Ymse frå Dalane og Viki.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 599 ---

Dala- og Vikjarvegen.

Frå eldgamal tid har det gått reisleveg frå Narheim og øvra gjenom Nestås- og Ukvitsmarki, og vidare gjenom Skjeldamarki umlag der køyrevegen no går, og til Vikjarvegen. Gjekk so vidare på sørsida av Vangsvatnet fram til vadet over Vosso. Vegen har ved vatnet for det meste gått nede i fjøro. Det som skulde førast, laut reidast um det var mogeleg og elles køyrast på tremeiaslede. Husmenn som budde ved Lilandsosen, ved Sundet ved Vinsand og ved Vosso på Prestegarden, Nyre eller Jernes har ført over folk som skulde til den andre sida. I lang tid hadde føringsmennene ved Sundet og Vosso fast årleg innkome 1 aske korn av kvar gardbrukar i eit visst strok for føringi. Andre betalte for kvar føring.

Busitjarane på sørsida av Vangsvatnet og på Dalane laut lata hestar og naut symja over vatnet eller Vosso når der ikkje låg is, og dei skulde over til den andre sida med dei. Der laut dei leiga seg køyregreidor um det trongst. Når buferder

--- side 600 ---

skulde over ved Lilandsosen, laut dei leiga føringsmannen i Sundet, når han hadde ferje, til å koma med henne. Då Vikjarane fyrr Lilandsbrui kom, skulde til Evanger for å kjøpa rug, salt eller liknande, reid dei vanleg over elvi og lånte seg køyregreidor på Flògo. Dei fleste gardar på sørsida av Vangsvatnet hadde båtnaust for ein eller to båtar. Stundom åtte to menn ein båt ihop. Fleire av Dalingane hadde og båtnaust i Viki. Skjeldal hadde t. d. naust på Nausthaujen på Skjelde, Ukvitno på Grimastad, Nestås på Mosafinn og Seim i Vassendatråæ. Trenane hadde naust på Grimastad og fekk kyrkjedauren der, for di at Trenane hadde late Grimastadane få slåtta Hansaliæ. Ho vart seinare seld til Gilbakken. Ytste gardane på Dalane reiste like gjerne til Evanger som til Vangen.

Millom dei einskilde gardar har vore gongeveg som gjekk so vidt mogeleg rett millom gardane. Over elvar var lagt laup (eit par stokkar) til å gå på. Då kaptein P. M. Blytt kom til Eimstad, fekk han folk til å vera med å arbeida køyreveg frå Eimstad til Sundet fyrst i 1830-åri. Han fekk og bygt ferje til føring over Sundet av hestar, krøter, køyregreidor og andre ting som ikkje kunde takast i båt. Snart etter vart halde fram med vegen frå Eimstad til Grimastad og vidare utover Dalane. Vegen går ut Liane til Ukvitno. Stalsbakken er umlagd. Elles ligg køyrevegen umlag som han var bygd frå fyrst av. Frå Ukvitno gjekk vegen ned Grindabakken til Skjeldal. Nyevegen tek til uppe på Grindabakken og går høgare enn den gamle vegen utover til Skjeldal og vidare gjenom Vetlagjelæ um Gilbakken til Narheim.

Køyreveg har og vore arbeidt upp millom gardane frå Sundet til Lutatræe på Jernes. Der kom han saman med Giljavegen og heldt fram um Jernes, Nyre og Haugo. Austanfor Haugo kom vegen saman med gamle Bordalsvegen og fylgde han gjenom Brynatunet til gamle Kvitlarvegen, som er umtala på Bryn. Vikjarvegen gjekk gjenom tuni på alle gardane so nær som Ullestadteigen, Finnesteigen og Tyrlingen og har vel fylgt nokorlunde gongevegen som var fyrr.

I 1880-åri vart Lilandsbrui bygd og køyreveg arbeidt frå Bulken til Grimastad. Vikjarvegen er seinare umlagd frå Liland til Eimstad og frå Vinsand til ikring 200 meter forbi Vanjolo. - Fyrste stolkjerra i Viki kosta lærar Anders K. Dagestad i 1872.

--- side 801 ---

Trensveten.

(Sjå bilete 71.)

I Den Geografiske Opmåling i Oslo er ei skrivi skildring av Voss, der det m. a. er fortalt: Umkring Hamlagrøvatnet skal det fyre svartedauden ha vore fleire gardar. I skildringi er og fortalt at på toppen av Trensveten eller Mykkeltveitveten som han og er kalla, var leivningar av ei stove. Der heldt vaktmannskapet til som skulde setja eld på veden som var lødd upp på varden i tilfelle av krig.

Ein tjuv som vart teken, hadde fortalt at kameratane hans, to menn og to kvinnor, heldt seg i vestre vardehuset på Trensveten. Isak Velomson Nestås og ni menn reiste upp i fjellet på leiting etter tjuvane og røvarane. Då Isak og fylgjet hans nattars tid kom til vardehuset, var Anders Evanger og to menn komne der i same ærend. Dei ti menn trudde at det var folket som dei leitte etter. Isak og to av kameratane hans hadde ladde byrsor med, og han spende no hanen på byrsa si. Då Isak gjekk fram med byrsa i spenn, snåva han i ein stein. Skotet gjekk av og råma Anders Evanger og Ivar Olavson Grimastad som var i fylgje med Isak. Anders døydde. 24. august 1707 vart halde umframt-ting på Vangen. Isak vart frikjend då det var eit vådeskot.

Ein mann på Rekve som ikring 1880 var på Trensveten, har fortalt at då var det att av stova um lag tri umfar og av stongi ikring 4 meter. Både stokkane og stongi var fullsette med innskorne bokstavar. - Enno er der nokre stokkar att.