112. Ygre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 207 ---

Gården vert nemnd i 1500-talet og vert skriven Ogrynn, Øgrenn, Igrenn. Det vert no sagt Ygrè2; han búr pao, è tao Ygrè, ska tì Ygrés, sms. Ygrés-haujén. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er kann henda gn. vigr f. (spjot, hest). Der er ein haug, Ringshaujén, som synest ha som ei spjotform.

Landkommisjonen skriv i 1661 at Øvre Ygre var på 3½ laup med to brukarar og hadde vedaskog og humlagard. Nedre Ygre var 2 laup 42 mark, hadde to brukarar, ring humlagard og for lite brennefang. Matrikkelen 1723 har ført upp Øvre Ygre med 2 laup 2 pund 12 mark, ein leiglending, humlagard og noko lite brennefang. Nedre Ygre var 2 laup 12 mark, hadde humlagard og litt vedaskog. Både Øvre og Nedre Ygre var tungvinne og det var ymist med kornavlingi. Det var

--- side 208 ---

Ygre.

same skyldi 1777 og 1838, då ho vart umskrivi til 10 dalar 17 skill. Samanlikningstalet var 900 for Øvre Ygre og 630 for Nedre Ygre. Der var skog til eige bruk og jamvel til sal og god humlagard.

Matrikkelen 1865 har um heile Ygre at der var 284/5 mål åker, 4½ mål dyrka eng, 38½ mål god, 44 mål medels natureng og 58 mål skrapebø. Bruk 1 og 2 hadde ring hamn og bruk 3 medels. Skog til husbruk. Bruk 1 og 2 kunde kvar selja timber for 12 spd. um året og bruk 3 for 18 spd. Ygre var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved utskiftingi 1918 var der 55 mål åker, 48 mål kunsteng og 28,5 mål natureng.

På Ygre budde det 28 menneske i 1801, 31 i 1865 og 48 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ygre.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 26 33
1723 3 30 33 44
1865 3 25 61 81 75
1918 5 24 58

Einar på Ygre har i 1317 saman med 10 andre utferda brev um at dei var tilstades ved ei avgjerd um 20 mmb. i Rogne (DN. I. nr. 151). På Ygre var det to brukarar i 1501, Viking som betalte 3 mark i skatt og 8 mark i breffbrot og Halldolf med 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Arne, Knut og Åmund budde der i 1563, Mons hadde 1 laup i 1591 og betalte i 1597 tridje års bygsel for 1 laup med 1 mark 51/3 skill. og i landboutredsel ½ dalar. Stiftet og kruna åtte dette jordgodset. Torleiv er oftare skriven som leiglending 1603-1616 og betalte tridje års bygsel for 1 laup i 1610, 1613 og 1615, kvar gong 1 dalar. I 1611 betalte han odelsskatt for 3½ laup. Mons åtte 3 laup i 1603, Brita ½ laup i 1611 og Sigrid 1 laup 12 mark i 1614. Som leiglendingar er skrivne Sjur i 1603, Bjarne 1611 og Bjarne og Halle i 1614 og 1621.

Leidangsboki for Apostelgodset melder at det var leidang på to bruk nemleg 1 pund smør og 1 bukkskinn på den eine

--- side 209 ---

med Halle som brukar og 1 spann smør og 1 bukkskinn på den andre med Bjarne som brukar. Til det fyrste høyrde øydejordi «Thued» med leidang 3 mark smør og 1 kalvskinn. Det fyrste bruket var «temmelig til avl» står det. Ryttarskatt var 1627 lagt på 1 spann med ½ dalar 6 skill. med Torberg som brukar. Stiftet åtte 1 laup i Ygre.

Oluf Nedre Graudo åtte 1621 1 spann, enkja på Hylle 13 mark, styksonen til Sjur Lid ½ laup og Sigrid Lund ½ laup, alt i Ygre. Halle betalte tridje års bygsel 1620 til kongen 1 dalar. Halle og Halldor var brukarar 1629 og Torbjørg åtte 1 spann i Ygre. I 1635 var det tri brukarar, Halldor på 3½ laup, Bjarne på 2½ laup og ei enkje. Ho slapp skatta av di ho var so fatig. Haldor åtte 1642 1 laup 1 pund.

Skattemanntalet 1645 har ført upp: Vilkin Simonson på Øvre Ygre, g. m. Rangue, Per Torkjelson, g. m. Marta, Steffa Kristofferson på Nedre Ygre, g. m. Astrid og Brå, g. m. Berete. Ei huskone Berete var der og. Øvre Ygre er i 1652 ført upp med skyld 3½ laup. F. Broderson åtte 2 laup, kongen 1 laup og Apostelgodset ½ laup. Dette var då skrivargard og difor skattefritt. Um Nedre Ygre står det at skyldi var 2 laup 30 mark og at F. Broderson var eigar av 2 pund 3 mark, Apostelgodset ½ laup, Ivar Lid 2 pund 6 mark og Josef var brukar. Han var lagrettemann i 1657. Viking Ygre åtte ½ laup i Grovu, Kv. F. Broderson let 1649 til kongen ved makebyte noko i Øvre Ygre der Viking var leiglending og noko i Nedre Ygre med Per som leiglending.

I 1655 er det same skyld og eigarar på Øvre Ygre som 1652. Jon var brukar. På Nedre Ygre var skyldi 2 laup 42 mark. Johannes Opeland var eigar av 1 laup, F. Broderson 2 pund 12 mark, Apostelgodset ½ laup, Ivar Lid ½ laup og Torgeir Helland 14 mark. Viking Ygre åtte ½ laup i Grovu, 2 pund i Eide og 1 pund i Rekve. Viking var brukar. Han var lagrettemann i 1669 og 1670, og vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde hogt timber i Almenningen. Viking var tiltalt i 1657 for di han i eit brudlaup på Bryn hadde skjent og banna alle futar og skrivarar. Viking bad um tilgjeving. - Rasmus Ygre er i 1660 utskriven or rullane som soldat.

I 1661 er skyldi og eigarane på Øvre Ygre likeins som i 1652. Eigarane bygsla burt kvar sitt. Viking og Reinert var brukarar. Nedre Ygre var 2 laup 30 mark. Derav åtte Munkeliv

--- side 210 ---

½ laup og 1 laup 2 pund 18 mark var bondegods. Olav Andersson og Steffa var brukarar. Hermann Garmann fekk kongeskøyte 1662 på 1½ laup 1 spann på Øvre Ygre og 2 pund 1 spann i Nedre Ygre av Munkelivgodset. Garmann selde det att same året til Klas Miltzow. Peter Reedtzs fekk kongeskøyte 1665 på 1 laup i Ygre og ½ laup av Apostelgodset på Øvre Ygre.

I 1664 er meldt at brukaren på Øvre Ygre heitte Viking Sveinson med sonen Eirik f. 1650. Lars Kristofferson var då brukar på Nedre Ygre. På Øvre Ygre låg ½ laup øyde i 1675. I 1676 er skrivne som eigarar: Klas Miltzow av 2 laup 1 pund, Josef Lid 1 spann, Per Andersson 1½ laup og Knut Tveit 9 mark. I 1680 åtte Klas Miltzow 3 laup 2 pund 18 mark, Sjur Hylle 4 mark, Knut Tveit 9 mark og Per Andersson» ervingar 1 laup 1 pund. Klas Miltzow var 1691 eigar av Nedre Ygre, 2 laup 12 mark med Sylfest som brukar, odelsskatt 2 rd. 1 mark og ryttarskatt 4 mark. På Øvre Ygre var det desse eigarar: Klas Miltzow 1 laup 1 pund, lagmann Coch 1 laup 1 pund og brukaren Lars 12 mark. Odelsskatten var 2 rd. 4 mark og ryttarskatten 4 mark 4 skill.

Matrikkelen 1695 har ført upp som eigarar på Øvre Ygre kaptein Stoud 1 laup 3 pund 12 mark, Hans Akselson 1 laup, Sjur Hylle 4 mark og Knut Tveit 8 mark. Laurits var brukar. Kaptein Rasmus Stoud åtte Nedre Ygre som var 2 laup 12 mark med Sylfest som brukar.

Folketeljingi 1701 har som leiglendingar på Øvre Ygre Lars Nilsson, 47 år, og på Nedre Ygre Anders Karlson, 39 år. Enkja etter kaptein Stoud kjøpte i 1707 4 pund i Ygre av Hans Flindt. I Odelsskattemanntalet 1614 er skyldi på Øvre Ygre 3 laup 1 pund og på Nedre Ygre 2 laup 30 mark, som alt var Kristense Miltzow sin eigedom sonær som 12 mark i Øvre Ygre som Lars Kvitno åtte. Lars var i 1715 leiglending på Øvre Ygre og Anders på Nedre Ygre. Sylfest Olavson, nemnd ovanfor, døydde 1698 på Nedre Ygre. Han var g. andre gongen med Brita, som levde etter han. Dei hadde ikkje born, men med fyrste kona hadde Sylfest sju born: Olav gift i Bergen, Arnfinn Skulestad gift, Mons, Ragnhild (død, og etter henne tri born Anna, Kristi og Marta), Anna, g. m. Endre Bø, Kari, g. m. Knut Osgjerd og Marta f. 1671.

Lars Nilsson, f. 1654, g. m. ek. Sigvor Olavsdr. var leiglen-

--- side 211 ---

ding på Øvre Ygre. Han var lagrettemann i 1695. Som vitne 1707 i ei sak på Ronve upplyste han at det då var 32 år sidan han kom til Ygre. Lars døydde i april 1716 og Sigvor i august same året. Sigvor hadde fyrr vore g. m. Viking og hadde med han fire born: David, død fyre 1716 (og hadde fire born: Kari f. 1694, g. m. Erling Øvsthus, Brita f. 1698, Ingebjørg f. 1700, Viking f. 1703), Ragnhild, g. m. Ivar Lemme, Guri, g. m. Jon Kinne, Marta død fyre 1716 (og hadde fire born: Viking Knutson, f. 1700, Magne Knutson f. 1702, Knut Johannesson f. 1706 og Gjertrud Johannesdr. f. 1708). Ved skifte etter Lars Nilsson åtte dei 44 mark i Skjerve etter skøyte 1709. Nettomidelen til å skifta var 318 rd. Lars og Sigvor hadde to born: Viking på Gjerdåk og Nils på Eide.

Viking Larsson f. 1676, g. m. Brita Steffadr. Tvilde f. 1674 var leiglending på Gjerdåk 1701, 1715, seinare på Ygre etter far sin og kjøpte 1734 av Jens Nordahl 3 laup 12 mark i Øvre Ygre for 530 rd. I 1724 samla han pengar i grendi si til Lars Skutle og Kjel Berge, som skulde til Kjøbenhavn for å tala med kongen um ei sak for vossane. På den store ljosekruna i kyrkja står namnet hans Viking 1733 saman med fleire andre. Viking døydde 1739 og Brita 1746. Det var tri born etter dei: Steffa f. 1698, g. m. Andri Torgisdr. Melve, leiglending på Melve, Olav f. 1707, g. m. ek. Gudve Oddsdr. Gjerstad, leiglending på Gjerstad, Knut f. 1712, g. 1738 m. Marta Torbjørnsdr. Nedkvitno. Knut fekk i 1738 1 laup 42 mark i garden hjå far sin og ved skiftebrev 1739 38 mark. Dessutan åtte han 13 mark i Skjerve. Knut døydde 1762. Marta vart attgift 1766 m. Anders Olavson Dagestad. Han vitna i ei sak på Bokkatun i 1790. Ho Marta kjøpte 1764 av medervingane sine 1 laup 10 mark i Øvre Ygre. Knut og Marta hadde seks born: Guro f. 1742, Viking, Torbjørn f. 1748, Brita f. 1752, Mikkjel f, 1757, Jorunn f. 1761. Berre Viking, og Torbjørn vart gifte.

Viking Knutson gifte seg 1774 m. Ragnhild Larsdr. Melve og døydde 1779, 33½ år gl. Han fekk skøyte 1767 frå mori og syskini på 2 laup og 1776 frå Nils Vikingson Lid på 8 mark. Viking var då eigar av ialt 2 laup 2 pund i Ygre. Han selde 1772 1 laup 4 mark til Torbjørn, bror sin, og 1 laup 4 mark til Jon Larsson Bjørku. Viking hadde att 8 mark og budde sidan på plasset Ygreshuset. To born: Kari f. 1774, g. m. Ivar Erlingson Tvilde og Knut f. 1776. Torbjørn Knutson

--- side 212 ---

f. 1748 døydde ugift 1779. Jordgodset han hadde kjøpt av Viking, selde han 1776 til Nils Jonson Øvre Kyte. Jon Bjørku selde i 1775 1 laup 4 mark i Øvre Ygre til Velom Person, som 1778 selde til Nils Jonson Ygre. Han åtte då 2 laup 8 mark i Øvre Ygre og bytte 1778 med Olav Olavson Midberde uti 39½ mark i Midberde.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Ygre. Viking, son åt Olav Vikingson og Gudve Oddsdr. på Gjerstad, umtala ovanfor, kjøpte 1785 1½ laup


Ygre. Bruk 1 øvst, bruk 3 nedst
Bilete 25. Ygre. Bruk 1 øvst, bruk 3 nedst. Fot. P. Braaten 1936.

i Øvre Ygre. Viking var f. 1740, g. 1785 m. Torbjørg Andersdr. Giljarhus f. 1758, døydde 1797 og hadde tri born: Olav f. 1788, Odd f. 1791 og Gudve f. 1795. Olav fekk garden ved skifte 1797 etter far sin og skøyte 1808 og bytte 1808 med Åmund Torsteinson uti Løkjo, Vossastr. Olav var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen. Han selde 1810 til Torbjørn Person Uppheim, Vestb., som i 1811 bytte seg til Litlere med Mons Larsson.

Mons Larsson var g. m. Anna Endresdr. og ved skifte etter han 1822 er det ført upp ni born: Endre 17 år, Lars 14, Ivar 10, Sjur 4, Brita 18, Margreta 12, Brita 6, Anna 2 og Ingebjørg

--- side 213 ---

½ år. Endre gifte seg 1835 m. Anna Torsteinsdr. Rokne. Lars vart g. 1839 m. Torunn Eiriksdr. Lydvo. Ivar vart buande på Evanger. Sjur vart husmann på Ygreshaugen. Brita d. y. gifte seg 1852 m. Eirik Larsson Brattholo. Per Bårdson En kjøpte garden i 1822 for 714 spd. Han var g. m. Margreta Larsdr. Ved skifte etter han i 1825 vart garden utlagd til enkja og sonen Lars. Dei selde i 1828 til Endre Monsson for 640 spd. Han selde att 1832 til Olav Nilsson Saude, som var g. m. Margreta Monsdr. Ygre. På Ygre fekk dei borni Nils f. 1832, g. 1856 m. Brita Davidsdr. Glymme, Anna f. 1836, Mons f. 1839, Anna f. 1842, Knut f. 1844 og Ingebjørg f. 1853.

Olav Nilsson selde garden i 1856 til Ivar Andersson Rykke for 1200 spd. Han er umtala på Rykke. Olav Andersson Tvilde kjøpte garden i 1876 for 1000 spd. Han var fødd på Veiso 1830, g. 1880 m. Marta Trondsdr. Tvilde og døydde 1918 utan etterkomarar. Olav skøytte garden i 1895 til Brynjulv B. Osgjerd for 5850 kronor. Han er f. 1865, g. m. Ingebjørg Åmundsdr. Fjose, f. 1869. Brynjulv har dyrka mykje på garden, bygt nye hus, dreiv ei tid med handel og har vore med i styret for ymse lag for jordbruksnæringi.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 113, lnr. 223 med gamal skyld 1 laup 1 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,24 som er sett ned til mark 3,09 etter at bruk 13 er skilt frå.

Bruk 2. Ygre. Sjur Steffason f. 1730, son til Steffa Mikkjelson Bø, Dyrved., var gift fyrst med Brita Larsdr. f. 1728 og andre gongen 1787 m. Anna Gudleiksdr. Bø f. 1747. Sjur var leiglending på Bø, Tbk., og kjøpte 1756 1 laup 4 mark i Øvre Ygre av ervingane ved skifte 1739 og 1749. Sjur bytte i 1764 med Mikkjel Ivarson Store Rokne uti 12 mark i Fagnastølen. Mikkjel selde att 1771 til Bård, son sin, som atter selde 1773 til Knut Magneson Nedre Vinjo. Av han kjøpte Knut Monsson Kvarakvål 1 laup 8 mark i 1774 og selde att 1779 til Olav Olavson Ygre. Knut vart sidan leiglending på Bø. Olav selde 1780 1 laup 45 mark til Erling Person Vele. Han bytte i 1781 med Johannes Larsson uti garden hans på Skogstad, Vossastr. Johannes bytte so 1786 med Hermund Isakson og fekk parten hans i Bolstad. Skyldi på bruk 2 var då 1 laup 30 mark.

Hermund Isakson Mosafinn f. 1743 vart g. 1775 m. Anna Torsteinsdr. Lunde f. 1755 og døydde på Ygre 1826. Dei hadde sju born: Isak f. 1781, Torstein f. 1787, g. 1828 m. Brita Monsdr.

--- side 214 ---

Ygre, Marta f. 1776, død ugift, Brita f. 1777, g. 1811 m. Nils Olavson Herre som 1827 budde på Langeland i Hamre pr.gj., Rannveig g. 1. m. Pål Nilsson Dale f. 1779, død 1824, 2. m. Absalon Folkedal, båe i Granvin, Ingebjørg f. 1785, Anna f. 1789, g. m. Nils Ivarson Dale, Granvin. Torstein var med i krigen mot Sverike, hadde nokre år gard på Rokne og reiste til Amerika.

Isak f. 1781 vart g. 1808 m. Ragnhild Persdr. Bø, f. 1780 og døydde 1838. Farsgarden som han fekk i 1809 for 400 rd. vart ved skifte 1839 taksta 400 spd. og skogen 50 spd. Fire born: Knut, Ingebjørg, f. 1808, død ugift, Anna f. 1811, Brita f. 1818, g. 1. 1845 m. Kristoffer K. Uppheim, 2. 1852 m. Eirik Larsson Brattholo.

Knut Isakson f. 1817, g. 1844 m. Ingebjørg Larsdr. Saude, Borstr., fekk garden ved skifte etter faren i 1839. Knut døydde 1896 og Ingebjørg 1909. Dei hadde seks born: Lars f. 1846, g. m. Anna Larsdr. Hylle og døydde 1879, Isak f. 1849, g. m. Ingjerd Johannesdr. Hylle, f. 1854, død 1928, Marta f. 1852, g. m. Anders Torgeirson på Bokkatun, Ragnhild f. 1855, g. m. Olav Isakson på Nedre Graudo, Knut f. 1858, Arngunna f. 1861, g. m. Nils Knutson Grovu, Kv. Isak fekk skøyte frå far sin på garden i 1875 for 500 spd. og dreiv lang tid med hestahandel. Sonen David fekk garden i 1908 for 4000 kronor. Han er f. 1888 og vart g. 1916 m. Anna Trondsdr. Jeraldstveit.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 113, lnr. 224 med gamal skyld 1 laup 30 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 2 dalar 4 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,24, som er sett ned til mark 2,80 etter at bruk 18 er skilt frå.

Bruk 3. Anders Karlson f. 1662, nemnd ovanfor, var g. m. Brita Sjursdr. Ho døydde 1718 og han gifte seg att same året med dotter hans Sjur Grjotland og 1719 m. Brita Bjarnesdr. Bokkatun. Anders døydde 1736, 77 år gl. og Brita vart gift att m. Eiliv Sjurson, som døydde 1749, 32 år gl. Anders var leiglending på Nedre Ygre frå i 1690-åri og har 1721 fått bygslesetel på nytt lag frå Kristens Miltzow på 2 laup 30 mark. Eiliv har bygsla det same av Jens Nordahl i 1737. Anders hadde ikkje born med Brita Sjursdr., men tri med Brita Bjarnesdr.: Nils f. 1722, Karl f. 1723, død ugift 1767 og Brita f. 1727, g. 1. 1755 m. Ivar Olavson Tverberg, 2. m. Kjel Torbjørnson Langedalen. Brita og Eiliv fekk dotteri Rannveig i 1739 som gifte seg 1769 m. grenader Lars Brynjulvson Meland.

Nils Andersson f. 1722 vart gift 1752 m. Synneva Askjelsdr.

--- side 215 ---

Bø og døydde 1759, 36½ år gl. Synneva gifte seg so 1761 m. Per Samsonson Nedre Auro, som døydde 1813, 77 år gl. Synneva døydde 1829, 99 år gl. Nils bygsla garden 1749, då mori, Brita, sa upp bygsli. Han kjøpte garden i 1755, 2 laup 30 mark, av Per Tønder Nordahl. Nils selde att dagen etter til verfar sin Askjel Mikkjelson Bø. Nils og Synneva hadde tri born: Anders f. 1753, som budde i Tungeteigen 1787, Mikkjel f. 1754 og Guri f. 1757, død ugift 1787. Med Per fekk Synneva fem born: Nils f. 1762 som budde på Tundal 1814, Olav f. 1767, budde i Bergen, Marta f. 1769, g. m. Olav Olavson Bulko, Samson f. 1770 var i Mæringi, Gjertrud g. m. Gudleik Eirikson Bø.

Askjel Mikkjelson Bø var g. m. Guri Olavsdr. som døydde 1796, 93 år gl. Ved skifte etter henne var garden deira taksta 600 rd. Dei åtte og ½ laup i Kvåle, Tkb. verdsett 36 rd. Bruttomidelen var 1395 rd. Fire born: Mikkjel, som då budde på Melve, Nils var på Gjerdåk, Gunnvor g. m. Anders (deira dotter Guri var g. m. Knut Torbjørnson Løno) og Synneva, umtala ovanfor. Mikkjel ervde noko i Nedre Ygre og kjøpte i 1796 2 pund 10 mark av medervingane sine. Han selde i 1798 1 laup 15 mark til brorsonen Olav Nilsson Ullestadteigen, som selde att 1799 til Samson Person Ygre. Askjel selde i 1799 til sonasonen, Olav Nilsson Ygre, 1 laup 15 mark i garden, som han atter selde 1811 til nemnde Samson. Han åtte då heile bruk 3.

Samson makabytte med Steffa Sjurson Bø uti gardsnr. 109 bruk 4 på Bø. Steffa var f. 1767, g. 1794 m. Marta Knudsdr. Grovu og døydde 1817. Ved skifte etter han 1821 var garden verdsett 600 spd. Bruttomidelen var 1899 spd. Dei hadde sju born: Sjur f. 1795, Brita f. 1796, g. m. Lars Eirikson Vinjo, som kom til Gjøastein, Marta f. 1801, g. m. Gudleik Larsson på Nedre Graudo, Knut f. 1802, gardmann på Haug, Maria f. 1807, g. m. Olav Olavson på En, Lars f. 1810, kom til Sonve, Ragnhild f. 1812, g. m. Olav Knutson Grovu (Amerika).

Sjur Steffason f. 1795 var g. 1824 m. Brita Larsdr. Nedre Graudo f. 1800. Sjur Ygre og Gudleik Graudo slo hemnekrokar med di han Sjur gifte seg med syster hans Gudleik, og han Gudleik gifte seg med syster hans Sjur. Sjur fekk skøyte på garden frå mori og syskini i 1823. Ho Brita reiste til Amerika då Sjur døydde 1839. Ved skifte etter han 1840 var garden taksta 560 spd. og skogen 40 spd. Bruttomidelen var 762 spd. Seks born: Steffa, Lars, Knut, Olav, Lars og Gitle fødde 1825-1839.

--- side 216 ---

Steffa f. 1825, g. 1849 m. Ingebjørg Larsdr. Kvåle fekk farsgarden ved skifte etter far sin i 1840 og ved skøyte frå mor si 1849. Steffa selde garden i 1855 til Ivar Nilsson Dale, Granvin, for 900 spd. og drog med huslyden til Amerika.

Ivar Dale selde garden att same året til Nils Pålson Lunde og sonen Nils for 1300 spd. Dei selde atter 1858 til Olav Nilsson, som var andre sonen hans Nils Pålson, for 800 spd. Olav Lunde var f. 1828, g. 1858 m. Sigrid Styrksdr. Fjose f. 1835. Olav døydde 1916 og hadde tolv born: Brita d. e. f. 1858, g. m. lærar og gardmann Olav K. Bjørgås, Evanger, Brita d. y., f. 1859, g. m. Nils Davidson på Gjerme, Nils f. 1861, g. m. Anna Bårdsdr. Bjørku og fekk gard på Bjørku, Styrk f. 1863, g. m. Margreta Brynjulvsdr. Væte, gardmann på Lunde, Odd f. 1865, gartnar i Oslo, Marta f. 1869, gift til Vivås m. Herlaug Torgeirson, Ingjerd f. 1871, Ingebjørg f. 1873, Olav f. 1874, Margreta f. 1876, g. m. Eirik Nesheim, huseigar på Endeve, Sigrid f. 1879, Mons f. 1882, død ugift. Ingjerd, Ingebjørg, Olav og Sigrid er i Amerika. Mons Olavson fekk garden i 1903 for 4000 kronor, men selde att same året til bror sin, Nils Bjørku, for same pris. Han let att til Olav, son sin, i 1917 for 3200 kronor. Olav er f. 1886 og g. 1915 m. Brita Knutsdr. Ringheim, f. 1888.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 113, lnr. 225 med gamal skyld 2 laup 8 mark. urevidert 3 dalar 4 ort 4 skill., revidert 4 dalar 1 skill. Ny skyld mark 5,84, som er sett ned til mark 4,80 etter at bruk 17 og ein part i Istadmyrane er skilt frå.

Bruk 4. Steindrú. (Støl på Fennafjellet.) Skilt frå bruk 3 i 1838 med skyld 38 øre. Sjur Steffason Ygre skøytte i 1826 1/3 av stølen Steindrú til Bård Oddson Håtveiti, som bytte parten i 1838 til Josef Håvardson Mala. Gusskalk M. Seim kjøpte i 1851 på auksjon stølen saman med garden Mala og selde att i 1854 stølen saman med eit bruk i Opeland til Torkjel Skjerve. Ved skifte etter han 1858 fekk sonen Knut stølen og selde han 1868 saman med bruket på Opeland til Lars Torbjørnson Grovu, som selde stølen att 1870 til Lars N. Uppheim. Han let so stølen i 1891 til sonen Nils saman med Uppheim. Lars, son hans, er no eigar.

Bruk 5. Steindrú. Skilt ut frå bruk 3 i 1865 med skyld 38 øre. Olav N. Ygre selde denne stølen i 1865 til Torgeir Bjarneson Kvåle for 150 spd. Sonen Bjarne fekk den i 1876 og han skøytte i 1926 til Torgeir, son sin.

--- side 217 ---

Bruk 6. Skilt ut frå bruk 1 i 1893 med skyld 1 øre og selt til konsul J. Rieber i Bergen for 50 kronor. Han let det 1912 til to døtter.

Bruk 7. Skilt ut frå bruk 2 i 1893 med skyld 1 øre og selt til konsul J. Rieber. To av døtterne hans fekk skøyte på det i 1912. Bruk 6 og 7 er partar på stølen Helgaset, Kv.

Bruk 8, 9 og 10. Skilde frå bruk 1, 2 og 3 og slått saman med gardsnr. 92 bruk 5 i Bømoen.

Bruk 11. Ygresteigen som ligg millom Brurestolen og Fenno. Skilt frå bruk 3 i 1900 med skyld 2 øre og selt til Nils Nilsson Lillegraven for 400 kronor. Han bygde der og selde att 1907 til Mattis Jakobson Slettemark.

Bruk 12. Frivold. Skyld 4 øre. Utskilt 1905 frå bruk 2 og ervefest til Olav Olavson Frivold i 1906. Enkja hans selde att 1925 til baneformann Bernt Sævik.

Bruk 13. Skyld 55 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 1.

Bruk 14. Skyld 58 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 2. Der er Ygre jarnbanestasjon. Husi på stasjonen vart bygde til drifti på Bergensbanen byrja på lina Voss-Myrdal i 1907. Stasjonsmeisteren er ogso postopnar. Tjukkebygdi Telefonautomat er på bruk 8, Hylle. Ovanfor stasjonstuftene er bygt eit bustadhus og to forretningshus. I dei er landhandel og mottakingsplass for mjølk.

Bruk 15. Solhovd. Skilt frå bruk 3 i 1910 med skyld 30 øre og selt til Mattis J. Slettemark.

Bruk 16. Brekkene. Skyld 2 øre. Ervefest av bruk 2 i 1910 til Ivar Andersson Graudo. Kristina K. Graudo kjøpte eigedomen på auksjon i 1915, og selde att 1918 til Rich. Jordan. Han selde att same året til Olav J. Seterdal. Petter Kvam kjøpte so bruket i 1921, og Oskar Kvam i 1931. Han selde det 1934 til Abraham F. Heggland.

Bruk 17. Ygre. Skilt frå bruk 3 i 1918 med skyld 1 øre og selt til Brynjulv Osgjerd.

Bruk 18. Dalheim. Skilt frå bruk 2 i 1918 med skyld 4 øre og ervefest i 1918 til Olav H. Dale, som har bygt der.

Bruk 19. Friborg. Skyld 8 øre. Skilt ut frå bruk 3 i 1933. Anna O. Bjørku, Ygre er eigar.

Bruk 20. Solbakken. Skyld 2 øre. Utskilt frå brak 1 i 1935 og ervefest til Kolbein Berde.

--- side 218 ---

I 1922 vart selt til Voss Jordstyre ikring 80 mål i Istadmyrane.

Husmenn på Ygre.

Husmannsplass var der ikkje i 1701 eller 1723. Husmannskona Anna Mikkjelsdr. døydde på Ygre 1759 og hadde stykdotteri Kari Erlingsdr. Anna hadde fyrr butt på Istòbødn. Sjur Hollgeirson Kvarakvål f. 1698, g. m. Bryttva Larsdr., døydde 1774 som husmann på Ygresbødn, som var ovanfor og innanfor der stasjonen no er. Dei dreiv ikkje so lite med ulovlegt ølsal både medan Sjur levde og seinare, og det var ofte klagemål over at det var slikt uppstyr der. Ho Bryttva vart stemnd til tings i 1775, for ulovleg «krohold». Lensmannen hadde teke umlag 23 kannor øl à 6 skill. frå henne. Vitni fortalde at det var mykje drikking i huset åt enkja med kortspel og annan uorden. Bryttva vart dømd til å bøta 20 rd. og 3 rd. i sakskostnad. Sjur var fyrr husmann på Osgjerd. Fire born: Hollgeir, g. 1758 m. Synneva Knutsdr. Nedre Vinjo, Gjøa, g. 1755 m. Nils Henrikson Helleve, Sigtru f. 1742 og Anna f. 1749. Anders Nilsson f. 1751, g. m. Brita Larsdr. var husmann i 1701 på bruk 3 og hadde då borni Nils 14, Lars 9 og Mikkjel 6 år gamle. På bruk 1 budde to husmannsenkjor Ragnhild Larsdr. f. 1740 og Atla Larsdr. f. 1743. Alle desse husmannsfolki i 1701 fekk fatighjelp. Lars Knutson, g. m. Barbrå Hollgeirsdr. hadde plass ikr. 1780. Lars Mikkjelson budde i Ygresteigen, var med i krigen mot Sverike og døydde på eit sjukehus.

Johan Knutson f. 1819, g. m. Ingerid Olavsdr. f. 1816 hadde Johannesplasset på bruk 1 tett attmed Katturæ. Han var kvækar, las mykje, var god til å rekna, arbeidde plasset godt upp og dyrka fleire slag hagevokstrar. Han fylgde godt med i det som gjekk for seg. Sundagane kom grannane til han for å høyra kva Johan hadde å fortelja. Almanakken studerte han mykje i og sa sume tider kva ver som var i vente. Johan døydde 1892 utan born. Mikkjel Anderson f. 1794, g. 1829 m. Ingjerd Samsonsdr. hadde plass i Ygresteigen frå 1830-åri. Plasset låg millom Brurestolen og Fenno og er no bruk 11 og 15. Ho Ingjerd døydde 1878. Mikkjel vart då sagd upp frå plasset og han døydde 1884. Det er no bruk 11. Dei fekk borni Brita f. 1830, Guri f. 1833, Gjertrud f. 1840 og Anders f. 1841 som var smed. Eirik Larsson, g. m. Brita Monsdr. var plassfolk i

--- side 219 ---

1850-åri. Sjur Monsson f. 1817 var g. 1. 1866 m. Anna Knutsdr. Fenno, 2. 1885 m. Anna Arnesdr. Hove f. 1853. Han hadde stove på Ygreshaugen og arbeidde mykje med selar, salar, skreppor og setlabøker. Han hadde mist eine foten, gjekk sidan med ein trestav til fot. Han døydde 1898.

Stølar.

Øvre Ygre hadde støl 1 mil frå garden og Nedre Ygre 2 mil frå garden heiter det i matrikkelen 1723. Semje var gjord 1751 millom leiglendingen på Nedre Ygre og eigaren oberstløytnant Jens Nordahl um dei rette grensor for stølsmarki. Olav Nilsson bygsla i 1807 stølen Steindrù til Nils Masson Bauthus og kona hans på deira levetid. Utskifting og steinaforretning vart halde på Steindrù i 1826. Sjå og bruk 4 og 5. Bruk 3 har framleis støl på Steindrù. Denne stølen ligg mot grensa åt Granvin. Bruk 1 og 2 har støl på Helgaset, Kv. Brynjulv Osgjerd tok undan Osgjerdsstølen (då han selde Osgjerd), og bruker denne stølen til garden sin på Ygre. Utskifting av skogen millom bruk 1 og 2 på stølen Helgaset var halde 1905.

Kvern og sag.

Kvern var det ikkje på Ygre i 1723, men i 1776 og 1791 var det to på Øvre og på Nedre Ygre ei flaumkvern. Alle tri bruki har havt kvar si kvern i Ygresgilæ som folk enno godt hugsar um. Bruk 1 hadde sag i Ygresgilæ ved Ringshaugen til ho vart rivi i 1880-åri.

Offentlege forretningar.

Leiglendingen hadde i 1728 sak med eigaren. I 1774 var halde forretning um ei demme på Nedre Ygre. Takst var halde 1821, merkeskilforretning 1826, utskifting 1867, gjerdeforretning 1882, oreigning av Bømoen 1897, gjerdeskyn mot Bømoen 1903, jarnbanetakst 1900 og 1907, godviljug utskifting 1905 millom bruk 2 og Osgjerd av heimemarki, semje med militæretaten um veg i 1906 og um skjotebane i 1910, semje med jarnbanen i 1909 um grind og 1926 um planovergang og 1929 um gjerdehald ved Hardangervegen på Dalsleitet.

Ymse.

Stovehuset på bruk 3 må vera bygt i 1821. Det står innhogge i ein stein i grunnmuren: 1821 S. S. S. Y. - Arnfinnshaugen er ein gravhaug som vart utgraven i 1880-åri. Det som då vart funne, er i Bergens Museum. Det synte seg at haugen hadde vore utgraven fyrr. Ringshaugen som ligg midt ned for Ygresgilæ, trur sume er ein gravhaug, men andre trur ikkje det av di han ligg midt for gilæ.

--- side 220 ---

Bumerke.

Anders Nedre Ygre 1710 tavle 5 nr. 83 og med litt brigde i 1719. Viking 1718, 1733, 1736 og Viking Øvre Ygre i 1721 t. 5 nr. 1. Knut 1761 t. 5 nr. 84. Per Nedre Ygre 1774 og Per Samsonson 1792 t. 1 nr. 23. Olav Olavson 1780, 1782 t. 1 nr. 45. Anders Olavson 1780 t. 5 nr. 85.