Bulken.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 106 ---

Etter at det i 1883 kom Jarnbanestasjon på Bulken, har det her vorte eit sams sentrum for Vestbygdi, Dyrvedalen, Viki og Dalane. Stasjonstufti og det som ligg umkring der, høyrde fyrr til garden Rekve. Der er no 10 bunadshus, 2 samlingshus og 16 uthus. Der er m. a. 3 handelsmenn, 2 bakeri, kafé, 2 mjølkestasjonar og utklekkjingsverk for laks. På Bulken er 2 skreddarar, 1 skomakar og nyleg bygt eit lite sagbruk.


Bulken sedd frå Liland.
Bilete 13. Bulken sedd frå Liland. Fot. P. Braaten 1935.

Dei nedanfor upprekna eigedomar er alle utskilde frå gardsnr. 15, Øvre Rekve.

Bruk 2. Rekve (Bulken). Utskilt frå bruk 4 i 1876 med skyld 62 øre. Nils Ivarson selde det då til Knut Klasson Rekve for 500 spd. Han var f. 1829 på Skjeldal, g. m. Ingebjørg Bårdsdr. og døydde 1901. Bruk 3 vart skilt frå i 1885 og Knut let bruk 2 i 1900 til sonen Klas for 1200 kronor. Klas er f. 1870, g. m. Kari Persdr. Ulven. I 1906 er utskilt bruk 14 og i 1908 bruk 18. Skyldi på bruk 2 er no 50 øre.

Bruk 3. Kvam. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 2 og selt til Bulkens Meieri i 1885. Sjå og bruk 18. Bulkens Meieri bygde

--- side 107 ---

i 1885 og dreiv vanlegt meieri i lang tid. Då det gjekk saman med Hordaland Meieri, var det nokre år drive som ystemeieri, men har dei siste åri berre teke imot mjølk til Hordaland Meieri.

Bruk 10. Bulken. Det er skilt ut frå bruk 8 med skyld mark 1,23. Anders Eirikson Rekve fekk det hjå far sin for 1400 kronor. Anders selde i 1899 for 3000 kronor til Nils Mattisson Dolve etter at bruk 12 var fråskilt. Nils selde att 1903 etter odelssøknad for 4675 kronor til Odd Knutson Hæve. No vart fråskilt bruk 13, 15 og 16. Resten av eigedomen fekk sonen Eirik i 1909 for 3500 kronor. Han selde i 1912 til Johannes B. Rongen for 5900 kronor. Rongen er f. 1879 og g. 1901 m. Brita Olavsdr. Seim f. 1879. I 1921 er fråskilt bruk 20, i 1928 bruk 23 og i 1930 bruk 24. Skyldi på bruk 10 er deretter 90 øre. I 1934 er bygt eit nytt bustadhus rett upp for stasjonen. Med Hordaland Fiskarlag vart gjort semje i 1925 um å klekkja ut laks og aure i eit anlegg ovanfor samlingshuset Ljosheim.

Bruk 11. Kvam. Skyld 6 øre. Eirik Davidson Rekve let denne parten skilja frå bruk 8 i 1889 og gav den til sonesonen Olav Larsson Flògo, som har bygt bustadhus og bakeri. Han har drive mange år med å laga rullegardinor og handlar med gamle ting. Olav er f. 1866 og g. m. Guro Johannesdr. Rekve f. 1868.

Bruk 12. Rekve. Skyld 14 øre. Fråskilt bruk 10. Odd K. Hæve kjøpte det i 1902 saman med bruk 8.

Bruk 13. Ljosheim. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 10. Det vart kjøpt i 1905 til tuft åt Bulkens Samlingshus, som vart bygt same året.

Bruk 14. Bulken. Utskilt frå bruk 2 i 1906 med skyld 5 øre og selt til handelsmann Brynjulv Rongen d. y. som bygde der og driv landhandel. Han er f. 1875 og g. m. Margreta Knutsdr. f. 1874. Der er no to bunadshus på denne eigedomen.

Bruk 15. Bulken. Utskilt frå bruk 10 med skyld 3 øre og selt til Brynjulv Rongen d. y. i 1906. Sjå bruk 14.

Bruk 16. Bulken. Skilt frå bruk 10 og selt til skomakar Knut Olavson Tren i 1907, som bygde bustadhus. Frøken Tvervåg kjøpte seinare eigedomen. Skyldi er 4 øre. Bakar A. N. Møn har bygt elektrisk bakeri her i 1933.

Bruk 18. Kvam. Skilt frå bruk 2 i 1908. Bulkens Meieri kjøpte det av Klas Knutson Rekve i 1909. Skyldi er 2 øre.

--- side 108 ---

Bruk 20. Centralen. Skilt frå bruk 10 i 1921. Johannes Rongen selde det i 1922 til Centralmeieriet for 21000 kronor. Skyldi er 5 øre. Der er no mottaking av mjølk til Manger Meieri.

Bruk 23. Urheim. Skilt frå bruk 10 i 1928. Johannes Rongen selde det til Bulkens Ungdomslag, som bygde ungdomshus der. Skyld 2 øre.

Bruk 24. Steinstø. Skilt frå bruk 10 i 1930 og selt til Olav K. Nasen, som selde att 1933 til Melchior Teigen. Det er sett upp bustadhus på eigedomen straks nedanfor Ungdomshuset. Skyldi er 3 øre.

Är du säker på att du vill logga ut?