Voss Prestegard.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 139 ---

Voss Prestegard er Gardsnr. 48 i matrikkelen for Voss. Prestegarden er ikkje førd upp av Landkommisjonen i 1661. I matrikkelen 1723 er sagt at garden ikkje hadde vore førd upp i skyld i den gamle matrikkelen, men at den no skulde førast upp med 7½ laup. Derav var benifisert 6 laup 2 pund

--- side 140 ---

6 mark. Fru Kristense Nordahl, dotter åt sokneprest Gjert Miltzow, åtte etter dom 2 pund 6 mark i garden som soknepresten brukte for årleg landskyld. Fjellstølen var 1½ mil og vårstølen ¼ mil frå garden. På garden var ikkje vedskog eller humlehage, men han var årviss til kornavling og sers lettbrukt.

Den eldste melding me har um fødnad og sæde på Prestegarden, har sokneprest Henrik Miltzow skrive i 1664. Deri er


Bilete 25. Prestegardstunet 1933. F.ot. P. Braaten.
Bilete 25. Prestegardstunet 1933. F.ot. P. Braaten.

fortalt at det vanleg vart sått 14-15 tunnor blandkorn, men at det dei siste 12 åri var sått berre 5-6 tn. «for Agernis Ufruchtbarhed Skyld». Stundom vart sått ½-1 tn. rug. Det står ikkje noko um kor mykje det vart avla. Fødnaden var: 24-30 kyr, og 4 hestar. «Men i Aar maa Gud vide hvad her fødes», skriv han. «Skov er her ingen, ikke saa meget som til Husbehov fornøden, men maa føres og kjøres, Sommer og Vinter, for Betaling andensteds fra. Og efterdi her er ingen Skov, saa kan ei heller nogen Skovgang være holdt.»

Når det er fortalt at der ingen skog var, må vel meiningi Vera, at det i heimeskogen var for lite til husbruk. Meldingar i tingbøkene syner nemleg at der var skog. Millom anna er fortalt at Hans Lauritsson i 1680 var dømd til å bøta 4 mark sylv for di han hadde hogge i skogen åt presten. Han budde då på Lekve, var son åt futen L. Andersson på Lydvo og halvbror åt presten Gjert Miltzow.

--- side 141 ---

I matrikkelen 1838 er sagt, at Prestegarden hadde brennefang og fureskog til vølingar. Samanlikningstalet var 2200.

I matrikkelen for 1865 er ført upp 37½ mål åker, 55 mål dyrka eng, 1½ mål hage, og av natureng 57 mål god, 66 mål medels og 21 mål skrapebø. Vårhamni var ring og Sumarhamni medels. Skog til husbruk. Timber kunde seljast for 22 spd. um året. Fiske er førd upp for 1 spd. um året. Garden var sers lettbrukt og betre dyrka enn vanleg. I Saxlund: Skogvesenets historie (1909) står, at der på stølen åt Prestegarden var 300 hektar lauvskog, 40 ha. barskog, 160 ha. uproduktivt og 250 ha. over tregrensa. Det var to som hadde rett til husbruk og tri til stølsbruk. I 1918 var det på hovudbruket 23,2 mål åker, 40 mål kunsteng og 3 mål natureng, og fødnaden var 3 hestar, 18 storfe, 9 småfe.

Fødnad og avling (i tunnor) på heile Prestegarden.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1664 4 24- 30
1723 5 34 30 72
1865 4   31   48   92   140  
1877 4 23 22 50 60
1918 8 20 28

Den eldste skrivne melding um Prestegarden er i Bjørgynjar Kalfskinn, som ein trur er skrive ikring 1350. Der er bølet på «Wangrenn a Worss» (d. e. Voss Prestegard) førd upp med 16 laup. Heilag Olav og bispen han hadde med seg, sette prestar etter seg i dei bygder han kristna, fortel Noregs soga. Han har truleg gjort sameleis på Voss. Kva tid det er bygt hus åt presten, og når han har fått jord å bruka, veit me ikkje. Noregs soga melder at dei fyrste kristne prestar ikkje fekk noko jord å bruka. Det kjem vel fyrst i midten av 12te århundrad.

Soknepresten Gjert Miltzow skriv 1678 i si prestehistorie, at i den eldre tid var det her på Voss som andre stader, at kvar kyrkje hadde sin eigen prest. Han som budde her på Vangen ved St. Mikals kyrkja eller hovudkyrkja, var kalla hovudprest, sokneprest eller kyrkjeherre, det vil segja den fyrste og fornemste presten. For det meste hadde han dessutan eit kyrkjelegt embete i byen og var til hjelp for bispen. Miltzow fortel so um prestane på Voss det han hadde funne i gamle

--- side 142 ---

pergamentbrev i tidi 1260 fram til si tid. Ei meir utførleg utgreiding um dette og um seinare prestar vil koma i eit anna band av Vossaboki.

Millom desse prestane er Sira Haqvon, d. e. Håkon, som var sokneprest her i 1423. Det er skrive um han at han på eigen kostnad bygde nye hus på «Prestegarden Vossevangen» og andre hus til bruk åt presten, «hvilket hans Forgjænger Hr. Arne og Hr. Nikulas havde havt for Øle». Dessutan let Haqvon fleire målarstykke nya upp att. Dei brikte fyrr her i Prestegarden på den store salen, som dei då kalla bispe-eller herresalen, men som sidan vart heitande Høresalen (Audiencesalen). Miltzow fortel og at medan Vossakyrkja vart bygd i 1270-77, var det halde messe på to store loftsrom, det eine i Prestegarden og det andre på Finne. Presteloftet er og umtala i diplom 16. 4. 1315. Eit brev av 1326 umtalar «leigepresteloftet på Voss». Dette tyder på at her har vore to loft til å bu på i Prestegarden. Det har nok vore turvande og, for her kunde mange tider vera to prestar samstundes.

Sira Jon eller Johannes Trondson, som var prest her i 1350, har røkt etter for å få greide på eigedomane åt Prestegarden og Vangen, som det er meldt um i fyrstningi av denne boki. I 1590 var teke upp tingsvitne i høve av tvist um eigedomsrettar på Lemmesteigane. Det er då m. a. upplyst, at «Prestekleffen» alle dagar hadde høyrt til Voss prestebol, og at det og åtte noko i Nedre Lemme.

Ovanfor er meldt um fødnad og sæde på Prestegarden i 1664 etter uppgåve av sokneprest Henrik Miltzow. Etterpå har han skrive, at med garden fylgde som inventar: 1 grå hest, 1 «skiud eller hors» (merr), 2 køyreselar, 8 mjølkekyr, 1 gamal bryggjekjel, vekt 4 pd., 2 forbrende koparkjelar, vekt 1 våg, 1 gamal jarngryte 1 pd., 1 gamal sengedyne, 1 hovuddyne, 1 bonde-åklæde, 12 trefat, 17 tretallerkar, 12 «melckekiøreller eller trygler som de kaldis», 1 kinne, 1 vasskanne av massing, 1 lite «becken», 6 såld korn, 2 såld malt, 2 såld mjøl.

Um husi på Prestegarden finst det upplysningar i syns-eller åbotsforretningar, som har vore haldne ved prestebyte og stundom elles og. Fyrr det kom i bruk med slike forretningar, har sokneprest Christen Weinwich um hausten 1706 teke upp tingsvitne um dei husi på Prestegarden han sjølv åtte og hadde overteke etter fyremannen sin. Ein gamal mann,

--- side 143 ---

Trond Person, som hadde tent i Prestegarden for 53 år sidan, vitna at i presten Henrik Miltzow si tid vart bygt bui og det store gamle kjøkenet, båe på nye tufter. Dessutan ei borgstove, eit «laboratorium», som var rive og vart sett upp att, ei ny stove, eit studerkammer, som stod attum den nye stova og sidan ei ny bu og eit naust. Det vart av fleire upplyst at ålmugen hadde halde ved lag ei gamal måla stove, som fyrr hadde vore borgstove, eit herrekammer «fra Porten og ned til Vandet» og i staden for stallen hadde ålmugen tekt bispestova, som stod under tak saman med den måla stova. Weinwich hadde bygt ny mjølkebu. Dei andre husi høyrde garden til, og prestane hadde betra og halde dei ved lag. Dei husi er ikkje upprekna.

Henrik Miltzow var fødd 1599 i Bergen og sokneprest på Voss frå 1623 til han døydde 1666. Han var fyrst gift med Kristense Massdr. og sidan med Kirsten Jakobsdr., enkja etter futen Lauritz Andersson på Lydvo. Kristense var fyrste gong g. m. Anders A. Buck, som var sokneprest på Voss fyre Henrik Miltzow.

Etter Henrik Miltzow kom sonen Gjert Miltzow. Han var fødd 1629, var kapellan hjå faren frå 1658 og vart sokneprest på Voss frå den tid faren døydde i 1666 og til 1688, då Gjert døydde. Han var g. m. Susanna Schjelderup, dotter åt bisp Jens Schjelderup, og hadde borni Henrik, Jens, Margreta, Ingjerd, Kristense og Susanne. Henrik gifte seg fyrst med enkja Else Alstrup og i 1751 med enkja Ingjerd Worm Fürstenberg, som var best kjend på Voss under namnet Funko, av di ho fyrr hadde vore gift med sorenskrivar Mandrup Funch. Henrik Miltzow budde lenge på Lillegraven i Granvin og åtte mykje jordgods på Voss. Kristense Miltzow, f. 1676, var gift fyrst med kaptein Rasmus Stoud og sidan med oberstløytnant Jens Nordahl, dei er alle umtala på Lekve.

Prestegarden i 1700-talet.

Den fyrste Synsforretning var halden i juli 1709 etter søknad frå sokneprest Niels Weinwich. Far hans, Christen Nielsen med tilnamnet Weinwich, f. 1635, hade vore personellkapellan på Voss 1661-1688 og sokneprest her 1688-1709, då han døydde. Han var gift med Karen Schreuder, dotterdotter åt sokneprest Henrik Miltzow. Dei hadde borni Nils, Henrik,

--- side 144 ---

Otto, Gjert og Margreta. Henrik vart gastgjevar og er umtala under gastgjevargarden. Nils var fødd 1676, fyrst gift med Margrethe Møinichen, og sidan med Bentea Mortensdr. Niels Weinwich var kapellan hjå faren 1702, sokneprest på Voss 1709 til han døydde 1729. Ved ovanfor nemnde Synsforretning var upplyst um husi at frå gamal tid hadde ålmugen halde vedlike borgstove, herrekammer og stall. Namnet borgstova skal skriva seg frå at adelsmennene budde sjølve på borgi og arbeidsfolki deira i borgstova. I tidlegare tid skal det ha vore mykje bruka at bygdafolki på Voss, når dei kom til kyrkje, gjekk inn i borgstova (eller bosstova, som er det vanlege vossanamnet) for å vøla seg. Herrekammeret på prestegardane var for at bispen med fylgjet sitt kunde bu der når han var på visitasreis. Han hadde ofte mange med seg. Det var visse reglar for kor mykje mat av dei ymse slag, øl, vin og anna prestane i kvart prestegjeld skulde laga til åt bispen med fylgje, og kor mange dagar dei kunde vera på kvar prestegard. Det var vanleg at kvart prestegjeld skulde halda ved lag herrekammer, borgstove og stall.

Ved nemnde Synsforretning er skrive um husi at Henrik Miltzow for 50 år sidan hadde bygt ei ny borgstove. Den gamle var umbygd i hans tid, og det ser ut til han har gjort dette etter eige tykke. Ho hadde no ikkje nokon eldstad, hadde på søre sida 4 vindaugo, på vestre 3 og på austre 2 vindaugo. Miltzow hadde kosta kjellar under henne. Huset var 15 al. langt med gang og 12 al. breidt. Stova var måla med «goldags maling» (skal vel vera gamaldags). «Huset er nu aldeles utjenligt for prestens folk og almue til borgestue eller røgstue, hvorudi bør være ovn eller behøvende ildsted.» Det ser ut til, at «almuen» vilde byggja ny borgstove med omn i staden for den gamle som var svært dårleg. Kostnaden var rekna til 60 rd.

«Det værelse som her kaldes herrekammer staaende paa nordre side af gaarden ved porten, befandtes at være 2de høider saaledes konditionerede i den underste bygning fra den ende, som vender til vandet op til porten er bygningen 17 al. lang og rum 10 alen bred med naver. Samme længde er afdelt i 3de rum, den ene afdeling med tømmer, den anden med bord, hvilket rum ikke er tjenligt til andet end korn og pakboder. De er og ganske mørke og uden vinduer. Under disse boder er muret rum som en kjelder. Ovenpaa forbemeldte boder er en

--- side 145 ---

bygning saaledes befunden: Længden er 22 al. og bredden 10 al. Kammeret ved østre ende og over porten kaldet Langkammeret er målet med ringe gammeldags maling. Det findes og med 4 gammeldags smaa vinduer, men rammer og bly forfaldet. I dette rum er intet ildsted. Imellem dette rum og det næste kammer paa vestre side i samme længde af værelset er en gang deri er gulvet af uanseelig hugne bord.

Kammeret paa vestre side af gangen er uden maling. Derudi findes 2de smaa vindovne, men ingen vinduer og syntes at der har været en liden skorsten, som nu er bortflyttet, ellers var der 2 nagelfaste sengerum. Paa den vestre side af dette kammer er et lidet med bord afdelt rum, som nu blev brukt til bønderdrengenes klæder at gjemme. Paa begge sider ved længden af disse huse, som ovenpaa staar, er gang eller svaler til op- og nedgang til samme værelse, men meget ubekvem trappe og var disse værelser i alt uanselige og findes ganske uduelige og umulige til herrekammer, hvorfor almuen gjør sig de forbemeldte huse saa nyttig som de best ved og kan. I det sted bør de bygge et andet bekvemt og «laufest» (laasfast?) herrekammer, som efter vores skjøn med behørige vinduer, skorsten, ovne og ildsteder vilde koste foruden maling 150 rd. Derom sagde de 6 lagrettemænd, at de kunde ikke noget slutte, men beror paa fogden og sorenskriverens tilsvar». Herrekammeret må vera rive ikring 1730, for det heiter i tingsvitne uppteke 1732, at nytt herrekammer var sett upp i staden for det gamle.

Stallen er so skildra. Likeins «fæhuset», 48 al. langt, 10 al. breidt som Gjert Miltzow hadde fått bygt. Det var spurt um det var noko dokument som synte kva hus presten skulde halda, og kva kongen skulde halda. Ingen visste um noko slikt. Preste-enkja sa, ho visste ikkje rettare enn at presten skulde halda «Den daglige vaaning, bispestuen, ildhuset som staar nest ved borgestuen, en smalflor, hø- og kornladen, en smidje, en udlade paa Eggene, en udlade paa stølen Afdal. Heri var arvingerne enige».

«Den daglige vaaning staaende paa den nordre side paa den bebygde Vangens Prestegaard» hadde inngang or tunet. Golvet i gangen var steinlagt. I daglegstova var «7 endfelt høyde» vindaugo, jarn-«kakkelovn», og dør frå gangen og dør til kjøkenet. Det var på austsida av stova 2 vindaugo og skorstein. I han la ein veden i omnen i daglegstova. Det var altso ein

--- side 146 ---

bileggjaromn. Der var og eit naglefast skåp med dører og naglefast seng. Ved sørenden av kjøkenet var ei raudmåla stove med 9 «enchelt høyde» vindaugo, der glaset var innsett med bly, og jarn-«kakkelovn». Han vart ilagd i skorsteinen i kjøkenet. Det var 2 dører til stova. Under henne var kjellar med steinlagt golv. Nedgang til han frå stova. «Paa den vestre side til indgangen paa disse 2 stuer er et med bord panelet afdelt spisekammer med dør,» og eit lite vindauga. I gangen


Bilete 26. Holbergsplassen med Holbergshuset og Bispestova (Herrekammeret) fyre 1853.
Bilete 26. Holbergsplassen med Holbergshuset og Bispestova (Herrekammeret) fyre 1853.

til stova er tropp «til opgang, paa salen over stuerne». Gangen der har i søre enden 3 vindaugo med glas i råmor av bly. «Nest der ved er et kammer som kaldes studerkammer» «med 8 smaa gamle vinduer» og ei dør. Over daglegstova og kjøkenet er ein sal, som med paneling er skift i 2 rom. Der er 10 «enchelt høyde vinduer» med glas i blyråmor. Til dei 2 rom var dører. Paa austre sida av kjøkenet er eit vaskehus av «stavn og bord med halvtag over». Huset var 9 alner langt og 3 alner breidt. Timbret var halde godt ved lag, heiter det, med undantak av svilli på austsida av kjøkenet, som skulde bytast.

Det er «Holbergshuset» eller «Rauebygningen», som han og er kalla, me her har ei skildring av, og som altso er kalla «Den daglige Vaaning» ved skynsforretningen i 1709. Under

--- side 147 ---

lemmen over gangen i 2dre høgdi er måla nokre figurar. Ein kunstmålar som såg på dei i 1922, sa at målingi var typisk barokkmåling og ser nærmast ut til å vera frå 1600-talet. Det har vore godt måla og «meget rikt», sa han. Ein har tenkt seg at desse måla bordi er komne or kyrkja. I seinare tid er to av romi skifte i to med paneling. Elles er det ikkje gjort noko brigde med bygningen anna enn at det umlag 1919 vart lagt tak av hellor i staden for pannor, og at svoli på austsida er brigda. Ludvig Holberg skal ha butt i 2dre høgdi i eit rom på nordsida medan han i 1702 var huslærar hjå prosten Weinwich. Øverland fortel i si Noregssoge, at Holberg preika sume tider i staden for prosten, og at bøndene likte preikene hans godt. Prosten likte mindre på preikene, det går ikkje an å stå berre eit korter på preikestolen, sa han. Holberg meinte at dei preika likt lenge, når uturvande uppattaking vart tekne ut or preikone åt prosten.

Dei 3 sønene åt prosten var dovne og laut haldast i øyro. Prostinna tykte at den unge huslæraren prylte gutane for mykje. Han kom difor i unåde hjå prostehuslyden, og då året var ute, reiste Holberg til Kjøpenhamn. Tradisjonen fortel, at Holberg var so plaga av marerid medan han var på Voss. Han prøvde å driva det burt ved å setja skoene bakvendt framfyre sengi, leggja stål under hovudputa og syngja det kjende gamle verset: «Mare, mare minde, est du herinde, saa maa du herud.» Men det hjelpte ikkje har Holberg sjølv fortalt sidan.

Det er fortalt at Holberg skal ha planta den fura som stod nordanfor Holbergshuset. Etter at ho i fleire år hadde stade turr, vart ho felt i 1923. Fagmenn såg då på henne og kom til det resultat at ho var 20 år for ung til å vera planta av Holberg. Ho hadde eit eige skap, umlag som ein regnhatt. Ei skive av fura nede ved roti er no i Bergens Museum. Ei onnor skive og stomnen er i museet på Mølster.

I synsforretningen 1709 heiter det vidare um husi: Bispestova var 10 alner lang og 9 al. breid, novi medrekna. Stova var raudmåla innvendes «huelwet» med panel, som var blå- og kvitmåla. Ho hadde 5 vindaugo. «Der var kun skorsten eller røgeovn her.» Huset var mykje forfalle.

«Nest ved Bispestuen er en forstue eller gang med lem over staaende mellem den store stuen, som staar i samme linje. Længden paa den er 8 alen at regne, indtil det som viser af

--- side 148 ---

forrige bygning af det hus som almuen over 50 aar siden havde til borgerstue og af salig Hendrik Miltzow forbygget.» «Forstuen» var måla med gamaldags måling og hadde 3 vindaugo «med dobbelt høyde». I «forstuen» er nedgang til kjellaren, som prestane frå gamal tid hadde under den fyrr umtala store stova. Ho står lengst sør i husrekkja på vestre sida av tunet. Baade denne bygningen og Bispestova må vera rivne i 1700-talet, men nokor melding um det har eg ikkje funne. På austsida av Borgstova står eldhuset, som er av timber, 10 alner langt, 9 al. breidt og 6 al. høgt til stavleia. Sidan er umtala sauehuset, korn- og høyløda, smidja, utløda på Eggjane, utløda og selet på stølen Afdal. Dessutan var det ein stor kyraflor i Prestegarden, bygd av presten Gjert Miltzow for 30 år sidan, men som no skulde rivast. Dei andre husi på Prestegarden åtte presten. Eldhuset som no står på Prestegården (tuft 106) er av same storleik som det ovanfor umtala, og det må vera same eldhuset. Det er framleis i bruk. Eldhuset og Holbergshuset (tuft 103) umtala ovanfor er visst dei einaste som no står att av ovanfor umtala hus i Prestegarden.

Åbotsforretning er halde i 1730. Sokneprest Niels Weinwich er då død og Jørgen Harboe komen i staden. Harboe var fødd 1679, var sokneprest på Voss 1729-1744, då han bytte med Johan Christoffer Haar, f. 1705 i Viborg. Haar var so sokneprest på Voss, var g. m. Kirsten Krag og døydde 1751. I 1732 let Harboe ta upp tingsvitne um det gamle herrekammer og um det nye som i staden var sett upp (på tuft 102). I 1740 minner Harboe på tinget um forskotet han hadde lagt ut til byggjing av herrekammeret og bed um at det vert lese upp på tinget. På tinget 1742 la lensmann Viking Tvilde fram uppgåve over prestens utlegg med byggjing av herrekammeret, ialt 101 riksdalar 5 mark 8 skilling. Av ålmugen var samla inn 99 rd. 1 skill. til dette. Sjå bilete 26, der herrekammeret eller bispestova står til høgre for porten til Prestegardstunet.

I 1753 er tinglese fredlysing av «Moen» som var sams utmark for Prestegarden og Lekve.

Då sokneprest Haar døydde 1751, vart Morten Ruus sokneprest på Voss. Han var fødd 1704 i Fusa og hadde vore kapellan hjå stykfar sin, Niels Weinwich, på Voss 1727-1732. Ruus var g. 1. m. Magdalena Henrikka Weinwich, dotter åt stykfaren, 2. m. Anna Mecklenborg. Ruus var sokneprest her til

--- side 149 ---

han døydde 1770. Even Meldal, f. 1728 var so sokneprest til 1786, då han døydde. Han var g. m. Maren Diurhuus. Synsforretning er so halde over husi på Prestegarden i 1788. Jakob Christian Jersin, f. 1736 i Luster, kom til Voss som sokneprest 1787 og var det til han døydde 1807. Han var g. 1. m. Elisabet Lem, 2. m. Cesilia Ravn.

Prestegarden etter året 1800.

Folketeljingi 1801 har ført upp i Prestegarden: Sokneprest Jakob Jersin og 2dre kona hans, 2 søner og 1 dotter: a. Andreas Undahl Jersin, personellkapellan, med frue og 1 son, b. Arnoldus Lem Jersin, ugift, vanfør, c. Elisabet Lem Jersin, ugift. Ein stykson åt soknepresten, Kristoffer von Ravn, sekondløytnant, med frue, Katrina Jersin og 1 son. Det var 2 paktarar: a. Åmund Torgeirson med kone og 5 born, 1 dreng og 5 born, 1 dreng og 1 tenestgjente, b. Nils Halleson med kone, 1 son og 1 fosterdotter, 1 dreng og 1 tenestgjente. Soknepresten hadde 1 dreng og 3 tenestgjentor. I Prestegarden hadde dessutan 2 gjentor i 20-årsalderen tilhald. Ein son åt soknepresten, Georg Burchard Jersin, var sokneprest etter faren til 1827, då han døydde. Han var gift med Maren Finde Ravn og var Eidsvollsmann. I 1828 vart Morten Wendelboe Munster sokneprest. Han var fødd i Ekersund 1771, gift 1795 med Henriette Antonette Melchior frå Kjøbenhamn og døydde 1851.

Kallsboki for Voss syner at i 1835 var i Prestegarden desse husi: 1. Herresalen (ei høgd) på høgre handi, nar ein kjem inn gjenom porten (med stove og kammers, båe med kakkelomn, kjøk og kjellar). Sjå bilete 26. 2. «en røgstue kaldet Borgstuen med tørkeovn» (tuft 106). 3. Ein flor på vinstre handi ved inngangen (for 20-24 kyr). 4. Stovebygningen (tuft 103) på vinstre handi ved inngangen gjenom porten (daglegstove med bileggjaromn, kjøk med matkammers og svol, framstove åt tenestfolki med bileggjaromn; i 2dre høgdi 2 soverom, eit skulerom, eit lite «pulterkammers» ved sida; veslehus). Stovebygningen hadde helletak alt i 1835. 5. Storstova (halvparten av ein bygning) på høgre handi, når ein kjem inn porten. Ho snur mot Vangsvatnet, har loft og torvtak. 6. Ein flor på høgre handi ved inngangen, som Munster hadde under byggjing. 7. to smalflorar, 8. ein lødebygning, 9. ein stall, 10. eit eldhus,

--- side 150 ---

11. ei stove med gang og ark, kalla Rauastovo. 12. ei stor stolpabu (tuft 107). 13. ei minder stolpabu (tuft 114). 14. ei ny stolpabu, bygd 1834 eit stykke frå tunet, kalla kornbui. 15. ein stall for 2 hestar med grisehus og hønsehus over. 16. to underbuer med loft uppå og kjellarar under (tuft 105). 17. eit eldhus med helletak, bakaromn og bryggjeri (tuft 104). 18. ei mindre løde. 19. ein kyraflor for 8 kyr. 20. eit naust (tuft 113). 21. vognhus med loft med taksteinstak. 22. veslehus med pannetak. 23. rullebu. På Tyrlingteigen var: 24. bu med loft, 25. flor. 26. hestestall, 27. eit skur, 28. ei utløde. På Afdalsstølen var: 29. to sel med flor under i den sokalla Kroken. 30. ei liti løde på træet. Heradet åtte husi nr. 1-3, embetet nr. 4-9 og presten dei andre. På visitasen i 1835 er tilført m. a. at borgstova var ny. Likeins floren, som var til 24 krøter, og stallen, som hadde plass for 4 hestar.

Anton Elias Smitt vart sokneprest på Voss i 1852. Han var fødd på Kongsberg 1805, gift 1. m. Livia Gundelle Sverdrup, 2. 1842 ni. Gundelle Louise Sverdrup, båe systrer åt statsminister Johan Sverdrup. Smitt bygde fleire nye hus i staden for gamle og vølte mykje elles um husi, so dei kom i god stand. 1 kongeleg resolusjon 1. februar 1875 er husi i Prestegarden upprekna soleis:

A. Heradet sine åbotshus:

  1. Herresalen (tuft 102). Han var bygd ny i 1855-56 og under eitt tak saman med det nye bustadhuset åt presten. I herresal-bygningen var 1 stove, 2 kammers og ovanpå kvistrom og loft.
  2. Ei røykstove (tuft 106), borgstove med omn. (Det er bygt saman med nr. 7.)
  3. Ein flor (tuft 110) med 12 båsar og 4 smalestekkar.

B. Embetet sine åbotshus:

  1. Bustadhuset bygt 1855-56 (tuft 102) med kjellar, kjøk, matkot, framstove, daglegstove, hagestove og studerrom i 1ste høgdi. 2dre høgdi har ark mot hagen med eit rom, og eit stort rom i enden mot Vangen. Dette huset og Herresalen står vegg i vegg. Bustadhuset er 25 al. langt, 17 al. breidt. Prost Smitt skriv at det er bygt av «udsøgte materialer og med muligste flid og har kostet mig 1700 spd.».

--- side 151 ---

  1. Den andre halvparten av floren, bygd ny 1863 til austre enden av løda. Han hadde pannetak. Over han køyrer ein inn i løda.
  2. Ein stor lødebygning (tuft 112), ny klædning, uppskruva og tekt med pannor i 1868. Løda og floren nr. 5 brann i 1880. Ny løde med flor som no er der, vart då bygd.
  3. Eit eldhus eller røykstove (tuft 106) med torvtak.
  4. 8. Stallbygning (tuft 111).

C. Presten sine hus:

  1. Tohøgds raudmåla bygning på vestre sida av porten (tuft 103). Ved sida av han er to tilbygningar med skråtak.
  2. Ei stor stolpebu til vinstre i garden ved sida av Borgstova (tuft 107). Torvtak.
  3. Ei raudmåla mindre bu til høgre mot hagen (tuft 114).
  4. Stor tohøgda tiendebu sør for dei andre husi.
  5. To buer med kjellar under og «svalgang» med loft og eit avpanelt rom upp-på (tuft 105). Alt i eitt hus. Pannetak.
  6. Eldhus med bakaromn og «bryggjeri» (tuft 104). Helletak.
  7. Ei mindre løde ved stallen.
  8. Nytt naust (tuft 113), raudmåla. Pannetak.
  9. Vognskur i gavlen på den store løda.
  10. To veslehus. Det eine hadde pannetak, det andre helletak.
  11. Stort raudmåla vedhus, bygt i 1859. Pannetak.
  12. Smidja bygd 1867. Helletak.
  13. Materialskur på sørsida åt løda. Helletak.
  14. På Afdalsstølen ein lødebygning og andre stølshus.

I 1859 bygde Smitt vedhus på tuft 108. Huset på tuft 109 var smalflor. Husi nr. 5, 6, 11, 17, 21 brann upp i 1880.

Ved kgl. resol. 1901 vart vedteke at heradet sine åbotshus skulde førast over på embetet og at nr. 9, 10, 14, 15, 18 (det eine), 19 og 22 skulde kjøpast åt embetet. Eldhuset ved sida av Borgstova skulde vera åbotshus. Nr. 12 og 13 hadde presten selt til andre. Nr. 16 og 20 var då burte. Nr. 1 og 4 var fyrst tekt med pannor, men har seinare fått helletak. Nr. 9 hadde pannetak, som i 1900 vart umbytt med helletak.

Prost Munster upplyste i 1834 til stiftet: «I min embedstid er Prestegaardens dyrkede mark forøget med en tredjedel, alt optaget af aldeles uopdyrket jord, indhegnet og fredet. - -

--- side 152 ---

Aabodshusene var ved min ankomst i meget mislig tilstand. - - Voss er et kostbart levested for en konditioneret familie, transporten fra Bergen, hvorfra saa mange fornødenheder maa hentes, besværlig, undertiden forbunden med tab og farlig. Prestegaarden ligger lige ved hovedveien fra Christiania til Bergen, hvor der meget ofte er en samlingsplads for reisende, for civile og militære autoriteter, for mange der om sommeren vil glæde sig ved beskuelsen af en i stiftet sjelden skjøn egn, og er Vangen et sted hvor de fleste samlinger i distriktet afholdes, hvilket alt indbyder til gjestfrihed, der vel neppe anstændigen kan undgaaes.»

Munster har i 1843 gjeve upp at på Prestegarden vart sått 12-13 tunnor blandkorn, ½ tn. bygg, 1 skjeppe rug, 12 tn. potetor og at fødnaden var 4 hestar, 32 kyr og 6 ungnaut. Til gardsdrifti hadde han 6 drenger, 6 gjentor, og leigde dessutan folk i skurden og slåtten. Seinare hadde Munster to paktarar på garden.

I året 1700 har nok presten drive garden sjølv, for då hadde han 5 tenestdrenger. I 1800 hadde presten to paktarar på. garden, 1 tenestdreng og 3 tenestgjentor. Eit lite stykke av garden dreiv presten sjølv, medan paktarane hadde kvar si helvti av garden elles. På visitasen 1834 er tilført, at det var to paktarar på garden, som kvar hadde sin tridjepart. Presten brukte sjølv ein tridjepart, som han hadde dyrka og gjerda inn av udyrka mark, og som var godt driven. I hans embetstid var anlagt to hagar, ein kjøkenhage og ein frukthage. I den sistnemnde var planta frukttre av fleire slag. Dei fleste var byrja å bera frukt det året.

Gamle folk har fortalt at dei hugsar um at det var to paktarar, altso i Munster si tid. Dei hadde kvar helvti av garden. Båe paktarane budde fleire år i «Bosstova» med huslyden sin, ein på kvar side av henne. Båe hadde fleire born. Det var røykomn i eine hyrna og ljore, men ikkje vindaugo. Seinare sette paktarane upp kvar si stove, ei på kvar side av vegen til Prestegardsmoen der kyrkje-vedhuset no er (tuft 101 c). Prost Smitt vilde ikkje ha paktarar, men styrde garden med tenarar. Han var ein framifrå dugande gardbrukar, dyrka mykje på garden og var fyregangsmann i bygi so vel på dette som ymse andre umkverve. Sidan 1875 har Prestegarden vore driven med paktar.

--- side 153 ---

Fyrr Smitt kom, var det berre stenger til gjerde millom Vangens Ålmenning og Prestegarden, er det fortalt. Smitt sette snart upp høgt og sterkt gjerde kring Ålmenningen med grind ved nordaustre og sørvestre hyrna av kyrkjegarden, ved søraustre hyrna av Kapellansgarden og for Lekvesvegen. Slike gjerde sette han og upp so langt Prestegarden sin eigedom gjekk på båe sidor åt postvegen til Evanger, Hardangervegen og på austsida av Strandavegen. Like eins mot den gamle eksisplassen. Smitt har i 1866 gjeve melding til stiftet um avling, fødnad o. l. på Prestegarden og skriv vidare at gjerdehaldet er uvanleg stor byrde på garden. Han har lide mykje ved dei årlege flaumane i Vangsvatnet. Det er truleg rådt bot på det ved senkingi av vatnet, som ein no har arbeidt med. Inntekti av fråskilde jordstykke er 59 spd. segjer Smitt.

Til garden høyrde i 1866 dette inventar: 1 gamal hest, 1 gamal merr, 2 selar, 3 koparkjelar, 1 gryte, 1 åklæde, 1 «messingbækken». 1 underdyne, 1 hovuddyne, alt verdsett i si tid for 80 riksdalar dansk kurant, som no vert å tilsvara med 64 spd. Vidare er det 8 mjølkekyr, 12 tretallerkar, 12 «melkekopper», 3 tunnor blandkorn, 1½ tn. malt, 1 tn. mjøl, 1 bryggjekjel (presten åtte 2 spd. 48 skill. i kjelen). Alle desse tingi skulde tilsvarast in natura.

Pastor Wilhelm Høyer som var kapellan hjå A. E. Smitt då han døydde i 1875, styrde so sokneprestembetet til dess Wilhelm Hansteen vart sokneprest i 1878. Hansteen var fødd i Oslo 1820, gift 1852 med Elenore Christine Emilie Conradi, tok avskil 1899 og døydde 1913. Han hadde paktar på Prestegarden.

Embetsgardskommisjonen heldt møte på Voss i juli 1884 for etter lov av 19. juni 1882 å ta avgjerd um kva som skulde seljast av Prestegarden. I møti var nytta eit kart over Prestegarden som var uppteke i 1874 av utskiftningsformann A. Heiberg. Kommisjonen har tilført møteboki m. a.: I 1877 fødde dei på garden 4 hestar, 23 kyr, 22 smalar og avla 50 tunnor bygg, 60 tn. potetor. I 1881 var fødnaden 3 hestar, 20 kyr, 25 smalar og dei avla 20 tn. bygg, 20 tn. blandkorn og 50 tn. potetor. Skilnaden kjem av at der i millomtidi var late tufter og jordstykke. Etter 1881 var og late noko, so fødnaden i 1884 var 3 kyr og nokre smalar minder. Til garden høyrde då ikring 167 mål innmark, med tillegg av den gamle eksisplassen ikring 21 mål, 350 mål skog i Moen. Stølen

--- side 154 ---

låg 14 km. burte (Øvre Afdal) og ein annan støl der nære ved («Gjeitestølen»). Til stølane høyrde stor skogvidd, men skogen kasta lite av seg. Det var noko fure, men mest bjørk. Ein av gardbrukarane på Store Ringheim støla i Prestegarden si stølsmark og betalte 8 kronor årleg til presten for det. Desse husmannsplassi høyrde til: Bergslitræet 4½ mål, Hestabakken 2 mål, Eggjabakkane 23 mål, Sauateigen 8½ mål og Moldbakken. (Avgifti for han var skift millom Prestegarden og Litle Ringheim).

Kommisjonen tilrådde, at dei som hadde fått tufter på Prestegarden, skulde få høve til å kjøpa dei, soframt det ikkje kom i vegen for reguleringi som då var i arbeid. Vidare vart tilrådt å selja mange jordstykke elles. Dette vart vedteke av departementet, og jordstykki vart selde på auksjon. Sjå vidare under dei einskilde bruk.

Peder Tobias Eiesland var sokneprest på Voss 1900-1919. Han var fødd i Fjotland 1840 og gift med Elise Steen, dotter åt statsminister Johannes Steen. Johannes Barstad var so sokneprest 1919-1927, då han tok avskil. Barstad var fødd i Volda 1857, g. 1. m. Ragnhild Hærem Salvesen, 2. 1904 m. Elenore Bentzen. Olaf Strømme, fødd 1881 i Herøy, har vore sokneprest her sidan 1927. Han er gift med Dorothea Schjelderup. Alle desse har havt paktar på Prestegarden.

Bumerke teikna av prestegardspaktarane.

På bumerketavla side 11 er desse bumerki: Anders Sjurson, rådsmann 1732-1737 tavle 3 nr. 26. Knut Oddson 1722 t. 3 nr. 27. Han teikna tri brigda merke i 1772-1776. Steffa Mikkjelson, paktar 1753, t. 3 nr. 28. Knut Johannesson, paktar 1736, 1737 t. 3 nr. 30. Gudleik Ivarson 1741-1748 t. 3 nr. 31. Lars Andersson 1742-1744 t. 3 ur. 53. Olav Halldorson 1781-1786 teikna O. H. S. Olav Andersson, paktar 1748, 1750 t. 3 ur. 32. Per Olavson, paktar 1755, 1759 t. 3 nr. 33. Gusskalk 1759 t. 3 nr. 34. Knut Sjurson 1767-1770 t. 3 nr. 35. Olav Karlson, paktar 1768 t. 3 ur. 37. I 1768-1786 har han sett ein S til etter bumerket sitt.

Husmannsplass på Prestegarden.

Fyrste husmannsfolki på Prestegarden me finn nemnde, er husmannsenkja Åsa Bjarnesdr. som døydde på Eggjane 1754 og snikkar Kolbein Ivarson, husmann på Bruplasset i 1760-åri.

--- side 155 ---

Olav Botolvson, gm. Marta Olavsdr. er nemnde i 1779 som husmannsfolk. I folketeljingi 1801 er ikkje uppført nokon husmann. Ved folketeljingi 1865 er rekna upp 7 plass på Prestegarden:

  1. Bergslitræet ved Vosso. Pensjonera sersjant Lars B. Bergslien, f. 1786, budde der med 2dre kona si, Ragnhild Davidsdr. Han feste plasset i 1853. Med 1ste kona si, Kristense Knutsdr. frå Gjelle, hadde han borni: Brynjulv, Guri, Mari, Kirsti, Nils, Knut, Brynjulv. Guri, f. 1816, var g. m. Johannes Ivarson Prestegard, husmann på Hestabakken. Nils var kommandersersjant og er umtala på garden Berge. Knut, f. 1827, og Brynjulv, f. 1830, er dei vidgjetne kunstnarane, som altso har vakse upp her. Lars sin dotterson, Eirik Prestegard, fekk i 1880-åri feste på jordstykket og bygde nytt hus. Enkja hans selde huset til Arnfinn Kvammen, som, i 1926 fekk feste på stykket. Knut Bergslien sette upp solskive der i 1870-åri.
     
  2. Ferjestaden ved Vosso nedanfor Bergslitræet. Eirik Sjurson frå Rjodo, g. 1850 m. Rannveig Torsteinsdr. Saude, flytte stova si dertil frå Fjorungamodn. Han førde over elvi dei som skulde til sørsida av henne. Føringsstaden var tidlegare på Hestabakken. Lars Bergslien førde og sume tider. Åmund Olavson Andehaug kjøpte stova etter Eirik, og borni hans Åmund, Anton og Marta, fekk so stova. Dei fekk skøyte på jordeigedomen i 1925 og bygde nytt hus. Sjå bruk 97.
     
  3. Hestabakken ved Vosso ovanfor Bergslitræet. Han var utsteint i 1825. Johannes Ivarson og kona hans, Guri Larsdr., fekk feste 1860 på plasset. Ho var dotter åt L. Bergslien, nemnd ovanfor. Johannes var mange år kyrkjetenar og dreiv med dreiararbeid. Dei hadde desse borni: Kristense, Ivar, Lars, Eirik, Anna og Kirsti. Eirik Prestegard var fødd 1852, g. m. Ingjerd Andersdr. Kyte, og døydde 1900. Han var lenge paktar i Prestegarden. Anna, f. 1855, g. m. Odin Mohn, lensmann i Fana. Foreldri hans Johannes, Ivar Sveinson og Anna Johannesdr., hadde havt plasset tidlegare frå fyre 1830. Olav Amundsen fekk feste på jordstykket i 1928. Han er f. 1863 og er anleggsarbeidar.
     
  4. Skreddartræet. Det var på grensa millom innmarki og Prestegardsmoen. Ivar Olavson, f. 1807, g. m. Olaug Olavsdr., båe frå Ål i Hallingdal, budde der. Ho var mange år jordemor på Voss. Dei kjøpte stova av ein gamal smed, som hadde butt

--- side 156 ---

der. Stova vart seld då Ivar og Olaug døydde, og flytt til bruk 25 av Rogne. Ei dotter, Guri, var g. m. gardmann, Jørgen Bryn. Med Skreddartræet meinte dei i eldre tid både der jordamorhusi stod og lenger nordover sletta. Truleg har det butt ein skreddar der ein gong.

  1. Bruæ eller Bruplasset. Det var på austsida av Strandaelvi nedanfor Båbrui. Anders Ivarson f. 1814, g. m. Kirsti Andersdr., fekk feste 1860. Han dreiv mykje med treskoarbeid og var difor oftast kalla «Tresko-Andres». Plasset han hadde, høyrer til bruk 14 Råæ, som vart utskilt i 1885. På Bruplasset har vore husmann tidlegare og. Olav Søderman frå Sverike, f. 1842, g. 1874 m. Marta Olsdr. Eimstad, feste plasset etter Anders og bygde nye hus. Då militærvesenet fekk Råæ, kjøpte det husi som bustad åt uppsynsmannen på Tvildesmoen.
     
  2. Sauateigen. Han var ovanfor Storamyra på Lekve. Nils Johannesson Mølsterteigen, g. 1842 m. Elsebø Nikolaidr. Vangen fekk dette plasset og bygde på det. Ei remse som fylgde med plasset heitte Sauarovo. Nils fekk kongeskøyte på jordstykket i 1888. Knut Kvåle kjøpte eigedomen i 1892. Sjå vidare bruk 23.
     
  3. Eggjane. Halle Nilsson Prestegard, g. 1823 m. Anna Aslesdr. Hegg, feste dette plasset saman med hustuft i Strengjarhaugen, der Eirik Henjum no har feste, og likeins eit jordstykke der umkring. Sidan 1823 hadde han vore paktar i Prestegarden til dess prost Smitt kom, fekk då plasset og flytte stova si frå Prestegarden til Strengjarhaugen. Sjå vidare i stykket um tufter burtfeste på 99 år. Halle og Anna hadde desse borni som vart vaksne: Ingebjørg, Knut, Asle, Guri, David og Brynjulv. Ingebjørg, f. 1823, var g. m. skomakar Olav A. Ullestad, som budde nedanfor kyrkja. Knut, f. 1825, g. m. Margreta J. Rogne, var postførar. Asle, f. 1829, g. m. enkja Kristense A. Ringheim, gardmann på Ringheim og postførar. Guri, f. 1836, g. m. Johannes K. Finne, skulelærar og bankkasserar. David, f. 1838, g. m. enkja Ingebjørg A. Ringheim, handelsmann og hotelleigar på Vangen. Brynjulv, f. 1842, reiste til Amerika. Sjå vidare under burtfeste tufter.

Forutan dei som elles hadde tufter då på Prestegarden og ikkje er umtala under dei einskilde bruk, hadde Karl Olsen stovehus på tuft av Prestegarden på vestsida åt Ringheimsvegen midt fyre bruk 66. Han var frå Bergen, g. m. Mette

--- side 157 ---

Margrete og døydde 1867, 74 år gl. Dei hadde Borni: Olav, regnhattemakar i Bergen, Torstein, som i lang tid var ringjar i kyrkja, Petter, f. 1835, husmann på Bryn, Simon, f. 1825, handelsmann på Vangen, og Johan. Murar Anders Natvik kjøpte stovehuset og budde der til dess Statsbanane oreigna tufti då lokomotivstallen skulde byggjast. Sjå vidare bruk 60.

På husmannsplassi var det etter matrikkelen i 1865 10 mål åker, 3 mål eng og av natureng 19 mål god, 40 mål medels og 3 mål skrapebø. 3 mål var høvelegt til dyrking. Tilsaman sådde dei 4 tunnor korn, 2½ tn. potetor, avla 25 tn. korn, 20 tn. potetor, 949 våger høy, fødde 7 kyr, 3 ungnaut, 24 smalar og 1 hest. Ikkje hamnegang eller skog. Alt lettbrukt. Betre dyrka enn vanleg. Prost Smitt har i 1866 gjeve upp, at fire av plassmennene svarde årleg 34 mål slått, 18 mål skurd og 8 spd. i pengar.

Prestegardskvernane.

Kong Håkon den 6te har i diplom av 6. november 1365 (D N 1. nr. 385) pålagt Valthjof på Rogne å ta burt demma, som han hadde sett upp i elvi for å halda vatnet burte frå soknepresten sine kvernar på Tvildeslandet, so dei ikkje kunde brukast. Vidare er nemnt upp 6 menn som skal døma um plassen for kvernhuset. Matrikkelen av 1723 nemner ikkje kvern på Prestegarden, so då må det ikkje ha vore nokor. Heller ikkje har uppgåva av 1776 over kvernane nokor kvern på Prestegarden. I domen av 1733 som er umtala nedanfor, er nemnt Prestegardens kvernhustufter. Kvernhuset var soleis burte då, og berre tuftene synte.

Prestestølen.

Stølen åt Prestegarden var frå gamal tid Hangurshol'na på Hanguren. Ved ei åstadsak 1756 millom Ullestad og Mølster møtte sokneprest Ruus på vegne av Prestegarden som eigar av stølen Hangur. Sist Prestegarden brukte denne stølen skal vera i prost Smitt si tid. Han slepte hestane sine der, ei liti tid kvart år, for at stølsretten ikkje skulde missast, er det fortalt.

Som meldt um på Ytre Afdal etter brev frå 1455 (DN XVI nr. 187) har Torfinn Henrikson ved nemnde brev gjeve 5 mmb. i Øvre Afdal til Vangens prestebol med skogen som høyrde til. Ved utskiftingi 1904 på Afdal var dette brevet lagt fram,

--- side 158 ---

men det kom burt under åstadgonga. Prestegarden har teke denne eigedomen til støl.

Fleire gonger fram gjenom tidene har det vore prosess um denne stølen, som har beite saman med Ringheimsstølane nær grensa mot Vossastrand. Fyrste gongen er i 1706, då Olav Mikkjelson Hønningen (Hydningen) hadde bygt eit sel, som presten klagde over. Olav meinte det var på hans eigedom, ein skogteig, der det alltid hadde vore beita horn mot horn og klau mot klau. Det vart avgjort soleis, at beitet skulde skiftast og gjerde setjast upp. - - Presten stemnde i 1707 og 1708 Steffa M. Ringheim for ulovleg skoghogster og for 9 mrk. i skogleige han hadde fått av andre. Presten la fram kontrakt av 2. okt. 1627. Steffa påstod at presten hadde gjeve lov til andre meir enn det som kom på hans to tridjepartar. Etter vitne var førde, fall dom, som syner at presten hadde brote kontrakti ved å gjerda inn eit større træe, men hadde no fått hevd på det og fekk difor ha det. Steffa hadde brote kontrakti ved å gjeva andre lov til å hogga i skogen. Båe fekk pålegg um å halda seg etter kontrakti. Til slutt heiter det at Ringheimsmennene har rett på ein tridjedel av skogen, fureskog, never og beite. Ingen av partane bør bruka Afdals skog og beite utan «til lods» og ikkje lata framande bruka skogen.

Presten Chr. Weinwich og Arne Midt-Ringheim stemnde i 1723 løytnant Jens Nordahl, som då åtte og budde på Lekve, til å syna kva rett han hadde til å støla på Afdal. Nordahl meinte at han som eigar av 3 spann i Prestegarden hadde rett til det. Ved domen vart han fråkjend sovoren rett og pålagd alle sakskostnader.

Millom sokneprest Jørgen Harboe og Jens Nordahl var det åstadsak i 1732. Det var Nordahl som hadde stemnt. Retten var sett på Lekve den 25. august. Saki vedkjem mest heimeeigedomar, men då stølsrettar og er umtala, tek me likevel meldingi um saki her. Det gjeld for det fyrste 3 spann «smørs leie» i åker og eng, som skal høyra til Lekve av Prestegarden sin åker og engmark. Nordahl gjorde dessutan krav på ein teig «Axelspandet», påstod å ha noko rettar i «Moen», at Prestegarden ikkje åtte noko i Tungeteigen og heller ikkje hadde rett til å støla på Skjor, men berre på stølen Hangur. Rettsmøte vart haldne i fleire dagar. Det var ført vitne og halde grensegang for Prestegarden si innmark, og merkeskili vart

--- side 159 ---

retta. Nye merkesteinar vart sette, og det vart greidt ut um åkrar og slåtteteigar.

4. september 1732 vart sagt dom. Deri heiter det m. a.: Av ein heimtingsdom 25. april 1710 og lagtingsdom i Bergen 17. desember s. å. - - båe framlagde i original - går det fram, at 3 spann smør i Lekve i 1689 ved arv var kome til borni åt sokneprest Miltzow og «foruden at disse børn ikke er frakjendt deres odel, er, - for di disse 3 spand under Vangens Prestegaard indengjerds er beliggende og brugt, - tilkjendt rettigheder deraf, af daværende sogneprest, nu afgangne hr. Niels Weinwich, at svares. Men bemeldte laugtingsdom siger dog at de 3 spand (som da er vorden paasøgt af Vangens Prestegaard at faa udstenet og separeret) ved Prestegaardens brug skulde forblive og ikke derfrå adskilles, saasom de af alders tid af under Prestegaarden haver lagt og været brugt». Desse 3 spann hadde vore brukte både av Gjert Miltzow og av ettermennene i embetet inntil mag. Harboe vart sokneprest på Voss, imot at dei skulde svara vanleg bygsel-leige til Lekve. Løytnant Nordahl, som var gift med Gjert Miltzow si dotter, Kristense, påstod no at Harboe skulde bygsla desse 3 spann. Harboe vilde at dei skulde verta skilde ut frå Prestegarden og lagde til Lekve og hadde fått resolusjon 28. august 1731 frå stiftsbefalingsmannen, at det skulde verta «forsvarlig besigtigelse og skifte herudi mellem Prestegaarden og Lekve». Deretter hadde Nordahl stemnt for å få dei 3 spann Utskilde og dessutan ein teig kalla «Allehelgens- eller Axelspandet, hvilket stykke ager og engmark» Nordahl hadde fått skøyte på 24. april 1731 frå tidlegare kapellan Morten Ruus. Spursmål vedkomande utmarki vart og teke med under saki. To av vitni fortalde, at dei hadde høyrt at åkeren Øvre-Tyrlingen og Lekves-forskotet var komne frå Lekve bruk, men i domen er sagt at retten hadde ikkje fått «tilforladelig» upplysning um det.

Retten fann ut at Prestegarden brukte 26½ saldså åker. Derav skulde Nordahl for dei påstemnde 3 spann få 3¾ saldså, nemleg Tunåkeren (vestanfor bustadhuset åt Nordahl), Lekves-forskotet og austanfor det eit stykke av Leiråkeren. For 3 spann smørs engmark fekk Nordahl av Prestegarden den sokalla Lekvesmyri og engmarki som Prestegarden hadde brukt ovanfor Lekve. «Axelspandet» har visstnok høyrt til Prestegarden, heiter det, men etter di det fyrr er utsteina frå Preste-

--- side 160 ---

garden og Nordahl har skøyte på det, so får han bruka det. («Det vedkommer ikke denne sag», er det tilført.) «Al Moen fra nederst og øverst til Prestegaardens kværnhustufter og den der liggende store bro, alt under Lekveshammer, bør med hølen og fiskeriet alt til midterste dyb i Vosseelven» vera Prestegarden sin eigedom. - Det er vidare sagt i domen at Prestegarden har forutan Hangur havt «anpart i Bjerget» og havt sel på Skjor og må framleides «kunne bruge sine sælstufter og af stølsbruget det som tilforn har været brugt». Det vart upplyst av vitne, at stølen Hangur var ovanfor Skitset. - Tyrlingteigen høyrde til Prestegarden. - Tungeteigen skulde vera til «fælles brug» for Lekve og Prestegarden. - - Nordahl vart pålagd saks-kostnader. Prestegarden slapp det.

På Høyland var sett rettsmøte 19. juli 1759. Prost Ruus hadde stemnt Olav Jørgenson og Torgeir Torgeirson Tvinno, fordi dei hadde sett upp sel og byrja støla i stølsmarki åt Prestegarden. Under saki der gav dei upp retten til stølsbeite, og dom vart avsagd i samhøve med det.

26. juli 1890 tok det offentlege upp sak mot gardbrukarane på Litle Ringheim. Det hadde nemleg i lenger tid vore anka over at dei tok seg rettar i Prestegarden si stølsmark ved å hogga bjørk, dei krov halvparten av avgifti for Moldbakken og tok inn framande krøter i stølsmarki. Dom fall i 1892, som viser til forlik av 2dre oktober 1627 og segjer at dei innstemnde «kjendes uberettigede til at havne på deres nævnte støl Afdal med fremmede kreature», men skulde elles vera fri for tiltale. Saki kom for overretten som 22. april 1895 dømde, at «opsidderne på Lille Ringheim --- kjendes uberettigede til at have fremmede heste og fremmede kreaturer paa nævnte støl saavelsom til at disponere over stølen Moldbakken i Øvre Afdal». Elles skulde dei vera fri for tiltale.

Ved overutskifting på stølen Øvre Afdal 30. juli 1904 har dei tri Ringheimsmenn som har støl saman med Prestegarden, i samhøve med dom fått utskift åt seg ialt tridjeparten av bjørkeskogen. Grensa mot Nedre Afdal vart for det meste etter den tinglesne forretningen frå 1841 um merki.

Prestegarden, bruk 1, var fyrr mtrnr. 48, Lnr. 105 a med gamal skyld 6 laup 2 pund 6 mark. Når Tyrlingen ikkje er medrekna, var den ureviderte skyldi 12 dalar 4 ort 19 skill., den reviderte 12 dalar 1 ort 2 skill. Ny skyld mark 19,25. Etter at bruk 104 er skilt frå i 1931, er skyldi mark 8,01.

--- side 161 ---

Tufter og småbruk av Prestegarden.

Garden Tyrlingen, gnr. 229, vart skild frå Prestegarden i 1860 og selt i 1863 for 675 spd. 93 skill. til Olav Sjurson Tyrlingen. Elles er det til med 1931 skilt frå Prestegarden noko over 100 bruk som er upprekna her nedanfor.

Bruk 2. Rosenvang. Det er utskilt 1888 frå bruk 1 med skyld 10 øre, som er sett ned til 5 øre då bruk 35 og 42 var skilde frå. Apoteket er på bruk 2. Sjå vidare um denne eigedomen tuft 89 på Gamle Vangen.

Bruk 3. Vossavangen, skyld 2 øre. Odd Mølster kjøpte denne tufti i 1888, selde henne 1891 til Hans Dykesten. Tufti har sidan fylgt med tuft 32-36 av Ålmenningen, som Voss Sparebank eig.

Bruk 4. Midttun, skyld 6 øre. Eirik T. Kvåle feste denne eigedomen og bygde tohøgda bustadhus, som N. Andersen seinare kjøpte. Grunnen kjøpte Andersen i 1888. Han driv skomakarverkstad og var i mange år skomakarsersjant på Tvildesmoen. Han er f. 1859, g. 1889 m. Sigrid Knutsdr. Øvsthus og andre gongi 1909 m. Guri Aslesdr. Skiple. Sonen Hans fekk eigedomen i 1900.

Bruk 5. Vossavangen, skyld 2 øre. Ivar Himle fekk 1888 kongeskøyte på denne tufti som tillegg til bruk 17.

Bruk 6. Vossavangen, skyld 4 øre. Fotograf Herman v. d. Fehr ervefeste tufti 1882, bygde bustadhus med atelier og fekk 1888 kongeskøyte på tufti. Faren, Johan v. d. Fehr, overtok eigedomen i 1890, men let att 1899 til sonen Johan v. d. Fehr. Per Bråten kjøpte so i 1918. Heile tidi har det vore drive fotografforretning og sidan 1915 dessutan tobakks- og kortevarehandel. Bråten er f. 1893 og g. m. Margit Viljugrein.

Bruk 7. Vossavangen, skyld 5 øre. Olav M. Nesthus feste tufti, bygde hus og fekk 1888 kongeskøyte på henne. Han dreiv lenge fargeri her. Han er f. 1860, g. m. Pernille Larsen.

Bruk 8. Vossavangen, skyld 1 øre. Lars O. Ringheim fekk ervefeste på tufti, bygde uthusbygning og fekk 1888 kongeskøyte på tufti. Sjå vidare tuftene 44, 45, 46, 51 av Ålmenningen.

Bruk 9. Vossavangen, skyld 12 øre. Knut O. Kronstad kjøpte denne eigedomen i 1888, skilde ifrå i 1890 bruk 36 og i 1911 bruk 73. Skyldi vart so 3 øre på bruk 9. Knut Kronstad

--- side 162 ---

bygde uthus på eigedomen og let han 1917 til sonen Anders. Overrettssakførar K. Tønneberg kjøpte eigedomen i 1918, Voss Trevarefabrik i 1919 og Hordaland Meieri i 1922. Eigedomen vart i 1925 lagt saman med bruk 98 og 53.

Bruk 10. Skogateigen, skyld 43 øre. Medan Prestegarden åtte denne teigen heitte øvre parten Pilateigen og nedre parten Skogateigen. Overrettssakførar A. Schanke kjøpte denne eigedomen i 1888. I 1914 vart utskilt bruk 76. Skyldi på bruk 10 er deretter 3 øre.

Bruk 11. Skogateigen, skyld 56 øre. Sjur A. Ullestad kjøpte eigedomen i 1888. Sonen, Anders S. Ullestad, fekk han i 1908 og bygde bustadhus der. Han er f. 1868, g. m. Margit G. Rogne og har borni Gudrun, Sigvor og Einar. Gudleik er død. Sjå bruk 74 og 76.

Bruk 12. Vossavangen, skyld 24 øre. Voss Sparebank kjøpte eigedomen i 1890 som tillegg til tuft 32-36 av Ålmenningen. Etter at bruk 93, 103 og 104 var fråskilt, er skyldi på bruk 12 8 øre.

Bruk 13. Vangsly, skyld 43 øre. Lars Kindem kjøpte eigedomen i 1890, fekk i 1891 skilt frå bruk 40, 41, og lagt til bruk 34 og gardsnr. 255 bruk 5 og 6 (tuftene 16-25 av Ålmenningen). Skyldi var deretter på bruk 13 47 øre. I 1904 vart fråskilt bruk 63, i 1908 bruk 70, i 1910 bruk 72 og 1913 bruk 75. Bruk 72 vart i 1923 lagt til bruk 13 att, som då hadde i skyld 22 øre. Lars Kindem bygde bustadhus på bruk 13 i 1891 og budde der til 1910, då fylkeslækjar Birger Lærum kjøpte det og bruk 13 og i 1923 bruk 72. Lærum er f. 1872, g. m. Olly Treu og har borni Didrik, Henriette, Adler, Birger, Fridtjov og Johan. Medan Prestegarden åtte dette jordstykket var det åker der, og han heitte Nere-Tyrlingen. På flaten ovanfor var Øvre-Tyrlingen. Sjå vidare um Kindem på bruk 91 og 116 av Lekve og tuftene 16-25 av Ålmenningen.

Bruk 14. Råæ, skyld 47 øre. Denne teigen ligg på Tvildesmoen austum Båbrui. Utskilt i 1885 frå bruk 1 og ved makebyte late til militærvesenet, som i staden gav upp retten sin til den gamle eksisplassen på Prestegarden. Elveretten vart i 1896 fråskilt og late til jarnbanen som bruk 46 Råæ med skyld 3 øre. Skyldi på bruk 14 var deretter 44 øre.

Bruk 15. Vossavangen, skyld 4 øre. Simon Karlsen Olsen ervefeste denne tufti 1882, bygde bustadhus med krambu og

--- side 163 ---

dreiv vanleg landhandel og bakeri. Simon var f. 1825, g. 1869 m. Anna Klasdr. Skjeldal og hadde borni Margreta, Anna, Karl og Kristina. Enkja og borni heldt fram med forretningen fleire år, men slutta seinare. Margreta og Anna har no eigedomen og har brødutsal og strikkeforretning. Sjå um S. Olsen på bruk 66. Strengjaråkeren heitte det tidlegare der bruk 15, 27, 4, 31, 30 og 67 no er.

Bruk 16. Vossavangen, skyld 2 øre. Ragnhild K. Kvåle ervefeste denne tufti 1882 og fekk bygt bustadhus. Broren, Lars Kvåle, kjøpte eigedomen i 1887, Johannes B. Lidsheim i 1889, sonen Bjarne Lidsheim i 1892, bror hans, Endre Lidsheim i 1894 og Jakob Skorve i 1900. Han dreiv brusfabrikken Fram der til 1917, då L. Teigland kjøpte og flytte han til bruk 71 av Lekve. Frøken Kluck kjøpte eigedomen og har konditori der. I huset er dessutan tannlækjarforretning og Lidsheims barberforretning.

Bruk 17. Vossavangen, skyld 2 øre. Ivar Himle ervefeste tufti i 1882, bygde bustad- og forretningshus og hadde kolonial-, korn-, mjøl- og feitevareforretning. Seinare flytte han forretningen til bruk 43. Sjå og bruk 5, 49, 89. Ivar Himle er f. 1855 og var g. m. Anna Olavsdr. Tvilde.

Bruk 18. Skyld 2 øre. Lagt saman med bruk 6 i 1891.

Bruk 19. Kvalheim ved Lekvesvegen, skyld 5 øre. Torbjørn A. Kvåle ervefeste tufti i 1882 og bygde der. I 1911 fekk han tufti utvida med bruk 65, som han ervefeste. Heile skyldi vart då 8 øre. Torbjørn Kvåle var snikkar og mange år lærar i arbeidsskulen for gutar. Han var f. 1842 og g. m. Kari Styrksdr. Uppheim. Torbjørn døydde 1923, og Guro G. Uppheim har no eigedomen.

Bruk 20. Vossavangen, skyld 1 øre. Fargar Jon Olsen ervefeste denne tufti 1882 som tillegg til tufti 41 av Ålmenningen. I 1931 var skilt frå til bruk 103, Jonstad, og til bruk 104, Tingstad, båe utan skyld.

Bruk 21. Vossavangen, skyld 1 øre. Sjå tuft 91 av Ålmenningen.

Bruk 22. Forsøket, skyld 11 øre. Forstmeister A. T, Gløersen kjøpte det 1878, skilde ifrå bruk 37, 38, 39 og 48. Resten av eigedomen, som då fekk 3 øre i skyld, kjøpte Voss Ungdomslag og bygde Ungdomshallen i 1897. Laget held der møti sine. Hallen er mykje brukt til større og mindre møte, fore-

--- side 164 ---

drag, konsertar, skodespel, kinoframsyningar o. 1. I kjellaren har bladet «Hordaland» prenteverket sitt. Sjå bruk 55 av Lekve. Forsøket var namnet på eit træe, der bruk 38, 39, 47 og 48 no er. Det er fortalt, at namnet har sitt upphav frå, at ein av dei tidlegare prestar vilde «forsøke» å gjerde inn dette jordstykket. Fyrr høyrde det visst til den gamle eksisplassen. I prost Munster si tid stod her nokre store raunar og under dei eit hellebord. Prestefolket sat stundom og drakk kaffi der, er det fortalt.

Bruk 23. Sauateigen, skyld 51 øre. Eigedomen var skilt frå Prestegarden i 1875. I 1887 vart frå bruk 23 utskilt 4 øre i skyld og lagt til gardsnr. 49, bruk 4. Nils Mølsterteigen hadde butt i lang tid som husmann på Sauateigen og fekk i 1888 kongeskøyte på bruk 23. Han selde i 1892 til Knut T. Kvåle, som bygde nye hus. Han hadde snikkarverkstad på bruk 33 og dreiv i lang tid med husabyggjing på Voss og andre stader til han døydde 1909. Han var f. 1851 og g. m. Katrina Nilsdr. Kvarme. Dei hadde sønene Torgeir og Nils. Katrina Kvåle kjøpte i 1920 av Voss herad bruk 154 av Lekve, som ligg innåt bruk 23. I 1927 vart fråskilt bruk 99. Skyldi på bruk 23 var deretter 37 øre. Sonen Nils fekk i 1927 skøyte på bruk 23 saman med bruk 119 og 154 av Lekve og bruk 80 av Rogne.

Bruk 24. Eggjabakken, skyld 58 øre. Eigedomen vart utskild i 1875 og enkja etter klokkar Torbjørn Sæve, Elen Ragnvaldsdr., bygde seg hus der. Ho fekk kongeskøyte på eigedomen i 1891. Torbjørn og Elen hadde borni Ragnvald, Ingjerd, Maria, Elisa, Olav, Knut, Anna og Marta. Ragnvald fekk eigedomen. Han var f. 1859, var fyrst lærar og seinare stasjonsmeister på Dokka, og døydde 1933. I 1917 vart fråskilt bruk 85. Skyldi vart so 42 øre på bruk 24.

Bruk 25. Litle Mølster, skyld mark 1,20. Eigedomen vart utskild 1875 og Odd Mølster fekk kongeskøyte på han 1887. Odd Mølster var f. 1835, g. m. Barbrå Larsdr. Eggjane og var lang tid kasserar i Voss Sparebank. Sonen Anders Mølster fekk garden i 1913. Han kjøpte i 1917 ein teig av gardsnr. 47, bruk 125, skyld 30 øre, som ligg innåt garden hans. Anders er f. 1878 og g. m. Kristense Andersdr. Ringheim.

Bruk 26. Prestegarden, skyld 5 øre. Urmakar Brynjulv Hefte ervefeste tufti 1887 og bygde hus der. Han var f. 1833, g. 1861 m. Maria Knutsdr. Haga, var underoffiser, urmakar og fele-

--- side 165 ---

spelar. Hefte selde huset til Ola Person Berge som i 1895 fekk kongeskøyte på tufti. Gustav Skeie kjøpte eigedomen 1903 og dreiv urmakarverkstad og krambuhandel med klokkor. Knut A. Opheim kjøpte eigedomen på auksjon i 1926 og har halde fram med same slag forretning og sal av sylvvaror. Han er f. 1895, og g. m. Anna Helgesdr. Seim.

Bruk 27. Prestegarden, skyld 1 øre. Simon Karlsen Olsen kjøpte denne tufti innåt eigedomen sin, bruk 15.

Bruk 28. Vossavangens Meieri, skyld 5 øre. Det vart utskilt 1887. Vangens Meieri fekk i 1888 kongeskøyte, bygde meieri og dreiv meieriforretning der nokre år. I 1904 leigde Olav Honve eigedomen, heldt fram med meieriet og kjøpte seinare eigedomen. Olav Honve er f. 1867 og g. m. Maria Halldorsen. Skrumphusteigen heitte teigen fyrr, der det gamle gymnastikkhuset og meieriet no er og vidare uppover.

Bruk 29. Prestegarden, skyld 1 øre. Gjert Jæger feste denne tufti i 1887 og bygde pakkhus på henne.

Bruk 30. Brekke, skyld 7 øre. Skomakar Jørgen Brekke ervefeste denne tufti 1889 og bygde tohøgda bustadhus. Han selde til distriktslækjar Jonas Frost, som i 1898 fekk kongeskøyte på jordstykket. Sonen dokter Finn Frost har no eigedomen. Huset vart flytt noko sørover då dei bygde Eidesbanen. J. Frost var f. 1850, g. m. Ursula Petersen og døydde 1923. Dei hadde 10 born: Kirsten, f. 1886, Sigrid, f. 1888, Gunnar, f. 1889, Finn, f. 1891, Ursula, f. 1892, Dorotea, f. 1894, Birgit, f. 1895, Erlend, f. 1896, Aslaug, f. 1899 og Herdis, f. 1900. Kirsten er g. m. Kristian Hansen, bankmann i Montana, Amerika. Sigrid er telegrafist. Gunnar døydde 1904 og Erlend 1897. Finn er dokter på Voss og g. m. Dagmar Foss. Ursula er g. m. fullmektig Olav Ness. Dorotea er g. m. Peter Knoph. Birgit er g. m. lærar Fridtjov Seim. Aslaug er g. m. Vilhelm Refsing, dei er båe i postverket i Oslo. Herdis er g. m. journalist Theodor Bernhoft-Osa.

Bruk 31. Midttun, skyld 7 øre. Skomakar N. Andersen fekk skøyte i 1889 på denne eigedomen, som ligg ved sida av bruk 4.

Bruk 32. Prestegarden, skyld 29 øre. Per Melvær fekk kongeskøyte på det i 1890, selde det 1895 til Lars Kronstad. Bruk 52 vart skilt frå i 1900 og bruk 53 i 1917. Resten vart 1917 saman med bruk 9 selt til Anders Kronstad og har sidan fylgt med dette bruket.

--- side 166 ---

Bruk 33. Prestegarden, skyld 8 øre. Byggmeister Knut Kvåle fekk i 1890 kongeskøyte på dette stykket og bygde snikkarverkstad der. Maskinone vart drivne med elektrisk drivkraft. Sjå vidare bruk 23. Bruk 34 vart skilt frå i 1890 og bruk 55 i 1904. Skyldi på bruk 33 var deretter 2 øre. L/l Voss Trevarefabrikk kjøpte eigedomen i 1919. Lutmidelen var 170 000 kronor og Nils K. Kvåle var disponent. Hordaland Meieri kjøpte eigedomen i 1923 og selde att til Ivar Lydvo som no driv snikkarverkstaden. Han er f. 1892, g. m. Astrid Lunde.

Bruk 34. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 33 og lagt til bruk 13.

Bruk 35. Postgard, skyld 3 øre. Framhald tuft 90 på kartet.

Bruk 36. Prestegarden, skyld 3 øre. Denne tufti var utskild 1890 og Knut Kronstad selde henne til Ola P. Berge, som bygde tohøgda bustadhus. Han selde eigedomen til Anders K. Rokne, som hadde han nokre år, og selde att til Brynjulv Ringheim. Umlag 1904 flytte han huset til bruk 56 og selde tufti 1906 til Lars Hustveit som saman med ti andre bygde hestestall på tufti. L/l Voss Trevarefabrikk kjøpte deretter i 1920 og selde 1922 til Hordaland Meieri. I 1925 vart skilt frå bruk 98. Skyldi på bruk 36 er no 2 øre.

Bruk 37. Fortun, skyld 3 øre. Utskilt 1890 frå bruk 22. Johannes B. Væte hadde tidlegare fått feste og bygt bustadhus. Han selde til Eiliv Rene, som dreiv kolonialhandel. Olav N. Gjøstein kjøpte so husi og fekk 1897 skøyte på tufti frå Gløersen. Gjøstein hadde handel med kortevaror, papir, bøker og leikety. Enkja heldt fram med handelen og har dessutan møbelhandel i eit hus som er bygt innåt det gamle. På denne tufti stod fyrr den eine teltbui. Olav Gjøstein var f. 1861, g. m. Marta Klasdr. Kvåle, døydde 1921 og hadde 6 born: Ingebjørg f. 1894, Anna f. 1895, Nils f. 1897, Kristian f. 1899, David f. 1901, Anders f. 1902 og Klas f. 1904. Kristian er g. m. Ragna Bjørke og David er g. m. Anna, Melstveit. Nils har automobilforretning i Oslo og Klas er kunstmålar. Marta Gjøstein, f. 1867, døydde 1933, og borni har no forretningen og eigedomane bruk 37 og 58.

Bruk 38. Midtgard, skyld 2 øre. Utskilt 1891 frå bruk 22 og selt til Lars L. Grove. Han bygde forretnings- og bustadhus og hadde manufaktur- og kolonialhandel. O. Loven d. e. kjøpte eigedomen i 1908 og Olav Loven d. y. i 1925, som båe har halde fram med same slag forretning. O. Loven d. e. var f. 1870 i Aurland, g. m. Ragna Onstad og hadde borni Lars, Sigurd,

--- side 167 ---

Kristina, Solveig, Øyvind og Synneva. Olav Loven d. y. er f. 1899, og g. m. Anna Olavsdr. Sausjord.

Bruk 39. Utsikten, skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 22 og selt 1897 til Sjur Fadnes. Same året vart det lagt til eit stykke, skilt ut frå bruk 47, men utan skyld. Sjur Fadnes hadde tidlegare fest tufti og flytt Kjellers Hotell dertil frå Ullestad. Han selde at 1899 til Eirik Oddson Himle. Gabriel Gudim kjøpte eigedomen 1900 og hadde pensjonat. L/l Voss Avhaldskafé, skipa 1899 med lutmidel 2000 kronor, leigde hus hjå Gudim og dreiv kafé. Laget kjøpte eigedomen 1913, umbygde og utvida noko i 1915 og fekk i 1922 bygt nytt hus attanfor det andre med festsal i 2dre høgdi. Kafeen har frå 1899 til 1930 havt ein samla umsetnad av umlag 1 million kronor. Til avhaldsarbeidet har i den tidi vore ytt kr. 6520,00 og til ymse andre fyremål kr. 5800,00. Det fyrste styret var klokkar J. Skjerven, formann, N. J. Finne, Lars Grove, Mons Hamre og pastor Ivar Hesselberg. No er det David Bakketun, formann, Anders Ullestad, Lars Grove, Nils O. Bjørku og David Gjerme. I 1ste høgdi er prenteverket og bladstova åt «Horda Tidend».

Bruk 40. Prestegarden, skyld 2 øre. Utskilt 1891 frå. bruk 13. L. Kindem bytte denne tufti uti stalltufti, bruk 6 på Ålmenningen til Torstein Herre og fleire, som har hestestall på bruk 40.

Bruk 41. Prestegarden, skyld 2 øre. Utskilt 1891 frå bruk 13 og bytt uti stalltufti, bruk 5 på Ålmenningen til Ivar Gjøastein og fleire som har hestestall på bruk 41.

Bruk 42. Rosenvang, skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1892 og fest til Gjert Jæger. Framhald tuft 53 på Ålmenningen.

Bruk 43. Prestegarden, skyld 2 øre. Ivar Himle fekk kongeskøyte på eigedomen i 1898, bygde tohøgda forretningshus og flytte handelsforretningen dertil frå bruk 17. Olav L. Tvilde overtok forretningen og eigedomen 1928. Sjå bruk 17, 49 og 89. På denne tufti stod fyrr den eine teltbui. Olav Tvilde er f. 1879, g. m. Kari Nilsdr. Selheim.

Bruk 44. Jernvang, skyld 9 øre, Sjå tuftene 94-96 av Prestegarden, side 136.

Bruk 45. Rognsfossen, skyld 17 øre. Utskilt 1896 og late til arbeidsdepartementet.

Bruk 46. Råæ, skyld 3 øre. Utskilt 1896 frå bruk 14 og late til Statsbanane.

--- side 168 ---

Bruk 47. Midtgard, utan skyld. Utskift 1897 frå bruk 39 og selt til Lars Grove. Han selde det 1920 til Voss Avhaldskafé, bruk 39.

Bruk 48. Forsøket, skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 22 i 1898, og selt til Sjur Fadnes.

Bruk 49. Prestegarden, skyld 1 øre. Ivar Himle fekk kongeskøyte på det i 1898, samstundes med bruk 43. Olav L. Tvilde kjøpte eigedomen 1928. Sjå og bruk 89.

Bruk 50. Folkvang, skyld 4 øre. Olav Ullestad kjøpte det 1897, bygde bustad- og forretningshus og har manufakturforretning. Han vart underoffiser i 1898, vart sidan fanejunkar og kompanisjef og vart utnemnd til kaptein i 1921. Olav Ullestad er f. 1872, g. m. Brita Larsdr. Ringheim. 8 born: Leiv, Kirsti, Gudrun, Sigurd, Borghild, Hjørdis, Ivar og Olav. J. Kvarme har skomakarverkstad og krambu, Knut K. Opheim gullsmedforretning og Guri Seim har systove i huset åt Ullestad.

Bruk 51. Enkjeheimen, skyld 4 øre. Voss Enkjeheim fekk skøyte på tufti 1900 og bygde tohøgda hus i staden for det gamle som var på tuft 70 av Ålmenningen. Sjå bruk 101 og stykket um Enkjeheimen.

Bruk 52. Prestegarden, skyld 15 øre. Fråskilt bruk 32 i 1900 og skøytt til Statsbanane.

Bruk 53. Prestegarden, skyld 13 øre. Lars Kronstad kjøpte eigedomen i 1890, selde han 1899 til David Hustveit, som selde att 1915 til Nils Kvåle. Voss Trevarefabrikk kjøpte eigedomen 1919 og bygde ein bustadbygning av tre og ein stor murbygning. Hordaland Meieri kjøpte eigedomen 1922 og innreidde meieri og ysteri i murbygningen. I trebygningen er postkontor sidan 1917 og kafé. Eigedomen er i 1925 lagt saman med bruk 9 og 98.

Bruk 54. Central, skyld 6 øre. Ivar Opkvitne og Sjur Fadnes ervefeste denne tufti i 1903 og bygde bustadhus. I 1907 vart fråskilt bruk 69 og i 1909 bruk 71. Deretter vart det 1 øre i skyld på bruk 54. Gudleik Bø kjøpte eigedomen 1907, Mons Hamre 1914 og Knut J. Vassenden i 1920.

Bruk 55. Smedstad, skyld 2 øre. Knut Kvåle bygde tohøgda verkstadhus med smideverkstad i 1ste høgdi. Broren Ivar Kvåle dreiv mange år smideverkstaden. I 1904 vart tufti utskilt frå bruk 33 og eigedomen seld til Hans Vik, som har drive verkstaden sidan 1899. Han har smidemaskinor drivne med

--- side 169 ---

elektrisk kraft og arbeidde ei tid mykje med Vossakjerror. Sjå bruk 75. Han er f. 1872, g. m. 1. Olina, 2. m. Marta Åmundsdr. Prestegard. Knut R. Nestås har leigt 2dre høgdi sidan 1919, der han har mekanisk snikkarverkstad med elektrisk drivkraft. Han arbeider mykje med hjul- og køyregreidor og svingtropper. Sjå vidare under burtfeste tufter side 175.

Bruk 56. Lavtun, skyld 3 øre. Brynjulv Ringheim ervefeste tufti 1904 og flytte dertil huset frå bruk 36. Han er f. 1858, g. m. Elisabet Eiriksdr. Eide og har borni: Kristi, Anders, Eirik, Kristense, Asle. Knut og Anton. Per Ringheim kjøpte eigedomen 1912 og dreiv kolonial- og jarnvareforretning som enkja held fram med. Sjå bruk 6 Indre Ringheim. Systerne Ingebjørg og Synneva Ringheim har kjøpt eigedomen og driv kafé der. Ingebjørg er f. 1892 og Synneva 1893. Mattis O. Mølster, f. 1896, har elektrisk forretning og Edv. Røynstrand har tannlækjarforretning der.

Bruk 57. Kjødnatun, skyld 4 øre. Lars H. Vinsand ervefeste tufti 1904, bygde bustadhus og dreiv skreddarverkstad. Frøken Nikoline Gjertsen kjøpte eigedomen 1915 og har kolonial- og feitevareforretning.

Bruk 58. Kjødnaheim, skyld 4 øre. Skreddar Anders Dagestad ervefeste tufti 1904 og let henne til Olav N. Gjøstein. Sjå um han på bruk 37. Enkja hans har i 1928 fått bygt tohøgda murhus. I huset er Voss Utstyrsforretning, Hermansens barberforretning, fru Karen Daleruds tannlækjarforretning og kontor åt l/l Trelastforretningen og Daleruds meklar- og agenturforretning.

Bruk 59. Eldorado, skyld 5 øre. Ingvald Nesheim ervefeste tufti 1904 og bygde tohøgda bustad- og forretningshus. Han dreiv som tannlækjar og frua hadde manufaktur- og kortevarehandel. Der er kafé, frk. Jeanette Vinje har papirforretning og Borgtor Gjerde tannlækjarforretning i huset. Ingvald Nesheim var son åt distriktslækjar Torstein Nesheim, var f. 1865, g. m. Kristina K. Takla og døydde 1925. 5 born: Teodor, f. 1891, farmar i Amerika, Ingebjørg, f. 1897, g. m. heradskasserar Åmund Gjersvik, Alice, f. 1899, Emma, f. 1901, g. m. Lars D. Hustveit, handelsmann på Vangen, og Egil, f. 1906.

Bruk 60. Natvikshaugen på Strengjarhaugen, skyld 2 øre. Anders Natvik ervefeste tufti 1904 og bygde bustadhus. Han var f. 1841, g. m. Ragnhild Nilsdr. Sponheim og døydde 1912.

--- side 170 ---

Dei hadde borni: Ingjerd, f. 1869, g. m. målar Knut G. Midttun, sjå bruk 47 av Lekve, Nils i Amerika, Marta, f. 1879, g. 1. m. urmakar Anders Opkvitne, 2. m. lokomotivførar Olaus Hedenstad, sjå bruk 76 av Lekve. Urmakar Anders K. Midttun kjøpte eigedomen i 1917 og bur der. Han er f. 1891 og g. m. Marta Davidsdr. Hustveit.

Bruk 61. Nyheim, skyld 4 øre. Jørgen Brekke ervefeste tufti 1904 og bygde tohøgda bustad- og forretningshus. Han selde eigedomen til sonen Henrik Brekke i 1911. Ludvig Danielsen kjøpte 1918 og selde att 1922 til Henrik Brekke. Alle har drive skomakarverkstad og krambu for skoty. Jørgen Brekke, f. 1849, g. m. Guri Nilsdr. Bolstad, hadde borni Ingebjørg, Anna, Henrik, Marta, Nils, Maria, Helena, Anders og Guri. Ingebjørg, f. 1878 er g. m. Ludvig Danielsen. Anna er død ugift. Marta, f. 1883 har modeforretning i huset. Nils, sjå bruk 31 av Lekve. Helena, f. 1889, er g. m. skomakar Johannes Soldal. Anders er i Amerika. Guri, f. 1892 er g. m. konduktør Knut Almenningen. Henrik, f. 1881, er g. m. Anna Arnfinnsdr. Lydvo. Postkontoret var i huset åt Brekke frå 1904 til 1917.

Bruk 62. Olavstad, skyld 5 øre. Olav Gjøstein ervefeste tufti 1904, bygde stort forretningshus og dreiv hotell i 2dre og 3dje høgdi. Voss Handelslag kjøpte eigedomen 1916 og driv handel med kolonial-, manufaktur-, mjøl- og jarnvaror o. m. I same huset er og Lyder Olsen's urmakarforretning, Voss Handelsbakeri og Voss Kaffistova. Sjå bruk 80.

Bruk 63. Brandstasjonen, skyld 1 øre. Utskilt 1904 frå bruk 13 og selt til Vossavangens Bygningskommune, som då utvida huset for brandreidskap.

Bruk 64. Prestegarden, skyld mark 1,94. Statsbanane oreigna denne eigedomen i 1903 til utviding av Voss stasjonstuft.

Bruk 65. Kvalheim, skyld 3 øre. Torbjørn Kvåle ervefeste tufti 1905. Framhald bruk 19.

Bruk 66. Strengjartun, skyld 3 øre. Simon Karlsen Olsen bygde her tohøgda hus ikring 1860, dreiv skomakarverkstad og seinare landhandel. Då han fekk bruk 15, flytte han dertil og selde seinare huset på bruk 66 til Sivert Nagell, som fekk ervefeste på tufti i 1905. Nagell dreiv hattemakararbeid. Sjå vidare bruk 162 av Lekve. Konduktør Johannes Johnsen kjøpte eigedomen 1917. Han var g. m. Olga Sofie og døydde 1932.

--- side 171 ---

Bruk 67. Frosta, skyld 4 øre. Distriktslækjar Frost ervefeste denne eigedomen 1907 som tillegg til bruk 30.

Bruk 68. Hvidsten ved Rognsbakkavegen, skyld 2 øre. Svein L. Ullestad bygde stovehus her og dreiv som skomakar. Skomakar Hvidsten kjøpte huset, budde der ei tid og selde so til Jon Kvarme. Han ervefeste tufti i 1907. Huset har vore påbygt av Hvidsten og Kvarme. Svein Ullestad f. 1845 var gift 1867 med Ingebjørg Nilsdr. Lillegraven og hadde borni: Eli,


Bilete 27. Rognsbakkane, nedre parten ikring 1880. Fot. Johanne Skagen.
Bilete 27. Rognsbakkane, nedre parten ikring 1880. Fot. Johanne Skagen.

Maria, Marta, Ingebjørg og Lars, f. 1867-1879. Jon Kvarme, f. 1877, var gift fyrst med Anna T. Skjerve og deretter med Brita Helgesdr. frå Evanger.

Bruk 69. Nyborg, skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 54 i 1907 etter at Opkvitne og Fadnes hadde bygt tohøgda hus der. Torgils Lekven kjøpte eigedomen 1907, selde han 1911 til Johannes Ygre, som i 1914 makebytte med Johannes Guttormson uti ein eigedom på Kongsberg. Nils Bergo kjøpte bruk 69 i 1915 og har manufakturforretning. Han er f. 1877. Olav Thue har kolonialforretning i huset.

Bruk 70. Kirkevang, skyld 15 øre. Utskilt frå bruk 13 i 1908 og selt til David Hustveit. Framhald tuft 16-25 på Ålmenningen.

Bruk 71. Central II, skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 54 i 1907. Opkvitne og Fadnes kjøpte huset på tuft 72 på Gamle Vangen og flytte det til bruk 71 av Lekve. Johan By kjøpte eige-

--- side 172 ---

domen i 1910 og Lars L. Grove i 1915. Han har manufakturforretning. Der er og musikkhandel og handel med elektrisk materiell i huset. Lars Grove er f. 1853 og g. m. Ingebjørg Gitlesdr. Opeland. Lærar A. G. Kløve kjøpte eigedomen i 1933.

Bruk 72. Kyrkjebø, skyld 5 øre. Utskift i 1910 frå bruk 13 og selt 1923 til distriktslækjar Lærum. Sjå bruk 13.

Bruk 73. Nedre Kronstad, skyld 6 øre. Utskilt frå bruk 9 i 1911. Knut Kronstad let sonesonen Håvard Kronstad få denne eigedomen i 1912. Han selde i 1919 til Voss Veksel- og Landmandsbank, som fekk rive dei gamle husi og bygt nye i staden i 1923. Sjå tuft 99 og 100 på kartet. Voss Glasmagasin har sin forretning der.

Bruk 74. Vangstun, skyld 2 øre. Voss Avhaldskafé ervefeste denne tufti 1911, let henne til Brynjulv Styve, som bygde forretnings- og bustadhus og hadde bok- og papirhandel. Jon Dale og Anders Ullestad kjøpte eigedomen og forretningen i 1922. Dei kjøpte prenteverk og Anders Ullestad overtok alt åleine i 1928 og held fram med forretningen. Sjå bruk 11 og 87. I huset er Hardanger Fruktforretning, kontoret åt Vossavangens Bygningsstyre og Elektrisitetsverk og systova åt Sisselja Dagestad.

Bruk 75. Viksland, skyld 4 øre. Utskilt frå bruk 13 i 1913 og selt til Hans Vik, som bygde stovehus der. Eigedomen ligg ved sida av bruk 55.

Bruk 76. Solfeng, skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 10 i 1914 og selt til Anders S. Ullestad. I 1915 vart fråskilt bruk 78 og i bruk 79. Deretter var skyldi 28 øre på bruk 76. Sjå vidare bruk 11.

Bruk 77. Horg på Strengjarhaugen, skyld 2 øre. Telegrafuppsynsmann A. Horg ervefeste tufti 1915 og fekk bygt bustadhus. Han selde eigedomen 1918 til frøken Johanne Ameln, som er f. 1867 i Bergen. Sjå bruk 88.

Bruk 78. Trudvang ovanfor jarnbanestasjonen, skyld 8 øre. Utskilt frå bruk 76, og selt 1916 til dyrlækjar Haga, som fekk bygt bustadhus. Kjøpmann Johan Rogge, Bergen, kjøpte eigedomen 1917, gullsmed E. Bergesen 1919, prost Eiesland og frøken Steen 1926 og lektor Kr. Starbo i 1930. Han er styrar av millomskulen, f. 1889 og g. m. Dagny Berg.

Bruk 79. Fagerheim ovanfor jarnbanestasjonen, skyld 4 øre.

--- side 173 ---

Utskild frå bruk 76 i 1915 og selt til lokomotivførar Joh. Kristiansen, som fekk bygt bustadhus, og selde eigedomen i 1923 til lokomotivførar Jakob Skorve. Han er f. 1893 og g. m. Margreta Kleppe.

Bruk 80. Folkvang, skyld 4 øre. Voss Handelslag ervefeste 1916 denne eigedomen, som ligg ved sida av deira bruk 62. I 1930 vart fråskilt bruk 101. Deretter var skyldi på bruk 80 3 øre.


Bilete 28. Vossagata ved Torget 1933. Fot. P. Braaten.
Bilete 28. Vossagata ved Torget 1933. Fot. P. Braaten.

Bruk 81. Bolstad ved Rognsbakkavegen, skyld 3 øre. Nils Bolstad feste tufti i 1916 og fekk bygt bustadhus. Han er tilsynsmann ved jarnbanetelegrafen, er f. 1878 og g. m. Margreta Johannesdr. Rogne.

Bruk 82. Strengjarhaug, skyld 2 øre. Lokomotivførar G. Pedersen ervefeste tufti 1916 og fekk bygt bustadhus. Han er f. 1870 og g. m. Anette.

Bruk 83. Torgplassen, skyld 10 øre. Voss herad fekk i 1916 utskilt denne eigedomen til torg og har bygt torgbuer på tri kantar ikring ein hellelagd torgplass. På torget er handel med fisk, frukt, blomar ved og kol. Ein bladkiosk er der og.

--- side 174 ---

Bruk 84. Haldeplassen, skyld 4 øre. Voss herad ervefeste denne eigedomen i 1916 som tillegg til den tidlegare Haldeplass.

Bruk 85. Sævelid nedanfor Eggjane, skyld 16 øre. Utskilt frå bruk 24 i 1917 og selt til kunstmålar Lars Osa, som fekk bygt bustadhus med atelier. Han er f. 1860, g. m. Hermine Bernhoft og har 3 born: Anders Bernhoft-Osa, f. 1897, som er ornitholog, Theodor Bernhoft-Osa, f. 1904, er journalist og Sigbjørn Bernhoft-Osa, f. 1910, som er fiolinist.

Bruk 86. Haldeplassen, skyld 2 øre. Voss herad ervefeste denne parsellen til utviding av Haldeplassen.

Bruk 87. Vangstun, skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1917 og late til B. Styve som tillegg til bruk 74.

Bruk 88. Eentun, skyld 4 øre. Johannes B. Een feste denne tufti 1917 og let henne 1921 til frøken Johanne Ameln. Sjå bruk 77.

Bruk 89. Himlegard, skyld 2 øre. Ivar Himle feste denne tufti i 1917. Sjå bruk 43 og 49.

Bruk 90. skyld 22 øre. Statsbanane fekk i 1918 skøyte på eigedomen frå Kyrkjedepartementet. Sjå bruk 64.

Bruk 91. Voss Landsgymnas, skyld 40 øre. Voss herad feste i 1921 denne eigedomen og let han 1923 til Kyrkjedepartementet som tillegg til bruk 129 av Lekve.

Bruk 92. Rognsbakken, skyld 2 øre. Odd Jensson Øvsthus ervefeste tufti 1921 og bygde bustadhus saman med Knut A. Reime. Odd selde sin part til Knut i 1926. Knut er lokomotivpussar, er f. 1884 og g. m. Olina Jensdr. Øvsthus.

Bruk 93. Fengselstomten, skyld 13 øre. Utskilt frå bruk 12. Justisdepartementet oreigna dette bruket i 1922 til utviding av eigedomen åt Voss Fengsel, tuft 92, 93 på kartet. I 1931 vart fråskilt eit stykke til bruk 103, Jonstad, utan skyld og til bruk 106, Tingstad, med skyld 1 øre.

Bruk 94. Lekvesbakken, skyld 6 øre. Utskild 1922 og fest 1923 til landbruksingeniør Søren Bentsen, som bygde bustadhus. Ivar Væte kjøpte eigedomen i 1924. Han er postekspeditør, f. 1888.

Bruk 95. Mo, skyld 2 øre. Byggmeister Anders L. Møn feste tufti 1922, bygde lagerhus og dreiv materialhandel, Lars Gjerde har overteke eigedomen i 1930, og held fram med materialhandelen. Han har og snikkarverkstad der.

--- side 175 ---

Bruk 96. Kapellansgarden, skyld 48 øre. Utskilt 1923 og lagt til Kapellansgarden i 1925. Sjå bruk 4 Nedre Ullestad.

Bruk 97. Fergjestaden ved Vosso, skyld mark 1,15. Anton og Marta Prestegård fekk skøyte på eigedomen 1925. Dei bygde nytt bustadhus der i staden for stova som stod der fyrr.

Bruk 98. Maskinhuset, skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 36 i 1925. Hordaland Meieri er eigar av det. Sjå bruk 53 og 9.

Bruk 99. Øvreteigen, skyld 10 øre. Utskilt frå bruk 23 i 1927. Eigar Katrina Kvåle.

Bruk 100. Fagerholt, skyld 3 øre. Utskilt 1928. Eigar gartnar Gusskalk A. Lydvo. Sjå bruk 189 av Lekve.

Bruk 101. Enkjeheimen, skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 80 i 1930. Eigar Voss Enkjeheim. Sjå bruk 51.

Bruk 102. Æsqulap, skyld 2 øre. Skilt frå bruk 30 og 31. Skøyte frå fru Ursula Frost til doktor Finn Frost. Sjå bruk 30.

Bruk 103. Jonstad, skyld 2 øre. Utskilt i 1931 frå bruk 12, 20 og 93, noko av kvart bruk. Det er tufti åt det nye forretnings- og bustadhuset til bakar N. Ystås, som fyrr budde på tuft 37-39 på Ålmenningen.

Bruk 104. Tingstad, skyld 4 øre. Utskilt i 1931 frå bruk 12, 20 og 93 noko av kvart bruk. Det er den nye tufti åt slaktar Grindaland sitt forretnings- og bustadhus, som fyrr var på tuft 41.

Dessutan er burtfest på 99 år av Prestegarden desse tuftene som ikkje er fråskilde ved skylddeling:

  • Festebrev av 1924 til Brynjulv Styve på Kringsjå. Framhald bruk 74 av Lekve.
  • Festebrev av 1925 til Gusskalk A. Lydvo. Sjå bruk 100.
  • Festebrev 1926 til Arnfinn Kvammen på Bergslitræet. Sjå um det under husmannsplassane side 155.
  • Festebrev 1928 til Eirik Henjum. Det er ein part av den teigen ovanfor Strengjarhaugen som Halle N. Prestegard hadde husmannsfeste på. Det er umtala under plasset Eggjane. Sonen David Prestegard kjøpte husi etter foreldri og selde att til Klas Rogne, som budde der og dreiv snikkarverkstad. Klas Rogne var f. 1843, g. m. Synneva Nilsdr. Kvarme og døydde 1927. Dei hadde borni: Johannes, f. 1884, i Amerika, Nils og Per, gardeigarar på Rogne og Marta, f. 1880 g. m. Eirik Henjum.
  • Festebrev 1928 til Knut R. Nestås, som har bygt bustadhus

--- side 176 ---

på vestsida av nedre parten av gamle Rognsbakkavegen. Han er f. 1882, g. m. Margreta Olavsdr. Sjå um han på bruk 55.

  • Festebrev 1928 til Olav Amundsen på ein part av husmannsplasset Hestabakken umtala ovanfor side 155.
  • Festebrev 1929 til Vilhelm Dymbe, som har bygt bustadhus austanfor nedre parten av den gamle Rognsbakkavegen. Han er f. 1898, g. m. Anna, A. Midtbø.
  • Festebrev 1929 til Brynjulv Dolve, som har bygt bustad- og forretningshus på sørvestre hyrna av Uttrågata og Torggata. Han driv serleg med arbeid og sal av ski, er f. 1886 og g. m. Anna Monsdr. Helle.
  • Festebrev 1931 til Voss Ungdomsforeining på ny tuft til laget sitt samlingshus «Vonheim» ved den nye kyrkjegarden.
  • Festebrev 1922 og 1929 til Henrik Brekke på 573 kvadratmeter som tillegg til hans eigedom bruk 61.

Eksisplassen på Vangen.

Den gamle eksisplassen på Prestegarden vart teken i bruk i 1718, då det vossiske kompani vart skipa ved deling av Bergenhusiske regiment. Telthus åt kompaniet var bygt i 1730-40-åri. Det aurlandske kompani, som og hadde noko legder på Voss, ekserte på Voss frå 1790 og fekk då eige telthus her. Det eine telthuset stod ved nordvestre hyrna av eksisplassen, der bruk 43 (Olav Tvilde sin krambubygning) no er. Det andre telthuset stod ved nordaustre hyrna av eksisplassen, der bruk 37 (Gjøsteins hus) no er. Eksisplassen gjekk frå postvegen sørover til gamle steinkrossen, som stod i sørvestre hyrna. Austsida av plassen fylgde same lina som austsida av Haldeplassen har. I 1884 vart telthusi flytte til Tvildesmoen. Ved makeskifte i 1885 gav militærvesenet upp sin rett til eksisplassen og fekk i staden Prestegarden sin eigedom Råæ, bruk 14. På den gamle eksisplassen var halde eksis til i 1860-åri. Seinare var eksisen på Lærdalsøyri, Vikøyri, Ulven, frå 1884 på Tvildesmoen og sidan ikring 1900 på Bøjamoen.

Folk som var fødde fyrst i 1800-talet har fortalt at i deira unge dagar la det sume tider snø medan eksisen stod på. Var det då surt ver attåt, heldt dei stundom til i kyrkja med eksisen. Folk tykte det var sårt at kyrkja vart brukt soleis. Mange av soldatane budde under eksisen i hestestallane på Vangen, som bygdefolki åtte.

--- side 177 ---

Offentlege forretningar

Offentlege forretningar vedkomande Prestegarden utanfor dei som fyrr er nemnde, har vore: I 1733 til 1739 sak nokre gonger mot Lekve og utskifting, Synsforretning 1788 og 1828, sak mot Nedre Afdal um stølen 1792 og 1800, avtale um eksisplassen 1819 og 1831, steiningsforretning 1758 millom Prestegarden, Ullestad, Mølster og Bogne, takst på eit jordstykke 1830, kommisjonsforlik 1836 um gjerde og beiting, utskifting med Lekve 1859 og opgangsforretning over eksisplassen 1877.