Vossavangens Bygningsstyre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 64 ---

Etter at bygningslovi i 1883 var gjord gjeldande for Vangen, gjekk som fyrr nemnt Vangen over til eigen bygningskommune. Det fyrste styret, Bygningsrepresentantskapet som det den gongen heitte, var valt 14. desember 1885. Etter den nye lovi um bygningsvesenet skal representantskapet heita Bygningsstyre, og dette namnet er det som er brukt her. Bygningsstyret har havt etternemnde ordførarar:

Sakførar Max Skagen, 1886-1888. Lars Kindem, 1889-1892 og 1901-1904. Postmeister B. J. Johannessen, 1892-1896. Eirik A. Rogne, 1897-1900. Advokat Fr. Lyng, 1905-1908. Gjert Jæger, 1909-1911. Apotekar O. Udbye, 1912-1916. Overrettssakførar Kr. Tønneberg 1917-1919. Henrik Brekke sidan 1920.

--- side 65 ---

Elles har fram igjenom åri desse vore medlemer av Vossavangens Bygningsstyre:

Lars Kindem 1886-1888 og 1917-1918, Hans Dykesten 1889-1890, Odd Mølster 1886-1892, Knut Rokne 1886-1890, Styrk Ullestad 1886-1888 og 1891-1892, A. C. Schanke 1889-1892, B. J. Johannessen 1891-1892 og 1897-1898, B. Johannessen 1893-1898, Th. A. Tangen 1893-1896, Ivar Himle 1893-1896 og 1899-1906, S. Solemsli 1893-1896, sorenskrivar H. Olsen 1897-1900, Eirik Finne 1897-1900 og 1912-1916, Anders T. Kvåle 1899-1906, Knut T. Kvåle 1901-1904, N. J. Finne 1901-1904, Georg Rokne 1905-1908, Lars Møn 1905-1910, Theodor Fleischer 1907-1910, A. Opkvitne 1907-1908, Gjert Jæger 1912-1916, Olav Ullestad 1909-1913, David Hustveit 1909-1912 og 1914-1916, Alf Harlem 1911-1913, Olav Folkedal 1914-1919, Olav Loven 1917-1919, Nils Midttun 1917-1919, Johannes Farestveit 1919, Nils Bolstad 1920-1922, H. Hovland 1923-1925, E. Bergesen 1923-1928, Abel Ramsdal 1923-1925 og 1929-1933, O. Arnesen 1923-1925, O. Gandrud 1926-1928 og 1932-1933, L. Helgeland 1926-1928, G. G. Lund 1926-1928. Jakob Farestveit 1929-1933, N. Grønlien 1929-1931, Knut Finne 1929-1931, O. Hedenstad 1932-1933.

Bygningsstyret tilsette 1. februar 1920 Ludv. Bru som skrivar og kassestyrar for bygningskommunen. Då han døydde, vart Anders Skutle tilsett frå 1. juli 1921.

Bygningsstyret vedtok i 1921 å stella ordføraren fritt med umsyn til bruk av målføre i møteboki og brevbyte vedkomande bygningskommunen. Nynorsk har sidan vore brukt.

Fast skynsnemnd til å halda skyn etter bygningslovi vart skipa i 1929, nemleg sorenskrivar O. Hovi, formann, Lars Skutle, Nils G. Midtun, Lars Gjerde og A. J. Liljedal. Varamenn: Overrettssakførar L. Helgeland, Knut J. Øvsthus, Johannes L. Seim og Å. K. Midttun. Valget gjeld for 5 år. Hovi døydde 1932 og sorenskrivar Adler Lie er sidan formann.

Den nye bygningslovi fyreskriv at når ein fast eigedom byter eigar, skal det takast uppmæling og utferdast målebrev med utgreiding um eigedomen. Det same gjeld tuft som vert bygt på. Målebrevet skal fylgja skøytet ved tinglesingi og vert førd inn i kartprotokollen åt bygningskommunen. Desse målebrevi vert ogso nytta til å teikna eit sers noggrant kart

--- side 66 ---

av bygningskommunen. Ingeniør T. Kvamme er uppnemnd som styrar av kart- og skylddeilingsforretningane. Byggmeister A. L. Møn og smed Torstein Seim er valde som kartvitne.