Brandstellet og vassverket.
--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 52 --- Som fyrr nemnt var dei fyrste brandvedtektene for Vangen stadfest ved kgl. resol. 1861, og brandstyre vart skipa. Det har sidan vore i verksemd, men med mange umbyte av personar. Vedtektene har vore brigda ved resol, 21. oktober 1891, 22. september 1911 og 2. juli 1920. Straks kom spursmål upp um sløkkjegreidor, og umlag 1865 kjøpte huseigarane ei liti brandsprøyte på 2 hjul, med 2-3 meter lang slange, høveleg å stella med for eit par mann. I 1890 kjøpte bygningskommunen ny brandsprøyte frå Nesler i Stavanger, Ho treng 16 mann for å drivast. Slangar, brandsegl og anna materiell vart og kjøpt. Eit par vassbrunnar vart tillaga. Desse simple greidone gjorde god teneste ved nokre høve, men ein kunde ikkje lita på dei um det vart ein større brand. Sidan det i 1880-åri vart større byggjjng, vart brandpremien auka frå tid til onnor til ikring 15 promille for varor og innbu, so det av den grunn og var sterk uppmoding um å få betre og tryggare sløkkjegreidor. Vangsbuarane hadde tidlegare bore vatn anten or Lekvesbrunnen, Kapellangardsbrunnen, Kronstadgroæ eller or Vangsvatnet. I 1850-åri var det på tale å få lagt vassleidning; men det vart ikkje noko av fyrr i 1882. Då slo huseigarane på tuftene 22-28 til 89 seg saman og fekk lagt vassleidning or Lekvesbrunnen. Det var uppkomevatn og det strokk difor ikkje til stort anna enn reinavatn. Klædevask laut dei gjerne halda til med ute ein stad, serleg ved Vangsvatnet. --- side 53 --- Bygningsstyret vedtok å røkja etter kva ein laut gjera for å få turvande vatn til husbruk og til sløkkjegreidor i tilfelle lauseld, so brandpremien kunde setjast ned. Nemnder vart valde til å røkja etter um vassleidning åt Vangen. Ymse planar vart dryfte, og fleire ingeniørar såg på det. Voss industrielle Aktieselskap kom i 1892 med tilbod um å lata drivkraft frå Rognsfossen til pumpor for vassverk. Det var tingingar både um leige og sal av vassretten. Noko avgjerd kom ikkje fyrr i 1904. Bygningsstyret vedtok då 27. september framlegg frå ingeniør Ragnvar Hansen og stadsingeniør H. C. Daae, Bergen, um vassverk med basseng på Rognsflòten og pumpestasjon ved elvi, driven frå Vossavangens Elektrisitetsverk. Voss heradsstyre garantera i 1905 for eit lån på 60 000 kronor til vassverket mot 1. prioritets panterett i bygningskommunen sine eigedomar, og på det vilkåret at lånet skulde betalast attende innan 50 år, og at avdrag og rentor og alle utlogor elles vedkomande vassverket skulde utliknast på huseigarane innan bygningskommunen. Vassverket vart ferdigt 1908, men kom til å kosta mykje meir enn pårekna. Bygningskommunen laut låna ialt 83 250 kronor til det. Pumpestasjon med to stempelpumpor vart bygd i Elektrisitetsverket i Rognsfossen. Frå pumpestasjonen vart laga tilførsleleidning til bassenget som vart bygt på flaten ovanfor Rognshusi. Or bassenget går røyrleidning ned Rognsbakkane til Vossagata og vidare etter henne og Evangervegen til Grovendal med ei grein til Holbergsplassen. Ei leidning går frå Rognsbakkane etter Sivlevegen, um Lekve og etter Lekvesvegen til Vossagata. Frå fyrrnemnde leidning der Ringheimsvegen kjem saman med Vossagata, går ei røyrgrein etter Vossagata til Vossabrui med arm til Hestevangen, og ei sideline etter Strandavegen med vatn beinveges or tilførsleleidningi. Seinare er det kosta mykje på vassverket. Bassenget og røyrnettet er umvølt og utvida. Det er soleis lagt røyrleidning frå Grovendal til Finne i 1911, frå Vossagata til Landsgymnaset då det vart bygt, over Vosso og gjenom Hardangervegen til gamle Bordalsvegen i 1920, og etter Aad Gjellesgata i 1924. Ei leidning er lagd 1923 or tilførsleleidningi etter Bjørkelidvegen ned til Strandavegen. Derfrå ei grein austover til lokomotivførar A. Søylen sin eigedom. I 1925 vart det lagt leidning frå Lekvesvegen gjenom Gull- --- side 54 --- fjordungsvegen til Kapellansgarden og frå Rognsbakkane etter Lundhaugsvegen og Lundarvegen til Johannes Dukstad sin eigedom. Likeins frå Rognsbakkane gjenom Ringheimsvegen til Per Tveranger sin eigedom, og i 1929 i Torggata millom Vossagata og Uttrågata. Til større vølingar og utvidingar har gått med kr. 92 705, so heile vassverket har kome på kr. 175 955. |

Bilete 11. Vangen sedd frå vest.Skuldi på vassverket 31. desember 1929 var kr. 81 000. Røyrnettet lagt av Bygningskommunen er umlag 7100 m. Hovudleidningi frå bassenget etter Rognsbakkane ned til Vossagata er lagt med 7-tums røyr og elles med 6-tums og 4-tums røyr. Det har vore godkjend røyrleggjar for vassverket sidan 1927. Dei to stempelpumpone i pumpestasjonen, som var innsette i 1908, vart i 1927 bytte med moderne sentrifugalpumpor på tilsaman 1700 minuttliter. Vassbruket på Vangen har auka mykje og er no over 500 liter i døgret for kvart menneske. Då vassleidningi vart lagd i 1907 og 1908, vart brandsstandarar sette på, brandslangar vart kjøpte og brandtelegraf upplagd. Brandkorps vart skipa. Då alt dette var ordna, fekk Vangen brandpremien nedsett til 6¾ og 5½ promille for varor og innbu. Brandkassa sin premie vart samstundes sett ned for hus med umlag 1/3 part. Bygningsstyret vedtok 1922 --- side 55 --- påbod um brandgavl i dei tettbygde stroki. Dette vart same året stadfest ved kongeleg resolusjon. Brandtelegrafen var i 1908 lagd på stolpane åt Rikstelegrafen. På grunn av krafttilføringi åt Eidesbanen har Rikstelegrafen i 1932 lagt alle leidningane sine gjenom Vangen i kabel. Bygningskommunen fekk då løyve til å leggja nye brandtelegrafkablar i same grøftene som Rikstelegrafen la sine linor. Brandtelegrafkabel er lagd frå jarnbane-planovergangen for Finnesvegen til Brandstasjonen, vidare etter Vossagata til krysset der Strandavegen tek ut frå Vossagata, fyl so Strandavegen til kraftstasjonen ved Rognsfossen. Frå kraftstasjonen går kabel til Bjørkelid og frå krysset av Strandavegen og Vossagata etter henne til Betania (bruk 52 av Lekve). Dessutan er det brandtelegrafkabel frå Brandstasjonen til krysset av Ringheimsvegen og den gamle Rognsbakkavegen. Ialt er lagt over 3 km. kabel med frå 10 til 20 par trådar. I samband med umleggjing av brandtelegrafen i kabel er det sett upp fleire mannskapsklokkor so det no er 48 klokkor. Til brandtelegrafen er det no 7 uppringingsboksar: ein i Haugamoen, ein der Strandavegen kjem saman med Vossagata, ein ved Ullvarefabrikken på Strandavegen, ein ved Brandstasjonen, ein ved vegkrysset av Ringheimsvegen og gamle Rognsbakkavegen, ein vestanfor Heradshuset og ein ved jarnbaneovergangen for Finnesvegen. I desse uppringingsboksane er innlagt ljos, som syner raudt ljos når det er myrkt. Desse uppringingsboksane vil ogso kunna gjera tenesta for framtidig polititelefon for Vangen. Bygningsstyret har sidan saman med Voss Brandtrygdelag kjøpt ein moderne brandbil til bruk på Vangen og i bygdi. Bilen har ei fast montert pumpe på 1600 minuttliter med 80 m. stråletrykk og ei berbar pumpe på 800 minuttliter med umlag same stråletrykk. Bilen kostar 20 000 kr. derav er 10 000 kr. løyvt av Noregs Brandkasse. I brandstyret er no: Brandchefen, lensmannen (båe faste lemer), Olav Ullestad, Jon Kvarme og Jakob Farestveit. Frå 1923 til 1926 var Ingebrigt Sundve brandchef og bygningsinspektør. Ingeniør Torstein Kvamme som sidan 1926 er tilsett som kommuneingeniør, er brandchef og dessutan formann i brandstyret. Lars Seim var brandmeister frå vassverket kom og til 1933 då sonen Torstein L. Seim kom i staden. --- side 56 --- Sidan brandreglementet vart gjort gjeldande, har det vore fast feiar på Vangen. Huseigarane betalte for feiingi til 1920. Sidan har feiaren havt fast løn hjå bygningskommunen for å feia pipone, men huseigarane betalar framleis for ovnsfeiing og liknande. |