Voss Telegrafstasjon.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 102 ---

Prins Oskar var på Voss 23. juli 1872, og det vart halde fest for han på Fleischers Hotell. Prinsen umtala då m. a. at det burde vera telegrafstasjon på Vangen. Bergens Tidende melde i november 1872 at telegrafdirektøren hadde gjort framlegg um å løyva 500 spd. for året 1873-74 til telegrafstasjon på Vangen. Som vilkår var sett at det dei fyrste 5 åri vart ytt fritt hus med ljos og ved og bodteneste. Fyrr dette var kjent her på Voss, hadde lærar Ola Kindem saman med fleire sendt søknad til heradsstyret um skiping av telegrafstasjon på Vangen. Heradsstyret vedtok i møte 12. desember 1872 å senda søknad til departementet og løyva det som var kravt av telegraf-

--- side 103 ---

direktøren. Heradsstyret vedtok desse vilkår på nytt lag 7. juni 1873, og Stortinget løyvde 1. juli .1873 500 spd. til telegrafstasjonen.

Telegrafstasjonen kom i drift frå 15. juli 1873 og fekk kontor i Langakammerset, 2dre høgdi, i Heradsshuset. Hausten 1875 vart stasjonen flytt til huset åt Brita Uthus på bruk 2 av Lekve og var der til 5. september 1883, då han vart flytt til jarnbanestasjonen. 6. juli 1898 vart leigt kontor åt stasjonen hjå Lars Kindem på hans eigedom tuft 16-25, og der var den til den i 1932 flytte til den nye Sparebankbygningen på tuft 32-36.

Frøken Karen Schive var den fyrste telegrafstyraren Ho var her til stasjonen i 1883 vart flytt til jarnbanestasjonen. Johan Kjennerud var styrar frå 1898, Benjamin Vogt frå 1913 og Ingebret Mossige sidan 1924.

Telegraflina Bergen-Voss-Lærdal-Litlehamar var bygd ferdig i 1859. Til Voss har vore bygt desse telegraflinor: 2 linor i 1859, 3 i 1876 (derav ei telegrafline, Voss-Eide), 1 i 1898, 1 i 1899, 1 i 1900, 2 i 1911, 1 i 1921 og 1 i 1922. Av desse 12 linone er no 2 nedlagde som telegraflinor, so det no er 10 fcelegraflinor frå ymse kantar til Voss. Dei fleste er gjenomgangslinor, som ikkje vert nytta for stasjonen sin eigen trafikk.

Ekspedisjonar ved Voss Telegrafstasjon.
Telegram Sende Komne Tilsaman
1873 etter 1. juli 329 216 545
1874 692 521 1213
1898 etter 1. juli 1 522 1 490 3 012
1/7 1930-30/6 1931 4 039 4 354 8 393

I sistnemnde år har dessutan vore sendt og kome 881 nærtelegram, 362 tenestetelegram og 32 209 gjenomgangstelegram og telegramekspedisjonar.