Lydvateigen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 437 ---

Lydvateigen er i matrikkelen og i panteregistret ført upp med gardnummer 37, det same som for Lydvo, av di han har høyrt til Lydvo til dess han vart skilt frå som bruk 4 og 5 i 1914 og 1916.

Landkommisjonen har 1661 ført upp Lydvateigen med 12 mark i skyld, Ingjerd Miltzow som eigar og Ivar som brukar. I matrikkelen 1723 er sagt at Lydvateigen var rudd sidan «den

--- side 438 ---

gamle matrikkel» av garden Lydvo, og Lydvamennene var eigarar. Det er vidare sagt at der var ikkje husmannsplass, skog, støl, kvern eller fiske. Garden var lettbrukt og hadde midlungs jord. Dei fødde 5 storfe og 6 småfe og avla 4 tunnor korn. Skyldi var likeins 1777 og 1838, men vart 1838 umskrivi saman med Skyldi på Lydvo. I matrikkelen 1865 er ført upp 2 mål åker, 1¼ mål god, 9 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. Dei fødde 2½ storfe, 15 småfe og avla 3 tunnor korn og 2½ tunne potetor. Ved uppteljingi 1918 var der 4,3 mål åker, 4 mål natureng og dei fødde 2 storfe og 24 småfe. Desse uppgåvone for 1865 og 1918 er rekna saman med Lydvo.

Ivar Olavson og kona hans Ingebjørg Nilsdr. er dei fyrste me veit um som har butt der. Dei hadde bygsla fyre 1695 av Ingjerd Miltzow og døydde barnlause. Skifte er halde 1725. Nils Larsson er skriven som leiglending i 1723 og har fått bygslesetel hjå Laurits Miltzow. Nils bleiv 1736 saman med fire andre på heimvegen frå kyrkja. Sume av etternemnde husmenn er førde upp på Lydvo i band 2. Steffa Olavson, g. m. Guri Nilsdr. fekk døtterne Ingebjørg f. 1730 og Marta f. 1732. Godvin Åmundson, g. m. Brita Eiriksdr. som døydde 1747 fekk borni Torbjørg, Jørgen og Guri f. 1738-1743. Knut Nilsson hadde sonen Nils f. 1738.

Olav Andersson hadde borni Anders f. 1737 og Marta f. 1742. Josef hadde dotteri Rannveig f. 1751. Kari Ivarsdr. døydde 1748, 82 år gl. Torgeir budde der 1763. Mons Larsson, g. m. Sigrid Andersdr. fekk 1777 dotteri Marta. Nils Ivarson f. 1769, g. 1791 m. Guri Olavsdr. Kolvu, f. 1759 fekk døtterne Ingjerd f. 1793 og Margreta f. 1796. Nils døydde 1801 31 år gl. Gusskalk Larsson Endeve f. 1759, g. m. Kristi Knutsdr. Ullestad fekk borni Brita f. 1801, g. 1837 m. Arnved Andersson Rong, Lars f. 1811 og truleg fleire. Gusskalk døydde 1815, 56 år gl. Johannes Andersson f. 1751, g. m. Synneva Mikkjelsdr. f. 1738 hadde sonen Mikkjel f. 1774.

Olav Mikkjelson, g. m. Gjertrud Gusskalksdr., fekk borni Gusskalk f. 1824 og Brita f. 1835. Helge Gudbrandson truleg frå Røldal var dyragjætar og budde i Lydvateigen. Han døydde 1864, 69 år gl. og hadde borni Nils f. 1836, død ugift 1862, Jon og Kari. Ved stølen Tjedna heldt dei då til når dei samla reinsdyri. Frå 1840-åri budde Nils Sveinson i Lydvateigen. Han var f. 1809 på Lydvo, g. 1840 m. Herborg Knutsdr. Seim og døydde 1892. Nils var so glad i å syngja og kunde mange visor

--- side 439 ---

og songar. Han døydde 1892 og hadde borni Kristense f. 1843 (Amerika), Åsa f. 1846, død ugift 1921, Guro f. 1850, død ugift, og Knut f. 1853 (Amerika). Ivar Ivarson døydde 1851, 34 år gl. Kona Torbjørg Johannesdr. døydde 1851, 68 år gl. Knut Oddson Bø f. 1822 var g. 1849 m. Gudve Ivarsdr. Skjerpe f. 1819. Um vintrane arbeidde han ofte med å alunreida reinshuder og andre skinn. Alunreiding var betre enn lysereiding; skinni vart finare og tolde betre væta. Dei hadde fire born: Ivar f. 1849 (Nordland), Marta f. 1851, død ugift 1921, Odd f. 1855, død ugift 1882, og Knut (Amerika). Ivar Ivarson Øvstedal, g. m. Synneva Olavsdr. Lavik budde der etter Knut til han kjøpte Tyrlingen.

Sjur Olavson Midtun kom til Lydvateigen i 1870-åri. Fyrr hadde han plass på Sundsteijen. Han var f. 1830, g. 1. m. Sisselja Brynjulvsdr. Bulko, 2. 1871 m. Brita Larsdr. Graudo og 3. 1877 m. Brita Torsteinsdr. Tren. Sjur var båtbyggjar og reidde og garva skinn, arbeidde skinnklæde og trekjørel. Han dreiv med stamping på Bjørgo, i Vinsandselvæ og sist i Vanjolo. Han døydde 1909 og hadde borni: Ingebjørg f. 1855, g. 1876 m. Knut Gitleson Rokne, Brynjulv f. 1862 (Amerika), Olav f. 1864 (Amerika), Torstein f. 1878, g. m. Ragnhild Ivarsdr. Tyrlingen som døydde 1912 (Odda), Sjur, g. m. Mari Andersson, barber i Odda. og Olav d. y. f. 1882, g. m. Anna Lekve, Ulvik,

Bruk 4. (Gardnr. 37.) Lydvateigen. Utskilt frå bruk 1 Lydvo i 1914 med skyld 62 øre og selt til Nils K. Mandelid for 3000 kronor. Han er f. 1883 og g. m. Brita Larsdr. Han har bygt ny løbygning og rudt mykje på garden.

Bruk 5. (Gardnr. 37.) Lydvateigen. Skilt frå bruk 1 Lydvo i 1916. Skyld 28 øre. Nils K. Mandelid kjøpte det for 1400 kronor.

Är du säker på att du vill logga ut?