Vossavangen vert eigen bygningskommune.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 39 ---

Finansdepartementet gav i skriv av 30. august 1883 fylkesmannen i Hordaland fullmakt til å ta upp kart over Almenningen på Vangen og til å setja ned ei nemnd («den midlerti-

--- side 40 ---

dige reguleringskommisjon») med futen J. T. Danielsen som formann og med 3 lemer valde av huseigarane og 2 uppnemnde av fylkesmannen. I møte av huseigarane 25. oktober 1883 vart valde sorenskrivar Nils Tambs, Odd Mølster og David Prestegard. Fylkesmannen nemnde upp forstmeister A. T. Gløersen og ordførar M. G. Dugstad. Nemndi tinga premierløytnant E. O. Ingvoldstad til å ta upp kart over Ålmenningen med noko av Prestegarden som låg innåt, i storleiken 1:350.

Upphavet til dette departementsskrivet var, at Kyrkjedepartementet hadde spurt Finansdepartementet, um det var utilrådelegt å festa burt tufter av Voss Prestegard no av umsyn til mogeleg regulering på Vangen, då opningi av Vossabanen truleg vilde føra med seg noko nybyggjing. Saki hadde vore send gjenom fylket og futen til Voss heradsstyre. Futen og fylkesmannen talde til at Vossavangen vart eigen bygningskommune. Saki var fyre i heradsstyremøte 10. august 1883, der 6 var for og 9 imot at Vangen skulde verta eigen bygningskommune. Ved kgl. resolusjon av 5te desember 1883 «blev det i medhold av § 46 i lov angaaende bygningsvæsenet af 6. september 1845 samt § 1 i lov indeholdende adskillige bestemmelser om bygningsvæsenet m. v. av 17de juni 1869 naadigst bestemt at den almindelige bygningslovgivning skal være gjældende for Vossevangens Almending med det samme tilgrændsende territorium som senere efter forslag av stedets bygnings- og reguleringskommision maatte blive naadigst fastsat, og at den strækning, for hvilken bygningslovgivningen saaledes gjøres gjældende, overgaar til særskilt kommune i bygningsvæsenets anliggender».

Reguleringsnemndi heldt ei rekkje møte 1884-1886. Fyrste luten av reguleringsplanen som berre vedkom Ålmenningen fekk stadfesting av departementet 2. oktober 1884. Resten av planen som tok med noko av Prestegarden, vart stadfest 29. mai 1886. Dei huseigarar på Ålmenningen som på grunn av reguleringi laut flytta husi, fekk tufti til eigedom for inkje. Dei andre som budde på festegrunn, fekk løysa han inn til eigedom for 82½ øyre for kvadratalni. Bygningskommunen fekk dei opne plassane på Ålmenningen utan vederlag. Alle grunnar på han som var eller kom i privat eige, skulde setjast i skyld, um det ikkje var gjort fyrr.

Embetsgardskommisjonen hadde i 1884 halde møte på

--- side 41 ---

Voss og gjort framlegg um, og fått vedteke at dei som hadde fest tufter av Prestegarden på Vangen, skulde få kjøpa tuftene til eigedom. Dessutan skulde det seljast større stykke av Prestegarden. Over desse eigedomane vart det halde auksjonar i 1887 og 1889.

14. desember 1885 vart halde møte av huseigarane på Vangen til val av bygningsstyre, eller representantskap for bygningskommunen, som det den gongen heitte. Valde vart: overrettssakførar Max Skagen, Odd Mølster, Lars Kindem, Knut Rokne og Styrk Ullestad. Skagen vart ordførar. I 1886 vart valt bygningsnemnd (bygningskommisjon) etter lov av 6. septbr. 1845, og i 1887 reguleringsnemnd (reguleringskommisjon) etter lov av 17. juni 1869. I møte 16. november 1887 av bygningsstyret og bygningsnemndi vart samrøystes vedteke å tilråda desse grensone for Vossavangens Bygningskommune:

«Fra en med merke forsynet berghammer paa Rognsflaten, kort ovenfor gaarden Rognes huse og tæt ovenfor den gamle vei til Sogn, blev nordgrændsen trukket i ret linje over et enligt staaende træ paa Finneshaugen til Lillegroven paa gaarden Finnes eiendom. Mellem nævnte berghammer og merketræet paa Finneshaugen fandtes der at være en avstand af 2793 skridt, og fra mærketræet til Lillegroven 110 skridt, hvorefter den hele nordgrænse, der danner en ret linje, bliver 2903 skridt. Fra det punkt i Lillegroven, der skjæres av nordgrænsen, begynder vestgrænsen, der løber i en ret linie nedtil Vangsvandet, skjærende postveien midt paa Finnesbroen, d. e. midt over Finneselvens midtstrømslinie. Denne grænselinie fandtes at udgjøre 395 skridt. Fra det punkt, hvor sidstnævnte grænselinie berører Vangsvandet, danner dette vand grænsen først i østlig og siden i sydlig retning indtil Vosseelvens munding; herfra følger grænsen opad, først den samlede elv (Vosseelven), og fra det punkt, hvor elven kløver sig i to tilløb, det nordvestlige af disse, Strandeelven kaldet, til en stor jordfast sten mellem postveien og elven kort ovenfor Rognsfossen. De ved sammenstødet af begge elveløb liggende smaa holmer skulle tilhøre bygningskommunen. Fra nævnte jordfaste sten kort ovenfor Rognsfossen gaar grænsen i nordvestlig retning i ret linie opover til den berghammer hvorfra den ovenfor beskrevne nordgrænse udgik.»

15 huseigarar i øvste luten innanfor denna grensa, sende

--- side 42 ---

skriv til heradsstyret med motmæle mot å koma innanfor denne grensa. Heradsstyret talde til å snøra grensa inn. 35 huseigarar utanfor det regulera strok, men nedanfor den grensa som heradsstyret hadde tilrådd, sende motmæle mot vedtaket av heradsstyret, og sa seg samde i grensa som var tilrådd av bygningsstyret. Det vart kvass bladskriving og sterk strid, som varde lenge etter at grensa var stadfest. Ved kgl. resol. av 19. mai 1888 vart den grensa stadfest, som bygningsstyret hadde gjort framlegg um i 1887 og som ovanfor er umtala.

Um lag 40 år seinare melde spursmålet seg um utviding av grensone for bygningskommunen. Bygningsstyret gjorde 28. mars 1919 framlegg um å utvida grensa for Vangen, so Haugamoen, Rognshagen og noko av Tvildesmoen kom med. Dette vart vedteke av heradsstyret 4. mars 1920, og stadfest ved kgl. resol. 7. mai 1920. Etter dette vedtaket er grensone soleis:

Utgangspunkt 100 m. rett upp for frk. Lampes hus på Finne, parallelt med den gamle grenselina og ca. 100 m. nord for denne inntil merket millom Rogne og Ringheim, fylgjer dette merket til bygdevegen til Borstrandi og går derfrå i rett line til eit punkt ved Lundarosen 50 m. i nordaust for Lars Nesheims uthusbygning. Fylgjer derfrå Strandaelvi til det gamle merket millom Tvilde og Prestegarden, og er dette merket grenselina til Raundalselvi. Denne er grensa til merket millom K. Bryns og Stamstads eigedomar, og grensa går so etter dette merket vidare i same retning til lina støyter på den av bygningsrepresentantskapet fyreslegne søraustlina, fylgjer so denne til vegen som fører upp til Nils L. Nyres hus og går i same retning som denne vegen til Vosso. Elles den gamle grenselina.