Vossavangen til ikring år 1700.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 16 ---

Etterkvart som busetnaden i bygdi har teke til, har det auka med samkomor på Vangen. Bøndene laut ofta heftast her lenger tid. Dei som budde eit stykke ifrå og kom ridande, har beita hestane sine medan dei var her, og har kann henda sett upp vandalause skjol åt seg og hestane. Nokre bustadhus har det nok og vorte sett upp og nya upp att frå tid til onnor. Bøndene har vel soleis ved bruk gjenom lenger tid eigna seg rett til slikt bruk på stroket umkring hovet og tingstaden. Ein gong har det då vorte turvande å ettervisa kor vidt desse rettane strokk, og setja ei grense for Vangens Ålmenning. Som meldingar nedanfor syner, har det alt i 1300-talet vore tvilsmål eller strid um grensa for Prestegarden. Um det galdt berre dei ytre grensor eller og grensa mot Ålmenningen er uklårt. Me veit ikkje um grensa for han har vore sett fyre nemnde tid eller um ho er komi seinare. Korleis den fyrste grensa gjekk, veit me ikkje no, men ymse meldingar tyder på, at Ålmenningen var noko vidare fyrr enn kartet frå 1855 syner.

I Diplomatarium Norvegicum er der fleire brev som er utferda på Vangen i 1300-åri og frametter um ymse jordegods. Den eldste melding me elles har um Vangen, er i Miltzows Prestehistorie som her er citert etter O. Olafsens umsetjing i «Vossebygderne» III. Miltzow fortel her um sira Jon eller Johannes Trondson, som vart sokneprest på Vangen i året 1350. Då sira Jon var komen til kallet, hadde Svartedauden rive burt største parten av dei eldre i bygdi, og dei nye som vaks upp, kjende lite til kva Prestegarden åtte. Han let då røkja etter kva som høyrde til Prestegarden av åker, mark og eng, og fekk seg alt dette tilkjent, og sikra med lovlege grensor. Då han hadde gjort dette, og «tillige var forsynet med en udmærket kongelig Bevilgning» våga ingen å leggja seg i strid med han. Heller ikkje våga nokon å setja upp hus på Prestegarden sin grunn på Vangen korkje stall eller noko anna utan løyve. Ein laut søkja um løyve og betala ei avgift. Søknaden vart imøtekomen når ein fann det rimeleg. Desse og andre liknande privileg, som var gjevne og stadfeste av kongane, trur eg at dei domarar har havt for auga, som ikring 1613 utferda ein dom som er i prestearkivet, og som på slutten lyder so: Dersom ikkje dei ofte

--- side 17 ---

nemnde bygningane vert rivne og førde burt innen 14 dagar, skal eine halvparten gå til den kongelege kassa og den andre til presten som grunneigar.

Miltzow fortel vidare, at ein av dei tidlegare sokneprestane på Voss hadde skrive at presten skulde akta seg vel for å gjeva nokon kræmar eller nokon umlaupar av same slaget, ja ikkje eingong deiknen som velviljug hadde fått bustad på Prestegarden, noko løyve til å setja upp hus på Vangen, ved kyrkja og Prestegarden, endå um ein kunde ha ei liti innkoma av det, soleis som det fyrr hadde hendt. Røynd hadde lært at desse husi ofte hadde vorte til vertshus og drikkehus og det som verre var, til freisting for dei veike og til bry for presten.

Av meldingi um presten hr. Jon ser me at det alt fyre 1350 har vore fleire hus på Vangen, og at dei gjekk ut ifrå at fleire vilde byggja her. Det må vel og vera so å forstå at presten eller kongen skulde ha rådvelde over grunnen på Vangen. Um det då var sett noko grensa millom Prestegarden og Ålmenningen på Vangen, er uklårt.

Miltzow fortel og at «man byggede et Gildehus (Konventhus) ved Hovedkirken til Guds og St. Mikals Ære, som man mente. Provsten ved Apostelkirken i Bergen skjænkede dem Grund til Huset, og gav dem Brev derpaa». Brevet er skrive i året 1418, og der segjer bispen m. a.: «Jeg har skjænket en Tomt, som ligger udenfor den lille Stenbro, til Guds og St. Mikals Ære til Gildebrødrene og dem, som herefter vil holde Broderskab, til Nytte og Salighed for dem, at bygge sig en Gilde-Stue paa den førnævnte Tomt og andre Huse, som hører hertil, i saa Maade, at de skal holde vedlige gode Sæder, som i andre St. Mikals Gilder er Skik og Brug, med Messer og gode Gjerninger sig til Sjælehjælp. Fremdeles stadfæster jeg paa den hellige Kirkes Vegne og paa min Herre Konges Vegne alle gode Rettebøder, som gode Forfædre har haft i sin Gildeskraa, min Herre Konges Naades Ret uforkrænket i alle Maader.» - -

Dersom gildehuset har stade i nærleiken av kyrkja, må den litle steinbrui som er umtala, ha vore over groi austanfor kyrkja eller groi vestanfor tuft 73 (no Prestegårds Hotell). Båe grøvene er umtala under avsnittet um reinhaldet. Over groi austanfor kyrkja har det vore to bruer eller klopper av stein, den nedste for gamle Hardingavegen og den øvste (ved tuft 99) for gamle Strandavegen, som gjekk um Bogne. Den siste

--- side 18 ---

har sidan ikring 1850 heitt Kronstadkloppæ. Over groi vestanfor kyrkja har det vore steinklopp millom tuft 61 (Vossavangens Hotell) og tuft 73 (Prestegårds Hotell). Sjå kartet side 110.

Dei fyrste me veit namn på av dei som budde på Vangen, er prestar og klokkarar, umtala i Miltzows prestehistorie. Sira Viliamir eller Vilhelm levde her 1260. Han er visstnok ein av dei som på kongane sine inderlege bøner har lova å byggja ei steinkyrkje på Vangen i staden for trekyrkja, segjer Miltzow. Sira Fredrikker var prest her i 1320, Sira Gudleikar i 1327 og Sira Jon eller Johannes Trondson i 1350, umtala ovanfor. Fyrste klokkaren me veit um, er Bjarne klokkar, som er nemnd i eit diplom frå 1303. Dinæst Sigurd klokkar i 1399. Han skreiv godt, soleis som dei fleste klokkarar her har gjort, segjer Miltzow. Han legg til, at fleire dokument skrivne av Sigurd klokkar vitnar um det.

I diplomatariet og i Miltzows prestehistorie er umtala mange av prestane på Voss på 13-, 14- og 15-hundradtalet. Både um dei og seinare prestar på Voss vil det verta fortalt i eit anna band av Vossaboki. Nokre Vossaprestar har visstnok butt i Bergen, men dei aller fleste sokneprestar har butt i Prestegarden på Vangen. Mest alle klokkarar har butt på Vangen. Dei vil ogso verta umtala i eit anna band av Vossaboki, berre sume vert nemnde her. Ein av dei, Tomis klokkar, har gjort seg serleg åtgådd ved at han i 1617 vart stemnd av slottsherren til å møta for retten i Bergen etter klagemål frå presten på Voss, Mass Jensson. Det vart upplyst, at Tomis hadde gjort «ran og husespille» på presten sine hus, hadde teke seg bustad på «kyrkja og presten sin ålmenning» utan løyve, hadde slept «fe og anna» på åker og eng åt presten og hadde fare ille med feet åt presten. Tomis hadde og skrive skammeleg um presten og ikkje etterkome ymse påbod frå bispen og slottsherren. Klokkaren bad no berre um nåde og ikkje um rett, for han skyna at det vilde verta for strengt for han. Klokkaren skreiv so under på ei fråsegn, der han bad um nåde, lovde bot og betring og fekk på desse vilkår lov å halda fram i umbodet. Samuel klokkar har i 1664 stemnt Olav Ullestad, som skulde ha sagt at klokkaren hadde selt øl under preiki, og vilde klaga til bispen. Olav forlikte seg og lova at han skulde ikkje koma med slike skuldingar oftare.

Namn på andre som budde på Vangen har me fyrst i skatte-

--- side 19 ---

manntalet av 1521. Då er nemnt: Jon på Vang som betalte 3½ mark i skatt og 2 mark i «breffbrot» (det er ei bot som mange på Voss då laut betala), Gudrid på Vang, som betalte 1 lodd sylv i skatt. Nils klokkar betalte same året 3 mark i skatt, og 8 mark i breffbrot. Dessutan kann det ha butt sume som ikkje har betalt skatt og difor ikkje er nemnde. Lasse Vangen er nemnd 1612-1614.

Miltzow skriv i si prestehistorie, at ein tidlegare prest, truleg på 1400- eller 1500-talet hadde skrive, at det då hadde vore kræmar på Vangen. Sume handelsborgarar i byane hadde sokalla «udliggere» ymse stader på landet, som selde og kjøpte varor, og det vart soleis handelsplassar, der dei sette seg til. På Vangen har det vore fleire slike «udliggere».

Den fyrste handelsmannen på Vangen me har namn på, er Sivert Kræmmer, truleg frå Bergen. Det er ikkje nett som handelsmann han har gjort seg namnkjend, men av di han både i 1651 og 1654 var for retten i slagsmålssaker. Klemet Rasmussen er umtala som kræmar og gastgjevar 1656. Han hadde hus på Vangen og Bolstadøyri, men var borgar i Bergen. Klemet stemnde Nils Hornve som hadde teke på han, fordi Nils ikkje hadde fått øl eller brennevin. Klemet stemnde og mange som var skuldige for varor dei hadde kjøpt. Nils Horvei stemnde han for kalling i Klemet sitt hus på Bolstadøyri. Mass Kræmmer er umtala 1664 av di han då stemnde fleire for gjeld og millom dei Per Ronve for skuld 8 mark, som var rest på ei tunne havre.

Hans Lauritsson, son til futen Laurits Andersson på Lydvo, var kræmar på Vangen i 1690-åri og 1701. Han «residerede» i Bergen 1666, budde på Lekve 1683, 1685 og truleg ogso seinare. På tinget er då upplyst av ålmugen, at han ikkje hadde råd til å betala «consumptionsskatt» fordi handelen hans kasta so lite av seg. Han kjøpte varor hjå andre borgarar i Bergen og bytte uti varor på landet og selde dei att i Bergen. - Claus Miltzow sin son, Laurits, var borgar i Bergen, men ved tinget 1699 er sagt, at han då var kræmar på Voss, truleg for ei kort tid. - På tinget i 1706 er umtala, at her i nokre år ikkje hadde vore kræmar, og tingbøndene sa det var ynskjeleg at her var ein.

Futerekneskapen for 1698-99 fører upp desse som budde på Vangen: Olav Jonson, ein fatig skomakar, som budde i eit

--- side 20 ---

lite hus; - vidare sersjant Anders Person Halden, som hadde ein eldstad i kjøkenet, og korporal Kjeran Bendikson, som hadde eit hus med ein eldstad. Anders Halden var frå Halden, fødd 1641, gift 2 gonger, og døydde på Vangen 1736. Med fyrste kona hadde han 3 born: Per, Karina og Katrina. Per hadde ei tid gard på Indre Ringheim. Karina var gift med sersjant Nils Tormodson på Vangen, umtala 1723. Katrina, fødd 1693, vart gift ikring 1720 med Johan Henrik Blomberg, som det vert fortalt um under gastgjevargarden. Dei har mange etterkomarar på Vossastrondi og sume på Voss.

Neste kapitel.