Voss Sparebank.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 105 ---

Banken sine bøker fertel ikkje noko um kven som gjorde upptaket til å skipa banken, men son åt ein av dei som var med, har fortalt um det soleis: Arnoldus Koren på Seim, ordførar på Voss 1842-49, skreiv til etternemnde 10 menn og spurde um dei vilde vera med og skipa ein bank og leggja saman noko pengar til å byrja med. Dei 10 var: David L. Hustveit, Anders S. Leiddal, Nils J. Lid, Sjur P. Ringheim, Knut T. Kvarakvål, Anders V. Gjerme, Jens Rivenes, Isak

--- side 106 ---

Gjelle, Anders Tvilde og Knut T. Skutle. Dei kom saman i møte, vart samde um å leggja kvar sine 10 spesidalar i banken og lyste ut at dei tok mot innskot. Det kom snart inn 400 dalar. Då sa Koren: Ja no har me gjort det godt, me har teke mot innskot, men ingen har meldt seg til å låna. So var det ein lustring som kjøpte gard på Dukstad. Han lånte alle pengane i banken. Banken hadde lenge ikkje råd til å kosta seg eldfast


Bilete 14. Voss Sparebank 1933. Fot. P. Braaten.

skåp til å gøyma pengar, bøker og verdpapir i. Kassestyraren tok då pengane heim til seg, og han Nils Lid bar bøkene heim til Lid etter møti.

Bøkene i banken syner at fyrste planen er dagsett 22. april 1842 og godkjend ved kgl. resol. 14. juni 1843. Skiparane, 24 mann, var sjølvskrivne forstandarar og skaut inn 10 dalar kvar sonær som ein som skaut inn 20 og ein 15 dalar. Desse pengane, tilsaman 255 dalar, var kalla «sikkerhedsindskud». Dei 24 var: Nils J. Lid, Jens Rivenes, Knut T. Skutle, Anders T. Røte, Anders Tvilde, David Hustveit, Torstein J. Vinjo, Torgeir A. Kvåle, Sjur P. Ringheim, Arnfinn E. Finne, Lars L. Saude, Mass A. Finne, Viking O. Rykke, Olav A. Flatekvål,

--- side 107 ---

Anders V. Gjerme, Styrk A. Fjose, distriktslækjar Hans Wille, sorenskrivar Jens Skagen, Herlaug Flatekvål, Anders Leiddal Knut L. Rokne, Nils A. Finne, Knut Øvsthus og Arnoldus Koren. Skipingsmøte vart halde den 15. november 1843, der mest alle skiparane var til stades. Då vart D. Hustveit, Jens Rivenes og Nils J. Lid valde til direktørar og A. Koren til kasserar. «Bankmøte» vart i fyrstningi halde berre annankvar sundag, seinare kvar sundag og fyrst i 1857 på vyrkedagar. Fyrst heldt dei til i tingstova (på tuft 49), so i huset som stod der Voss Veksel- og Landmandsbank no er (på tuft 72), seinare i eit kammers i Heradshuset. Banken heldt då ope kvar måndag ettermiddag frå kl. 14-17. Seinare leigde banken hus hjå Styrk Ullestad (tuft 66), kjøpte 1867 den gamle arreststova (på tuft 40) og flytte dertil. I 1873 vart huset utvida og påbygt ei høgd. Banken heldt sidan til i andre høgdi til 1909, då han kjøpte eigedomen på hyrna av Lekvesgata og Vossagata (tuft 32-36) og flytte dertil. No har banken bygt seg nytt trihøgda tidhøvelegt murhus og flytt inn i det sumaren 1932.

Etterkvart skiparane gjekk ifrå, valde dei nye menn i staden. Ny plan vart vedteken i 1888. Etter han var det framleis 24 i forstandarskapet, men halvparten skulde veljast av innskjotarane, fjordeparten av heradsstyret og fjordeparten av forstandarskapet. Etter nytt brigde av planen i 1926 vel innskjotarane 20 mann og heradsstyret 4. Forstandarskapet vel direksjon, revisorar og ettersynsmenn og tilset kasserar og andre tenestefolk i banken. Av dei som har vore lengst i direksjonen kann nemnast: Nils J. Lid 41 år, Jens Rivenes 39 år, Johannes Finne 9 år, Knut T. Skutle 15 år, Odd Mølster 15 år, Josef N. Lid 43 år, Tormod Vinsand 36 år. No er i direksjonen: Klas J. Finne sidan 1888, formann sidan 1922, Olav Bjørgum og Isak Gjelle sidan 1921. Kasserarane har vore: Arnoldus Koren 1843-50, Johannes Finne 1850-74, Ola Litsheim 1850-86, Odd Mølster 1874-1908, og sidan Lars Skutle. Revisorar er no L. Hustveit og Knut Lydvo. Lærar Mass Haga er formann i forstandarskapet.

Banken har halde ope kvar vyrkedag sidan 1910. Utanum to av direktørane som er til stades i banktidi, og kasseraren har banken no tri fast tilsette tenestemenn og to assistentar. Nedanfor er eit utdrag or banken sine rekneskapar over midelen banken har under styring og hans eigen midel same åri.

--- side 108 ---

 

  År Varveitslingsmidel Derav bankens eigne fond
1855 33 701 spd. 1 625 spd.
1875 199 481 " 17 725 "
1890 1 386 581 kr. 165 079 kr.
1900 2 049 727 " 223 221 "
1910 3 093 541 " 294 813 "
1920 8 404 988 " 570 000 "
1932 11 366 740 " 1 137 962 "

 

Banken har dessutan pensjonsfond på umlag 30 000 kronor.

Frå 1860 har banken umlag kvart år gjeve til ålmenngagnlege fyremål. På denne måten er gjeve tilsaman umlag 176 400 kronor i åri 1876-1932. Attåt dette kjem rentefrie lån til heradet på ikkje so småe summar.