Ymse frå Bordalen og Giljane.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 349 ---

Bordalsvegen.

Då vegen frå Vangen til Hardanger vart bygd i 1860-åri, vart det lagt ny veg for Bordalen frå Haugamod'n um Belgumssvingen, Nyreshaugen, Haugasvingen, Ronvesbakkane, Skulehaugen og Sonveskrokjen til gamle Bordalsvegen ved Sonveskloppæ. Gamlevegen gjekk derfrå utover um Roksflyane, Rokssvingen, nedanfor husi på Vetla Rokne, ovanfor husi på Stora Rokne, Rokshaugen, Lindesio, Græeshol'na, Himleskrossen, tunet på Nedre Himle, Fossakloppæ, Fremmedalen, Oldesdokkjæ, Oldesbakkjen, Oldestune, Klungorleite, Haugskloppæ, Haugsbakkjen, Lappa-lealde, Hadlandsleite, Færesbakkjen, Bulegona, Kvitnadalen, Kvitnatune, Kvitnaflåten, Bjednebykse, Kvitnakinnæ, Jeraldshagen, Nygjerdslo, Jeraldstune, Jeraldsbakkane, over elvi på Jeraldsbruæ, over Vihovden, Pøysekloppæ, Leirflåten, Nyestølsbakkjen, Rangabrunæ, Hodnabakkane, Hodnaje og til Rangatune. Fyrr det kom bru over elvi, var det vad.

På Haug tok vegen av som går um Helland over Rjoabruæ til vegen på Giljasida. Fyre 1860-åri gjekk Bordalsvegen frå Sonveskloppæ gjenom tunet på Sonve og Ronve, ovanfor husi på Haugo og kom austanfor Haugo saman med vegen frå Viki og Giljane. Gjekk so gjenom Brynatunet og kom der saman med gamle Kvitlavegen. Frå Sonveskloppæ gjekk det gongeveg ned gjenom Borgona til føringsplassen ved Vosso, og den er i bruk no og. Den nye Bordalsvegen vart bygd og teken i bruk stykkevis, utanifrå. Fyrst stykket frå Leirflåten til Gratlavadet. So stykket frå Kvitno til Helland. Og sist (1936) stykket Helland til Sonvesgroæ.

Fyrr i tidi har ferdsla millom Hardanger og Voss gått mykje um Folkedal, Kvanndal eller Lussand i Hardanger og um Almenningen og Rong eller um Bulko og Svelgane på Voss. Vegen Svelgane til Bjørkebruæ er umtala på Bjørku. Vossane tok nok alt sitt salt då frå Hardanger og reidde det vegen um

--- side 350 ---

Bulko eller um Rong. Ein stad um lag i merket millom Voss og Hardanger er Brennevinsgroæ og Brennevinssteinane. Dei gamle fortel at Vossane vanleg kvilte der, tok klyvi av hestane og godna seg med det dei hadde på brennevinsbempelen. Salttjødnæ ligg attmed vegen. Ho skal ha fått namnet sitt av at ein hest med saltklyv drukna der.

Giljavegen.

Den eldste Giljaveg som folk no har høyrt um, gjekk frå føringsplassen ved Vosso gjenom Jernesmoen til elvi Jonæ. Fyrr det kom bru over henne, brukte dei Jo-vae ved Lùtatræe. Vegen har so gått derfrå etter Brattegòto upp under Harahaugen og utover um gardane på Giljane til Gratlavadet, der han kom saman med Bordalsvegen til Rong. Vegen må ha gått um Tveita- og Ruesverkjen, for andre stader var det ikkje framkomande med øyk. Over Tesjolo er bru med stor helle til brudekke som truleg skriv seg frå dei tider. Etter segni skulde dei ytste gardane på Bordalen og bruka den vegen.

Ikring 150 meter nedanfor den noverande Jernesbruæ er eit gamalt brustøde som truleg er etter fyrste brui over Jonæ. Derfrå gjekk vegen etter gilbåri upp til Gjelle til fyrr nemnde veg. I 1860-åri vart bygt ny bru over Jonæ ikring 500 meter lenger nede og samstundes arbeidt køyreveg attmed Vosso frå Hardangervegen i Haugamoen um Jernesmjølstødl'n ned Sandbakkane til den nye brui. Vegen gjekk so upp Summarsdal'n forbi Summarstræe til Gjelle, gjenom tunet på Tveito, ovanfor tunet på Dymbe, upp dei bratte Dymbesbakkane og Ruesverkjen til Rue og Tillung. Vegen vart rotelagd.

I åri 1889-1902 vart bygt ny veg frå Jernes til Tillung med ny bru over Jonæ ved Gjeitaflåten. Frå brui går vegen uppover um Breidablikk til gamle vegen i Summarstræe. På Dymbe skil den nye vegen seg frå den gamle og går lægre um Røvstegen. Frå Rjodo til Tillung har ein gong vore arbeidt køyreveg, men han er ikkje rotelagd. Ein kann koma fram med hjulgreidor og lite lass.

Bordals-Almenningen.

På stølane Almenningane, som ligg ein fire-fem kilometer austum Rong, stølar gardane Haug, Rjodo (med undantak av bruk 2 Øvre Rjodo), bruk 1 Gjelle, Tveito og Glymme. Sume

--- side 351 ---

stader står der store turrfuror, og i myrane finst det store furelegger. I eldre tid har det vore stor fureskog der. Segni fortel at timber er kome derfrå til kyrkja då ho vart bygd og seinare til vølingar, som nemnt nedanfor.

Reinsdyrsaki på Bordalen i 1850-åri.

Voss Reinsdyrinteressentskap, skipa i fyrste halvparten av 1800-talet, hadde i mange år ein reinsflokk i Bordalsfjelli. Fleire av grunneigarane i fjellet påstod at reinsdyri gjorde mykje skade for dei. 48 grunneigarar på Voss og i Hardanger la upp sak i 1851 mot 29 dyreigarar på Voss og i Hardanger.

Dyreigarane vart ved underrettsdom 7. mars 1856 dømde til å føra dyri burt frå fjellstrekningen innan 29. september 1856 og betala 250 spd. i sakskostnad. Kvar dyreigar skulde dessutan betala 60 skill. til vedkomande fatigkassa. Overrettsdom fall 28. juli 1856 som heldt fast at dyri skulde førast burt som avgjort i underrettsdomen. Sakskostnaden vart nedsett til 200 spd. med tillegg av 30 spd. i sakskostnad for overretten.

Saki kom so for høgsterett der dom vart sagd 18. november 1858 som heilt frikjende dyreigarane. Høgsterett gjekk ut frå at fjellet var almenning, men sa ikkje noko um det var statsalmenning, bygdealmenning eller bygdesameign. Det er gått ut frå at der var fri bruk for alle bønder i dei bygdene som grensa til. I domen er difor ikkje tale um grensor for almenningen.

Saki um Krossaset.

Stølen Krossaset ligg i utkanten av Almenningen og grensar ovanfor Kvanngjelæ til Hardanger. Græane stølar på Krossaset. Um denne stølen var det umstendeleg prosess i 1660-1664. Nesheimsmennene i Granvin hadde bygt stølshus og støla der. Bordalsmennene vart 1663 stemnde av futen til tings for di dei imot tidlegare dom og bod av slottsherren hadde rive ned stølshusi åt Nesheimane på Krossaset. Sjur, Såvard, Øystein og Styrk Himle, Jørgen Gjelland, Olav Øvre Herre, Svein Litlere, Endre Haug, Ivar Helland, Torstein Herre, Knut Jernes, Eirik og Olav Rong, tilsaman 13 mann, tilstod at dei hadde rive stølshusi. Olav Vele, Torgeir Olde, Kåre N. Himle, Knut Græe og «Sogne Rykke» i Viki hadde samtykt i at det var gjort. I eit tidlegare rettsmøte var nokre menn førde upp onnorleis.

--- side 352 ---.

I juli 1664 vart retten sett på Krossaset. Per Andersson Vetla Rokne førde saki for Bordølene. Der var ein stor samling av eigarar, vitne og rettspersonar. Mange gamle menn vitna um dei gamle merki millom Bordalsalmenningen og Hardingane sin eigedom. Per Rokne heldt m. a. fram at det som Nesheimsmennene hadde halde fram, ikkje kunde «fravinde Bordals ottings almue som er udi boende 51 mænd på 39 gårde forannævnte almenning» (d. e. Bordalsalmenningen). Ved å telja etter i manntalet 1664 syner det seg at frå Græe til Liland er ført upp 39 gardar med 51 bønder. Heile dette stroket har altso då høyrt til Bordals åttung og gardane der har ått i Bordalsalmenningen. Det er og upplyst at ikring 40 år tidlegare hadde umbotsmennene for Vangskyrkja «ombedet de Bordals ottings mænd og havde med deres minde hugget udi Bordals Almenning tømmer til kirkens fornødenhed, men aldrig bedet Hardangere eller Nessems mænd om noget forlov til at hugge udi samme almenning ».

Ved domen vart det fastsett at den tidlegare dom skulde vera ugild, og at det rette merket millom dei stridande partar skal «begynde udi Stafskor, der nedefter i Dybegjelet, og saa derefter i Kvannagjel foss, siden derfra og over Kistefjeldet, som er endeskiftet. Det som er vestenfor fornævnte skifte skal høre Bordals otting til baade udi skov og mark med Krossæter og dets beitemark og Nessems mænd at nyde og følge alt det, som er beliggende på den østre side fra ovenbetræffende skrifter» o. s. f.

Det er fortalt etter dei gamle at Bordals åttung har gått frå Græe til Liland og dette vert stadfest i det som ovanfor er meldt frå saki um Krossaset. Ymist tyder på at åttungsinndelingi elles og har vore noko onnorleis enn no.