Ullestad - Kamelstad ?
Artikeln nedan är författad av Gunnstein Akselberg och publicerades i boken "Gamalt frå Voss, hefte XVI" sid 30 - 39. Boken gavs ut i Voss, Norge 1984.
Gunnstein Akselberg är professor i nordiska språk vid "Nordisk institutt" vid universitetet i Bergen, och hans huvudområde är ortnamn. Han har lämnat sitt samtycke till att artikeln publiceras på denna webbsida.
--- Gamalt frå Voss, side 30 ---
Gardsnamnet Ullestad er heimla i mange eldre kjelder. Namnet er kjent frå fleire mellomalderbrev t.d. og dessutan har vi namneformer frå nynorsk tid. Kjeldegrunnlaget skulle såleis i utgangspunktet vera godt med omsyn til namnetolking.
Likevel er det vanskeleg å seia noko sikkert om innhaldet i dette namnet, ikkje minst grunna dei mange ulike namneformene, og eg vil i denne artikklen kort skissera nokre tolkingsframlegg og problemstillingar.
Her, som i mest all namnegransking, kan ein knapt koma fram til eintydige og absolutt «rette» tolkingar, endå om mange driv namnegransking med det utgangpunktet òg. Tolkingane vert ofte berre meir eller mindre rimelege framlegg og alternativ, bygde på eit best mogeleg realt og språkleg grunnlag.
Ullestad-namnet er sett saman av to namnelekker, ein såkalla hovudlekk, -stad, og ein såkalla utmerkingslekk eller fyrstelekk, Ulle-.
Når vi skal tolka hovudlekken, er vi på sikker grunn, -stad kjem av gno. (= gamalnorsk) -stadir, fleirtalsform til gno. stadr m. = nynorsk stad, og tydde truleg beint fram stad, grunn der bustad ligg eller kan liggja. I gno. tid har vi berre med fleirtalsforma -stadir å gjera i slike gardsnamn.
Vi har omlag 2.500 gardsnamn i Noreg som er sette saman
--- side 31 ---
--- side 32 ---
med denne hovudlekken. Berre rud-namna, til gno. rud n, «rydning», er det fleire av; vel 3.000.
Dei fleste stadir-namna er tidfeste til vikingtida, ca. 800-1050 e.Kr., og tradisjonelt vert utmerkingslekken tolka som eit mannsnamn eller mannstilnamn. Noko av bakgrunnen for dette skal vera den sterke interessa for einskildindivid, i all hovudsak mannen, som voks fram i denne tida og som braut med mykje i det eldre ættesamfunnet. - Nyare nordiske granskingar, i Danmark, Sverige og på Island, viser likevel at vi vel så ofte har med lokalitetskarakteriserande fyrstelekker å gjera, oftast eit substantiv eller eit adjektiv.
På Voss har vi ni slike stadir-namn: Gjerstad, Raustad, Ullestad, Skulestad, Dukstad, Istad, Dagestad, Eimstad og Grimastad.
Stadir-namna er den tredje største gardsnamneklassa på Voss (hovudsokna) med 9 namn eller 4,2% av alle gardsnamna etter gardsnamnetype. Berre vin- namneklassa (47 namn eller 21,9% etter namnetype) og heim- namneklassa (12 namn eller 5,6% etter namnetype) er større.
Alle åttungane på Voss , med unnatak av Kvitlar og Bordals åttungar, har stadir-namn.
Når vi skal freista å tolka utmerkingslekken, er vi som nemnt på usikker grunn. I ei av dei eldre kjeldene er namnet skrive Vlfualdastodum (Diplomatarium Norvegicum=DN, 1330), og den tradisjonelle tolkinga er at vi har med eit *Ulfaldastadir å gjera (stjerna framfor namnet tyder at denne forma ikkje er heimla i noko skriftleg kjelde og altså konstruert). Dette *Ulfaldastadir skal vera laga til gno. Ulfaldi m., som tyder «kamel», og var opphaveleg eit mannstilnamn, truleg bruka om eigaren av garden.
Det er rimeleg at Ullestad-garden er skild ut frå den eldre ('Preste'-) garden *Vang(en), gno, *Vangr(inn), sjå kartskissa, og det kunne vera naturleg å gje den nye garden namn etter ein av eigarane. Jfr. vikingtidsindividualismen.
Å få eksotiske tilnamn eller å verta kalla opp etter framande dyr, var ikkje ukjent i gno. tid. Vi kjenner t.d. til ein islending Olafr, som levde på 900-talet, med tilnamnet pái m., «påfugl»,
--- side 33 ---
--- side 34 ---
avdi han var så staseleg då han kom attende frå ei ferd til Irland. Snorre t.d. nemner fleire gonger i Heimskringla ein Brynjólfr ulfaldi frå Ranrike som levde på 1000-talet.
Det verkar likevel noko underleg at ein vossebonde i vikingtida eller i mellomalderen fekk tilnamnet «kamel», medan han levde, eller seinare.
Einar Ullestad fortel (1980:18 f) at dei heime på Solfeng (Ullestad) hadde tre gravhaugar som professor Haakon Shetelig granska ein sumar under 1. verdskrigen. I den eine av haugane fann dei ei kvinnegrav, den andre var opna før (gravrov), medan den største og finaste ikkje vart opna avdi ein småkonge frå Halvdan Svarte si tid (800-talet), ifylgje Shetelig, ligg gravlagd her. Haugen er no freda og ligg i krysset mellom Sivlevegen og Osavegen.
- Kan denne småkongen, etter tradisjonen t.d., ha fått tilnamnet ulfaldi?
Vi kan sjølvsagt ha med ein lokal jorsalfarar å gjera, som etter heimferda fekk dette tilnamnet. Kanskje ligg det ei litterær kjelde eller munnleg tradisjon til grunn for namnet. Merk at Bibelen berre nemner kamel nokre få gonger. Det kan òg vera interessant å merka seg at kamelen, den «topukla kamelen», er eit sentralasiatisk dyr, medan dromedaren, den «einpukla kamelen», lever i arabiske og nordafrikanske land.
Dinest er det vel og ein viss skilnad på å kalla seg eller å verta kalla «påfugl» og «kamel». Få ville vel kalla seg «flodhest» t.d., same kor eksotisk namnet eller dyret måtte vera. Merk dessutan at «ulfaldi» eigentleg er den folkeetymologiske forma for «elefant» (de Vries 1962:632). Kor mykje kunnskap nordmennene i mellomalderen hadde om framand fauna er òg uvisst.
Kanskje ulfaldi kan vera eit «finare» tilnamn for «krokrygg, pukkelrygg»? De Vries (1962:633) meiner at namnet fyrst er kjent i dei romantiske (riddar-) sogene og må vera kome til oss austfrå. Dersom namnelekken er eit persontilnamn, er det rimeleg at vi har med eit relativt ungt stadir-namn å gjera.
Det er såleis (kultur-) historisk mogeleg, men på mange måtar likevel urimeleg med eit slikt mannstilnamn på Voss i dette tidsrommet.
--- side 35 ---
M. Olsen (NG XI: 533) og L. Heggstad (1949:195f.) t.d. tolkar utmerkingslekkene som mannstilnamnet Ulfaldi «kamel». L. Bru (1906: 13) reknar derimot med eit mannsnamn Ulfvaldr (Ulvvald). Sjå nedanfor. Språkhistorisk er tolkingsproblemet meir mangslunge. Dei eldre namneformene er ofte svært ulike. Namneformene frå 1300-talet vekslar med og utan l
framfor f (v, u). T.d. Formene med f, (u, v) held seg til ut på 1600-talet (t.d. Vluestad 1611). Frå då av har vi berre former med l. Endinga, aldi held seg til byrjinga av 1500-talet (t.d. Owaldestad). Det finst og namneformer med g i utmerkingslekken: Vgfwallastodom (1307) og Vlgaldastad (Bjørgynjar Kálfskinn = BK). Den fyrste av desse formene er ikkje teken med i NG --- side 36 --- |
--- side 37 --- (Norske Gaardnavne), truleg avdi ho er feillesen i DN (som Vafwallastodom). Når det gjeld former med eller utan l framfor f, viser M. Olsen (NG XI:533) m.a. til forma vualdr i DN XIII:2ff. Dette diplomet er truleg skrive på Voss kort før 1300. I denne diplomteksten er det ein gong midt på 1300-talet ført til ei liste med latinske og gno. namn, m.a. på plantar og dyr. Eit av ordpara er «kamelus vualdr». - Vi har såleis i gno. varianten uvaldr til ulfaldi, «kamel», med rimeleg heimel i lokal kjelde. Ei mogeleg tolking er såleis at vi har med ein linn fyrstelekk, ulfaldi, å gjera og at ll, som talemålsforma, «udle«, reflekterer, har utvikla seg seinare. Sjå meir om ei slik lydutvikling nedanfor. L. Bru (1906:13) tenkjer seg truleg at utmerkingslekken må vera *Ulfvaldr, til gno. ulfr m., «ulv», og valdr m., «valdar», styrar, eigar. Då må vi ha med eit evt. *Ulfvaldsstadir å gjera, og det høver ikkje med dei eldste namneformene våre. I så høve må vi ha ei linn form, *valdi m.; *Ulfvaldastadir. Hægstad (1916:129) har særleg studert forma frå 1307, Vgfwallastodom. Han meiner at f har utvikla seg til gf, at denne forma kan vera den opphavelege og at dei seinare er omtydde, såleis at vi har med eit *Ulfvallastadir å gjera. Dette namnet er sett saman av gno. Ulfr m., appellativet «ulv», og gno. vollr m., «voll, grasmark», som i genetiv fleirtal hadde forma valla. Denne tolkinga verkar på mange måtar rimeleg, men det er rart at alle mellomalderformene etter 1307 skal vera omtolkingar. Snarare er det vel omvendt. Lydutviklinga til Hægstad, f>gf, bør ein vel og setja eit spørsmålsteikn ved. Tek vi med samansettingslekken, har alle dei eldre namneformene trestava fyrstelekk. Ei staving kan altså falla bort, og det er urimeleg at ld (-aldi-) skulle utvikla seg til ll som atter må vera grunnlaget for den moderne talemålsforma «udle-». Denne stavinga har truleg falle bort. Mellomalderkjeldene gjev oss desse fire hovudformene av utmerkingslekken: a. Ulfalda_ --- side 38 --- c. Ulgvalda_ Tolkingsframlegga av fyrste samansettingslekken i utmerkingslekken
kan vi setja opp slik: Det er vanskeleg å rekonstruera former som reflekterer g; *ulg (f/v)- eller *úg (f/v)-. Jfr. t.d. nynorsk ugge m., «finne». Namneformene i dei eldre kjeldene gjer det mest rimeleg å rekna med eit Ulf-/úlv- eller úf-/úv-. Jfr. t.d. g.no. úfr m., «bergugle», «pigg som står ut», «bjørn». Eller kanskje vi har med eit svært gamalt namn å gjera og som namneformer med g reflekterer der innhaldet i fyrstelekken er ukjent for namnebrukarane i mellomalderen. Det kan vere grunnen til alle dei ulike namneformene i kjeldene våre. Det kan òg skuldast skrivefeil eller mistyding at to av namneformene har g. Handskrifta til BK viser at det kan vera tilfelle. Andre samansettingslekken i utmerkingslekken kan vera ei sideform *valdi m. til valdr m., «valdar, styrar, eigar», ei sideform *valdi n. til vald n., «vald, velde; maktområde, rike», ei sideform *falli n. til fall n., «fall» eller valla, genetiv fleirtal til vollr m., «voll, grasmark, eng». Det er òg mogeleg at vi har med ei avleiing *-ald(i) å gjera. Jfr. t.d. gardsnamna Sevaldstad, Evanger, og Jerald og Eimstad, Voss. A. Holtsmark (1971:99f) meiner at -aldi finst som avleiing i fleire tilnamn i gno. tid. Ho meiner denne etterlekken er avleidd til verbet ala, «fostra», og tyder beint fram «skapnad, noko som er avla». Stutt kan vi summera dette opp slik: Ullestad-garden er truleg skild ut frå den eldre («preste»)-garden *Vangr (inn), og det var difor rimeleg å gjeva den nye garden ein karakteriserande fyrstelekk. Begge samansettingslekkene i utmerkingslekken er vande å tolka, medan hovudlekken i namnet er grei. --- side 39 --- Vi har med eit stadir-namn å gjera, men det er på ingen måte sikkert at utmerkingslekken er eit person- eller persontilnamn ulfaldi, «kamel». Dersom det er slik, er namnet truleg heller ungt. Vi kan like godt ha med ein lokalitetskarakteriserande fyrstelekk å gjera, som t.d. fortel noko om lendet, dyrelivet e.l. Det er òg mogeleg at namnet er heller gamalt, t.d. frå før vikingtida. Nokre av samansettingslekkene høyrer ikkje lenger til talemålet i samtida, og diplomskrivarane kan såleis ha vore svært usikre når dei skulle notera dette namnet. Ein slik situasjon gav rom for mange individuelle skriftformer og folkeetymologiar i det tidsrommet diploma vart til. Eg trur at vi både av språklege og kulturhistoriske grunnar i fyrste omgang må vera varsame med ei altfor eksotisk, men relativt uproblematisk, tolking av dette særmerkte gardsnamnet. Litteratur:
|