. 1807, Nils f. 1808, Brita f. 1810, g. 1827 m. Herlaug Håkonson Reime, Gjertrud f. 1813, g. 1837 m. Knut Asleson Hegg. Jordgodset 18 mark vart taksta 200 rd. og bruttomidelen var 538 spd.

Olav Torgisson f. 1807, g. 1831 m. Kari Knutsdr. Almenningen fekk garden utlagt ved skifte etter faren. Garden vart i 1837 skift i to jamstore partar, bruk 1 og bruk 2. Olav skøytte

--- side 427 ---

bruk 2 til versonen Knut Asleson og bruk 1 til Lars Olavson Kleivane. Olav reiste sidan til Koparvik.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Voll med Lien. Lars Kleivane selde bruket 1839 til Knut Nilsson Voll. Sjur Olavson kjøpte det 1840 og selde 1846 til David Oddson Klyve og Lars L. Sebbe. Han kjøpte parten til David 1847 og selde bruket 1848 til Askjel Undeland og Olav E. Håheim, som døydde 1851.

Lars L. Sebbe kjøpte bruket på auksjon 1850 og selde det 1852 til Askjel Larsson, som 1859 selde til Bjarne Torgisson Hegg for 490 spd. Bjarne var f. 1835 og g. 1860 m. Sigrid Ivarsdr. Øvsthus f. 1838. Dei fekk 1882 farsgarden hans på Vetla Hegg. Bjarne døydde 1889 og Sigrid 1914. Seks born: Torgis, Ingjerd f. 1863, g. m. Knut Knutson Lassahaugen, Karolina f. 1868, Brita f. 1869, Gjertrud f. 1871 og Guri f. 1877, alle fire i Amerika. Torgis f. 1864, g. 1897 m. Bertina Knutsdr. Hegg fekk farsgarden 1888 for 2600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 147, lnr. 293 a, 294 a med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 6 skill., revidert 1 dalar 3 ort 4 skill. Ny skyld mark 2,38.

Bruk 2. Voll med Lien. Knut Asleson Vetla Hegg fekk som ovanfor umtala dette bruket. Han var f. 1810, g. 1837 m. Gjertrud Torgisdr. Voll f. 1813 og døydde 1885. Fire born: Torgis, Guri f. 1839, g. 1864 m. husmann Asle Ivarson Øvsthus, Marta (Amerika), Asle f. 1845, g. m. Brita B. Reime (Amerika), Torgis f. 1843, g. 1870 m. syskinbarnet sitt, Ingjerd Ivarsdr. Øvsthus, fekk 1873 skøyte frå far sin på garden for 400 spd. Dei hadde fire born: Gjertrud f. 1871, g. m. gardmann Knut Olavson Vetla Hegg, Ivar f. 1872, Brita f. 1876, g. m. arbeidar Tor Jakobson i Skien, og Knut f. 1882. Knut gifte seg 1904 m. Kari Steffadr. Tverberg og fekk farsgarden 1916 for 1600 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 147, lnr. 293 b, 294 b med gamal skyld 18 mark urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 3 ort 4 skill. Ny skyld mark 2,38.

Bruk 3. Skilt frå bruk ,1 i 1910 og oreigna av jarnbanen. Skyldi er 27 øre.

Bruk 4. Utskilt frå bruk 2 og oreigna av jarnbanen. Skyldi er 38 øre.

--- side 428 ---

Bruk 5. Vodlbotn. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1920 med skyld 26 øre og selt til Eirik A. Lemme, som har støl der. Eirik skøytte 1935 stølen saman med bruk 1 Lemme til versonen Odd D. Klyve for 7000 kronor.

Husmenn.

Håkon Knutson f. 1641 var husmann 1701 og hadde sønene Knut f. 1685 og Odd f. 1689. Lars Larsson g. 1786 m. Kristi Persdr. fekk dotteri Guri 1786. Herlaug Håkonson Reime g. m. Brita Torgisdr. fekk husmannsfeste 1827 og hadde borni: Torgis f. 1832, Marta f. 1839 og tvillingane Håkon og Ivar f. 1846. Anders Person f. 1815, g. m. Guri Larsdr. fødd i Aurland 1841 hadde borni: Marta f. 1861, Lars f. 1866 og Margreta f. 1869. I Vodl-Liæ har vore husmannsplass, og det syner enno at det har vore rudt der.

Støl.

Stølen til Voll var ¼ mil frå garden i 1723. Lien hadde ikkje støl. Voll med Lien har sumarsstølen Fagerbot'n som er på sørsida åt Storelvæ. Vårstølen Ospehaugen ligg utanfor Voll. Eirik Lemme har kjøpt støl av Voll i Vodlbot'n, sjå bruk 5.

Kvern.

Kvern var det ikkje 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. Folk hugsar ikkje no um noko kvern på Voll, men det skal ha vore ei uppgangssag.

Offentlege forretningar.

Utskifting 1818, semje um beiting 1841, takstforretning 1852, utskifting 1879 og 1880, jarnbanetakst 1896 og 1900. Semje med jarnbanen um bruk av veg fram til jarnbanen.

Bumerke.

Ivar Torson 1710 tavle 6 nr. 81, 1712 t. 6 nr. 82, og 1713 t. 6 nr. 83. Knut 1734, 1743 og 1744 t. 6 nr. 84. Olav Knutson 1776 t. 6 nr. 85 og teikna OKW i 1786. Nils 1777 t. 6 nr. 86.