Vossavangen i 1700-åri.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 20 ---

Folketeljingi av 1701 fører upp desse som budde på Vangen: Sersjant Anders P. Halden med sonen Per. Skomakar Olav Jonson, 47 år, med sonen Olav. Lars Larsson, 60 år, og Knut Arnbjørnson, 58 år gamal. I Prestegarden er ført upp sokneprest Christen Weinwich med 4 søner og 5 tenestedrenger. Klokkaren Kasper Normand er skriven på klokkargarden Brekke i Gullfjordungen. Han var verbror åt sokneprest Weinwich. Ved tingsvitne i 1705 er upplyst, at Normand då hadde vore klokkar her i 22 år. Han var her i 1711 og truleg lenger. Lars Gudleikson har i 1713 butt på Vangen. Han stemnde då Henrik Weinwich fordi gjæsene hans hadde gjort skade på åker og eng for Lars. På dei tider budde og Ivar Askjelson på Vangen. Etter han er det halde skifte i 1715.

I «Beskrivelse over Bergens Stift» i 1714, som er i Det store kongel. Bibliotek i Kjøbenhavn, heiter det m. a.: «Runden om Vangens Vand ligger adskillige smukke Gaarde og ved dend østre Ende deraf, noget lidet nordenfor Udløbet af en Elv som falder i dette Vangens Vand, ligger Vangs Præstegaard paa en meget smuk og yndig Plan med andre smukke Gaarde runden om, og synes denne Stæd billig at kaldes Vangen af denne Stæds deilige Situation. - - Paa denne Stæd staar og Vangens Hovedkirke, som er en prægtig og deylig muret Steenkirke, og er virkelig den smukkeste Landsbye-Kirke som her i Bergens Stift sees.»

I matrikkelen av 1723 er tilført um Vangen, at der er det ein priviligert gastgjevargard som Henrik Weinwich brukar.

--- side 21 ---

Sjå vidare um det i stykket um gastgjevargarden på Vangen. På Ålmenningen var der og eit lite hus, som sersjant Nils Tormodson budde i. Han skulde betala grunnleiga 16 skilling årleg. Han hadde ikkje lov til å selja øl eller brennevin, for det hadde gastgjevargarden einerett til. Nils er og umtala i 1709, då Laurits Ullestad hadde bryggja øl åt han på Vangen. Sersjant Per Halden hadde um natti teke på Laurits med hogg og slag, og dei kom for retten. Ei enkje hadde eit lite «vaaningshus» og skulde betala 12 skilling. Daniel Raufnsberg, borgar i Bergen, åtte eit gamalt «vaaningshus» som var til nedfalls. Klokkaren, Jochum Knutson, budde der, av di der ikkje var bustadrom på klokkargarden, og klokkaren var so fatig at han hadde ikkje råd til å byggja. Solenge huset vart ståande, skulde grunnleiga vera 12 skilling.

Løytnant (seinare oberstløytnant) Olav Holck busette seg på Vangen då han kom frå krigen. Han høyrde til 1ste Bergenhusiske regiment og var gift med Elen Jonsdr. Rosendal frå Halden. Dei hadde butt her i 1720 og 1723; då er to av borni deira fødde her, men dei flytte truleg herfrå ikring 1724. I 1723 har Holck gjeve skøyte til Elsa Olufsdr., enkja etter Morten Mogenson på «hendes lidet iboende vaanhus» på Vangen, som ho hadde kjøpt av han med ei «borgestue». Elsa selde huset att 1723 til Karen Schreuder, enkja etter sokneprest Christen Weinwich og dotterdotter åt sokneprest H. Miltzow. Då er sagt at i huset var kakkelomn, kjøk og vedhus m. v. Son åt løytnant O. Holck, Fredrik Kristian Holck, f. 1712, var løytnant i 1ste Bergenhusiske regiment og budde på Vangen. Han var gift med Anna Dortea Berta Barclay, dotter åt major Stefan Barclay, som er umtala i boki um Glimmeætti av Kindem. Fredrik og Anna Holck hadde sonen Olav (1757) og dotteri Alberta (1759).

Enkja etter sokneprest Johan Haar selde eit hus på Vangen i 1751 til sersjant Frantz Weinwich for 80 rd. Frantz var son åt gastgjevaren Henrik Weinwich og stod 1739 i kaptein Møllerups kompani. I 1751 var han tilsett som lensmann på Voss etter Johan Blomberg. I 1763 budde Frantz Weinwich i Bergen og hadde då pengar tilgode hjå fleire på Voss.

Det er tilført tingboki 1745, 1757 og 1760, at det ingen kræmar var då på Vangen. Det ser soleis ut til at sidan Henrik Weinwich slutta, har gastgjevarane selt mest berre drikke-

--- side 22 ---

varor, og at det i lenger tid ikkje har vore nokon fastbuande kræmar på Vangen.

I futerekneskapen for 1760 er nemnt 4 hus på Vangen som det skulde betalast grunnleige for til kongen, nemleg gastgjevargarden, som enkja Maria Blomberg då hadde, 48 skill., sersjant Tormodson 16 skill., klokkarenkja 12 skill. og eit lite hus til 12 skill. Dei same husi er og førde upp i 1770, men med noko brigde av eigarar. I 1768 selde enkja etter klokkar Karsten Horsenius, Sønne, fødd Rømer, til eldste sonen Kasper Rømer huset sitt på Vangen. I det var 2 stovor med kjøk og skorstein og 2 «jernkakkelovne udi værelserne» og stort skåp i daglegstova. Eit vedskjol fylgde med. Karsten Horsenius var klokkar på Voss frå ikring 1726 til han døydde 1756. Han hadde fleire rettssaker um klokkarinnkoma.

Sonen Kasper er i 1767 skriven for korporal og 1775 for sersjant. Han og sersjant Lind var då saman um å arrestera ein farande fant. Politiforhøyr vart halde, og det er tilført tingboki, at han dreiv «betleri og taskenspilleri» for dermed å tena noko pengar «af den trængende almue, som neppe selv har til nødtørftigt ophold». Kasper selde huset att i 1771 til enkja etter prost Morten Ruus, Anna Mechlenburg. Ho døydde 1800. Ei syster åt Kasper Horsenius, Mette Helena, var i 1765 gift med enkjemann Kristian Valeur, som vart klokkar på Voss etter verfaren. Han selde i 1772 til ettermannen sin, klokkar Gerh. Jersin, «sit paa Vossevangen med tilhørende paa Gaardspladsen staaende Vedhus og Kostald, Hestestald og Hølade, som staar et lidet Stykke udenfor Gaardspladsen paa Almendingen. Til ovenmeldte Vaanhus er Gaardspladsen indhegnet med Plankeverk og Port samt Haven med Stagegjærde». Gerh. Jersin var bror åt Jakob Jersin, som vart sokneprest på Voss i 1787. Då klokkar Jersin døydde 1777, vart Gerhard H. Schriver klokkar. Han kjøpte i 1777 på auksjon etter Jersin hans «Vaanhus paa Vossevangen, bestaaende af 3 Stuer, Kjøkken, Spisekammer med 2 Vindovne og 1 Bilæggerovn, Hestestald, Ladehus, Vedhus med Svale og en liden Flor».

Olav Olavson Vangen er oftare nemnd i tidi 1748 til 1789, då det er halde skifte etter han. Ofte har han vore trulovar i åri 1768-1787. Mange gonger har han då teikna bumerket sitt (sjå nr. 36 på tavle 3 over bumerki). Hesteskjerar Oliver Pettersen budde på Vangen i 1775, han var gm. Kirstina Andersdr.

--- side 23 ---

I 1791 kjøpte kaptein von Meitzner husi etter klokkar Schriver, som då døydde, 75¾ år gl., og fekk feste på grunnen. Sjå vidare tuft 50 og 52. Dei som då hadde tufter på Vossavangens Ålmenning og betalte grunnleige, var etter tingboki desse: a. Prostinne Ruus 1 hus med hage og grunn, 1 bu, 1 naust, 1 løde, grunnleige 32 skill. b. Lensmann G. M. Ringheim 1 hus med grunn og hagegrunn, grunnleige 40 skill. Major Jakob Brandt hadde fyrr havt denne eigedomen. Han var fødd 1721 og budde som kompanisjef på Vangen. c. Gastgjevar Blomberg «for sine Husebygningers Grunde» 60 skill. d. Kaptein Meitzner, grunnleige 12 skill. og fyrste gongs festepengar 72 skill. e. Stemnelesaren Olav Vossavangen for husegrunnleige 16 skill. f. Enkja Rakel Finne for nokre tufter, leige 40 skill.

Thyge Jæger i Bergen fekk 1798 auksjonsskøyte på klokkar Pål Moltzou Jæger sin «husvaaning» på Vangen. (Sjå vidare tuft 67, 74 og 76 side 124). Løytnant E. G. Bætzmann selde 1799 til Gusskalk Person Byrkjo husi sine på Vangens Ålmenning, som han åtte etter skøyte av 1799 frå enkja Rakel Finne. Sjå vidare um Gusskalk tuft 53. I alle desse uppgåvone er berre teke med hus som er betalt grunnleige for. Enkjeheimen og Tingstova er ikkje nemnde, av di dei har havt eigande tuft. Um det var andre bustadhus med eigande tuft, er det ikkje funne nokor upplysning um. Meir um ibuarar og husi på Vangen fyre 1800-talet er fortalt der dei einskilde eigedomane er umtala, og der det (side 110) er kart over tuftene.

Neste kapitel